onsdag 2. april 2014

Heime hos meg

Den siste tida har eg fått nokre spørsmål om korleis eg bur. Eg hadde tenkt å ha eit "her bur eg"-blogginnlegg, men har liksom venta på at eg skulle få det litt meir slik eg vil ha det..
Det er liksom noko anna å flytte inn i nokon andre si møblerte leilighet enn det er å flytte inn i si eiga, og det tek litt tid å finne ut av korleis ein vil innrede.


Og vi nordmenn har jo eit litt spesielt forhold til plassen vi bur på. Særlig sidan vi brukar mykje tid innandørs. Og eg tek nok med meg litt denne mentaliteten, sjølv om eg er like mykje ute på ein fridag som inne. Eg likar å ha det koselig og trivelig rundt meg. No syns eg at eg har funne ein måte å få møblar og ting til å funke ganske bra. Ting kjem nok til å endre seg etter kvart som tida går, men akkurat no er det altså slik eg har det heime hos meg.


Stua mi:





Her er ein deilig plass å sitte ;)

Peisen funker ikkje, så da gjer vi det slik ;)

Eg elskar levande lys!


Det er åpen løsning til kjøkkenet..

Kjøkkenet:


Her et eg ofte frokost...

Sprekt fargevalg på kjøkkenet ;)


Viktigste kjøkkemaskin:
Nespressomaskina!

Gangen:



Gjestebadet:

Det er eit lite, men godt utnytta bad med dusj :)


Gjesterom/kontor:






 Utanfor gjesterommet er det branntrapp/veranda 
ned til verdens fuktigste og mest overgrodde hage..


Og så, 
det aller heilagste:
The Master Bedrom:



Det er rimelig god plass og svær garderobe..


Og sjølvsagt:
Eige bad - MED badekar! :)




Som sagt:
Eg syns i grunnen eg har det ganske trivelig.
Og som de ser så har eg rom for besøk! ;)

Instagrambilder kan brukes til så mangt :)

fredag 28. mars 2014

Den forunderlege alderen...

Den siste tida har eg hamna i fleire samtaler om dette med alder..
Det er jo eit faktum at dei fleste av oss blir eldre, uansett kor hardt vi held på ungdommen i oss.
Men vi er alle enige om at alternativet er mykje verre...

Det å bli eldre har både fordeler og ulemper.
Det er først når ein blir eldre at ein innser at "The youth is wasted on the young" er eit ordtak som er veldig sant. For eg innser at eg hadde gjort ein del ting annleis om eg skulle gjort det om igjen i dag. Den kanskje mest framtredande av dei tinga er at eg hadde reist mykje meir!


I hovudet mitt er eg framleis 27. Eg syns det var den perfekte alder. Eg var liksom vaksen, men ikkje gammal... Eg kunne dasse rundt i converse, collegegenser og slitne dongribukser, eller stille i stramt skjørt, skjorte og hæler. Ingen av delene ville vekke oppsikt. No er eg litt meir forsiktig i forhold til korleis eg kler meg. Plutselig har eg blitt ho eksentriske gamle dama som trur at ho kan kle seg som ein tenåring... Men eg greier verken å ofre converse, slitt dongri eller collegegenser heilt - eg er berre litt meir forsiktig med kvar eg bruker det..

Age ain't nothing but a number...

Stort sett set eg pris på å komme vidare i livet. Eg trur nesten utelukkande at dei tinga eg mislikar med å bli eldre har med kroppslig forfall å gjere. Huda er ikkje lenger like elastisk, eg må berre innsjå det. Det tar lenger tid å oppnå samme resultat som det gjorde i 20 åra. Ledda er stivare, synet er dårlegare, tyngdekrafta har begynt å bli framtredande, sølvskimmeret i håret har vorte meir synleg og det har jammen meg rynkene også. Av og til møter eg jamngamle venner som eg ikkje har sett på lenge, og blir overraska over kor gamle dei har blitt... Så går det opp for meg at det er 20 år sidan eg gjekk på vidaregåande - eg kan ikkje fatte at eg har blitt så gammal. Kor tid skjedde dette?



Så det gjer heile dagen bedre når eg blir tiltala som "Miss" på butikken, når ho som stod foran meg, og som sannsynligvis var minst 5 år yngre enn meg, vart tiltala som "Ma'am"! Det gleder hjertet når folk får hakeslepp når eg seier alderen min - sjølv om eg mistenker at dei ikkje er SÅÅ overraska.
Eg kjenner på takknemlighet når eg blir spurt om legitimasjon når eg skal kjøpe vin eller skal inn på ein utestad.

Ikkje alt var bedre då eg var 20...
Samtidig: Eg elskar rynkene mine. Dei er eit tegn på at eg har levd og LEDD mykje! Og eg har alltid likt smilerynker. Fura i panna kunne eg ha levd uten, men ok, den er tegn på at eg har hatt andre følelsar enn berre glede.
Dei grå håra og den mindre elastiske huda er enklare å leve med enn manglande livsvisdom og livserfaring. Når eg tenker meg nøye om, så trur eg ikkje eg ville likt å vere 20 igjen. Eg trur eg i grunnen er fornøgd med å vere akkurat der eg er i livet.


tirsdag 25. mars 2014

"Den stygge tulipanen"

Søndag var det Maria bodskapsdag. Du veit, dagen då vi har fokus på at ei tenåringsjente i Midtøsten fikk besøk av ein engel som fortalde at ho skulle bli mor til verda sin frelsar.

Eg stod og gjorde klar alterblomstrane då eg såg at den eine tulipanen var så pjuskete - så eg vurderte om eg skulle ta den vekk. Men om eg gjorde det, måtte eg fjerne ein fin ein frå den andre vasen. (Ein må jo ha symmetriske alterblomster!) Så eg lot den vere, sjølv om det irriterte meg litt at blomstrane ikkje var perfekte.


Og eg sat og såg på blomstrane under preika. Eg kunne ikkje sjå kva blomst som ikkje var like fin som dei andre. Saman med dei andre gjorde den nemlig jobben sin. Han stod der og, bokstavlig talt, blomstra. Eg skamma meg nesten litt for at eg berre nokre timar tidligare hadde vurdert den som uskikka til å tjene på Herrens alter.

Eg trur vi har lett for å tenke slik om oss sjølv. At vi ikkje er gode nok. At vi ikkje har rett farge eller fasong. At vi ikkje har den rette bakgrunnen, dei rette meiningane, dei rette holdningane eller dei rette kvalitetane for å kunne gjere teneste i Guds rike.

Av og til kan dei oppgåvene som ligg foran oss bli opplevd som så altfor store. Eg trur det er sunt at vi ikkje har stålkontroll på ting. At vi må kaste oss ut i det og stole på at det er ein som er større enn oss og som ikkje vil gi oss oppgaver vi ikkje vil greie å løyse. At vi må stole på at vi har ein som går med oss heile vegen - også gjennom dei store, skuggefulle dalane og over dei brattaste berga.


I dag køyrde eg opp for andre gong i mitt liv. Det er snart 20(!) år sidan forrige gang. Å skulle sette seg i ein bil og gjere noko ein har gjort i 20 år, med nokre få regelendringar som f.eks. at ein kan køyre på raudt lys dersom ein skal svinge til høgre og banen er klar, er ein sjølvransakande sak. Eg har dei siste vekene vore pinlig klar over eigne feil og mangler, for ikkje å snakke om uvaner, i trafikken. Eg har måtta jobbe med meg sjølv - og adrenalinet pumpa ganske bra gjennom kroppen då eg måtte vise kor alle ting i bilen var og handsignal for høgre, venstre og stopp. Eg kunne høyre hjertet mitt slå ekstra hard då eg trudde eg måtte lukeparkere. Eg var heilt skjelven då eg parkerte og eg våga ikkje sjå sensor i augene før han sa at eg hadde bestått. Og det er ein heilt spesiell og god følelse når du får den beskjeden. Du har lukkast!



Eg kunne valgt å blitt heime i trygge Norge, i staden for å flytte hit til San Francisco. Då hadde eg sluppe å køyre opp på nytt. Eg kunne heilt sikkert fått ei oppgåve som eg følte meg tryggare på enn å vere husmor (ja, eg veit det heiter vertskap - men det er så mykje koseligare med husmor, og let's face it: Husmor på sjømannskirke er jo noko anna enn husmor i ein privat heim.) - men då hadde eg ikkje fått oppleve alle dei fine tinga som eg får oppleve her, og eg hadde ikkje fått møte alle dei flotte menneskene eg har fått æra av å møte og bli kjent med!

Maria lærer meg noko veldig viktig.

For det første lærer ho meg at det er lov å spørre Gud om korleis han har tenkt å få alt til å henge i hop. Kva tenker han egentlig når han åpnar nye dører for oss? Vi får kanskje ikkje like konkrete svar som Maria, men ofte sender han andre typar englar som gir oss eit klapp på skuldra og bekreftar at vi gikk inn den rette døra.


For det andre lærer ho meg noko om det å stole på Gud. Av og til handlar det om å famle litt i blinde og gå inn i totalt ukjent landskap. Det handlar og om å gje litt blaffen i alle normaliteter og forventningar frå andre. (Kva er egentlig normalt? Desto fleire menneske eg blir kjent med, jo meir ser eg kor unike vi er) Eg hadde to år der eg kjende på rastlausheta før eg fekk stillinga i San Francisco. Eg trur eg trengde dei to åra på å innstille meg på det som låg framfor meg. Eg visste eg skulle ut i verda, men ikkje kvar. Og då eg fekk stillinga var eg ikkje i tvil - og det har eg ikkje vore etterpå heller, sjølv om eg av og til føler på at eg har tatt på meg nokre store sko og er langt vekke frå den trygge, gode komfortsona mi.

Det tredje eg lærer av Maria finn vi ikkje så mykje av i preiketeksten på søndag. Det er berre nemnt at Elisabet - ein slektning - og ventar barn. Når vi les fortsettelsen av teksten ser vi at Maria reiser på besøk til Elisabet. Og der får ho støtte. Fellesskapet er viktig for at vi skal få utføre dei oppgåvene som ligg foran oss. Ofte er det mykje viktigare enn vi trur. Eg er heilt sikker på at hadde eg ikkje hatt eit så godt fellesskap av folk som har heia meg fram, støtta meg, oppmuntra meg og lærekjørt med meg - så haddde eg ikkje gjort det så bra som eg gjorde på førerprøven i dag. Hadde eg ikkje hatt så mange bra folk rundt meg gjennom oppveksten og i dei ulike rollene eg har hatt i livet, så hadde eg sansynligvis ikkje våga å søke på ei stilling på andre sida av jorda - og eg kunne gått glipp av eit spennande kapittel av livet mitt.


Eg trur ikkje det var nokon andre som la merke til den "stygge" tulipanen på søndag - for meg vart den vakrare og vakrare. I fellesskapet med dei andre tulipanane var den heilt unik - og alterblomstrane hadde mangla noko uten den. Faktisk hadde den mangla meir enn berre den. Og kanskje kan mitt liv også få vere slik at noko vil mangle i verda utan det - kanskje noko meir enn berre meg?



søndag 23. mars 2014

Sidan sist har eg....


Ein kan jo lure på kva eg driv med, 
så dårleg som eg har blitt til å blogge.. 
Sidan sist har eg:

Fått bekrefta kor vanskeleg namn eg har..


Dokumentert kor hjelpsomme damene er 
når presten spør.. ;)


Nytt solnedganger


Servert grønne vafler


Dokumentert at våren er på veg her også..


Vore på kvinneforening,
tatt lodd og VUNNE!


Hatt påskeliljer på (biljard)bordet..


Eg har hatt fridag med byvandring


Sett litt sånn urovekkande skilt...


Vandra meg bort til Bay Bridge..


Eg har trekt inn havluft og kjent på freden,
midt i byen.


Beundra det vakre i denne byen..


Funne kjærleik på asfalten..


Eg har løfta blikket og fått sjå vakre ting..


Konstantert at det kan jo ikkje bli for mange solnedganger i livet..


Og i dag har det vore ein innhaldsrik dag på jobb.
Det var besøk frå ein folkehøgskule,
og slikt besøk er jo alltid veldig kjekt!
I tillegg hadde eg eit bakeprosjekt for meg.
Eg fann ut at eg måtte prøve meg på noko nytt, 
så til kirkekaffen i morgon
blir det servert snurrar med (heimelaga)makronfyll.
Eg håpar dei smaker,
for eg kan ikkje smake på dei!


Men frykt ikkje,
vi som ikkje skal ha gluten vil også få 
ein liten godbit (håpar eg) å sette tennene i..
Eg miksa og triksa litt der og, 
men det er sånn ca. firkløverkake..


Men no skal eg krype meg til køys.
Eg har nokre spennande dagar i vente..
Mandag skal eg ta den frykta "behind the wheel"-testen, 
så det er berre å kneppe fingrane! ;)

God natt og god søndag!