tirsdag 27. mai 2014

24 timer - og litt til

Mine foreldre er godt over middels intelligente. Eg vil våge å påstå at dei er av typen svært intelligente. Intelligens er arvelig. Det vil seie: IntelligensPOTENSIALE er arvelig! Det betyr igjen at eg har hatt eit godt grunnlag for å bli nok her i livet..hvis eg hadde gått inn for det.
Men denne jenta er pose og sekk-menneske. Og når ein ikkje heilt veit kva ein vil bli og får altfor mange tilbod, så blir gjerne ikkje intelligensen det ein satsa mest på å utvikle, særlig ikkje når mange av tilboda er så mykje artigare.


Eg seier ikkje at eg er dum, for det veit eg at eg ikkje er. Det er jo tross alt ei nedre grense på intelligenspotensialet også. Men eg seier at hvis eg hadde gått inn for det, så kunne eg sikkert vorte noko stort. Noko som gjorde at eg ikkje måtte sitte samankrøkt på økonomiklasse på den vel 10 timer lange flyturen frå San Francisco til København. Men eg har ikkje utnytta potensialet, eg har fulgt hjertet framfor hjernen, så fredag sat eg der og misunte dei som kunne strekke seg ut på buisnessclass...

Det holdt akkurat! :)

Det kom litt som julafta på kjerringa denne heimreisa. Eg har jo berre så vidt begynt å kjenne på kvardagane.. Det var ein lang tur frå San Francisco. Ikkje berre var det trangt og varmt på flyet, men eg fekk for første gang oppleve kva tette bihuler kan gjere med eit menneske oppe i skyene. Eg trudde ei stund eg skulle kaste vettet. Både tenner og auger hadde mest lyst ut av hovudet føltes det som. Og når då flymaten er sensasjonelt dårlig, alle andre søv og filmane startar til gitte tidspunkt slik at du faktisk ikkje kan velge å sjå ein film frå starten når det passar deg, då går timane sakte..

And off we go..

Eg må seie to ord(+ litt til) om flymaten. Vanleg flymat er jo sjelden noko å skryte av, men virkelig, dette tok kaka. Eg hadde sjølvsagt bestilt glutenfri mat. Til middag fekk eg uttørka laks, som var så tørr at den såg ut som gråpapir - og sikkert kunne brukast til det også. Tilbehøret var svidde grønsaker, eit rundstykke og eit pekyrande lite stykke ost. Desserten var blåbær som var heilt på grensa til kva ein bør servere, og litt anna frukt som heldigvis var ok. Frokosten eg fekk var mildt sagt interessant, og bestod av ei skål med eplemos, ein blåbærmuffin (og rett skal vere rett, den smakte heilt ok!), appelsinjuice og to riskaker med litt paprika og aubergine på. Eg hadde ikkje komt på ein slik kombinasjon, og kjem ikkje frivillig til å gjenta prosjektet.

Oh, sweet painkillers!

Etter ti timar og ti minutt med intens hamring i hovudet kom vi endelig til Kastrup. Eg brukte ikkje mange minutta på å lokalisere ein kiosk som hadde både panodil og nasespray. Neste stopp var kaffe. Eg fann ein hyggelig svensk barista på Starbucks, vi småprata litt om San Francisco og lange flyreiser og så kom overraskelsen: "Så... Åker du hem til Sverige nu?" Ehm... eg prøvde ikkje å snakke svensk ein gong, eg prata berre veldig sakte...

Etter ei kort pause på bakken, bar det vidare til Oslo. Det var ein liten overraskelse då eg såg på billetten på flyplassen i San Francisco og oppdaga at eg skulle via Oslo. Det var ein smule irriterande at det gikk minst to fly direkte til Bergen frå Kastrup før Oslo-flyet mitt.. Ein blir litt meir grinete når ein ikkje har sove liksom. Og eg kjende at eg vart nesten sur då eg oppdaga at eg hadde to timar lenger tid på Gardermoen OG at eg måtte ut og sjekke inn bagasjen på nytt. Den praktiske delen av meg forstod jo kvifor, men den irrasjonelle biten av meg syns det er unødvendig at eg måtte gjere dette!


Men to timar ekstra betydde ein Starbucks-date og møte med ein av dei nye verdensborgarane som har komt til medan eg har leika meg over dammen. Så humøret var betraktelig bedre då eg gjekk gjennom sikkerhetskontrollen på nytt og fann gaten der flyet til Bergen gjekk.

Lørdagskveld på Gardermoen

Og endelig, 23 timar etter at eg gjekk på Super Shuttle-bilen i San Francisco, gjekk eg ned trappa på Flesland og der stod to friske, vakre og gode venner og venta på meg. Bagasjen vart henta og brakt heim, og ut for å få tak i mat - som eg ikkje hadde fått tak i sidan frokosten på flyet inn til København.

Bergen altså...


Herfrå har det vore ei deilig Bergenshelg, med gode vener og mykje kos.

Gjengen nesten komplett.. 

Venke :)

Pingvinen, Bulmers, Popcorn og Berit Margrethe

BESTE KAFFEN I BYN!


Eg har til og med fått sett nye delar av mitt elska Vestland. Are tok meg med til Lyse Kloster. Fantastisk fin plass!

Lyse Kloster

Det var på veg heim frå kysthospitalet, for dersom kirurgen min har blitt frisk igjen til neste fredag havnar eg etter all sansynlighet på operasjonsbordet med foten min då. Men før det, så set eg meg på flyet igjen. Denne gongen er det Thessaloniki som er endestasjonen. Der har eg aldri vore før, så det gledar eg meg til. Og eg satsar på at reisa går fortare denne gongen :)

Bergen - Statsraad Lehmkuhl i solnedgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar