tirsdag 15. oktober 2013

Å ha trua på seg sjølv.

Når eg har kurs om trusopplæringsreforma brukar eg å snakke om kor viktig det er at barn og unge får sjå seg sjølv i relasjon med Gud, medmenneske og resten av skaparverket. At dei lærer at dei står som del i ein større samanheng. At dei er del av eit fellesskap som treng dei og blir trygge på sine eigne ressursar og får håp for framtida.


Det er lett å snakke med store ord om slike ting. Det er lett å ause ut med klisje på klisje, og seie det sjølvsagte. For det er jo viktig å sjå seg sjølv som ein del av fellesskapet. Og det er viktig å bli trygg på eigne ressursar og få håp for framtida. Det høyrest så sjølvsagt ut, men er det egentlig det?

På eitt av kursa eg hadde no i haust, hadde vi ei øving der vi mellom anna skulle seie noko vi var gode på. Fleire stritta i mot. "Eg vil heller seie det eg likar å gjere!" var det ei som sa. Eg kjenner meg igjen i henne. Det å seie noko ein sjølv meiner ein er god på er litt unorsk. Vi kjenner oss ikkje heilt komfortable med det. Vi skal liksom ikkje vere bedre enn nokon andre. Det å ha tru på eigne ressursar, det å vere trygg på at dette er eg god på, det er liksom ikkje noko vi skal vere.


Eg har kjent veldig på dette den siste tida. Spørsmålet om eg er god nok har stadig dukka opp. Har eg dei evnene og ressursane eg treng for å flytte til andre sida av jorda og arbeide i ei sjømannskyrkje? Har eg den kunnskapen som kreves for å gjere jobben eg skal gjere som vertskap? Det går sakte men sikkert  opp for meg at eg har faktisk gitt meg ut på heftige eventyr her..


Men det er ikkje nødvendigvis berre i slike samanhengar eg stiller spørsmål ved mine egne evner. Det går på mange ting, alt eg gjer kan eg stille spørsmål ved om eg har det som trengs for å vere rett person til oppgåva. For eksempel; på laurdag sat vi og snakka om å synge. Dei fleste av oss har jo sunge i lag i mange år, og kjenner på saknet etter å synge - særlig no, når vi normalt sett ville øvd på julesangar.
Og eg kjenner at eg saknar å synge meir enn det eg har mulighet til no, og sa vel noko slikt som: "Eg lurer på om eg vil finne meg nokon plass å synge no når eg flyttar på meg.." Og ein av dei andre svarte at det var jo berre å finne seg eit kor og prøvesynge.

Foto: Arnt Thyve

Eg har aldri gått på auditon. Eg kjem sansynligvis aldri til å våge det. Det er berre mangelen på mot som hindrar meg. Eg har til og med eksamen i sang med ein god karakter. Men eg greier ikkje å fri meg frå tanken om at det er så mange andre som er så mykje flinkare. Eg våga aldri å satse på sangen, sjølv om draumen var å verte jazzsanger. Og jo lenger det går mellom kvar gong eg praktiserer, jo mindre mot får eg. Eg manglar rett og slett litt tru på eigne ressursar - og eg trur at dette fører til at ressursane og blir svakare for kvar dag som går, akkurat slik som musklar som ikkje blir brukt.



Det er ein krevande kunst å skulle våge å kaste seg ut i livet, og tru på at ein landar på beina. Eg trur kanskje mange har det slik som meg - at vi ikkje heilt greier å slå oss til ro med at vi er gode nok. Eg trur mange har store ressursar som dei aldri har våga å ta i bruk, fordi det alltid vil vere nokon som er bedre - i allefall i våre eigne auger. Eg trur vi treng å oppmuntre kvarandre, og hjelpe kvarandre å sjå alt det gode som bur i kvar enkelt av oss. Slik kan vi få fellesskap som blir prega av at ein heiar på kvarandre og er rause mot kvarande. Slik kan vi glede kvarandre og gjere verda til ein betre stad å leve.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar