onsdag 13. februar 2013

Og han såg det var godt


Eg har tenkt på ein ting i det siste.
I skapelsesberetninga i 1. Mosebok, 
når Vår Herre er ferdig med skaparverket, 
så står det at han såg det var godt.
Det står ikkje at det var perfekt eller fullkomment, men at det var godt.


Det må jo bety at der var rom for utvikling.
Ingenting eg lagar har rom for det, sånn utan vidare.
Men så er eg for det fyrste ikkje Gud, 
og for det andre kan eg ikkje skape liv av ingenting, 
sånn reint teknisk kan eg ikkje skape liv av noko som helst.


Eg syns det er ein fantastisk tanke: 
At Gud har skapt oss med utviklingspotensiale.
At eg er skapt slik at eg kan bli bedre, 
og let's face it: Eg blir bare bedre, og bedre med åra! ;)

Her er beviset:


Å vite at det er rom for utvikling i skaparverket
gir håp for morgondagen og glede i dag.
For meg er det trusstyrkande.


Gå difor og la deg utvikle! ;)



søndag 10. februar 2013

(Det) søte Liv


Stort sett er livet heilt ålreit,
men nokre kveldar er det berre betre enn best.
Når eg har gode venner på besøk,
og får lov å kokkelere og varte opp, 
så er livet på det beste..

Ønsker meg større kjøkken! VELDIG!

I går kveld var ein slik kveld.
Tre retter var forberedt
til 8 personer.

men med god planlegging,
og litt logistikkunst,
går det meste - utruleg nok ;)


Vi starta med gulrotsuppe..
Eg hadde aldri laga gulrotsuppe før,
så eg visste ikkje heilt kva den skulle smake. 
Men eg syns det funka ganske så greit, 
etter eit litt større avvik frå orginaloppskrifta..


Vidare var det heilsteikt indrefilet av storfe,
med brokkoli, soppstuing, ovnssteikte poteter og rødvinssaus.


Og til dessert var det vaniljeparfait med bringebærcoulis.
Den funka i grunnen ok den og :)


Det var ein lystig gjeng å ha på besøk.
Og eg trur alle kosa seg like masse som meg.
Praten gjekk livlig og latteren satt laust, 
akkurat slik det skal på slike kveldar. 



Dei fremdeles ganske nygifte <3

Og så er det no ein gong slik at Thor Øyvind har bursdag til veka, 
så da måtte vi feire det også.
(ein skal bruke ei kvar anledning ein har til å feire!)
Så eg hadde laga ei kake, 
som eg ikkje fann oppskrift til, 
så eg måtte mikse og trikse og komponere den sjøl..


Det enda då opp med ei kake med sjokolademousse med chili
og pasjonsfruktmousse med chilisjokoladelokk.
Om eg skal seie det sjøl, så vart den slett ikkje så verst! :)
Og ut frå komplimenta som hagla, 
så trur eg matstellet generelt var ganske bra..
Det er i vertfall ikkje kvar dag eg får høyre at eg er betre enn blåbær ;)



Det er viktig å oppdatere på facebook og instagram ;)
Danse litt på fitnessball



Ballett? Yoga??

Og når kameraet er fritt til disposisjon
endar ein opp med mange intressante bilder...:








Karmøy-gansta!

litt yo-faktor her og... og noko til..

det samme ser vi her..

definitivt ikkje-yo-faktor...

Alle gode ting har desverre ein ende.
Det er ikkje maten og drikka som gjer at kvelden blir så bra,
sjølv om det forhåpentligvis bidrar til trivsel.
Men det å ha slike fantastiske venner
er eit stort under, intet meir, intet mindre.
Eg sit igjen og kjenner på at eg er rik,
svært, svært rik!

det obligatoriske
oppvaskbildet ;)

mandag 4. februar 2013

Konsekvensanalyse

Livet mitt består mykje av jobb for tida.
Og ikkje alt ved jobben min er like spennande å blogge om..

Men eg har gått og tenkt mykje på dette med valga vi tek, 
og konsekvensane dei får.
Eg tilhøyrer ein generasjon som er ganske navlebeskuande,
eller kanskje skulle eg heller seie nasebeskuande(?),
og dei som kjem etter oss tek etter oss..

tenker til nasetippen, og retter tunge til resten?

Det handlar mykje om kva som passar MEG best,
kva som er godt for MEG, 
kva EG har utbytte av, 
kva EG fortjener..
Og så tek vi valga våre ut frå
kva vi trur er best for oss
der og då..
For EG veit jo alltid kva som er best for MEG!
Du må'kje komme her og fortelle meg om 
kva som er best for meg.

Dei fleste av oss tenker sjelden langt fram i tid, 
du kan jo berre låne pengar til det du har lyst på, 
og betale om eit år - med endå eit nytt kredittkort..
Vi set oss sjelden inn i kva konsekvensar 
valga vi tek har for menneska rundt oss..
i allfall ikkje før konsekvensen rammar oss.


Måtehold er framandord. 
Mest mulig, flest mulig, 
til MEG!

Resultatet er altfor ofte
at konsekvensane blir dyrkjøpte.
Mitt fyrste kredittkort brukte eg ein månad på å tømme, 
og over eit halvt år å betale ned og bli kvitt.
Det var ikkje noko kjekk erfaring,
men du verda kor lærerikt det var.

konsekvensen av å ikkje eige støvlar i Bergen..
Men det fins verre konsekvensar enn å skulde nokon pengar;
knuste hjerter, skada sjølvkjense, 
nedbrota ånd, mindreverd,
pulveriserte draumar..
Ein kan kanskje kalle det 
EGoismen sine kronjuvelar.

Men samtidig kan nokon av oss vere altfor oppofrande, 
og la andre få styre valga våre - slik at det ikkje blir våre valg.
Eg kan la frykten for å såre nokon bli så stor
at eg ikkje vågar følge dei draumane som ligg i hjartet mitt,
og som eg faktisk burde følge..
Konsekvensen av det er jo ikkje betre...


Vi har alle høyrt  Stig Johansson sine ord: 
"Alla dessa dagar som kom och gick, inte visste jag at de var livet"
Det er ein litt depressiv tanke, 
men eg er jo den eg er, og der eg er, 
på bakgrunn av valga eg har tatt.
Nokre gonger har det vore gode val, 
andre gonger mindre gode
og nokre gongar har det vore så bort i natta dårlige val at du vil ikkje tru det.
Og dét har ikkje vorte tydelig før etterpå,
av og til lenge etterpå..

Kanskje må vi bli flinkare til å konsekvensanalysere?
Til å tenke gjennom kva som vil vere gode konsekvensar
og kva som ikkje vil vere det,
før vi tek våre val?
Til å tenke gjennom kva vi må ofre dersom vi vil oppnå noko?
Sjå på totalsummen på å makse ut kredittkortet,
og ikkje betale ned før det har gått 9 månader?
Og kanskje kan det vere lurt å lytte til nokon som har
gjort nokre av dei same valga før oss?


Så kan kanskje konsekvensen bli
bankande, glade hjerter, god sjølvkjensle,
oppløfta ånd, stor verdi
og levande draumar, 
som kanskje til og med kan bli virkeliggjorte draumar..
Eg har i allefall mest lyst på det! :)

onsdag 30. januar 2013

Om regn og kråker


Ein ting er heilt sikkert:
Eg er ikkje laga for regn.
Eg blir så bort i natta vêrsjuk.
Og det er så slitsomt å vere så trøtt og grinete, 
og dei siste dagane har eg til og med nesten vorte sur
opp til fleire gonger. 
Og eg likar ikkje vere sur!

Dei var ikkje åleine!

På veg heim frå jobb i går
møtte eg forresten eit sært fenomen.
Kråkene i Bergen.
Dei held seg visst i Sandviken om dagen
og på kvelden flyg dei inn til sentrum..
Og dei er MANGE!!!
Følelsen av å ha havna i ein Hitchcock-film
var sterkt tilstades hos den lett ornitofobiske frk.Fure...

Dei svarte prikkane er nokre av vennane
til dei på bildet over... I DON'T LIKE!
 Men tilbake til regnet..


Hadde det berre komt rett ned,
og kanskje i byger, 
så kunne eg kanskje komt meg greit gjennom det.
Men her regnar det nedover, oppover, bortover og på skrått.
Og så bles det slik at same kva du har på deg ,
eller kva paraply du har, så må du gje tapt.


Det er berre å innsjå det:
du kjem ikkje frå det utan å sjå ut som ein drukna katt!


Å få håret til å sjå normalt ut kan i allefall eg berre gje opp,
det ser ut som ull og føles som lett kara ull når det tørkar.
Og sminka gidd eg ikkje nemne ein gong..
Og regnjakka mi har visst sett betre dagar...
og er på langt nær lang nok!

Ser kor jakka slutta ja...

Nei, regn er ikkje noko for meg.
Men eg kom meg heim i dag og.
Eg har fått på meg tørre kle
og sunke djupt ned i sofaen.
Her blir eg resten av kvelden, 
og skal jammen unne meg ein sjokoladebit
sjølv om det berre er onsdag!