lørdag 3. mai 2014

Den raude dagen

Eg var 23 år og hadde hatt eit svært tøft semester på Blindern og var klar for noko anna enn studier og bøker. Eg følte meg heldig som hadde greidd å få meg min første fulltidsjobb. Eg var tilsett i eit vikariat i Posten Norge - som då var eit BA.


Første dagen på jobb kom ein langhåra type med KISS-t-skjorte susande inn på kontoret der sjefen min gjekk gjennom kva eg skulle gjere og braut inn i samtala med: "Du har vel organisert deg??"
Eg hadde ikkje tenkt tanken ein gong, og eg fekk ein lang leksjon om kvifor eg burde organisere meg. Det eg hugsa frå det han sa var at det var streikefare, og som uorganisert ville eg komme i eit salig dilemma.. Dersom eg gjekk på jobb ville eg bli streikebrytar, dersom eg ikkje gjekk på jobb kunne eg miste den. Valget om å organisere seg var ikkje så veldig vanskelig.

Det vart heilt stille i heimen då det kom fram at eg var LO-organisert i ein diskusjon rundt middagsbordet då eg var heime på sommarferie. Eg kjem frå ein heim der mor har bursdag på 1. mai og har lagt ned flaggforbud den dagen. Ho stemmer ikkje Arbeiderpartiet, og vil ikkje at nokon skal tru at ho kunne komme til å gjere det. At eplet skulle falle så langt frå stammen var eit aldri så lite sjokk. Men vi ungane har alltid vorte oppmuntra til å tenke sjølv og gjere oss opp våre eigne meiningar. Og det blir vi møtt med respekt på - sjølv om det sikkert kan vere fristande å skulle banke litt vett inn i skallen på oss når vi er fullstendig uenig.


I går var det 1. mai - og i år vart denne dagen sett i eit litt anna lys for meg. Det å bu i USA set ting der heime litt i perspektiv. Det er mange ting som er utruleg bra med USA, men det er også nokre ting som gjer meg takknemlig for å ha vokse opp i Norge. Om eg ikkje var skikkelig sosialdemokrat før eg kom hit, har eg i allefall blitt det her. For her er en sjølv ansvarleg for å lukkast, og har ein av ein eller annan grunn ikkje fått det til så har ein berre seg sjølv å takke. Minimumslønna i California er på heile 8 dollar - altså omlag 50 kroner- i timen! I San Francisco er den på litt meir, sånn mellom 10 og 11 ein plass.. Mange slit seg ut på at dei har både 2 og 4 jobbar for å få ting til å henge sammen. Her er få sikkerhetsnett, du må ha forsikring mot alt mulig og går du skikkelig på ræva, så må du vere rimelig oppegåande for å forstå kva rettigheter du kan ha.

Det er nesten litt ironisk at valget av datoen 1. mai kjem av at under ein generalstreik i Chicago i 1886 skaut og drepte politiet 4 demonstrantar. Det dei kjempa for var 8 timers arbeidsdag.
Ein kan lett la Arbeiderpartiet få monopol på 1. mai, men det er då virkelig alle arbeidarar sin dag. Det er lett å gløyme at denne raude dagen i kalendaren faktisk markerer noko veldig viktig - for oss alle. Særlig når ein har det så bra som vi har det i Norge.


I går hengde eg opp flagget - slik eg gjer kvar dag - og kjende på ei stor takksemd til alle som har kjempa kampar for at eg har rettigheter i arbeidslivet, at eg får skikkelig lønn, regulert arbeidstid, gode sjukelønnsordningar, at arbeidsgiver  er pålagt å sjå til at eg har eit miljø som er greitt å arbeide i, tilrettelegging av oppgåver, og så vidare. Det er så lett å ta for gitt at det skal vere slik vi har det i Norge, men det er ikkje slik det er alle plassar i verda. Ikkje ein gong i landet der dei har ein eigen draum oppkalla etter seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar