Dei siste åra har eg høyrt gjentatte ganger at eg er ei sterk kvinne. Og det er ikkje det faktum at eg har fysisk styrke som blir kommentert. Det har fått meg til å fundere litt den siste tida..
Eg har kloke foreldre. Dei har lært meg at ein må sette seg mål og jobbe for det ein vil ha. Eg har lært heime at det er sunt å vere aktiv, bruke hovudet og lære nye ting. Og eg er veldig takknemlig for nettopp dette. Eg har vokst opp i ein heim der eg måtte delta, bidra og arbeide sammen med andre. Eg vart oppmuntra til å bruke dei sterke sidene mine og å jobbe med dei svake.
Eg trur at dette har ført meg inn i nokre roller eg kanskje ikkje ville fått dersom eg hadde fått denne lærdomen i oppveksten. Eg har vore i ulike leiarroller - noko som ofte kan vere krevande roller å ha. Det er krevande å måtte sette grenser, og å pushe dei. Det er krevande å vere den som seier det som ingen vil høyre. Det er krevande å sjå til at alle i teamet ditt får brukt sitt potensiale, å finne dei rette måtane å få folk til å strekke seg etter noko nytt eller å begrense seg. Det er krevande å finne ballansen på dette sjølv, og å vere eit godt førebilde i så måte. Det er krevande å sette seg inn i nye ting og bli dyktig i det ein driv med. Og etter å ha vore gjennom nokre leiarposisjonar av ulik art må eg desverre seie at som kvinne må eg oftast prestere 10, om ikkje 100 gongar bedre enn ein mann i samme posisjon.
Og kanskje har dette gjort at eg har fått ei "sterk" framtoning. Eg har måtte kjempe for respekt, eg har jobba for å nå måla mine, og eg er seig. Eg har måtte bite det i meg når eg har opplevd at når ein mann seier akkurat det samme som eg sa for ti minutt, ti dagar eller ti månader sidan, så får han ståande ovasjon, medan eg fekk "det skal du ikkje bry det vesle, tomme hovudet ditt med"-blikket.
Eg har bite tennene saman og nekta tårene å trille når bemerkningar om at ein er for hard eller hjartelaus har hagla fordi eg har vore nøydd til å ta upopulære val, fordi eg har sett på det store bildet - slik leiarar må - og dei rundt meg berre har sett detaljane. Men hadde ein mann gjort akkurat det samme, hadde det blitt godtatt utan vidare spørsmål..
Eg har lurt på om ein skal le eller grine når sjefen plutselig, med stor forundring, oppdagar at ein har noko mellom ørene og faktisk har noko å bidra med.
Og eg har kjent på kor urettferdig det er, når eg har gjort 90% av jobben - og ein mann kjem inn, seier to ord og får all takk og ære.
Misforstå meg rett. Eg har ikkje til hensikt å syte og klage. Eg har trivdes i dei rollene eg har hatt og eg trives i dei rollene eg har. Men det var dette med å vere sterk eg hadde lyst å belyse. Det kan vere at mange kvinner skulle ønske at dei vart omtala som sterke - men eg er stort sett ikkje ei av dei. Vi omtaler jo sjelden menn som sterke på samme måten som ein omtaler kvinner som det. Det kan vere berre eg som høyrer det feil, men ofte opplever eg det å bli omtalt som sterk som ein måte å påpeike at ein er steil, sta og målbevisst. At ein er umulig å seie i mot, er usårbar og egentlig eit aldri så lite hår i suppa til stadighet. I tillegg blir det ofte brukt om kvinner som er dyktige i jobben sin, kvinner som kan det dei driv med og som kanskje til og med gjer det bedre enn mange menn har gjort før dei. Det er også påfallande at kvinner som er små og søte, gjerne med ei velklingande, blaut sørlandsdialekt, sjelden blir karakterisert som sterke - sjølv om dei kan ha både skarpaste hovudet og skarpaste tunga i mils omkrets. Alt dette gjer at eg ikkje er heilt komfortabel når eg blir kategorisert som sterk kvinne, sjølv om eg veit at nokre som kallar meg det meiner det berre godt. (Sjølvsagt er det gonger det er eit åpenbart kompliment, og det er det jo ingen kvinner som takkar nei til!)
Kanskje er eg steil og sta. Men eg prøver å lytte og eg har ofte skifta meining etter å ha høyrt andre sine argument. Kanskje er eg eit hår i suppa for mange mannlege leiarar når eg til stadighet stiller spørsmål ved kvifor vi skal gjere ting på bestemte måtar, eller kjem med forslag til endringar - men det er ikkje for å vere plagsom, det handlar jo om at eg vil godt. Eg kan bli påståelig og engasjert - men det handlar jo også om at eg bryr meg.. Kanskje er det at eg faktisk har måtte greie ting sjølv, fordi eg ikkje har hatt ein mann som kan skifte lyspære, dekk, sikringar eller andre ting for meg gjort at eg har blitt litt for sjølvstendig? Eg har ikkje dialekta som gjer alt mjukt og fluffy, eg er heller ikkje ein person som har sansen for å kalle ei møkkagreip for ein spade berre for å pynte på det... Men eg er definitivt ikkje usårbar, sjølv om eg stort sett vel å halde tårene tilbake til eg er åleine.
Eg føler meg ikkje sterk. Og det er ikkje slik at eg tek det ille opp om nokon kallar meg sterk, men eg slit med å ta det som eit kompliment, rett og slett fordi det oftast har vore sett i samanheng med noko negativt, noko som gjer meg nesten maskinell - ikkje medmenneskelig. Men eg har fått høyre det ofte, at eg er ei sterk kvinne, og då er det vel noko i det...
Det er kanskje difor det gjer så sterkt inntrykk på meg når nokon ser noko anna ved meg som appellerer meir med den eg ønsker å vere. Som i sommar, då eg stod og laga marengstoppar til kyrkjekaffen. Forbi meg gikk nokon som lurte på kvifor eg gjorde det, for eg hadde jo allerede laga ei sjokoladekake og eg svarte som sant var at det var ei som skulle komme på søndagen som hadde sagt at ho ikkje likte sjokoladekake, og alle burde jo få et tilbud på kirkekaffen. "Så snill du er!" Utbraut vedkommande, og sjølv om det heile skjedde i forbifarten, så har desse orda har blitt hengande fast i hjartet mitt. For på dagar når eg føler meg som den ultimate trollkjærringa, når eg har blitt kategorisert som rigid, vanskelig og sterk, så kan eg søke litt tilflukt i dei - nokon såg at eg faktisk prøver å vere snill.
Skal eg vere heilt ærlig, så vil eg heller bli huska som snill, raus, inkluderande og omsorgsfull enn som sterk, modig og målretta. Kanskje er det fordi eg er ganske tynnhuda når alt kjem til stykket - og på langt nær så tøff som mange trur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar