torsdag 7. mai 2015

Misunnelig

Eg har gått lenge og tenkt. Eg har fundert. Eg har prøvd å finne gode formuleringar på det eg tenker. Men eg er ikkje sikker på om eg får det ut slik eg ønsker. Likevel må eg skrive det.

I dag sat vi og snakka om ord. Om korleis det var enkelte ord som hadde fleire tydingar i språka våre, både svensk og norsk - men som på engelsk hadde ulike ord. Eit eksempel var Himmel. På både norsk og svensk kan det bety både det blå over oss, om vi er heldige då. Eller det kan bety Guds himmel. På engelsk er det delt i Sky og Heaven. Det blir så mykje enklare å vite kva ein snakkar om då, sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å snakke om.


Og det er eit ord som har kverna i meg - og som eg har brukt i ein del ulike settingar den siste tida, som eg har kjent på at eg slit med. Eg slit med det både fordi det er eit ord som ofte blir brukt feil, det blir brukt utan at det er egentlig det eg meiner i mangel på eit bedre ord. Men det er og eit veldig vanskelig ord når ein møter følelsane bak på ekte. Ordet er: misunnelig.

Vi slenger det ofte lett rundt oss. Eg er så misunnelig på dei som ligg på stranda og solar seg, mens eg går her og slit og strevar.. Eg er så misunnelig på den fine kjolen. Eg er så misunnelig på ditt og på datt, der eg egentlig ikkje er misunnelig. Eg ville jo ikkje tatt frå dei som har det det dei har. Eg unner dei jo både kle og opplevingar. Eg unner dei å ha det godt. Eg mis-unner dei det ikkje. Eg skulle berre ønske at eg også....


Men så er det når ein møter misunninga, den ekte misunninga, i sin fulle giftige blomst. Når den tek tak langt inne i deg, og får deg til å ville spy ut alt det ekle du kan tenke deg. Når du opplever at livet er så urettferdig, og nokon andre, som ikkje fortjente det fekk det du hadde så lyst på, som du hadde jobba så hardt for å få, som du ville gitt venstre og kanskje høgre armen for å få.. Når du føler at du har kjempa, og kjempa, og kjempa, og det berre ikkje vil - og nokon andre kjem inn og det berre legg seg så lett tilrette.. Då er det vanskelig å unne nokon det. Då kjem misunninga snikande. Og sakte, men sikkert, greier den å finne seg ein lenestol i bevisstheta vår - og ting blir vanskelig. Og det verker, verker, verker. Det er i grunnen få ting som er så lite vakkert.. og vi er så fullstendig klar over det..


Og det er vanskelig å jage den ut. Den setter seg altfor ofte veldig tungt ned når den først har fått satt seg. Det blir litt som ei overvektig, gammal tante i ein altfor djup lenestol. Ein må gjerne ha litt hjelp for å få dratt den opp og fått henne ut. Berre spør mine tantebarn, gamle tanter er ikkje til å spøke med!



Eg trur ikkje misunninga plutselig oppstår. Eg trur det er noko som bygger seg opp over tid. Eg trur det er noko vi kan kontrollere, men vi må vere bevisst på det og aktivt gjere noko med det. Eg trur det er noko vi kan hjelpe kvarandre med. Om vi vågar å vere ærlige med at den eksisterer. Om vi vågar å snakke om at det gjer faktisk litt, ja, kanskje ganske mykje, vondt når andre får det så lett til eller får alt opp i hendene. Og vågar å møte kvarandre uten å dømme andre fordi dei føler det slik.. vi har vel alle kjent på det? Hvis vi vågar å erkjenne at det er slik, i staden for å prøve å holde på fasaden.. kanskje det ville vere bra? Er det ikkje litt slik at når vi begynner å snakke om det som er vanskelig, så blir det litt mindre vanskelig - eller i allefall at det misser litt grepet på oss? Eg trur ikkje nokon av oss har godt av å gå og bere på misunninga..



Eg har lært meg nokre lekser her. Eg har lært at ingen får noko gratis, sjølv om det ser slik ut. Ja, kanskje var akkurat den tingen eg såg noko som dei fekk lett, men dei har sansynligvis andre ting som dei må bere på. Eg har lært at graset er ikkje alltid grønare på andre sida. Graset blir grønt nok på mi side om eg berre steller det som eg skal, i staden for å stå ved gjerdet og sjå på at naboen sitt gras veks. For når alt kjem til alt, så ønsker eg meg ikkje nokon andre sitt liv. Eg vil leve mitt liv. Eg trives best som meg. Sjølv om eg ikkje får til alt, eller får alt eg har lyst på.


Og kanskje kan det av og til lønne seg å slå av ein prat med naboen, høyre kva han gjer for å få det til å vekse. Kanskje kan det gje nokre verdifulle perspektiv. Kanskje vil det berre føre til at vi unner han graset, i staden for å misunne det.. og kanskje vil også våre marker bli vakre blomsterenger?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar