I natt(her hos meg) kom meldinga om at kyrkjemøtet seier nei til både vigsel og forbøn av homofile og lesbiske par. Eg kjende eg fikk vondt i hjartet då eg las det - og det har ikkje vorte bedre etter å ha lese ein del kommentarar frå vennane mine i sosiale medier, enten dei tilhøyrer den eine eller andre sida.
Og eg kjenner at dette må eg berre seie noko om.Eg har vokst opp i ein rimelig konservativ del av kristennorge, og har høyrt ein del argumentasjon i teologiske diskusjonar som omhandlar homofil praksis. Eg åt det rått og råte, argumenterte ivrig i diskusjonar og var tydelig på at sølibatet var einaste løysing for slike menneske. Alt eg kan seie om det er: UNNSKYLD! Eg visste ikkje kva eg gjorde!
For så flytta eg til storbyen, og vart kjend med nokre fantastiske menneske som tilfeldigvis hadde ei anna legning enn superhetrofile Liv-Helga. Det førte til at eg begynte å stille spørsmål ved det eg før hadde vore så tydelig på. For kven var eg om eg hindra andre å få leve ut kjærleiken, berre fordi dei tilfeldigvis forelska seg i ein person av samme kjønn. Forresten trur eg ikkje tilfeldigvis er eit godt ord å bruke - eg trur ikkje legning er tilfeldig, eg trur det er slik vi er skapt. Kvifor eg trur det? Fordi eg kjenner litt for mange som har måtta kjempe i altfor mange år med å godta at dette er den dei er. Dei har prøvd så hardt å passe inn i den hetrofile boksen, men til slutt går det ikkje lenger. Ingen som kan velge hadde prøvd så hardt å vere noko ein ikkje er..
Etter kvart som åra har gått, og eg har lest om dette i den store boka, så greier eg ikkje å forstå mine eigne argument frå tidligare. Kanskje handlar dette om mitt bibelsyn også? Eg tenker i allefall at det som står i Bibelen må tolkast i lys av si samtid. Og i Paulus si samtid, i Romerriket, veit vi at det var ei viss prestisje for ein mann å ha ein mannleg elskar. Eg trur kanskje Paulus si referanseramme er noko anna enn at to menneske som er glade i kvarandre ønsker å dele resten av livet sammen.
Og ja, eg veit at det står om dette i det gamle testamentet også, men også det må tolkast i lys av si samtid - og det er ikkje akkurat det som er mest vektlagt når det gjeld bud og reglar. Ei lita setning som seier at menn ikkje skal ligge med menn er alt eg greier å finne i dei 39 bøkene det Gamle Testamenet er samansett av. Det er fleire plassar det står historier som omhandlar homofil umoral - akkurat som der er historier som omhandlar hetrofil umoral. Og då slo lovverket dei forholdt seg til inn.. Og det var like stamt for hetrofile som homofile. Visste du for eksempel at det står i lovverket i 3. mosebok at både mann og kvinne skal døy dersom ein mann ligg med ei gift kvinne? Vi brukar ikkje så mykje energi på å slå folk i hovudet med det..
Men det står altså noko i Bibelen om homofilt samliv, ikkje om homofil legning. Og derfor kranglar vi i veg. Eg forstår argument som at "ekteskapet er for mann og kvinne, homofilt samliv bør ha ei anna ramme" men eg greier likevel ikkje heilt å svelge det lenger. Nettopp fordi det som står om ekteskapet i Bibelen også må tolkast i lys av si samtid. Og kva er ekteskapet? Er det ikkje berre institusjonen som seier til omverda at vi to høyrer saman og har forplikta oss på kvarandre? Kva eit par fyller denne institusjonen med - eller kanskje skal vi ta bildet heilt ut - korleis dei møblerer institusjonen, kva farge dei vel til veggane og kva gardiner dei vil ha - det har jo ikkje kyrkja noko med å gjere?
Eg lurer veldig på kva Jesus ville ha stemt på kyrkjemøtet. Eg lurer på kva han ville sagt på talarstolen i førekant. Eg lurer på kvifor dette er eit tema Jesus ikkje tok opp - for om du leitar i Bibelen om kva Jesus sa om homofilt samliv, så kan du berre gje opp. Der er ingenting å hente.
Det gjer at det fasinerar meg at ein kan vere så trygg i si sak når det gjeld dette spørsmålet.
Eg ser at eg har gått frå å vere ultrakonservativ til å bli meget liberal i dette spørsmålet. Eg veit at eg heilt sikkert har tråkka på mange føter med dette innlegget. Eg har respekt for dei som er uening med meg, men eg er uening. Det er eit aldri så lite kvepsebol eg har stukke handa inn i - og eg er klar over det. Men den vandringa eg har hatt saman med nokre av mine venner, den kampen eg har sett dei kjempe har prega meg, tvinga meg til å gå nokre ekstra runder og det har endra meg. Det har blitt viktigare for meg å stå på deira side, enn det er å finne finslipte, akademiske argument med nyansert finesse. Eg vel menneske framfor teologien. Eg forstår rett og slett ikkje at ei kyrkje som seier at den kan leve med ulike, sidestilte syn samtidig seier at dei ikkje er villige til å ta konsekvensane av det å leve med det. Men fleirtalet er lite, så forhåpentligvis neste gang...
Takk for et utrolig godt innlegg LH. Dette kunne fint vært holdt på Kirkemøtet og inneholder alt det jeg ønsker å si om saken! Stolt av å kjenne deg :)
SvarSlettLa oss be om rettledning, og om at Gud må vise oss hva som er rett og galt.
SvarSlettEg er nok uenig med deg i di sak, men eg trur berre... eg veit ikkje (kva som er rett....)
Derfor skal eg ikkje fortelje deg kafor du har feil og eg har rett, for eg veit ikkje, eg trur.
Me er nok dessverre litt for opptatt av å påpeika andres synd, feil og mangler for å heva oss sjøl. Kanskje føler me oss bedre då.
Du nevner lovverket i 3 mosebok, jeg kan godt forstå din frustrasjon over dette. Hvorfor skal ein/ei få gifte seg på ny når han eller ho er skild. (drive hor)
Bibelen taler imot dette, og kirken lar det likevel hende.
Og hvorfor skal ikke da homofile få inngå ekteskap, kirken går jo allerede mot bibelen ifra før.
Til alle dere homofile lesbiske, jeg kan ikke forstå deres frustrasjon, men jeg skjønner hvorfor dere kjemper for saken. Jeg skulle gjerne stemt for... for deres skyld, Hadde det ikke vært for at Bibelen min taler imot, etter mitt syn.
Og en liten oppfordring til dere som mener det er rett iht bibelen å inngå homofilt ekteskap. Klarer dere å forstå hvorfor noen mener bibelen sier dette er feil? Kanskje er det noen som kan nevne skriftsteder i bibelen som taler mot eller for.
For det er vell det vi er interresert i.... hva Bibelen sier.
http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=yYAOW1g5DEgYQbwhVIg0ipiel3S1M/Lxeywq2RRVP963B54852IcpUaqRMPC99NngLB4p92f7/0=
SvarSletthttp://www.bibel.no/Nettbibelen?query=YeyU5tqiySGAvbuvEiF3VspbL2Dvtd0ll3ssFvkf3/vXkH06DK/V0SGrDAnzh4mMyIq52U7XROM=
http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=yYAOW1g5DEgYQbwhVIg0ioIXsbgAysTOpTM/WBFkfzkiC/n6blP2eFbTL+9fZCM/
http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=PAQUdpdOSgvzW73Q2Gh3NIMngMbWZCKGTxQQWHHhc1n43urRt2OeBqGGweeK8kDblPvFWv9P0ro=
Jeg ser det står mye om mann og kone, og lite som rettferdiggjør menn som ligger med menn, dette blir ofte omtalt som hor. Hadde vært litt interresant å hørt hva det er som rettferdiggjør homofilt samliv iht bibelen.
Eg vel menneske framfor teologien eller kyrkja, gjør vell ein kvar til tider. men vel Jesus, frelsen, nåden og gå korsets vei framfor alt. Livet på jorda er bare et øyeblikk i forhold til evigheten.
SvarSlettteologien kan være så som så, men det er ein stor kjangs dersom ein vel menneske framføre bibelen. Det er ein kjangs kvar enkelt må ta.
SlettEg vil jaffal prøve å leve etter guds ord, me har våres knall og fall adle som ein.
La oss gjøre så godt me kan, synden er komen for å bli, Jesus er komen for forsoning for våre synder.
Dersom ein meiner homofilt samliv er greit i fylgje bibelen har ein vel ikkje så mykje å frykta.
Men... kven sa livet skulle bli enkelt.
21 Men nå er Guds rettferdighet, som loven og profetene vitner om, blitt åpenbart uavhengig av loven. 22 Dette er Guds rettferdighet som gis ved troen på Jesus Kristus til alle som tror. Her er det ingen forskjell, 23 for alle har syndet og mangler Guds herlighet. 24 Men ufortjent og av hans nåde blir de kjent rettferdige, frikjøpt i Kristus Jesus. 25 Ham har Gud stilt synlig fram for at han ved sitt blod skulle være soningsstedet for dem som tror. Slik viste Gud sin rettferdighet. For han hadde tidligere i tålmodighet holdt tilbake straffen for de synder som var begått. 26 Men i vår tid ville han vise sin rettferdighet, både at han selv er rettferdig, og at han kjenner den rettferdig som tror på Jesus. 27 Hva har vi da å være stolte av? Ingenting! Hvilken lov sier det? Gjerningenes lov? Nei, troens lov. 28 For vi hevder at mennesket blir rettferdig ved tro, uten lovgjerninger.
SvarSlett