tirsdag 11. desember 2012

Fram og tilbake og litt til

ganske trøtte og veldig happy! :)

Eventyret starta på torsdag.
Kl.13 logga eg meg av systemet,
tok den rosa kofferten og sette kursen mot Flesland.
Der møtte eg Berit Margrethe og 
etter et par jobbtelefonar så var vi klar for langhelg.
Vi starta her:

Når eg skulle vise fram mitt Oslo til Berit Margrethe,
så var jo berre det beste godt nok.
(og det var faktisk billigste hotellet vi fann den natta)
Og så bar det på indisk, 
på Punjab Tandoori, 
det ser kanskje ikkje så fancy ut
men maten er FANTASTISK!



 Etter maten og en kjapp oppfrisking, 
tok vi turen opp i 34.etasje,
og vart omringa av ein gjeng IT-folk.
Det var en særdeles underholdande kveld..
og vi gjekk oppstemte til sengs,
klar for ein liten Oslo-shoppedag,
før vi skulle møte Ingelin og reise til det store utlandet i aust.

ein plass der ute er holmekollen...



Kjetil ville også vere med til Stockholm,
men vi sendte han til Bergen i staden..


Og endelig var helga vi hadde venta på store deler av hausten 
skikkelig i gang.
Vi budde på eit kjempekoselig lite hotell,
som i tillegg låg veldig sentralt.


Vi hadde ein liten middag før vi fant senga på fredagen.
Det er merkbart at vi har blitt vaksne,
og jobbar heile vekene..
Men laurdag var vi klar for shopping.


Og innimellom butikkane kikka vi litt på byen også.
Stockholm er ein svært vakker by, 
sjølv om det og var svært kaldt..



Og vi måtte jo ta bilder..



Vi tusla litt i Gamla Stan
før vi gjekk tilbake på hotellet for ein siesta.



Og så skulle vi ut og ete.
Dét tek fort tid med tre jenter på tur.
Men det var heldigvis rikelig med speil på hotellrommet ;)


eg vakna litt tidligare frå siestaen..

Vi fann oss ein liten, koselig italiensk restaurant i Gamla Stan
då vi ikkje fann sushirestaurant med plass til oss.
Der var både service og stemning på topp.



Men det var som sagt kaldt i Stockholm i helga, 
og vi enda etterkvart opp på ein liten pub borti gata frå hotellet
som heitte Bishops arms. 
Det føltes trygt, (Serafer: det var samme greia som i Køben)
og Berit Margrethe fekk tina tærne sine..

"Eg liiiiiide..."

Og vi er heilt normale..
Einaste feilen med helga var at den gikk altfor fort.
Plutselig var søndagen der.
Vi tusla litt i Gamla Stan,
og var på julemarkedet der 
og fekk oss ein kopp med kakao.

fleire enn meg som får Twilight-assosiasjonar?




Og så bar det heim igjen.
Frå Stockholm til Oslo hadde vi kjempegod tid.
På Gardermoen satte vi oss på Starbucks og landa litt
før Ingelin skulle heim til seg og vi skulle heim til vårt.
Men frå Oslo til Bergen var både eg og Berit litt utolmodige.
Og då legg ein gjerne merke til ukulturen som er på flyreiser.
Særlig to ting fasinerte meg i går kveld:

1. Når flyet er kjempeforsinka, og ein får beskjed om at ein skal starte med rad 15 og bakover på ombordstigninga. Ja, då hadde det vore greit om dei på rad 3 venta litt.. Men av ein eller annan grunn greier ikkje folk å forstå at når dei står i vegen fordi dei skal fylle bagasjehyllene, så blir flyet ytterligare forsinka.. Merkelige greier..


2. Når ein ventar på bagasjen, er det merka rundt rullebandet med ein strek som skal fungere slik at det er plass for folk å ta bagasjen.. Men folk stimlar seg fram og stiller seg heilt inntil, slik at når koffertane kjem, så må ein kjempe seg fram og held gjerne på å slå ned nokon og, for å få den med seg.

Men eg fekk no med meg min rosa koffert, taxfreevarene og overfylte veske. 
Kom meg på flybussen, gjekk opp til Nordnes der eg henta ein bil 
som eg måtte skrape etter alle kunstens reglar. 
Så kl.01.30 låste eg meg inn døra heime.
Då var det akkurat 5,5 timar til eg skulle opp igjen
for ei ny reise.
Denne gongen var det ei dagsreise.
For i dag har eg vore i Sogndal ein tur.
Og sidan Lærdalstunnellen var stengd på grunn av ei forferdelig dødsulukke i går kveld, 
så måtte eg køyre ein veg eg ikkje har køyrt på lenge:
Vikafjellet.
Og det var ein flott tur! :)

Det er nesten så eg får lyst å gå på ski.
NESTEN!

Er ein diva, så er ein diva! :)

Det er alltid kjekt å komme over grensa til trivselsfylket.
Men i dag kjende eg det var utruleg godt å parkere bilen
og gå heim.
Eg er utruleg takknemlig for at eg har gode venninner som eg kan reise på turar saman med.
Eg er svært takknemlig for at eg har ein jobb som tar meg med på spennade reiser.
Men eg er og særdeles takknemlig for at eg faktisk har ein heim, 
både her i Bergen og heime på Stadt, 
der eg kan lande etter både ferie og arbeid.
Eg er svært, svært heldig!

Home, sweet home.

1 kommentar:

  1. Du er iallfall flink til å lage blogspot referat!

    SvarSlett