søndag 12. juni 2011

På sverdeggja

Eg reiste altså heim til pinse - og som bonus fekk eg med meg Dragseidspelet - eller "På sverdeggja" som det heiter på fint. 




Det er eit spel om då Olav Tryggvason kristna 4 fylke på Dragseidet, fullt av intriger og action ispedd litt humor og romantikk.


To på dragseidspelet :)
Før oppstart var det liv og røre i vikingleiren.


Håvard var med og testa ut det nye kameraet sitt :)

Koret. Dei tre til høgre er mi mor, min far og mi niese :)

Sportsvogna kan brukast til så mangt ;)

Så kom kongen..

Og biskopen.. (eg er glad biskopen ikkje ser så skummel ut no)


Med munkane

Ragnvald frå Ervik i aksjon

Sigrid, kona til Ragnvald - noko skrekkslagen..

...forståeleg nok..

Litt ekteskapleg krangling

Og diskusjon med kongen..

Så kom sonen, Gunnar (Mikkel Gaup, om du drog kjensel på han)

Love is in the air..



Odin og Tor...


Eg kan jo ikkje avsløre kva som er slutten - det kan jo vere at du vil sjå spelet neste år! Får Ragnvald behalde hovudet? 



Det er ein flott gjeng med amatørar som gjennomførte spelet for 10. gong. Eg såg det fyrste året og har sett det ein eller to gongar etterpå, og det blir stadig bedre. 
Og det er jo ikkje kvar dag ein får med seg kyrkjeverja i Selje stå og rope på Odin og Tor!! ;)


Fornøgd spelsjåar :)
Så herved er anbefalinga gitt: Neste gong bør du få det med deg! (du kan lese meir om spelet på www.dragseidspelet.no  og sjå dei fantastiske bilda som naboen min, Lasse Fløde, har tatt! :) )



torsdag 9. juni 2011

ut på tur

Eg har jo vore på tur nokre dagar... Austlandet er slett ikkje så værst - men eg har fått friska opp minnet mitt, og er no klar over at sola ikkje skin alltid der heller!


Torevêr frå Sverige over Østfold og Akershus, det regna
som det berre gjer på austlandet!

Men eg har hatt det godt likevel, der eg kosa meg på Spahotellet :)

Perfekt ytrefilèt

Tidenes beste sjokolademousse.. (mokka..)

Og i følge generalsekretæren i Normisjon er det sunt å kjede seg, for det er ei kjelde til kreativitet..


Og så har eg lært noko om kva dørhandtak eg bør unngå..

ikkje lurt dørhandtak..

der dørhandtaket hadde truffe veggen..

Spa gjev rom for å roe litt ned og slappe av.

Eg har og lært at det er lurt å ha med seg niste..


Så fekk eg ein tur til Såner kirke - og dei hadde verdens tøffaste døypefont. Kunsten var i augehøgde til ungane - og eg måtte berre ta bilde av det for dette syns eg var det bergensarane kallar tidig!

side 1

side 2

side 3

side 4

Så var det å komme seg heim til Bergen igjen. Fyrste etappe var på tog frå Son til Oslo. Der eg skremde konduktøren berre ved å sitte stille på setet mitt og smile til han då han runda hjørnet..


Skumle Liv

Det var masse båtar ute på Oslofjorden, men toget gikk litt fort så eg fekk
berre tatt bilde av nokre...

Og eg har fått ein ny hobby.. eg går på bokhandlar og ser på reisebøker.. og eg drøymer meg vekk.. Eg vil ut i verda!


mandag 6. juni 2011

Soon

I går kveld reiste eg frå Bergen med nattoget. Eg hadde sovekupè, men i natt hjalp det lite - eg sov dårleg. Kvifor veit eg ikkje, men eg snudde meg så mange ganger at eg trur nesten eg har rulla meg sjølv til Oslo.

Ut på tur - igjen

I morgontimane i dag kom eg og kollegaen min, etter eit togbytte, til Son - eller kanskje heiter det egentlig Soon? Det står Soon på skilta til galleri, idrettshus, restauranter.. Eg blir litt forvirra. Kanskje berre det betyr at det er noko som kjem snart?

Ei frokostutsikt ein kan leve med. :) ( det er ut i skjærgården)

I allefall: Her skal eg bu i 3 dagar på Quality Spa & Resort Son og få meg eit lite etterutdanningskurs. Tema: "Nyte for å yte". Eg likar dette :) Og eg diggar at eg har ein arbeidsgjevar som gjev meg muligheten til å vere her, nyte luksusen, få med meg verdifulle input og foredrag og få nye relasjonar!
Og hotellet - det er berre deilig! (i allefall det eg har sett til no ;) )

Dette kan ein vel kalle offentlig toalett?

Vi kom som sagt litt tidlig hit i dag.  Det ga oss mulighet til å gå oss ein tur og utforske området.

Ærlighet er ein dyd dei har forstått i Son :)

Og jammen fant eg ein butikk som ga meg muligheten til litt shopping også! :)

Blei ny i Son ;)

søndag 5. juni 2011

Sånn går no dagane

Det er nokre dagar sidan sist eg skreiv noko her på bloggen. Det har vore litt småhektisk..


Men eg har vore mett heile tida.. Takka vere fine og mettande dagar heime :)


Ikkje mykje kan slå mamma sine raspeballar :D


1/3 av restekakebordet på etterselskapet..



Nokon må rydde opp også. Eg innsåg at eg har gode leiaregenskapar - eg er sjukt god på å delegere og kommandere..



Både små og store kan ha glede av litt klatring



Så var det tilbake til Bergen. Eg trudde båten gjekk på ettermiddagen på laurdag, men der tok eg feil..
Resultat: Opp før fuglange pissa og sitte og gynge medan veret vart bedre og bedre til lenger sør eg kom..



Vel tilbake vart det fotballkamp med gutta..



Og bytur med jentene (kyprosjentene)



Meg og Elin, som hadde bursdag :)


Og i dag har det vore sol og deilig i Bergen. Og eg fekk endeleg møte Terje, kjæresten til Kari Anne :)



Så var det bursdagsfeiring for Elin og Rune, som begge hadde bursdag i løpet av forrige veke. Grillings hos Are er ein sikker vinner :)



Det er kva ein kallar god avslutning på veka, eller ein god start :)


Berit som turist ved eit av Are sine kunstverk :)

Eg håpar alle som kikar innom her får ei nydeleg veke! :)

Peonar er berre så utrulig fint! :)

torsdag 2. juni 2011

Årets konfirmant! :)

I dag var det konfirmasjon i familien. Nr. 5 i rekka av tantebarn stod for tur. Og i god tradisjon vart det eit solid familieselskap, med plass til nokre venner også. 


konfirmantdressen til guten som hadde som (ca)første ord: "TAKTOOO!!"


Mat er ein viktig del av slike dagar. Og det mangla ikkje på godsakene. Fyrst var det koldtbord med ufatteleg mykje god mat.


nokon hadde brukt litt tid på å brette servietter...
Altfor små tallerkar!


Og så var det kakene.. trur bildene forklarar litt om dei..


Marsipankaka :)
Mykje fyll er godt, men av og til kan det bli for mykje av det gode..
Men det skal jo berre meir i stykker - og kaka var rett og slett HIMMELSK!
Kakebord frå eine sida..
Og frå andre sida..


At det var nr. 5 som var i ilden i dag betyr at eg er komt halvvegs på barnetegningane! :) Det tek si tid og er ein kamp med disse tegningane, men dei (mine kjære tantebarn) er verd kvar eit minutt det tek! :)

Fyrste runde.. tok eit par timar..
nesten ferdig - 14 dagar seinare ;)

Eg bør definitivt begynne å øve meir med blyantane, for eg kjenner at eg er svært, svært rusten. No har eg to år på meg til neste konfirmasjon - då kjem det to på same tid! Yuhuu!

Og slik vart det til slutt.. 


No skal eg strekke ut magen, i håp om at der blir plass til noko i morgon og ;)