torsdag 9. september 2010

In Dublin's fair city..

Då sitte eg endelig på et hotellrom i Dublin, godt sliten etter siste døgns strabaser..


I går kveld tok eg flyet til Oslo... syns skyer er så fantastiske, desverre var flyvinduet litt skittent.....




Det meste av natta fikk eg tilbringe i Marianne sin Penthouse på Oslos østkant. Er ganske ok utsikt frå balkongen.. MEN, for å rekke flyet vårt måtte vi opp seinast kl.04.30 - det er ikkje menneskelig! Då vi kom til busstoppet hang der melding om at det stoppet vi var på var ute av drift i går og i dag, til tross for at både trafikanten og internett fortalde oss at det skulle åpne i 3-tida på natta...HURRA!


So det var det berre å legge til palings for å rekke en annen buss som kunne ta oss til Jernbanetorget slik at vi fikk tatt flytoget... Litt flaks må en ha, for vi rakk akkurat en buss, og det går ikkje så mange bussar kl.5 om mårran!

Det viktigste på tur: Pass, billett og kaffe!


På Gardermoen fikk vi roa oss litt ned før flyet til København.. Der vi måtte gå lett hurtig for å rekke flyet vidare til Dublin.


Sånn i 12 tida lokal tid var vi framme i Dublin. Dette er då det kjennemerket som skal hjelpe oss å finne igjen hotellet vårt...



Vi kom så tidlig at vi ikkje fekk romma våre, så vi tok oss en tur. Og kor går to single jenter på tur??

Need I say more??
Og Marianne hadde funne en isbar på nettet som ho(vi) ville til.. problemet var berre at adressen låg i kofferten som var innelåst på hotellet.. Men er en turist, så har en kart. Det kunne jo være at en kjente igjen gatene på kartet? 


Og det skal Marianne ha: HO FANN FRAM! og det vart is på oss!!


Og på veien heim traff vi jammen på Hard Rock Cafè også.. Og kva er vel meir naturlig i U2 sin by enn at dette er takdekorasjonen??


Eg er ganske så overbevist om at det vil bli nokre fine dagar her!! 



onsdag 8. september 2010

Ut på tur!

Då er det plutselig veldig straks eg skal ut på tur igjen!


Denne gangen skal ferden gå til Irland og Dublin.. GLEDAR MEG!!
Første etappe blir i kveld, då reiser eg til Oslo for å overnatte hos Marianne.

Marianne, min gode venn

Over-natte og overnatte.. Før fuglane pissar må vi være på beina og klar til avreise. Så i mårra i tolvtida er vi hos folket med det vakre språket..

tirsdag 7. september 2010

Hvilket liv!

Jau, i dag har eg virkelig hatt dagen!
Først oppdaga eg at toalettsakene låg igjen i Bergen, mens eg var på Stadt.. Det meste gikk jo fint å ordne, en halvfull deo fra påske og en mascara frå i fjor funker i nødsfall.. MEN linsene kan eg ikkje erstatte sånn uten videre..

Meg og brillene mine....

Heldigvis hadde eg i et skarpt øyeblikk greidd å kaste brillene i bagen, så eg greide å komme meg til Eid. (er liksom ikkje heilt lovlig for meg å køyre bil uten det eine eller andre)
Problemet med briller er at det er noko drit å køyre med, spesielt når det er sol og finver. Det såg sånn passe lurt ut, men har en motsol må en ha solbriller, og når en ikkje har anna, så blir det to par med briller på nasa!

Eg var nesten komt til Eid, så tenkte eg at eg skulle sjekke noko når eg kom fram, og plutselig slo det meg: iPhonen, også kjent som livet mitt, låg på pianoet heime hos mor og far Fure på Stadt! Hell i uhell, hadde eg niesa mi med meg. Ho går på skule på Eid, og vart med heim i går. Så ho ringte bestemora og fekk ho til å sende telefonen med nokre som skulle inn på kurset.

Livet mitt!

Det vart vel knappe to timar uten telefon, men eg har aldri vore så desperat før! Alt av avtaler, alle telefonnummer, lister med alt mulig rart på - alt er lagra i denne vesle saken! Uten den veit eg ikkje kva eg skal gjere! Det var ein skremmande oppdagelse - og et særdeles gledelig gjensyn!!

På kurset sat eg som dataansvarlig, og eg merka fort at eg hadde gløymt hovudet mitt ein eller annan plass og, men kor veit eg ikkje.. Og for å toppe dagen tok eg liksågodt og søla godt med lapskaus utover t-skjorta.. Heldigvis hadde eg ei rein som eg kunne bytte til i bilen..

Kjenner det har vore mange HELDIGVIS i dag. Det ordna seg med linser, for optikaren på Eid hadde dei eg brukar, så eg fekk kjøpe meg to stk. Så resten av turen til Bergen hadde eg berre solbriller på!


Vi mista ferga på Lavik, men med niste og godt humør er det ikkje det værste som kan skje når sola skine. Og i baksetet hadde eg med meg gåve frå verdens beste søster:


Heimelaga, glutenfrie skulebollar!


Og verdens beste mamma:

Rørte blåbær som pappa har plukka i sommer!


Så sjøl om dagen har vore litt på skeiva, så er det ikkje værre enn at eg kan oppsummere med at livet er i grunnen ganske herlig!



mandag 6. september 2010

Home, Sweet Home!

Fordi vi skal ha kurs på Nordfjordeid i morgon, så har eg fått meg ei natt heime. Og sjøl om eg har vorte ganske urban med tida, så må eg seie at det er noko eige med å komme heim til Stadt.

Det er berre soooo vakkert!

Huset mitt! (nei, det er ikkje snø her no)

Utsikta frå fjellet, rett ned er garden der eg vaks opp.

Er det rart eg lika utsikta?? 
Med fjellet rett opp bak huset og havet nesten ved inngangsdøra, 
så er ei natt heime verdens beste retreat, 
og det gjer ingenting at eg får mammas mat i tillegg! 

Life is good!



søndag 5. september 2010

Sunday Therapy

På ein solfylt søndag i september fann eg meg nokre vennar å gå tur med. 
Med behageleg tempo og fotoapparat la vi i veg.

Det er noko veldig terapautisk med å gå tur i sola med 2 psykologar og ein journalist







Vi fann eit underlig byggverk som vi bare måtte bruke til en liten fotosession..


Ein journalist


to psykologar og ein...menighetpedagog/rådgjevar... 

Nokre av oss er meir nysgjerrige enn andre...
Vidare gikk turen opp og bort i Fjellveien.
Vakkert!

Is i Fjellveien

barbeint i september!


Marianne

Bursdagsbarn!

Herlige folk!!

Gullfiskene Ingelin snakka om heile veien...

You can't miss it...


Siste stykket måtte eg gå aleine, og då leika eg skikkelig turist og tok bilde av båtar.
Statsraaden låg ved kai

Min nye, gode venn!!














Fakta om auget - et trusspørsmål

Visste du at auget er ett av dei best beskytta organa i kroppen vår?
Refleksane våre er kjempesterke, så om noko truar og kjem for nær,
så lukker augeloket seg.
Om noko likevel greier å komme innpå, så setter tårene i gang og skyller.
Du kan ikkje nyse med augene åpne! Det er rett og slett ei umulighet..


Dei siste dagane har eg sett kva forskarar som Stephen Hawking meiner, 
at universet kunne blitt til av seg sjølv. Gud trengs ikkje.
Når eg ser på korleis ting heng saman, korleis kroppen min heng saman, 
korleis auget mitt er beskytta - så greier eg ikkje å la være å tru 
at det er ein som har ein tanke bak at det er nettopp slik...
Kan du?

torsdag 2. september 2010

I sing, You sing..

Eg er så glad for at eg får lov å synge i 
Det er en slik bra gjeng at eg har ikkje ord for det!

Eg er så heldig som vart spurd om å være med for 7 år sia, då vi starta. 
Eg kan liksom ikkje tenke meg livet mitt uten lenger... 
Vi hadde jo prøvesynging på mandag, der vi tok inn ein ny alt. 
Eg hadde aldri våga å prøvesynge! Eg beundrar alle som tør!

Frå forestillinga "Tilgitt" i fjor haust. foto: Seraf

Og det er ei av gledene med hausten; 
at Serafane samlast og synge igjen etter sommarferien!

Eg gledar meg til å synge masse i haust! 
Kom gjerne og høyr på oss om du skulle være i nærheten. 
Når og kor vi skal synge vil komme på fjesboksida vår/nettsida (www.seraf.no)