tirsdag 12. juli 2011

Søt musikk og gamle kunstar

Folk seier ofte at "det er som å sykle, har du fyrst lært det så kan du det." Eg har ikkje hatt sykkel sidan vidaregåande, og sist eg prøvde meg så heldt eg forsåvidt ballansen,  og kom meg framover, men spesielt stødig var det ikkje. Faktisk var det nummeret før eg tok med meg ei dame med hatt på vegen - uten at ho hadde spurt om å få vere med.


Men eg trudde det var som å sykle, at når eg fyrst hadde lært det så satt det i fingrane. Eg har jo tross alt spelt klassisk piano i fem år! Men så feil kan ein ta.



Men eg har no funne fram notar frå den gong då eg kunne, og har begynt å øve igjen.
Lukka er stor når eg kjem meg gjennom 5 takter utan feil, sjølv om dei går i halvt tempo. Og det blir bedre for kvar dag som går. No skal eg ikkje skryte på meg å ha vore nokon stor pianist, men eg greidde meg fint og kosa meg med det så lenge eg slapp å opptre bak pianoet.

Og i går skjedde det som er svært uvanleg for min del: elpianoet fekk namn. Eg brukar sjelden å gje tinga mine namn. Takka vere at eg er så treg at kassa det kom i ikkje har enda i boda, var det ein på besøk som såg noko eg ikkje hadde sett. Og vips:



Sjølv om gamle kunstar ikkje er det det ein gong var, og sansynlegvis aldri blir det heller, så kosar eg meg med både Bach, Beethoven og Bernstein. Og eg har funne fram igjen Real Booka mi, og det er lettare å finne tonen på jazzsangane eg har sunge på i alle disse åra utan pianoøving.

Men berre sånn at det er sagt: eg trur ikkje lenger at ein kan noko berre fordi ein har lært det ein gong, ein har berre bedre forståing for korleis ein bør gjere det!


1 kommentar:

  1. No kjente eg at eg fikk litt lyst på et piano!!! Kanskje det hadde vore noke å møblere loftsstua med og kanskje eg kan lære Konstanse? Hmmm. Må få høyre meir om erfaringar og kostnader. Vi ses jo snart :)

    SvarSlett