fredag 18. mai 2012

Tidenes daffeste 17.mai


Eg hadde tidenes slappeste 17.mai i går.
Litt deilig må eg innrømme at det var.
Og eg syns eg har ei god unnskyldning, 
no som eg ikkje er heilt i form.
Og eg er ikkje mindre takknemlig 
for å få leve i et fritt land, 
der eg kan seie kva eg meiner og gjere som eg vil
for det om eg ikkje er ute og heiar på prosesjonen! ;)



Men på kvelden møtte eg gode vener 
og åt god mat, litt feiring måtte eg jo ha! ;)
Eg gløymde å ta bilder før vi kom 
til fyrverkeriet, (sorry, Rune!)
men eg syns dei eg tok då vart så koselige
at eg berre måtte legge dei ut her. 



Sjølv om det var godt
å berre synke ned i sofaen år, 
og sleppe å gå med vonde bein (helst med eit par gnagsår)
på jakt etter ein plass å sitte og drikke ein kaffe,
så kjenner eg at neste år må eg ut og sjå på livet litt før.
Forhåpentligvis blir det sol og 20 grader då! :)


torsdag 17. mai 2012

What a way to start a day

Soverommet mitt er plassert strategisk 
i forhold til morgenprosesjonen i Bergen.
Slik starta min 17.mai (kl.07.00):


Så med det seier eg berre:

GRATULERER MED DAGEN! :)

søndag 13. mai 2012

Be og få

Bønn.
Eit ord som framkallar mange følelsar.
Eit ord dei fleste kjenner.


I det siste har eg møtt på det i ulike samanhengar
og møtt ulike perspektiv rundt det.
Eg har ikkje tenkt så masse på det, 
kanskje fordi det rører ved ein del av livet 
som eg altfor ofte føler at eg ikkje strekk til på.

I dag var eg på gudsteneste i Salem.
Eg trur det var ei heilt grei preike 
over teksten i Matteus 7, 7-12
Eg er ikkje sikker, for eg vart så distrahert...

eg kan sjå livet gjennom mange briller...

Du sjønar, 
i det teksten vart lest gjekk noko opp for meg.
Ei ubehageleg sanning.
Gud er.
Han er noko eg ikkje forstår.
Han forandrar ikkje sitt vesen.
Bønn er ikkje at eg påvirkar Gud, 
men at eg lar Gud påvirke meg.

Eg trur Gud elskar å høyre på kva eg har å seie.
Men eg trur at Han har lyst å fortelle meg noko også.
Eg trur han har lyst å gje meg alt godt.
Når vi les i Bibelen om menneske som ber, 
så skjer det ei perspektivendring hos dei.

Old-fashion 3-D... nytt perspektiv...

I dagens tekst står det om at Gud vil gje oss gode gåver,
og konfirmanten på gudstenesta las teksten frå Jeremia 29,11
der det står at Gud vil gje oss framtid og håp.

Det er så lett å klandre Gud når ulykkene skjer,
når livet er vanskeleg og ingenting fungerer.
Korleis kan Gud tillate alt det vonde?

Midt i skoddehavet er sola

Ein klok mann sa ein gong:
Spørsmålet er ikkje korleis Gud kan tillate det vonde,
for så lenge vi er i denne verda må vi møte det.
Spørsmålet er kvar Gud er når vi møter det vonde.
Og då er svaret så mykje enklare enn ein skulle tru:
Gud er DER - midt i alt som er meiningslaust og vanskelig.

Min Gud er Han som held heile verda i si hand,
Han held alt oppe
og uanasett kva problem eg møter,
eller kor stor sorg eller smerte eg måtte ha,
så har han lova å vere med meg GJENNOM det.

Han er med - også på kanten av stupet.
Men dette er lett å gløyme, 
midt i kvardagen sitt mas og jag.
Det er lett å gløyme
i jakta på lykka.

Er bagasjerommet fullt, så hjelper det ikkje
same kor god plass det i utgangspunktet har..
Det å be vil garantert endre mitt fokus,
vekk frå meg og over på dei andre.
Det vil endre perspektiva mine, 
og kanskje må eg gje opp noko som eg trur eg treng..
Kanskje må eg legge ned ein stein
for å få eit brød?


Å be er ingen spøk, 
det kan jo forandre livet mitt...

torsdag 10. mai 2012

Barneskirenn

Eg låg i senga og fekk ikkje sove i natt. Og då blir det ofte slik at ein ligg og grublar på ting...
Og i natt grubla eg på noko eg høyrde på radio ein dag.


Det var ein som brukte "barneskirenn" som metafor for noko som var enkelt.
Eg har høyrt det før, så eg forstod kva han meinte, men for meg er det ein litt uforståeleg metafor.

Eg har nemleg stor respekt for barneskirenn.
Som barn gjekk eg runde på runde på marka heime så snart det var snø. Målet var å få skimerket. Eg hugsar at eg hadde eit lite hefte som eg skreiv inn kva dag eg gjekk og kor langt det var. Eg trakka rundt og rundt på blå treski med god, gammaldags skibinding. Skismørning hadde eg ikkje høyrt om ein gong. Eg har skimerka eg tok både i bronse, sølv og gull enno. Kor langt eg fekk gått handla om kor mykje snø det var den vinteren.
Men noko barneskirenn var eg aldri med på.

Her er garden eg trakka rundt og runt med ski på beina.
Dette var mi einaste ski-erfaring fram til 9.klasse. (eller det som no er 10.klasse)
Då skulle vi nemleg på leirskule i Jotunheimen.
Det var stort å gå på postkontoret saman med pappa og ta ut konfirmasjonspengar frå kontoen min slik at eg kunne kjøpe meg ski. Smørefrie ski og grøne stavar. NO skulle eg lære å gå på ski!

Marka heime hadde ikkje mykje motbakkar, og heller ikkje dei store nedoverbakkane, naturleg nok.
Så å svinge i nedoverbakke var ei utfordring. Som i så mykje anna fysisk aktivitet tok eg igjen med engasjement det eg mangla i talent. Og etter å ha skremt leirskulelærarar med manglande respekt for naturkreftene(tyngdekrafta) og utfordra meg sjølv både fysisk og psykisk i ei veke enda eg opp med diplom:



Eg kan vel seie at på eit vis lærte eg å svinge i fart. Å seie at eg vart god på det vil vere å overdrive.
Så året etter, då eg gjekk på folkehøgskule, prøvde eg slalom.
På tur med heile skulen til Strandafjellet i strålande sol skulle dette testast ut.
Eg hadde nokre som viste meg korleis eg skulle gjere dette med svinging, og i min lånte skidress og med leigde ski eigde eg barnebakken til den stengde.. (eller eg var borna sin store skrekk!)

Det var framleis timar igjen før vi skulle reise tilbake til skulen, så eg våga meg opp i det store trekket.

Den fyrste svingen gjekk fint.
Den andre ikkje fullt så fint.
Og ingen hadde fortalt meg at du ikkje kan sette deg ned med slalomsstøvlar på beina.

Eg slapp opp i bakken igjen, med trøst-truande ord frå heisoperatøren:
"Til vanleg slepp ikkje folk oppatt i trekket etter slike stunt. Men eg har stått og sett på deg i barnebakken i heile formiddag, så du skal få ein sjanse til.. Greier du det ikkje no, slepp du ikkje oppatt!"

Neste tur tok 45 minutt.
Turen deretter  tok 20.
Dei andre tok den på 2...

Etter har mi skikarriere begrensa seg til å lage kulekøyring i bakkane for dei andre i lysløypa på toppen av Åsen på Sandane.
Eg har ikkje hatt ski på beina på over 15 år.
Det er ikkje at eg ikkje vil - det er berre ingen som har hatt tolmodighet til å lære meg det.
Og no veit eg ikkje heilt kor skia mine er ein gong..

eg trur skia mine er i garasjen bak det raude bygget..

Så eg har veldig stor respekt for barneskirenn. Eg trur eg hadde vore sjanselaus i møte med desse småtassane når dei får ski på beina. For meg er det ingenting enkelt ved det.

Som sagt: Det er mykje ein grublar på når ein ikkje får sove. Og det er nesten litt urovekkande at eg ligg og grublar over dette med barenskirenn no når vi nærmar oss midten av mai...


mandag 7. mai 2012

Bergen - Thailand

Jubel og glede!
Endeleg veit eg kva eg skal i sommar.
Eg skal vere sommarvikar på sjømannskyrkja i Pattaya.
Fredag fekk eg telefon med tilbodet om vikariatet, 
men eg har jo allerede ein jobb og måtte få avklara at det var ok at eg tok ferie i tidsrommet dei ynskte å ha meg der. Og der var det - HELDIGVIS! :)

elegant stjåle på internettet - eg har jo aldri vore i Pattaya ;)
Det blir 4 veker der eg kan gå ut frå at det vil vere varmt og fint ver.
4 veker med nye erfaringar, andre livsforhold, 
nye bekjentskap og eventyr.
Og så får eg brukt diakonhjertet mitt
og utvida horisonten min! 

Her er ein liten videosnutt om arbeidet sjømannskyrkja driv i Pattaya:


søndag 6. mai 2012

I don't know if I have what it takes


Forventa ved 35 år:

  1. Mann - Nope
  2. Barn - gjerne i fleirtal - Nope, med mindre ein reknar dei 10 mest fantastiske tantebarna i historien!
  3. Hus eller leilighet  - CHECK!
  4. Bil og gjerne båt - Nope
  5. kanskje eit dyr eller to.. - definitivt ikkje!
  6. Karriere med eit mål - ev. oppnådd mål i karrieren. - tja...kanskje litt på vei der?
Det er jo av og til litt bingo her i livet..
I det siste har eg møtt ein del utsagn om kvar eg burde vere i livet. Utsagn som fortel at eg ikkje veit kva eg går glipp av. At eg ikkje er desperat nok etter enkelte ting.. Kanskje fordi det har vore over gjennomsnittleg mange som har forlova seg, fått barn eller skal gifte seg i nærmaste framtid.

Eg såg ein film her ein dag der det var ei setning som eg kjende meg veldig heime i:
"I don't know if I have what it takes for everybody's regular plan."


For nokre år sida møtte eg igjen ein som eg var svært så forelska i, altfor lenge, i starten av 20-åra. Han stod på gata med to barnevogner, og prøvde å roe ein tydelig sur unge, med ei særdeles fyldig stemmeprakt. Kona stod i telefon litt lenger borte i gata. Eg såg på han, korleis han takla situasjonen og tenkte at som forventa var han nok ein god far. Men eg såg og eit liv eg ikkje kunne tenke meg då.

Om eg hadde fått han då eg ville ha han, så hadde det kanskje vore eg som stod i telefonen borti gata. Eg trur nok eg hadde fått eit fint liv, framleis er han eitt av dei finaste menneska eg kjenner. Men likevel - eg trur ikkje livet mitt hadde vore lykkeligare eller meir tilfredstillande.. 
Det hadde berre vore annerleis.
Mange meiner engkarse er ugras,
eg syns det er vakkert!

Eg trur vi er summen av valga vi har gjort og gjer. 
Eg veit at eg har gjort valg eg kanskje ville gjort annerleis 
dersom eg fekk gjort dei opp igjen. 
Helst gjeld det dei sjansane eg valgte å ikkje ta. 
Men eg er ikkje lei meg for at livet mitt er som det er. 
Eg veit ærleg talt ikkje om eg hadde passa inn i eit A4-liv. 
Misforstå meg rett, eg ville ikkje hatt noko i mot å hatt både mann og barn, 
men når eg ikkje har det, så har eg det faktisk fint uten.


livet er fullt av valg... nokon velger pose og sekk, andre berre sekk...
Det er og eit valg eg gjer
- eg vel å ha det fint.
Eg vel å ikkje grave meg sjølv ned i ei grøft
berre fordi andre meiner at eg ikkje kan bli lykkelig uten ein mann.

Det er mitt liv
mine valg
og det er eg som må leve med det.
Og eg må ha respekt for at andre vil leve livet sitt på sin måte.

fant denne på nettet - syns den var så fin :)

Kanskje treng vi å minne kvarandre på det av og til?


onsdag 2. mai 2012

Tell gledene!

Glede 1: Å vakne til ein ny dag


Glede 2: Å gå ut i ein dag med solskinn og blå himmel
Glede 3: Å sjå trea bli grønare for kvar gang du kikar ut vinduet
Glede 4: Å drikke ein god kopp med kaffe


Glede 5: Å høyre ei morsom historie
Glede 6: Å få kake til lunsj :D
Glede 7: Å få ros for arbeidet eg har gjort
Glede 8: Å sjå ein unge smile strålande til meg
Glede 9: Å gå tidleg frå jobb for å nyte sola
Glede 10: Å gå ein tur i fjellvegen før middag


Glede 11: Å finne blomster i vegkanten :)
Glede 12: Å møte ei dame som høyrer på 
så glad musikk når ho joggar at ho smiler og dansar bortover vegen
Glede 13: Å ha iPoden på random, 
og plutselig få ein skikkelig gladsang inn i øyrene, 
slik at eg ikkje kan la være å smile!


Glede 14: Å plutselig sjå ein benk som er så dårleg plassert 
at eg berre må ta bilde og legge ut på facebook, 
mens eg flirar for meg sjølv..
Glede 15: Å bli røska i på veg inn på butikken av ein venn 
som eg ikkje har sett på lenge, 
og så få slå av ein prat etter gammalt :)
Glede 16: Å slappe av med bok 
medan eg ventar på at middagen skal bli klar, 
utan å ha dårleg samvit for at det ikkje er pensum ;)
Glede 17: Å ete ein god middag og berre slappe av.


Glede 18: Å vere litt rosa etter gårsdagen sine timar i sola :)
Glede 19: At det er onsdag i dag, ikkje mandag! :)

Og tenk: 
Det var berre nokre av dagen sine mange lyspunkt.
Livet er jammen noko ein må hugse å glede seg over! :)