onsdag 11. desember 2013

Fantastiske damer!

Eg stod i dusjen og tenkte i dag tidlig.
Eg brukar ofte å tenke litt når eg står der
og ventar på at balsamen skal gjere underverk med kråkereiret.
I dag tenkte eg på kvinner og kvinner si rolle gjennom åra.


I dag fekk eg nemleg lov å vere med på 
julelunsjen til Tabitha.
Tabitha er ei av kvinneforeningane her.
Mange, fantastiske damer
som gjer det mulig å drive sjømannskyrkja her.
Det er snakk om at dei samlar inn tusenvis av kroner
som gjer det mulig å drive det arbeidet vi gjer.
Det er innsatsen frå desse damene
som gjer at nordmenn med heimlengsel
har ein heim heimanfrå å komme til her i San Francisco.
Og eg trur det er slike kvinneforeningar over heile verda.
Kvinner som trur på noko og som gjer noko for å virkeliggjere det.


Eg beundrar desse kvinnene.
Eg ynskjer å vere som desse kvinnene!


Det var litt dette eg tenkte på i dag tidlig.
Kor viktig drivkraft kvinner som står sammen om ei sak er.
Kor imponerande innsats
kvinner som har levd før meg har gjort.
Eg kjenner eg gleder meg til å bli godt kjent med
desse fantastiske damene i Tabitha!


Så eg hadde lyst å sette litt fokus på dei.
Og kjære medsøstre,
kanskje skal vi lære litt av desse kvinnen.
Kanskje skal vi drite i magen til Fotballfrue
og heller samle oss og stå sammen om saker som betyr noko.
For når kvinner står sammen om noko
så skjer det store ting! :)

søndag 8. desember 2013

Studentmiddag, Swea og Jazz

To døgn har gått sia eg ankom California.
To innhaldsrike døgn!
Så innhaldsrike at eg nesten
ikkje greier å tru at det berre er to døgn
sidan eg landa her..
Det starta med studentmiddag.


77 studentar og aupairar kom innom kyrkja
for å få litt svensk og norsk julemat
i går kveld.

Kamilla fiksa sprø svor! :)

Eg fekk lov å tilbringe dagen sammen med 
Kamilla, som har vore vikar for meg
og som skal lære meg opp,
og Åsa, diakonen for den svenske delen av kyrkja.

Kamilla, meg og Åsa :)
Stemninga var på topp,
maten var nydelig 
og det vanka aldri så lite julestemning også :)

Presten vår

I dag starta dagen roleg.
Eg fekk til og med tid til ei lita skypesamtale 
med mamma og pappa, 
før eg vart plukka opp av presten
og tatt med på Swea-basar. 
Swea er ei svensk forening,
og dei har ein kjempebasar her .
Der var mange fjes å helse på,
eg hugsar få namn enno, 
men satsar på at dei snart vil brenne seg fast i minnet..

Sjølvsagt kom Lucia :)

Etterpå havna vi på Savoy Tivoli.
Med medbrakt pizza fra Tony's 
kunne vi nyte herlig jazz
frå folk som veit kva dei driv med :)




Det vart ein mykje meir innhaldsrik dag enn eg hadde trudd
då eg stod opp i dag, og den vart avslutta med litt blues
og italiensk middag.
Så langt har San Francisco vore ein veldig bra plass å lande.
Eg kjenner at eg er spent på fortsettelsen.

fredag 6. desember 2013

Reise med pusterom


Tidlig tysdag morgon
drog eg med meg mine 2x23 kg
og særdeles tettpakka handbagasje 
ned til flybussen.
Eg kan opplyse om at riddeligheta 
ikkje er stor i rekkene til flybussjåførar,
men eg er løysingsorientert
og fekk med meg alt både inn og ut av bussen.


Ute regna det,
på mange måtar var det det perfekte send-off vêret.
Men eg må innrømme at det trilla nokre tårer
der i mørket på flybussen.
Plutselig var ei epoke over.
Plutselig var det ikkje meir å pakke.
Plutselig var det noko kjent og kjært som låg bak
og noko ukjent som ligg foran.


Eg hadde lagt inn eit kviledøgn i København
rett og slett fordi eg kjenner meg sjølv godt nok til at eg veit
at eg blir ståande å pakke og rydde til siste slutt..
(og det stemmer jo,
eg la meg vel 02.30 natt til tysdag)
Og det var eit veldig godt valg.


I tillegg fekk eg helse på nokre av sommarens venner.
Eg var til og med så heldig at eg vart henta på flyplassen
av ein skikkelig gentleman,
som sørga for at koffertane mine fekk stå trygt
på flyplassen mens eg var i København.

Julestemning på Sjømannskyrkja i København

Det vart nesten to døgn med pustepause.
Andre må på landet og vere for seg sjølv 
for å finne roen og senkar skuldrane,
eg likar meg og der,
men det er noko med byen som får meg til å senke skuldrane.
Eg trives best med menneske rundt meg, 
både når eg er med venner og 
når det berre er ukjente folk som er der rundt meg.

Nokre tek dette med å vere lys i verda
meir bokstavlig enn andre ;)

Og det vart mange slike stunder desse to døgna.
Eg kjende stresset frå pakking og alle avskjedar
slapp taket og skuldrane senka seg.


Og ein bonus var jo å få henge med veldig kjekke folk! :)




Eg greidde til og med å be meg sjølv med på ein tur 
på Tivoliet.
Det greidde eg jo ikkje å somle meg innom i sommar.



Eg vart introdusert for litt alternativ snop..
Den til høgre anbefales! :)


Og eg fekk ein tur i H.C.Andersens rike.


Men så var det tid for å komme seg vidare.
Vêrmeldingane var ikkje dei beste, 
så eg var spent på korleis det skulle gå.


Det starta rolig og fredelig på Kastrup.



Men flyet til Heathrow var litt over ein time forsinka, 
for der var det storm.
Fleire ombord rakk ikkje flyet sitt,
og fikk beskjed om at dei vart ombooka til seinare fly.
Eg var rolig og tenkte eg hadde greitt med tid
heilt til eg kom ut og ser ei dame
med mitt neste flynummer på ein lapp.
Og når ho i tillegg ga meg ein oransje lapp
med beskjeden "HURRY!"
så vart eg litt småstressa...


Eg trur kanskje det har vore nordmenn som bygde Heathrow,
for det var ikkje for mange skilt som viste veg.
Men eg kan jo språket og spurte meg fram,
og etter ein liten spurt kom eg omsider fram til gaten
i det dei begynte boardinga.
Hadde ikkje dama med den oransje lappen vore der
hadde eg sikkert gått og dilla ein plass...
Så begynte siste etappe.
11 timar i lufta.

Litt usikker på kva flypleddet  er laga av...

Vi vart sjølvsagt ein time forsinka ut frå Heathrow også.
Og det var ikkje så lett å sove,
så det vart mykje film.
Vel framme vart eg møtt av sjømannspresten
som også er meir gentleman enn norske flybussjåfører.

finally in America!
 Eg kom fram til leiligheten
med litt mat i posen,
fekk pakka ut og fann varmen
før eg stupte i seng.

Det var ikkje direkte varmt..

Endelig er eg her.
Det eg har venta eit halvt å på 
er i gang.
Livet er jammen spennande greier! :)


tirsdag 3. desember 2013

Mitt hjerte alltid vanker





I mange år sang eg på julefest etter julefest.
Eg vart nesten alltid spurt om å synge samme sangane,
og ein av dei som ofte gjekk igjen var Mitt hjerte alltid vanker.






Eg forstår det godt, 
det er ein vakker melodi og endå vakrare tekst.
Eg forstår også at ein må velge ut nokre av alle versa,
når ein skal synge denne i mange samanhengar.
Opprinnelig hadde denne sangen 11 vers,
undervegs har det blitt igjen 8 i salmeboka.
Men eg syns ofte at dei finaste versa blir plukka vekk.
Versa som åpnar for undringa over det underet
som skjedde i Betlehem for 2000 år sidan.
Kanskje kan vi bruke adventtida i år
til å undre oss litt meir over
kor stort det egentlig er at Gud sjølv
vart menneske?
Og kanskje kan vi bruke litt meir tid på å vanke
i Jesu føderom
og kanskje finn vi oss sjølve igjen?






Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderum,
Der samles mine tanker
som i sin hovedsum,
der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt,
jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt!






Den mørke Stall skal være
mitt hjertes frydeslott,
Der kan jeg daglig lære,
å glemme verdens spott.
Der kan med takk jeg finne,
hvori min ros består,
når Jesu krybbes minne
meg rett til hjertet går.






Men under uten like,
hvor kan jeg vel forstå,
at Gud av himmerike
i stallen ligge må!
At himlens fryd og ære,
det levende Guds ord,
skal så foraktet være
på denne arme jord!






Hvi skulle herresale
ei smykket for deg stå?
Du hadde å befale
alt hva du pekte på.
Hvi lot du deg ei svøpe
i lyset som et bånd,
og jordens konger løpe
å kysse på din hånd?






Hvi lot du ei utspenne
en Himmel til ditt telt,
og stjernefakler brenne,
O store himmelhelt?
Hvi lot du frem ei trede
en mektig englevakt,
som deg i dyre klede
så prektig burde lagt?






En spurv har dog sitt rede
og sikre hvilebo,
en svale må ei bede
om nattely og ro,
en løve vet sin hule
hvor den kan hvile få,
- Skal da min Gud seg skjule
i andres stall og strå?






Akk kom, jeg opp vil lukke
mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke:
Kom Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig,
du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig
her i mitt hjerte svøpt.






Jeg gjerne palmegrene
vil om din krybbe strø,
for deg, for deg alene
jeg leve vil og dø.
Kom la min sjel dog finne
sin rette gledes stund,
at du er født her inne
i hjertets dype grunn!






Velsigna advent!

mandag 2. desember 2013

Siste helg før avreise

Det har vore ei kjekk helg.
Eg har vore så heldig å ha besøk 
av mi herlige niese Helene.


Vi har både vore på koffertshopping,
ein svært våt lysfest og 
(heldigvis) ein tørr kino.
Vi har drukke kaffe både frå Kaffemisjonen
og Starbucks.
Vi har kosa oss med overmåte store mengder snop
og testa ut at røykvarslaren fungerer.
(det siste var det underteikna som testa då ho skulle koke egg!
Dèt lovar jo godt for ei husmor........)


Lysfesten er den finaste festen i Bergen! <3


Det har vore seine nattetimar
og late morgontimar.
Det har vore latter og alvor,
ein del pakking
og litt mindre rydding enn planlagt.
I det heile tatt har det vore
rolig, behagelig og morsomt.
Akkurat slik det brukar å vere 
når eg er i lag med tanteungane mine.




Det føltes veldig tomt i leiligheten 
då eg kom tilbake etter å ha fulgt henne på båten.
Det var så stille etter å ha hatt nokon å prate med
heile helga..


Den siste tida har vore prega av mange avskjedar.
Det er dessverre prisen ein må betale
når ein tek imot sånne muligheter som eg no har fått.
Eg skal ikkje seie at eg syns det er lett.
Eg kan ikkje seie at eg berre ser framover.
Det har vorte nokre tårer dei siste vekene.
Men det er noko bra med det og.
Det betyr jo berre at eg har nokon eg bryr meg om,
nokon som set sine avtrykk i livet mitt
og som har ein plass i hjartet mitt.


Difor var det ekstra fint å få med seg
adventkonsert i Domkirken.
Ein konsert med vakker musikk
og rom til ettertanke.
Det vart ein time der eg fekk rom
til å kjenne på takksemd over åra i Bergen,
over familien min, vennane mine og 
alt det gode eg har fått vere med på til no
og alt det spennande som ligg framfor meg.