onsdag 2. oktober 2013

Friluftskontor!


Då klokka ringde kl.06.00 i går morgon
tenkte eg med meg sjølv:
Eg er ikkje eit soloppgangsmenneske.
Eg er eit solnedgangsmenneske!


Men det var tida for min siste stabstur 
med Bjørgvin bispedøme sin stab. (snufs)
Og den skulle tilbringast i det ville og vakre Hardanger.
Det var på med ull og fjellsko
og sidan eg skulle slutte hadde eg fått det ærefulle oppdrag
å stå på post 1.


Dei andre skulle løyse litt oppgåver før dei gjekk frå start,
så eg slo i hjel tida med å drøyme litt om storbyen
og ete litt blåbær.


Eg er ikkje eit utprega friluftslivsmenneske.
Men eg likar meg utandørs,
og eg likar meg på fjellet.
Det er berre sanitærforholda eg har litt problem med.
Det å ha dorull i sekken er liksom ikkje mi greie...
Nei, gje meg i det minste ein barkedo!

Finn 1 feil - for Liv-Helga

Men når det er sagt:
Det er NYDELIG å vere ute i sol og fint haustvêr!


Omtenksom som eg er, 
så gjekk eg ikkje så langt frå vegen.
Eg visste berre at eg skulle stå i nærleiken av vatnet.
Det eg ikkje visste var at på oppgåva
som viste veg til post 1,
så stod det at eg stod VED vatnet.
Eg gjorde jo det, om ein tolkar det veldig romslig.
Noko som førte til litt ekstra trim for eit par av gruppene..

Kvar er post 1? 

Kvar går vegen?

Oppgåva er løyst! :)


Det berre OSAR friluftsmenneske av denne jenta!
 Då alle hadde vore innom posten min
gjekk eg vidare til post 2, 
som etter ei stund vart post 4.
Der skulle vi alle samlast til slutt.
Nordfjordingar (vestlendingar) brukar jo
å fokusere på å komme seg til toppen fortast mulig.
Det genet unngikk eg..
Eg går og kikkar på alt mulig 
og sullar og tek livet med ro.
Syns naturen gjer seg best på den måten, eg...

Ein fin, liten blome i skogen eg ser..

Nesten på post 2/4

Ei ny venninne :)

Ein av mange, mange...

kompisen til den på forrige bilde..

Endå ei ny venninne
 Etter lenge, og lenger enn langt, 
kom dei andre tilbake.
Då vart det grilling og god stemning.
(det er i grunnen alltid god stemning når 
bispedømekontoret er på tur!)



Slik skal grilla pølser sjå ut!



 skoddelegging frå bispekontoret! ;)


Og så bar det ned igjen.
Til Strandebarm og Hardingatun.
Der venta varm badestamp for dei som var klar for det, 
fyr i peisen, utsøkt mat og godt selskap.


Det er ein utruleg flott gjeng 
eg har hatt privilegiet av 
å jobbe i lag med dei siste tre åra.
Dei er både dyktige i jobben sin
og svært hyggelige å vere i lag med.
Og eg kjenner at eg er svært takksam
over å ha fått lov å vere ein del av fellesskapet,
og blitt kjent med desse fine folka!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar