søndag 13. oktober 2013

Ein strålande kveld

I dag vakna eg seint.
Og første tanken eg hadde i hovudet var:
"I går var ein strålande kveld!"

Så kom eg ut på kjøkkenet,
der resten av oppvasken venta på meg,
og eg tenkte:
"I går var jammen ein strålande kveld!"


I går var det nemlig tid for den årlege lammemiddagen.
Vi kunne vore 12 til bords,
men grunna sjukdom og arbeid vart vi berre 9.
Men det var 8 fantastiske folk å dele eit slikt måltid med!


Det har vorte ein tradisjon med denne middagen på hausten.
Ein tradisjon eg kjem til å sakne.
Det er veldig kjekt å planlegge og lage middag 
til desse menneskene.
I år har det vore ein litt meir stressande veg fram til sjølve dagen,
for forrige helg sette eg i gang med oppussing...


Laurdagen gjekk med til tapetrinving
og golvbelegg-legging.


Snille, gode Rune hjap meg,
uten han hadde eg ikkje fått dette gjort!


Sidan veggane skulle få eit par strøk med maling og, 
tok det nokre dagar før gangen vart ferdig.
I tillegg driv eg jo og sorterar livet mitt, 
pakkar og lagrar. 
Og då må liksom alt fram i dagslyset..
Så torsdag såg stova mi slik ut:



Snille, gode Berit kom innom for å hjelpe meg litt, 
og gangen vart plutselig ferdig.
(og veldig fin, spør du meg!)


Det gjenstod enno mykje før 
eg kunne invitere folk inn til fest..
Så det vart mykje rydding og lite matplanlegging,
både torsdag kveld, fredag kveld og laurdag på dagen.
Men når eg har bestemt meg for å ha fest,
så blir det fest!

Forrett: Bruchetta med serranoskinke

Hovedrett: Lammelår med gulrot, brokkoli,
fløtegratinerte poteter og sennepssaus

Dessert: Panna Cotta
Folket virka godt fornøgd med maten,
det var i allefall ingen som våga å klage ;)
Det var ein virkelig deilig kveld, 
det blir ofte det når ein få samle gode vener rundt matbordet.
Eg er så takknemlig for at eg har venner
som vil komme og ete middag når eg inviterer.
Eg er så takknemlig for at eg har venner 
som tåler å sjå meg på ein dårleg dag.
Eg er så takknemlig for at eg har venner
som faktisk kan sjå leiligheta mi på ein skikkelig dårlig dag,
og som likevel vågar å sette beina innanfor to dager etter..






Eg er så takknemlig for at eg har menneske i livet mitt,
som er glad i meg både på dei gode og dei mindre gode dagane.
Eg er så takknemlig for at eg får oppleve så masse,
og stadig får bli kjent med nye, fantastiske menneske.
Eg er så takknemlig for at eg kunne vakne seint i dag, 
fordi eg hadde venner på besøk til ut i dei små timane.
Eg er så takknemlig for at det var ein oppvask som venta på meg i dag,
for det betyr at i går kveld var ein strålande kveld.


Mest av alt:
Eg er så takknemlig for at desse flotte folka
er ein del av livet mitt.
<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar