tirsdag 20. mai 2014

Travle, kjekke maidager

Det er lenge sidan eg har blogga noko no. Det har vore svært travle tider, og ein må dessverre av og til prioritere vekk noko. Det er i grunnen mykje eg kunne tenkt meg å blogge om, men døgnet hadde ikkje mange nok timar.. Og ikkje alt eg har drive med er like intressant å skrive noko om.
Men eg har jo tatt litt bilder undervegs likevel - og for å gje nokre glimt av kva eg har gjort på dei siste vekene så kan det jo vere ok å dele dei. Særleg sidan det i dag er akkurat eitt år sidan eg sendte søknaden som førte meg til San Francisco.


4.mai var det barnedåp på gudstjenesta, og etterpå hadde vi eit lite arrangement i forbindelse med at det i år er 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. Dette var også dagen då sjølvaste Landsmoderen valgte å ta seg ein tur innom kyrkja, og det er noko heilt spesielt å få lov å møte og prate med eit av dei virkelig store forbilda frå min oppvekst. Dette er ei dame som har gått foran og vist vegen for ein heil generasjon kvinner - og det var ei ære å få lov å synge kjende norske songar med henne og familien på første rad.


Det er mykje som må gjerast på ei sjømannskyrkje i oppkøyringa mot 17.mai, og då er det ekstra godt å ta nokre pauser. Den eine pausa var ein tur på kino med presten.


Den andre pausen var ein tur til Novato. Riktig nok var eg også på litt jobbærend der oppe også, men eg fekk nyte ein bedre lunsj i hagen til Unni før vi gjekk og fekk litt massasje. Han som angreip den stive kroppen min var ikkje akkurat svak i klypa, så eg fekk kjenne på at eg har litt musklar dei neste dagane...


Førebuingane til 17.mai har vore mange og varierte, og midt oppe i det heile tenkte eg at eg måtte lære meg noko nytt. Særleg sidan eg har fått meg Amazon-konto, og greidde å få tak i ei mandelkværn der.
Eg har aldri laga kransekake før, men eg har jo sett på når andre har gjort det. Og litt Pippisk filosofi må ein jo ha når ein går inn i ein slik jobb som eg no har gjort, så kransekake vart det. Den vart til og med seig inni! :D



Og i veka før 17.mai har vi vore så heldige at vi har hatt 4 sjukepleierstudenter her på diakonipraksis. Dei har vore ei utruleg god hjelp, særleg på 17.mai då dei stod på som nokre ekte heltar frå tidleg morgon til seine kvelden! Ungdommen no til dags er skikkelig greie folk!

Husmor og sjukepleierstudentane. :)

 Ja, og så var det min første 17.mai i framandt land. Det var akkurat så kaotisk og festlig som 17.mai skal være! Vi starta i parken der ca.400 menneske dukka opp - og det var ein god del meir enn forventa, så vi måtte ut og kjøpe ekstra pølser ikkje mindre enn to gonger! ("Vi" var i denne sammenhengen styreleiaren i kyrkjestyret!)

Om du skulle vere i tvil: Grillmesteren!




Dei påstår at det ikkje har vore så langt tog nokon gong før...


Eg måtte dessverre forlate opplegget i parken for å klargjere til arrangementet i kyrkja på kvelden.
Då var det litt meir høgtidlig, med flaggborg, norsk musikk, norske bilder og generalkonsulen som heldt ei særdeles god tale om kva grunnlova har vore, er og som peika på kor godt vi har det - og som våga å påpeike at vi bør vere opne for å ta i mot dei som treng å komme til Norge - vi har jo tross alt svært mange som emigrerte til USA då vårt land ikkje var eit rikt og ressurssterkt land...


Eg skal vere ærlig: Eg bestilte kake,
og lærte den amerikaske bakaren "Å"

Det var ein dag der ikkje alt gjekk etter planen, men alt kom i havn. Det var ein dag der det virka som om folk hadde det trivelig og kjekt, og eg fekk møte mange kjekke menneske. Bunaden som eg tok med meg i håp om at den kanskje kunne passe i år, sjølv om den mangla eit par centimeter i oktober i fjor, gikk på - akkurat. Så på kvelden var det festantrekket.

Eg har laga meg sjølv ei list over ting eg skal hugse til neste år, på toppen av den står det:
"Husk å smøre meg med solkrem!"

Eg hadde cardigan med 3/4-ermer og engangshansker i parken...
 For the record: Det var berre varmt. Det svei ikkje. Heldigvis!
Ja, og sjølvsagt hadde eg forkle...

I går vart det ein roleg dag. Det var lite folk i kyrkja, men dei som var der var ein fin gjeng. Etter vi hadde stengt og vaska opp, var eg og presten invitert med på middag med sjukepleiestudentane. Etter dette møtte eg nokre venner, og vi gjekk ein lang tur. Då vi stod og såg på solnedgangen tenkte eg at no begynner eg å kjenne at eg har eit liv her - eg er ikkje berre på ein litt lang ferie. Det kjennes rett å vere her no. Det var rett av meg å søke og takke ja til jobben og alle endringane det førte til. Det er godt å kjenne litt på det no før eg skal reise heim til Norge for sommaren. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar