lørdag 15. februar 2014

Femdagersutfordringa

Faren med å vere med på sosiale-medie-karusellen er at ein kan møte på nokre utfordringar. Denne gongen var det av det hyggelige slaget, der eg vart utfordra til å dele 5 kvardagsbilder i løpet av fem dagar. Det har fått meg til å tenke på livet her i Amerika - om forskjellane og opplevingane.

Første bildet var dette:


Eit tre med mange fargar og som er annleis enn dei fleste andre tre.. Mangfold er definitvt eit sentralt ord når ein skal fortelle om San Francisco. Her finn du mennesker i alle fargar og fasongar, og det er ingen som hever på eit augebryn om du skil deg ut. Amerikanarar leitar etter det positive dei kan seie til deg, og held stort sett kjeft dersom dei ikkje finn noko positivt å seie. (Der er sjølvsagt unntakt, men i 99% av tilfella er dette nokon som kjem frå f.eks. Norge) Folk er ekstremt høflige og hyggelige, og ein glir fort inn i eit mønster av ekstrem bruk av "Sorry!" "Excuse me" "Thank you" og liknande høflige, men veldig positive ord. Det kan virke overfladisk og glatt, men det gjer noko med deg at den som dultar borti deg faktisk seier unnskyld, eller at folk takkar når du slepp dei forbi. Du blir vennligare. Eg blir i allefall det. På denne måten er USA svært annleis enn Norge. Kanskje kunne vår mutte måte å vere på trenge å få nokre fleire "overflatiske" høflighetsfraser som standard.

Det andre bildet var dette:


Det amerikanske flagget som eg heiser kvar dag eg er på jobb. Eg er faktisk her, eg bur her, eg jobbar her. Livet mitt er her. Då eg kom hit var eg klar over at eg ikkje flytta til ein kultur eg kjenner. Mange trur at fordi vi ser mange amerikanske filmar, så kjenner vi den amerikanske kulturen. Men det er mange ting som er ulikt. Her brukar vi sjeldent kode på bankkortet, folk betaler med sjekk, her må vi ha helseforsikring på jobb, her er ingen høgreregel i trafikken og mange jobbar langt over pensjonsalderen fordi dei ikkje har råd å pensjonere seg. Nokre ting er veldig spennande at er forskjellig, nokre ting er beint fram geniale. Livet er veldig annleis på mange måtar, men ikkje alt er like enkelt og rosenrødt som det kan sjå ut på film. Og identitet er noko veldig viktig her - i eit land som består av immigrantar er det viktig å vite kvar ein kjem frå. Eg har enno ikkje møtt ein person som betegnar seg som fullblods amerikaner, dei er enten irske, skotske, kinesiske, svenske, norske eller ein kombinasjon eller noko anna - men aldri heilt amerikanske. Likevel er dei minst like patriotiske for USA som bergensere er for Bergen...

Det tredje bildet var dette:


Ein globus i fart. Eg er på andre sida av jorda enn resten av familia mi og mesteparten av vennane mine. Samtidig lever vi i ei tid der det er forholdsvis lett å halde kontakt. Det er stadig ei lita (eller lang) skype-samtale, ein epost, ein snap eller ein facebookmelding. I tilleg kan ein følge med på kva andre gjer gjennom ulike sosiale medier. Plutselig er ikkje folk så langt vekke likevel - sjølv om ein enkelte dagar skulle ønske dei var nærmare, så ein kunne gi ein klem - eller få ein.

Det fjerde bildet var dette:


Middagforberedelse med gasskomfyr. Eg var så heldig å få lov å ha min nye kollega og min svenske kollega med følge på ein liten middag her hos meg. Eg er så heldig å få lov å ha kollegaer som har blitt venner.  Det er ikkje sjølvsagt. Alle som kjenner meg veit at eg likar å kokkelere og sørge for at folk får mat  - og gasskomfyren er ei utfordring som eg må bli venn med, dvs. eg er må lære meg å bruke gass-steikovnen - og at eg då kan køyre nokre testrunder på kollegaene mine er jo ein bonus!

Det femte bildet var dette:



På sjølvaste Valentines Day er det jo naturlig å poste bilde av den delen av kvardagen som handlar om at jorda skjelv under beina. Enno har det vore behagelig stille her, og eg håpar det fortset slik. Men emergency-bagen og lykta som står på soverommet er ein dagleg påminnar om at det kan fort skje. Det er likevel ikkje noko eg brukar mykje tid på å bekymre meg for, det er jo ingenting eg kan gjere for å unngå det. Men det er ofte slik i livet at vi bekymrar oss mykje for ting vi ikkje kan gjere noko med - og så stjel det energien vår som vi kunne brukt på meir meiningsfylte ting...

Det er vel ei fare for at eg ikkje treng slike utfordringar for å poste bilder på verken det eine eller andre sosiale mediet - men takk for utfordringa - det ga meg nokre refleksjonar over livet her ;)


onsdag 5. februar 2014

Helbredelse og stengde dører

Søndag handla preiketeksten om Jesus og den lamme mannen. (Markus kap.2)
Du veit, den historia som fortel om fire venner som ber sin lamme venn mellom seg for å la han komme fram til Jesus. Men når dei kjem fram greier dei ikkje å komme seg inn døra på grunn av alle folka, og som må klatre opp på taket og bryte seg eit hol for å senke den lamme ned framfor Jesus..


Det er ei historie med mange ting ein kan ta tak i. Det er ei historie ein kunne snakka om i dagevis utan å bli ferdig med den. Og den har surra i tankane mine etter forrige blogginnlegg, ja, egentlig sidan før forrige blogginnlegg.

For det er noko med at vennene som kjem der med nokon som treng å få komme fram til Jesus må gå til så ekstreme handlingar som å bryte opp eit tak for å få komme gjennom mengden av folk som får meg til å undre meg.. Kor mange ganger står eg i veien for at nokon som treng å få komme til Jesus får komme til han? Kor mange ganger er eg ein del av eit fellesskap som er meir opptatt av kva vi kan få, enn av å løfte den som treng det fram? Er eg ein som er villig til å gi min plass til nokon som treng den meir?


Er eg ein av dei som er villig til å gå ei ekstra mil med ein venn som treng det? Er eg ein som er villig til å bere ei tung bør og kanskje måtte gå omvegar fordi andre ikkje vil gje rom? Er eg ein som er villig til å ta i eit tak med andre for å løfte den som treng det opp og fram, eller tenker eg at det får dei andre gjere? Er eg ein av dei som er villig til å gå utradisjonelle og kanskje upopulære vegar i kampen for den svakaste?


Og så er det noko med korleis Jesus møter denne mannen. Det er ikkje den fysiske helbredelsen som kjem først. Det er skaden på innsida som er viktigast å reparere. Kanskje har vi noko å lære der også? Kanskje er ikkje kroppen vår det viktigaste? Kanskje er ikkje fysiske plager det farlegaste å leve med? Kanskje er det noko som er viktigare enn å vere sjukdomsfri? Kanskje er det slik at helbredelse kan ha mange former?

Eg har ofte undra meg over at mange er så veldig opptatt av helbreding som ein del av det kristne livet. JA, eg trur på at Gud kan helbrede menneske. Eg har og opplevd at det skjer på veldig ulike måtar. Eg har opplevd at den fysiske helbredelsen har uteblitt og smerten dette ofte fører med seg, særleg for dei som står rundt og håpar..
Og eg har opplevd at blind tru på kva menneske seier om dette kan få fatale konsekvenser.


Eg har møtt menneske som har avslutta livsnødvendig behandling og gått i døden fordi leirarar i kristne samanhengar har erklært dei friske. Eg gløymer ikkje då eg stod på stovegolvet hos ei dame som eg tydeleg såg var sjuk, og då eg til slutt hadde manna meg opp til å spørre om kva som feila ho og fekk svaret: "Dei seier eg har kreft, men i Jesu namn er eg helbreda". Fordi pastoren hadde sagt at ho var frisk avslutta ho all behandling på eit tidlig stadie i sjukdommen og nekta å tru på legane som sa at ho framleis var sjuk.

Eg har sett video-snuttar som er delt med bodskapen om at Gud er god, der ein har filma føter som veks ut eller liknande, der det nesten har vore på grensa til å harselere med det - akkurat som Gud stod for gratis underhaldning. Og eg har undra meg over at enkelte tek pengar for å be for folk gjennom f.eks. forbønnstelefonar, når ein kan så tydeleg lese i Bibelen at dette er noko Gud GIR - og ein kan til og med finne historier om at det straffar seg å ville tjene på det. (eks: 2. Kongebok kap.5)


Men eg trur på fysisk helbredelse. Eg har erfart det.
Eg har opplevd å bli helbreda frå eit svært betent sår i nakken i løpet av få minutt. Ingen kan forklare kva som skjedde - berre at eit sår som burde ta minst tre veker å få fint, vart fint i løpet av to minutt. Men eg har og slite med ein kropp som ikkje ville som eg ville, eg har blitt bedt for og salva og ingenting har skjedd. Det opplevdes som ein stadig større nedtur for kvar gong nokon ba for meg, særlig når dei fortalde meg at NO skulle eg bli frisk. For ikkje å snakke om når eg fekk høyre at eg måtte berre tru nok, så ville det skje!


Så: plutselig, i ein alder av 30 år fekk beskjed om at eg har ein tarmsjukdom. Og som dei fleste andre som får beskjed om at dei har cøliaki i vaksen alder gjekk eg rett i kjellaren. Alt det gode eg ikkje skulle få ete lenger! Så ringde telefonen. Det var niesa mi på 11 år, som har levd med cøliaki heile livet, som ringde og var jublande glad. Eg spurde sjølvsagt litt grettent om ho syns det var bra at tante var sjuk, og fekk svaret: " Ja, for då er eg ikkje lenger åleine!" For meg var det alt eg trengde av helbredelse. Ikkje ein einaste gong etterpå har eg vore lei meg fordi eg har cøliaki. Det er ikkje noko offer å ikkje kunne ete mat med vanleg mjøl i. Sjølvsagt er det gonger eg har følt på at eg er til bry, men det har ikkje betydd noko vesentleg, fordi eg veit at det handlar om å halde seg frisk.


Eg trur at måten Jesus møter den lamme mannen på er noko å ta lærdom frå. Å møte det behovet menneske treng for å bli heil, er viktigare enn å ha bein som fungerer. Å få oppleve tilgivelse er ei viktigare helbredande kraft enn fysiske sår som gror. Dei av oss som har opplevd å få tilgivelse for noko vi har gjort, som vi har trudd at aldri ville bli tilgitt, veit kor stort det er. Kanskje vi heller burde fokusere på det, enn på under og mektige gjerningar? Og kanskje skal vi ta oss eit blikk ut døra, for å sjå om nokon der ute treng å få komme inn - og gje rom til den som treng det? Kanskje skal vi bruke ressursane våre på å bere dei som treng det til Jesus, og la Han få avgjere kva som treng å bli helbreda?  Eg er ganske sikker på at han har bedre oversikt over kva vi menneske treng enn det eg har i alle fall..



søndag 2. februar 2014

Med Bibelen som rettleiar..

Dei siste vekene har eg hatt ei bok på nattbordet som eg har lese med stor iver.
Eg er ein religion-nerd. Og då eg ved ei tilfeldighet ramla over eit YouTube-klipp med Geir Isene som snakka om Scientologien, så fann eg ut at eg måtte kjøpe boka hans.
No har eg lese den. Det var svært interessant.


Det er kanskje ikkje religion i seg sjølv som gjer meg så himla interessert i kva folk trur på, sjølv om det også er interessant. Men det er meir at eg er så fasinert av kva som får folk til å tru. Kva gjer at du trur på nettopp det du trur på? Kva indre mekanismer har slått inn - og kva ytre påvirkning har du vore utsett for?

Vi tolkar livet i lys av dei erfaringane vi har gjort oss. Eg har lest om Geir Isene sine erfaringar, om korleis han havna i det han betegnar som ei sekt, om korleis han har hatt utbytte av scientologien og om korleis dårleg, manipulativt leiarskap til slutt knekte av greina han sat på innan for scientologi-kyrkja.
Det fasinerer meg korleis nokon kan tru på at dei er reinkanerte og uopplyste millionar av år gamle sjeler som opprinnelig kjem frå ein annan planet. Men det fasinerer sikkert like mange at eg trur på min Gud.

Eg leste om korleis Geir Isene slukte det scientologi-kyrkja hadde å komme med, fordi han fann eit rom der han fekk kombinere interessene sine med det å oppleve seg sjølv som eit åndeleg vesen.
Og eg sat der med mine fordomsfulle tankar og undra meg over korleis nokon kunne tru på noko så sært... heilt til eg innsåg at eg har erfart mange liknande mekanismer som dei Geir Isene skriv om, berre at det var innanfor kristelege samanhengar..


Eg har vokse opp i ein trygg, kristen heim. Vi gikk i kyrkja og på bedehuset. Eg vart send på leir for fyrste gong då eg var 6 år. Eg trur det handla meir om at mamma og pappa var på bilferie i Europa med eldste bror min, og dei to andre søskena mine trengte å få nokre fridagar frå ei heller klengete veslesyster. Men der starta altså mitt leirliv, godt akkompaniert av rikelige bestikkelsar frå fridomstørste storesøsken. Eg oppdaga at eg likte leirlivet og gjennom oppveksten vart det mykje av den sorten. Eg fekk venner og eit miljø å vere i, eg fekk oppgåver og utfordringar. Sjølv om eg i ei periode tok fullstendig avstand frå alt som hadde med Gud og Jesus å gjere, så var eg likevel veldig aktiv på leirfronten - heilt frivillig. (Eg var og med på bedehus og i kyrkja, sjølv om det ikkje var fullt så frivillig - eg er jo tross alt ei snill jente ;) )


Eg var aktivt med fordi eg hadde det gøy og trivdes der. Og misforstå meg no rett: Eg er glad for alle leirar eg har vore med på. Eg er takknemlig for alt eg har fått lære der. Eg er takknemlig for alle vennene eg har fått der. Eg er takknemlig for at det leirarbeidet eg fekk vere med på bokstavlig talt redda livet mitt og gjorde meg trygg på at eg er verdifull - uansett kva verda vil fortelje meg.
Eg er takknemlig for at det drives mykje godt barne- og ungdomsarbeid der i dag og, slik at nye generasjonar kan få oppleve det gode eg fekk vere med på.



Eg har og gått ein lang veg innom ulike kristne samanhengar. Eg har opplevd mykje bra, eg har erfart gode fellesskap og å bli oppbygd som menneske. Men eg har og opplevd dobbeltmoral, forventning om bestemt atferd og bestemte meiningar, prestasjonskrav i åndelege disiplinar og åndeleggjering av ting som ikkje burde åndeleggjerast.

Eg har gått mange runder med meg sjølv for å komme dit eg er i dag. For å komme til ein plass der eg er sann mot meg sjølv. Ein plass der eg innser at eg ikkje har alle svara. Ein plass der eg vågar å undre meg over det som står i Bibelen, i staden for å prøve å få det til å passe inn i ein tillært teologisk formel..
Eg er ein plass der eg kan glede meg over at vi har eit mangfold av kristne menigheter, der vi kan finne musikkformer og uttrykksformer som passar ulike typer menneske - for vi er jo ulike! Ein plass der eg vågar å seie at eg er overhode ikkje utlært, og sjansen for at eg vil endre meining om noko ein eller annan gong er påfallande stor.



Men eg er og ein plass der eg reagerer når menneske blir manipulert. Eg reagerer når nokon fortel at dei har "Svaret" eller har funne den "Rette vegen". Kanskje er det realisten i meg som ikkje likar åndeleggjering av ting - eg trur mange synder blir begått med å skape åndelege disiplinar. Å skape forventning om at ein skal føle noko, oppleve noko utanom det ordinære, bli "berørt" ect. kan slik eg ser det bli eit jag etter stadig meir, litt som ein narkoman som jagar etter den ultimate rusopplevinga.. Det betyr ikkje at eg tenker at Gud ikkje kan røre ved menneske på spesielle måtar, fylle ein med følelsar  eller gje svært spesielle opplevelsar! Det trur eg i aller høgste grad Han gjer - men eg trur Han gjer det når Han vil, og når det tener til det gode, ikkje når vi kommanderer.

Eg har opplevd litt for mange settingar der det er forventa at ein skal komme i ei viss stemning eller kjenne på bestemte følelsar, eller så er ein liksom ikkje nok fylt av Den Heilage Ande. Eg trur ikkje Gud opererer slik. Kanskje er det fordi eg har opplevd at Gud oftare taler til meg gjennom heilt vanlige situasjonar og menneske, og ikkje minst gjennom Bibelen, enn Han gjer gjennom det overnaturlige og mystiske..


Det er eit farlig jag å skulle stadig oppnå større åndelige høgder. Ein eller annan gong vil skuffelsen komme. Du var berre menneske. Og hvis du då ikkje har noko meir å bygge på enn x antall berøringer eller overnaturlige opplevingar og kanskje eitt bibelvers eller to, så er det ikkje usansynlig at skuffelsen vil føre til ei truskrise og kanskje også til eit tap av trua. Dersom du berre høyrer på den siste store helten innen det nyaste hotte amerikanske eller engelske kristelige fenomenet, og ikkje høyrer kritisk i forhold til det som Bibelen seier - ja, då kan du fort gå deg på ein smell.


Tru meg, eg har smakt på denne smellen. Eg har vorte så blenda av glitter og strass i kristeleg samanheng at eg måtte langt unna før eg såg at det ikkje var gull som sola skein på. Men heldigvis har eg vakse opp i ein heim der bibelhistoriene både vart fortalde og leste. Eg har fått vere med på søndagsskule der dei var meir opptatt av å fortelle historia slik som den står, enn å tolke teksten slik at den var "ufarleg" for barn eller passa til ein bestemt teologi. Eg har studert kva som står i Bibelen - og det er mykje å lære av å lese denne boka.

Eg har vore heldig og fått god rettleiing frå nokre veldig kloke, gamle damer i sunn, kritisk vurdering av kva som vert forkynt. Dei lærte meg at det er stor forskjell på å ha ein dårleg dag på preikestolen (noko alle av oss som har nærma oss ein slik veit kva er, dersom vi har ein liten smule sjølvinnsikt) og det å bevisst prøve å manipulere tilhøyrarane. Enkelt og greit lærte dei meg at det er viktig å lese i Bibelen, heile Bibelen, slik at du veit om det som blir sagt frå talarstolen stemmer eller ikkje. Det er og einaste måten å finne ut om du trur på det som står i Bibelen eller ikkje.


Mi erfaring er at jo meir eg les i Bibelen, jo mindre skråsikker blir eg. Ofte har eg erfart at dei som er sikrast i si sak, er dei som berre har lest nokre utsnitt gong på gong og som gjerne hoppar over det som er vanskelig. Eg har opplevd at menneske som har rekna seg som kristne heile livet har vorte heilt satt ut då dei oppdaga at samanhengen bibelvers stod i ikkje var som dei trudde, fordi dei aldri hadde lese heile samanhengen men berre høyrt talarar snakke om eit ustnitt av teksten. Eg har til og med opplevd ein teolog som i tala si refererte til "ein vis person som ein gong har sagt" om eit uttrykk som blir ofte brukt i norsk dagligtale - utan å ha fått med seg at den som sa det faktisk var Jesus. Det er faktisk litt greit å kjenne litt til kva som står i denne boka..


Jo meir eg les i Bibelen, jo meir begeistra blir eg. Det er som om denne boka formar meg, den berører meg - og det er snodig at den same bibelhistoria som eg har høyrt og lest hundrevis av gongar kan framleis fortelle meg noko som er aktuelt for livet mitt i dag, noko eg ikkje har sett før.

Eg trur at å kjenne denne boka, å vite kva som står der, gjer meg bedre rusta mot å bli manipulert inn i noko eg ikkje kan stå for på sikt. Det gjer meg trygg nok til å seie at eg veit ikkje svara på alt, at eg treng ikkje vite svara på alt. Den gjer meg åpen for at trua kan ha mange fargar og fasongar, og at min måte å utøve trua mi på ikkje nødvendigvis er den einaste måten å gjere det på. Eg trur det har gjort meg rausare og meir inkluderande, for eg har blitt meir bevisst på kva verdiar som er viktige - og kva som er mindre viktig.



Etter at eg begynte å lytte meir til kva Bibelen seier, enn den siste nye "profeten" frå utlandet, har eg innsett at i møte med Gud får eg lov å vere den kritiske, realisten Liv-Helga. Eg treng ikkje løfte hendene i lovsangen, men eg kan om eg vil. Eg treng ikkje ha dei velformulerte bønnene eller åndsfylte talene. Eg kan vere meg, heile meg, med heile spekteret av følelsar. Eg kan lytte til dei som taler og tenke over kva deie seier, ta til meg det eg treng å ta til meg, sjekke ut det eg er usikker på og eg kan faktisk gløyme det som ikkje stemmer - og det er ganske så befriande! Eg opplever at jo meir eg les, jo mindre handlar det om kva eg skal oppnå - men heller kva eg kan gjere for andre. Og eg får lov å vere undrande til at eg faktisk trur på det Bibelen seier - for det er langt over kva min logikk tilseier at eg skulle tru på.






fredag 31. januar 2014

Ei lita oppdatering..

Eg har hatt mykje å gjere dei siste vekene.
Presten reiste heim for godt på tysdag, og det var avskjed på søndag. Og det krever si husmor å planlegge og gjennomføre kyrkjekaffe for eit usikkert antall mennesker som vil seie "på gjensyn" til ein svært populær prest. Men med god hjelp frå nokre fantastiske damer gjekk det bra det også :)
Og denne veka har det vore besøk frå Norge, i kveld er det studentmiddag, i morgon er det Superlørdag med Smårollingene og lørdagsgraut og søndag er det gudsteneste med kyrkjekaffe og styremøte - så det er ikkje noko latmannsliv.(heldigvis!)

Det var rart å komme på jobb på onsdag
uten denne mannen i overetasjen..

Men blogging har det vorte lite av - mest fordi eg har eit blogginnlegg som eg går og tenker på, men som eg ikkje heilt greier å få ned på papiret. Men det kjem - men til då kan eg jo vise litt av kva eg har gjort dei siste vekene:

Eg har baka bollar, brød, rundstykker, kaker...

Eg har leita etter en frisør --og ikkje funne.. enda...

Eg har plutselig oppdaga vakre ting :)

Eg har hatt ei italiensk pause med godt selskap :)

Eg har unna meg litt luksus..

Eg har deltatt på avskjedsgudstjeneste..

Og fått vore med på avskjedsfesten etterpå..


Eg har vandra gatelangs og sett på byen min..
Eg har sett utsikten fra trappene i Vallejo Street
i dagslys :)

Eg har vandra gjennom Chinatown til Castro

Eg har erfart at det ikkje alltid er sol her...

Eg har fått nytt namn...

Eg har funne HAN! ;D

Eg har både gått forbi og køyrt forbi City Hall..

Og eg har laga kjøtkaker..

Eg har i grunnen gjort mykje meir og - men det er vel heller lite interressant å sjå bilder av varegjennomgang, vasking og vaffelsteiking.
No ventar middagskokinga til i kveld - min første student- og au pairmiddag som eg har ansvar for! 
Eg gledar meg! :) (og håpar kjøtakene fell i smak)

mandag 20. januar 2014

"Ilddåp" og vekttap

Forrige søndag var eg ute og gjekk meg ein lang tur.


Det var eg på mandag også.
Eg trudde ikkje det var så langt, 
men då eg kom heim var eg godt sliten..
Det er noko med at ting sjelden er så kort 
som det ser ut på kartet. 
Og av ein eller annen grunn er det ingen motbakkar
merka av på kartet heller.. 


Etter å ha trakka rundt i mange timar
 er det godt å krype sammen i sofaen
og nyte ein god film med litt popcorn.


Tysdag var det tilbake på jobb.
Det har vore litt av ei veke.
Mange har sagt at eg fekk litt av ein ilddåp
då eg kom til studentmiddagen i desember.
Men den virkelige ilddåpen var denne veka.


Då skulle eg nemlig greie meg på eiga hand.
Studentmiddagen var det jo nokon andre som hadde kontroll på,
eg fekk berre vere med å hjelpe til.
No skulle eg vere ansvarleg.
Torsdag var det nemleg Tabitha-lunsj 
der kyrkja var vertskap
og spanderer lunsj for å takke for innsatsen.


Tabitha-damene er nokon heilt fantastiske damer
som står på og samlar inn mykje pengar 
slik at vi kan drive kyrkja vidare.
Desse damene er morsomme, 
herlige, litt sta og bestemte,
kreative og rett og slett nydelige!
Og dei har så mange spennande historier å fortelle,
så eg gledar  meg veldig til å bli bedre kjent med dei!
 Det var derfor viktig for meg at dei fekk ein lunsj
som var slik at dei fekk føle seg verdsette.

Torsdag ettermiddag fekk eg besøk 
på kjøkkenet av ein ung herremann 
som hadde med seg sæle gåver til meg.
Då eg kom hit var Superlørdag 
noko av det første eg var med på.
Eg vart sett til å koke graut.
Det viste seg å vere ei farlig affære, med ei grautgryte
som låg og duppa i kokande vatten i ei anna gryte.
Så eg spurde presidenten vår (i kyrkja, altså)
om det var mulig å få ei heilt ordinær isoporkasse
som var stor nok til grautgryta oppi.
Det ville han fikse berre han fekk låne med seg grautgryta.
Og det fekk han.


Og så kom det ei fantastisk, formsydd 
og genialt samansett kasse tilbake.
Det var ikkje heilt fritt for at eg vart begeistra!
No var alt klart for at eg skulle koke 
min første laurdagsgraut åleine.
Det vart litt meir interessant enn eg hadde tenkt,
då platene på komfyren streika ei etter ei.
Og eg hadde gløymt å sjekke om eg hadde nok ris,
noko eg egentlig (i følge oppskrifta) ikkje hadde.
Men graut vart det, og det vart nok graut også!


Men laurdagen sitt eventyr var enno ikkje over.
Eg skulle nemlig bli med på Smårollingene,
ei samling som i går var for 15 barn.
Presten vår reiser tilbake til Norge om ei drøy veke,
og blir nordsjøprest i staden,
og visumprosessar og slikt tar jo si tid i USA,
så det er viktig at nokon tek over og sørger for 
ein viss kontinuitet i slike ting.
Då vart det i grunnen ganske opplagt at
eg var den heldig utvalgte :)

Observasjonspraksis med objektiv :)



Det blir spennande å sjå korleis vi skal gjere 
Smårollingene vidare.
Ein ting er heilt sikkert:
Her er det mange herlige ungar! :)


Eg gledar meg til å bli godt kjent med både ungane
og foreldrene deira.
Ingenting er som ei kyrkje som er full av liv!


I dag har det vore gudsteneste med dåp
og vi kosa oss med kyrkjekaffe og drøs rundt borda.
Det har med andre ord vore ei kjekk, innhaldsrik
og litt utfordrande veke. Utfordande på ei bra måte.

Den siste veka har det og vore 
mykje snakk om kropp og slanking.
Og alle som kjenner meg veit 
at dette er tema som eg ikkje er så glad i.
I dag handla preiketeksten om skapinga,
om at menneske er skapt i Guds bilde.
Og presten her snakka om at mange strevar med livet
fordi dei ikkje greier å leve opp 
til det menneskeskapte idealet
om korleis dei bør sjå ut og vere.
Det er fort gjort å gå i den fella.
Det er fort gjort å gløyme at Gud har sett sitt preg på oss.
At vi er Handmade in Heaven,
noko som gjev oss ein uendeleg verdi,
uavhengig av hudfarge, hårfarge, augefarge, høgde, breidde,
humor, intelligens eller funksjonalitet.

Eg har fått nokre kommentarar 
om at det ser ut som eg har slanka meg.
Eg lovar ein ting: Det har eg ikkje gått inn for.
Men det fekk meg til å gå på vekta.
Den viste 8 kg mindre enn då eg kom hit i desember.
Det var ikkje akkurat noko som gjer meg ulykkelig,
sjølv om eg ikkje akkurat har jobba for det.
Eg trur det er eit tegn på at eg har det bra,
at eg et sånn ca. det eg bør av mat 
og eg stressar mykje mindre enn eg har gjort..
Eg trur og at noko av grunnen ligg i dette:




Men ta det heilt med ro;
Eg blir ikkje slank med det første!
Sprekare, derimot, har eg planar om å bli,
littegrann dag for dag! ;)

Men no skal eg ta helg.
Eg skal nyte at ei flott arbeidsveke er over.
Neste veke ventar andre, spennande utfordringar!
Livet er herlig! :)