søndag 6. oktober 2013

Tapet og kjærleik


Eg syns kjærleik er eit slikt fint ord. 
Det er mykje finare på nynorsk enn på bokmål, syns eg.
Men så er jo nynorsk eit språk som får ting til å høyres meir poetisk ut.


Men det var ikkje nynorsk eg skulle skrive om.
Det var kjærleiken.
Eg har tenkt masse på kjærleiken denne helga.
Fredag kveld starta eg nemleg eit prosjekt 
midt oppe i all pakkinga. 
(som foreløpig gjev seg utslag i mykje rot og lite anna)
Eg må fikse gangen min for å kunne leige ut leiligheta mi.
Eg fjerna eit skap då eg pussa opp 
badet for eit års tid sidan,
og då oppdaga eg at det mangla golvbelegg 
og tapet på veggane bak skapet.
Eg har utsett og utsett, og no MÅ eg.


Første del av prosjektet var 
å fjerne tapeten på resten av veggane.
Å fjerne tapet er ein skikkelig drittjobb.
Heile fredag kveld og bortimot i heile går stod eg 
og reiv tapeten ned frå veggane.
Først tok eg eitt lag tørt,
og så hadde eg fått låne meg ei tapetfjernemaskin
(og kjent som steammaskin)
som eg gjekk over og fekk ned resten med.


Når gammal tapet skal av, 
så ser du kvar dei har spart på limen 
og kvar dei har gjort grundig arbeid.
Du ser og kva feil og manglar veggen bak har
når den kjem til syne.


Eg stod og såg på gjensparkla hol og andre småfeil
då eg begynte å tenke på eit bibelvers:
"Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, 
for kjærleiken løyner ei mengd med synder" 
(1.Pet. 4:8)

Det er litt mer kjærleiken som med tapeten.
Den dekka mange "synder" og småfeil.
Når tapeten skulle av, 
kom det fram alt som måtte vere av feil og mangler.
For å få det fram måtte eg virkelig jobbe på enkelte stader.
Andre plassar slapp tapeten 
berre eg stakk kniven inn i eit hjørne.


Eg trur at å ha inderlig kjærleik 
til kvarandre handlar om å bruke nok og riktig lim.
Eg har sagt det før; for meg handlar kjærleik om valg.
Sjølvsagt er det ei kjensle og, 
men til sjuande og sist så handlar det om valg.
Valget om å prioritere, valget om å tilgje, 
valget om å sjå det beste 
og valget om å løfte nokon andre opp.
Det handlar ikkje om naivitet 
eller å gjere seg sjølv til dørmatte.
Det handlar om å ville elske.
Det trur eg er limet. 
Enten det er kjærleik mellom kjærestar, 
venner, søsken eller foreldre og barn.


At limet er riktig er viktig, 
det gjev tapeten styrke til å bli, 
sjølv om nokon stikk ein kniv inn i eit hjørne.
Det gjer at ein må arbeide hardt 
for å få fram det som tapeten skjuler.
Tapeten gjer at veggen blir vakker, 
sjølv om ein måtte sparkle småsåra,
og sparkelen hadde ein annen farge enn veggen.
For tapeten gjer at veggen får stråle,
sjølv om den egentlig berre var ein grå betongvegg.


Eg trur kjærleiken gjer det samme med oss.
Dersom vi veit at vi er elska,så kan vi stråle 
sjølv om vi veit at vi har mange skavankar.
Men for å bli elska må vi og våge 
å vise fram veggane som treng tapet,
som ikkje er så fine 
og vi må la andre få bruke limet for at tapeten skal henge.
Og når vi veit at vi er elska til tross for at ikkje alt er perfekt, 
så blir vi trygge og takknemlige.


Og av og til i livet møter vi menneske 
som ikkje brukar nok lim,
eller som ryggar når dei får sjå feila våre.
Det kan vere både vondt og føre til større sår i veggen.
Då er det vanskelig å la nokon andre sleppe til, 
det er mykje lettare å utsette 
eller gøyme vekk den såra veggen.
Men du verden kor godt det er,
når veggen har fått behandlinga den treng
og ikkje treng eit stort skap for å skjule dei stygge merkene.


Så:
ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, 
for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar