fredag 10. januar 2014

Med rett til å dø

Eg har lest nokre norske nettaviser dei siste dagane og der har eg mellom anna kunne lese om danske Jane som reiste til Sveits for å få hjelp til å avslutte livet.
Eg forstår hennar ønske. Eg forstår at framtidsutsiktene hennar var mørke og tunge, og at dette virkar som ein verdig veg. Men det fokuset som har vore rundt denne saka har gjort meg urolig..


For nokre år sidan måtte eg gå nokre runder med meg sjølv i forhold til eutanasi(aktiv dødshjelp) og assistert sjølvmord. Kva meinte eg egentlig om det? Eg hadde plutselig fått det veldig tett innpå livet, og opplevde kva påkjenning det er for dei nærmaste når livet ikkje er til å redde og både fysiske og psykiske smerter er enorme - og ikkje minst når det kjem så langt at ein stoppar all behanding og ein berre ventar på at lidinga skal ta slutt.


Det vart mange runder. For og i mot. Eg ville jo at smerten skulle ta slutt. Men når kjem den dagen at livet misser sin verdi? Kjem den i det heile? Kvar går grensa dersom vi seier ja til aktiv dødshjep - enten den er aktiv i form av ein dødbringande resept eller i form av ei sprøyte? Når er det greit?
Og er det egentlig greit å be andre om å ta livet ditt? Om det er det: kor mykje smerte eller kor dystre utsikter må du ha før det er greit?
Er det greit å gje legane lisens til å drepe, dersom pasienten er sjuk nok? Kven skal i såfall diagnosere og bestemme kven som er sjuke nok, og kven som ikkje er det? Og kva gjer det med sjølvforståinga til legar som får denne retten?


Eg kjenner det vrengde seg i meg då eg såg at i meiningsmålinga til Dagbladet var det 72% av dei 2500 som hadde svart hadde stemt "ja" på om det bør vere lovleg med assistert sjølvmord (då eg sjekka). Det er kanskje ikkje ei representativ gruppe som har svart, men kva om det er det? Kva menneskesyn fortel det om? Er det berre at vi blir rørt av ei historie om ei dame som har blitt ramma av ein forferdelig sjukdom og at vi ikkje tenker lenger? Eller handlar det om gjennomtenkte haldningar til kva eit liv er?


For ein del av meg forstår at dette er eit veldig fristande tilbod når alt er svart og ein ikkje har noko lovande framtid. Men så er det ein del av meg som ser alle problema som dette fører med seg. Vi veit mykje om sjukdom. Vi har midlar til å lindre smerte. Men vi veit ikkje kva som skjer med dei som kjem til punktet der ein ikkje lenger kan kommunisere på vanlig vis. Vi veit ikkje om dei siste dagane gjev ein fred som ein ellers ikkje ville fått. Vi veit ikkje kva vi frårøvar verken pasient eller pårørande ved å hjelpe til med å avslutte livet på ein unaturlig måte. Kanskje er det ingenting. Kanskje er det masse. Og kanskje er det berre smerte. Poenget er: Vi veit ikkje.


Mange opplever lettelse når smerten tar slutt. Mange opplever at det er godt når den dei er glad i endelig får gå inn i den evige kvila. Men mi erfaring er at alle som har mista nokon dei elska kunne gitt alt dei hadde for berre ein time til...




torsdag 9. januar 2014

Ein sjokoholikers bekjennelse...

Ok.
Eg skal innrømme det.
Eg ELSKAR sjokolade.
Dessverre.
Eg må vel også innrømme at eg er periode-sjokoholiker.
Ein sjokolade kan ligge i skapet i månader utan at eg rører den, og plutselig, utan forvarsel, går eg på ein smell - og det er ikkje berre ein sjokolade som går med i dragsuget..

mmmmmmmmmmmm

Og den siste månaden har eg ete meir sjokolade enn eg har gjort på... ja, enn eg nokon gong har gjort på så kort tid! Så ille har det vorte at eg no må blogge om elendigheta. Då greier eg kanskje å ta meg sammen!

Mørk hemmelighet..

For som de som les denne bloggen veit, så er ikkje dette med mat akkurat mi sterkaste side. Eg må jobbe med å få det i meg - og heldigvis, etter fleire års jobbing har eg no innarbeida ei rutine som gjer at eg i det minste får i meg frokost.
Men det er fort gjort, når ein går i ein slik jobb som eg har no, at eg "berre skal" før eg et, og plutselig var dagen over. Då blir det fort litt raske løysingar for å dempe eit fallande humør og ein sliten kropp. Og når den løysinga blir sjokolade, då er ein virkelig ute og køyrer.


Så på mandag gjekk eg til innkjøp av ein festlig liten dings kalla Fitbit. Veldig gøy sak!
(eg er så lett å manipulere at du vil ikkje tru det!)
Det er ein liten dings som eg kan feste på bukse, bh eller andre passande klesplagg og som tel skritt, trapper og kalorier. I tillegg kan eg legge inn veskeinntak og matinntak, og plutselig får ein ei helt ny oversikt på livet.


Det skal seiast at kvardagen er mykje meir aktiv i den jobben eg har no enn kontorjobben eg kom frå. Behovet for å trene på fritida er ikkje påfallande - i dag hadde eg ein rolig dag på jobb, og då har eg likevel bikka 12500 skritt. Det hjelper veldig å ha litt motbakke uansett kvar ein skal i tillegg til å ikkje ha bil! Det er rett og slett bra for meg!

glimt frå mandagens spasertur

Kaloriforbrenninga og inntaket tilseier at eg KAN ete ein sjokolade om eg vil, men seriøst, eg BØR ikkje! Heldigvis er eg mest glad i mørk sjokolade - men også det er usunt i store nok mengder. Og dei mengdene er ingen problem å innta! Denne nye dingsen gjer meg bevisst på kva eg puttar i munnen og kva valg eg gjer i løpet av dagen. Så både i går og i dag greidde eg å planlegge og innta lunsj på ei nokonlunde vettug tid, og mellommåltid og middag vart også ein del av dagane..


Det er noko veldig godt med det. Å komme inn i ei rytme igjen som er bra for både kropp og sjel.
Eg trur vi menneske er laga for eit liv i bevegelse, med gode rytmer, der vi kan nyte alt det gode livet har å by på.
For at festdagane skal vere festdagar må vi ha kvardagar, og for at sjokolade skal ha det "lille ekstra" ved seg, så bør det praktiserast måtehald. Så enkelt, og så vanskelig, er det...

Lørdagskakaokos før jobbesøndag :)

Eg kjem ikkje til å slutte å ete sjokolade. Slik galskap går eg ikkje med på.
Men framover blir det nok litt meir restriksjonar på det.
Og eg skal planlegge maten min bedre enn eg har gjort den siste månaden.
For det er jo slik med cøliaki, ein må planlegge litt meir dersom ein vil leve sunt. Og det vil eg jo.
Så får vi sjå korleis det går.. Eg håpar Fitbit held meg litt i øyrene, den seier i allefall i frå når eg når måla mine!

Dagen er ennå ung ;)

søndag 5. januar 2014

Trafikkregler og synda

For tida les eg for å sette meg inn i trafikkreglane her i California.
Eg har enno ikkje fått sosial security number,
men så snart det kjem må eg vere klar til å komme meg på DMV(biltilsynet)
og ta både teoriprøve og oppkøyring på nytt. (Hurra!)

Men midt i lesinga dukka det plutselig opp ei setning som eg har gått og tenkt mykje på dei siste dagane.


Det er så banalt at det nesten er latterlig: "Loven seier at bilistar har vikeplikt for forgjengarar, men dersom sjåføren ikkje greier å stoppe i tide, kan ikkje loven hindre at du blir truffen."
Vi som har køyrt bil i nokre år, veit at same kor mykje lova seier at vi skal stoppe, så kan vi likevel havne i det forferdelige situasjonen at vi køyrer på nokon dersom dei spring framfor bilen vår, eller vi av ein eller annen grunn ikkje får bremsa ned fort nok. Den store skrekken til ein kvar sjåfør er å få nokon over panseret.. Dei som har opplevd det gløymer det aldri.


Og så kjem slike som meg, som gjerne spring over vegen i staden for å gå til nærmaste overgang, dersom vegen er kortare. Eller som spring over på raud mann når eg ikkje ser bil i umiddelbar nærleik. Vi må vere klar over at dette faktisk er noko som utset oss sjølv for fare.
Trafikkreglane gjeld også meg som fotgjengar. Når det er raud mann, så skal eg vente sjølv om køyretøy ikkje har lov å køyre på meg. Og sjølv om eg er berre ein fotgjengar, så er det ikkje berre meg sjølv eg set i fare..


Og så blei eg gåande og tenke på at det er gjerne slik når det gjeld synd også. Du veit dette ordet som vi vestlendingar(og kanskje ein del andre også?) har høyrt så mykje vond og vrang forkynnelse om at vi unngår å bruke det.

Faktumet er at sjølv om eg ikkje snakkar om det, så sluttar det ikkje å eksistere. Faktumet er at Bibelen fortel meg tydelig kva som er bra for meg, og kva som ikkje er bra for meg. Det som ikkje er bra for meg og menneskene rundt meg kan kategoriseres som synd. Eg trur at alle, uavhengig av religion eller livssyn, kan vere enige i at dei ti boda (2.Mos.20), den gyldne regel (Matt.7,12) og kjærleiksbodet (Mark.12,29-32) er gode levereglar. Faktumet er at same kor lite eg har lyst å tenke på det, så har handlingane mine konsekvenser. Når eg vel snarveier i livet som eg veit ikkje er gode, så står eg ikkje i fare berre for å skade meg sjølv, men også for å skade andre. At eg veit kva lova seier, hindrar ikkje at eg kan bli truffen eller at eg treff andre når nokon bryt den...


Det er lett å gjere ting ein veit ikkje er bra når ein ikkje blir tatt. Då er det liksom ikkje så farlig.
Men i det øyeblikket det får konsekvensar så fortsår du kvifor det ikkje er lov.
Då forstår du at det var til ditt eige (og andre sitt) beste at du ikkje skulle gjere det...
Det var som i dag, ei lita jente sat og laga vakum på leppa med solo-flaska. Eg sa til ho at det måtte ho ikkje gjere, for då kom ho til å få blå ring rundt munnen og vondt i leppa. Men ho nekta å tru meg, og fotsatte å gjer det om igjen og om igjen for det var så morsomt når det slapp taket, heilt til ho plutselig kjende det var vondt. Då var det for seint.. Eg trur ikkje ho kjem til å leike den leiken igjen.


Ein annen ting er at fleire enn vi anar ser på kva vi gjer, og tenker at det er ok. Små barn ser at vaksne spring over vegen på raudt lys, og ser ikkje at vi har sett etter om det kjem bilar - og så spring dei ut i vegen utan å sjå seg for. Og det kan fort bli sånn med syndene også. Dersom eg juksar meg gjennom livet, er det ikkje greit sjølv om eg ikkje "blir tatt". Det kan vere at eg set eit eksempel for andre som gjer at deira handlingar får mykje større konsekvenser. "Mange bekker små blir til en stor å", heiter det i eit av ordtaka. Det er noko med det, når mange nok gjer same feila, så blir det plutselig synlig kvifor vi ikkje skulle gjere det. Det tydeligste eksempelet på det finn vi nok i klimaet vårt.. Men vi finn det og i skillet mellom fattig og rik, både på verdensbasis og i våre lokalsamfunn. Og vi finn det i dei små dagligdagse hendingane, i måten vi behandlar kvarandre og oss sjølve på, og kva vi tolerer av ord og handlingar.


Heldigvis trur eg og at det motsatte er mulig. Dersom vi er bevisste og går foran med eit godt eksempel, så blir verda ein betre plass å leve for alle. Og eg er så naiv at eg trur at godleik er smittsomt. Vi får jo god flyt i trafikken når både bilistar og fotgjengarar held seg til reglane og er oppmerksomme.


torsdag 2. januar 2014

Fyrverkeri!

Eit nytt år har starta, og som ellers i verda vart dette også her feira med smell og lys på himmelen.
Eg var så heldig at eg fekk feire inngangen til det nye året sammen med Åsa og Jan.


Eg vil påstå at eg kunne ikkje fått ein bedre avslutning på det gamle, og start på det nye året enn det eg fekk. Når eg får ein perfekt grilla biff i eit supert selskap, og avsluttar kvelden med fyrverkeri og bobler - ja, då kan livet nesten ikkje bli bedre! :)

Jan bestillte ei utstilling av bildene eg tok i går kveld - det vart nokre få, så her er nokre smakebitar:












onsdag 1. januar 2014

Happy New Year!

For to år sidan sat eg heime i mi eiga stue og snakka med gode venner om framtida.
Vi snakka om kva vi drøymde om.
Eg kjende på uroa i kroppen,
at det var tid for noko nytt,
noko anna..


Likevel - då eg for eit år sidan feira nyåret
med midnattsmesse i havgapet på Stadt
så hadde eg ikkje sett for meg at eg i dag skulle sitte her i San Francisco.
Men her er eg.
Draumen om jobb i Sjømannskyrkja er virkelighet.
Draumen om å bu i USA er ein realitet.
Det er stort, det er skummelt og det er rett og slett beint fram fantastisk!



Det siste året har vore prega av mange spennande møter.
Møter med andre kulturar, fantastiske menneske og spennande utfordringar.
Eg har fått oppleve Barcelona, København, Malmö, London og San Francisco.
Eg har fått stifta nye bekjentskaper og nye vennskap.
Eg har og fått tilbringe mykje tid i lag med mennesker eg er glad i.
Eg har fått så mange velsigningar at eg ikkje har tal på dei!
Livet har rett og slett vore godt.











Så i dag har eg vandra gatelangs i den nye byen min og vore takksam.
Takksam for gode opplevingar, gode venner, ei fantastisk familie som til tross for at eg er langt unna støttar meg i valga mine, ny jobb, nye muligheter og mot til å ta sjansen då den kom. (noko eg kanskje ikkje hadde hatt dersom eg ikkje hadde så mange rundt meg som oppmuntra meg til å følge drømmen min)
Eg har og gått og vore takksam for alle dei erfaringane som har ført meg hit.
Og det er merkelig med takksemd, det gjer det glad til sinns.


Eg har ikkje mange nyttårsforsett, eg har ikkje trua på slike "trene meir, ikkje meir snop"-forsett. Men eg ønsker at eg i 2014 skal oppmuntre menneske til å følge drømmane deira, leve livet til fulle og ikkje la andre fortelle dei kva dei kan og ikkje kan. Eg håpar at eg i 2014 ser forbi fasader og får auge på det vakre som alle menneske har i seg.

I går, då eg gjekk og rusla, fann eg eit bilde som kan oppsummere kva eg ynskjer for oss alle i 2014:


( På norsk blir det sånn ca:
Dette er mitt ønske for deg: trøst og omsorg på vanskelige dagar, smil når tristheten kommer, regnbogar etter skyene, solnedgangar som varmer hjertet ditt, tru slik at du kan tru, latter som kysser leppene dine, mot til å kjenne deg sjølv, klemmer når du er mismodig, tolmodighet til å akseptere sanninga, at du får sjå det vakre, trygghet når du tviler, vennskap som lyser opp kvardagen og kjærleik som gjer livet fullkome.)



Godt nyttår!