lørdag 6. november 2010

Feiring av to skorpioner!

I går var det festlige tilstander.
Eg starta dagen med å bli sjukmeldt, for eg har vondt i høgre side når eg puster inn.. er visst ikkje så bra akkurat det. Så det vart ein litt annen dag enn eg hadde tenkt, men på kvelden var det planlagt ein liten tur ut og ete, som ei slags forsinka bursdagsfeiring.

Og eg trur egentlig at eg lar et utvalg av bildene tale for seg...

Rune valgte breiflabb

Sushi til Thor Øyvind

Are ete ikkje fisk...

Ingelin derimot..

Nam, nam, nama!

Ingen feiring
uten bobler!

Med pudder i håret ;)



Nokre verdensproblem vart kanskje løyste...

Vi skulle berre finne ut kem nåken var...

Torsdagens bursdagsbarn - min venn skorpionen ;)


to skorpioner, mørke og mystiske ;)

Livets glade gutter!

Og så fant han som drakk cola kameraet, og begynte å leike...

Og det er jo alltid festlig...

ingen kommentar...



Ikkje forstyrr, eg må bare sjekke nåkke på facebook! ;)






Orntlig popcorn med masse smør på Pingvinen!
Kort oppsummert var det en veldig festlig kveld, mykje latter og morro. Og det tar på når en har litt problem å puste. Men eg må bare seie at eg er utrulig heldig som har så vakre, morsomme, snille, gode, varme, herlige (og så vidare) mennesker i livet mitt! 

lørdag 30. oktober 2010

Malermesteren si gave, del 2

La det vere sagt ein gong for alle: Rune er fantastisk!


Og eg har hatt ein veldig, veldig fin laurdag!
Eg har drukke kaffe og sett på at han jobbar. Ja, det er i grunnen det eg har gjort i dag. (bortsett frå å vaske eit par maskiner med kle..) Og gutar, skal du ha ei kvinnes oppmerksomhet, så er det berre å sette i gang å jobbe på kjøkkenet hennar.. (det er det same kva du gjer, så lenge du gjer det skikkelig! ;) )

Klokka litt over 10 kom han og begynte å sparkle.


Eg syns det er utrulig fasinerande å sjå på det. Han arbeidde så fort og sparkelmassa var liksom så mjuk å sjå til, fikk liksom lyst å stikke fingeren inni for å kjenne om den er like mjuk og varm som den ser ut...


For å få det til å tørke slik at han kunne male, så brukte vi litt kreative løsningar...



Så var det maletid.. Først tok han taket. Det var på ein måte litt nødvendig...

trur det hadde vore kvitt ein gong det og...

til tider balansekunst som eg vart svimmel av å sjå på!

Eg lot meg fasinere av balanseringa på trøa.. (gardintrapp og liknande heiter trøe på bergensk..) Eg prøvde meg oppi, erfarte at det var behagelig å stå der, men då sto eg trygt på begge beina. Men det å komme seg ned igjen var ein heilt annen ting..

Etter fyrste malingsstrøket tok vi lønsjpause, og gikk på kinarestaurant. Det funka i grunne bra, ein tur innom Sakrestiet og kjøpe kaffe rakk vi og, før vi vendte tilbake til rollene våre... Og her er resten av dagen, i allefall så langt!

Malarar likar ikkje silikon, men blir yr av acryl! ;)

Når en har malt et strøk, så kan en like gjerne ødelegge det litt... og det
er jo ikkje så farleg, det er jo berre bak kjøleskapet ;)


Slå på lyset... 

Mens vi venter på at det skal tørke...

Siste finish..
Before...

After!!

Snille,  flinke, fantastiske Rune på mitt fiiiiiiine kjøkken! 



fredag 29. oktober 2010

Malermesteren si gave, del 1

Min gode venn Rune er malermester. Og dei som har lest bloggen min tidligare, har kanskje fått med seg at han hjalp meg å rive det gamle kjøleskapet.. og så gikk eg hen og kjøpte ett som ikkje var stort nok til å dekke det sparsommelige arbeidet som var gjort med tapet på kjøkenet.. Så Rune, den gode mannnen, sendte melding til meg på bursdagen og fortalte at han hadde tenkt på at eg kanskje ville ha mala kjøkenet.. og då ville han gjerne gi meg det som bursdagsgave..

Litt gratisreklame! ;)


Eg vart så glad at eg nesten begynte å grine. Eg har levd i snart 9 år med ein blomstrete papirtapet som hadde begynt å løsne her og der..

Død over blomstrete papirtapet!!

EG HATA DEN TAPETEN! Men visste at det var masse arbeid hvis eg skulle male, så eg har berre utsatt og utsatt og utsatt.. Og plutselig fikk eg hjelpa frå ein som faktisk kan å male, og som garantert ikkje lagar kunstferdige mønster i taket, eller på listene - slik eg gjorde i fjor sommar då eg mala soverommet...

Så i kveld starta jobben med grunning. Her er nokre glimt:

Fikk lov å hjelpe til å rive tapeten!!

Han lot meg til og med få leike med et knivblad!

Det en kan kalle froskeperspektiv


Dei som kan det brukar visst hanskar når dei malar...

Det er ikkje snakk om å bruke sånn pinglete "rullebrett" her nei..

Djup konsentrasjon

var liksom litt stemningsfullt...

om han skulle slutte som maler, trur eg han har ei framtid i cirkusbransjen..

Så no er kjøkkenet grunna. I morgon skal det sparklast, pussast og malast. Eg skal jo ikkje gjere så masse, men eg må seie at eg gledar meg. Det blir kjekt å tilbringe dagen i lag med Rune, ja, det er kanskje det beste med heile gåva :)