tirsdag 8. april 2014

Stempla

Forrige veke dukka det plutselig opp kjentfolk frå Bergen på Sjømannskyrkja her i San Francisco.
Det er alltid kjekt når det kjem nokon ein kjenner inn døra. Og det heile enda opp med at eg vart med på ein konsert på kvelden. Det var ein veldig fin konsert i godt selskap, og kva kan vel passe bedre enn å gå på ein plass som har det velklingande namnet "The Chapel" når kyrkjelege tilsette skal ut på byn?


The Chapel er altså ein vanleg bar/uteplass i Mission-distriktet her i San Francisco som har ein del konsertar. Og det var heilt sikkert ikkje tilsikta at dei skulle gje meg ei aldri så lita andakt, noko å tenke på, denne kvelden, men det gjorde dei.

Då eg kom og dei hadde sjekka legitimasjon så fekk eg eit stempel på innsida av handa. Dette stempelet gav meg inngang og alle rettigheter inne i herligheta..  Og dette var stempelet:


Det går mot påske og dette var ei veldig god påminning om kva påska egentlig handlar om. At det handlar om at ein dag så skal kven eg er, og kva stempel eg har valgt å ta i mot, gje meg inngang og alle rettigheter. Av og til er det lett å gløyme kva det handlar om når ein viklar seg inn i kompliserte teologiske diskusjonar. Av og til er det lett å ta det for gitt, og gløyme at det er ein som faktisk har betalt inngangspengane for meg. For det er ikkje mi forteneste at eg får komme inn til den Heilage.

På søndag fekk eg lov å synge ein av dei finaste påskesalmane eg veit om; Salme av Jakob Sande. Eg syns den samanfattar det sentrale i påska sin bodskap på ein sterk og tydelig måte,  for nåden som Bibelen talar om er på ingen måte billig! Så eg må berre dele den:

Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvørd og åleine
skjelvande på såre kne
Du som skåli trufast tømde,
medan alle dine rømde - 
stridsmann frå Getsemane.


Du som spotta vart og banna,
krynd med klungerkans om panna
medan augo brann i sorg.
Du som stod i namnlaus pine
skild frå dei du kalla dine -
einsam i Pilati borg.


Du som hekk til krossen nagla
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
Fader, kvifor gjekk du frå meg!
Å, lat nådens blodstaum nå meg,
offerlam frå Golgata!


Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender
så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar