søndag 7. desember 2014

Eit heilt år

I går og i dag har eg gått og tenkt på at det har vore noko med 5. og 6. desember som eg burde hugse, men eg greidde ikkje å komme på det, før det plutselig slo meg: Det er EIT HEILT ÅR sidan eg kom til  San Francisco. Og slikt noko fortjener en aldri så liten bildekavalkade, slik som ein vanlegvis gjer ved årsskifte...

6.desember 2013: julemiddag for studentar og au pairer

7. desember: Sweas julebasar

Julepynta San Francisco

Julegudstjeneste i South Bay

Eg har lært nye retter å kjenne

Eg har vore veldig heldig med kollegaane!

Eg har slitt ut en prest...

Og eg har vore på ball..

Eg har feira nyttår på beste måten (med gode venner!)

Eg har erfart at cøliaki er intet hinder for
å bake vanlig mat :)

Eg har fått lære kjenne mange fantastiske damer!

Eg har innført grautkasse på kirka..

Eg har blitt kjent med mange herlige små,
og dei fine foreldrene deira :)

Eg har hatt nokre tunge dagar...

Eg har fått sett noko av livets hardare sider..

Eg har vandra gatelangs - og funne perler over alt!
Eg har GÅTT over den berømte brua.

Eg har sjekka ut litt uteliv ;)

Eg har lært meir svensk!

Eg har laga hundrevis av vafler..

Eg har lært meg å bruke gasskomfyr... i alle fall nesten!

Eg har opplevd jordskjelv.

Eg har vore på tidenes feiteste biltur!

Eg har nytt fridagar i godt selskap

Og vandra endå meir gatelangs :)

Eg har oppsøkt turistattraksjonar..

Eg har laga opp til fleire student og au pair middagar. :)

Eg har blitt kjent med dyr eg ikkje er så begeistra for

Eg har tatt en pust i bakken innimellom

Eg har funne nokre favorittar

Eg har helst på sjøløvene

Eg har lært historie...

Eg har latt meg fasinere


Eg har vore ute på båt og sett byen frå sjøen,
og eg har vore under den berømte brua..



Eg har køyrt til LA..

..for å heie på disse tre :)

Eg har sett litt av LA også :)

Eg har hatt et vêrmessig stabilt år

Eg har tatt lappen for andre gang!

Eg har hatt mange gode samtaler :)

Eg har vore på konsert

Eg har fått litt sansen for baseball... 

Eg har fått sjå det vakre i det ordinære

Eg har hatt mykje god støtte og fantastiske medarbeidere!

Eg har blitt kjent med Jasper!

Eg har sakna mamma!! (og resten av familien!)

Eg har opplevd spektakulære solnedganger!

Eg har lært at City Hall er eit par fot høgare enn U.S. Capitol..

Eg har møtt (og sunge for og med) sjølvaste Landsmoderen!

Eg har fått "nokre" fleire sko.........

Eg har lært at "size does matter" ;)

Eg har slitt ut en prest til...

Eg har feira 17. mai..

...med god hjelp i kjøttavdelinga..

Eg har lært at solkrem er viktig!

Eg har laga mi første kransekake

Eg har blitt kjent med mange
fantastiske folk!

Eg har reist ein del..

Eg har vore i Bergen ein tur og helst på litt folk..

... og sett at solnedgangar er fine der og ;)

Eg har testa ut Nord Hellas
med denne fine frøkena :)

Eg har testa tolmodigheta....

Eg har fått erfare kor mykje omsorg betyr! <3

Eg har sett at det er ikkje berre i San Francisco
det er tåke...

Eg har kjent på at avskjedar er krevande...
heldigvis. 

Eg har hatt besøk..

Eg har lært å nyte livet (som om eg måtte lære det ;) )

Eg har lagt meg til litt luksuriøse vaner...

Eg har vore til Tuscarora.. 

Eg har vore på Tao (NYC)

Eg har hatt bodyguardar som passa på meg i storbyen (NYC)

Eg har vandra endå meir gatelangs i SF

Eg har kjørt litt bil også..

Eg har fått oppgradert leilighet, og skrudd sammen ny sofa!

(bevis)

Eg har vore til øyenlege...

Eg har hatt bursdag! 

Eg har blitt så amerikansk at eg diggar dette... ;)

Eg har vore i Boston..

...med denne fine fyren..

Og eg har vore 2x i NYC

og heia på enda ein maraton..

Eg har lært kva luksusvare regn og vatn er!

Eg har funne plassar der eg finn fred..

Og eg har begynt å kalle dette også "heime"

Eg har lært korleis eg kan vite kor denne
$1 kjem frå.. (denne er frå Boston)

Eg har fått oppleve haust på vestkysten...

Eg har fått oppleve regn som eg aldri før har gjort det!

Eg har vore gjennom min første
sjømannskirke-julebasar. :)

 Eg er no på tredje presten, som eg håpar blir minst like lenge som meg...

Eg har opplevd Thanksgiving. 

Eg har lært at neste år skal eg ha julegavene i kofferten!

Eg har forelska meg i nabolaget mitt..

..faktisk i heile byen, når eg tenker meg om..

Eg har blitt så amerkansk at juletreet
allerede er på plass.. 
 Og eg trøstar meg med at kjært barn har mange navn...







Eg er supertakknemlig for kjekke
oppfinnelser som Skype! :)

Eg har fått bli kjent med så mange fantastiske mennesker
at eg ikkje har plass til alle her, 
men her er to av dei:



Eg har fått sjå spektakulære flyshow.

Og eg har sett Alcatraz nesten kvar dag..

Alt i alt, det har vore eit hektisk men veldig godt år. Eg har fått kjenne både gode og mindre gode følelsar, eg har ledd masse og fryda meg over å få lov til å vere her no.
Eg gledar meg allerede til å sjå kva det neste året har å by på! :)

mandag 1. desember 2014

Heimlengsel

Ein er optimist om ein trur at ein kan flytte rundt halve jordkloden uten å kjenne på heimlengsel frå tid til anna. Dei siste veken har vore litt sånn for meg.
Eg har i grunnen gått og venta på at nedturen skulle komme - og misforstå meg no rett, for eg har det veldig bra her. Men det er noko med at når du er langt vekke heimanfrå, så er det naturleg å sakne noko  eller nokon. Og særleg når ein går inn i den tida som ligg framfor oss no.


Forrige helg hadde vi julemesse, eller Christmas Bazaar som det heiter her. Det var veldig kjekt. Og det vekte mange minner for min del. Det er gruhorveleg mange år sidan eg var heime på julemessa, men eg vaks opp med ein laurdag i slutten av november/starten av desember som starta med intens rømmegrautslukt som fylte huset. Då var det klart for julemesse. Ein dag av yrande liv på bedehuset, der "heile" bygda var innom for ein grauttallerk, litt kake og kaffe. Med seg på kjøpet fekk dei salg av mange fine varer, amerikansk auksjon, bibeltime, åresalg og skikkelig basar av den gode, gamle sorten.
Eg sat på julemessa her, hadde det heilt strålande men samtidig kjende eg at eg sakna dei heime.


I løpet av veka har eg hatt fokus på å bli ferdig med julehandelen - i alle fall med gavene som skal til Norge. Og slikt triggar følelsessenteret ganske bra. Det var så mange ting som hadde vore så kjekt å sende heim, men vanvittige portotakstar gjer at ein må finne lette gåver å sende. Derfor var det ikkje berre å plukke med seg det ein hadde lyst å gje, men ein måtte leite. Og eg kjende at eg sakna virkelig dei heime.


Så var det Thanksgiving. Eg kjende meg veldig takksam for å få lov å leve ut draumen om å vere i USA, for at verden ikkje er så stor som den var då eg var liten og brev var einaste alternativ for kommunikasjon mellom USA og Norge dersom ein ikkje var steinrik. (Faktisk var telefon såpass dyrt då eg vaks opp at eg fekk ikkje lov å ringe nokon før etter kl.17, og kun ein time dersom det var ein plass med retningsnummer langt vekke.) Eg er takknemlig for at eg har gode venner og familie der heime som er flinke til å halde kontakta med meg, for eg er ikkje flink til slikt, sjølv om det har komt seg etter facebook og andre kjekke sosiale medier...
Eg hadde ei fantastisk Thanksgiving-feiring sammen med Gisle og Anniken, ungane deira og to andre familier. Men i slike settingar  blir ein ekstra bevisst på at ein faktisk er åleine. Og ein del av meg ser at jula i år blir hakket tøffare enn den var i fjor.

Beste Thanksgivingsvertskapet i verden! <3

I fjor var eg så sliten etter tre veker bli-kjent-med-sjømannskirken-i-San-Franciso-maraton med masse nye inntrykk, så det å synke ned i sofaen og sjå Love Actually og ete "Mac and Cheese" var det einaste eg ville. I år skal vi ha julemiddag på kyrkja, så eg reknar med at eg får dekka mitt sosiale behov. Men det er veldig anneleis enn å ete middag med mamma og pappa, køyre ut til søstera mi og åpne pakkar og ete kake med familien enn å sjølv lage middagen og ete den sammen med mange nye venner. For ikkje å snakke om at eg også i år går glipp av mamma sin legendariske kalkunmiddag der heile familien er samla - utenom meg. Så når eg har gått her og plukka fram litt julepynt, og lar meg lulle inn i herlig julemusikk, så kjenner eg også på at det er fryktelig langt heim.

I miss You! <3

Og no burde eg skrive at heldigvis har eg gode venner her også, for det HAR eg. Men av og til må ein ha lov å seie at ein lengtar heim. At det å vere åleine, for eg er faktisk det til tross for verdens beste og mest innkluderande kollegaer og venner, til tider suger...BIG TIME! Når eg går heim på julafta så er det ingen andre her. Det er berre meg. Og akkurat når det er jul så vil ein helst ha dei ein er aller mest glad i rundt seg - og det er ikkje til å komme fra at det er familien min. Det er ingen over eller nokon ved sida av. (sorry!)


Eg veit at eg vil få ei fin jul. Eg veit at mykje bra vil hende framover. Eg veit at eg er heldig som får lov å vere her, og som har mennesker rundt meg som bryr seg og som eg bryr meg om. Eg ser det. Men eg kan lett bli ein som bloggar om kor fint eg har det, uten å ta med dei skyggane som faktisk er ein del av pakken. For eg brukar stort sett å fokusere på det positive. Og eg kunne lett ha hoppa over å skrive dette blogginnlegget. Men akkurat i dag hadde eg behov for å få sagt det: Eg gledar meg til alt det kjekke eg skal få oppleve i tida fram mot jul og i jula. Men ein forholdsvis stor del av meg skulle likevel veldig ønske at pakkane eg handla forrige veke ikkje var på vei til Norge i posten, men låg klar i kofferten min for å bli med i bagasjen heim til jul.


Eg trur dei fleste som er ute i verda slik som eg er no, forstår kva eg seier. Kanskje treng du ikkje vere utanfor Norge sine grenser ein gong, kanskje seier berre vaktplanen at du ikkje får vere heime i jula. Og kanskje det eg har aller mest behov for å få sagt er: Eg er veldig glad i dåkke der heime, og eg saknar dåkke! Og sjølv om eg har det veldig bra her i San Francisco, og har store planar om å fortsette med det, så skulle eg ønske at eg kunne vore nærmare alle eg er glad i der heime. Dessverre får eg ikkje pose og sekk i dette tilfellet.


Trøsta er at heimlengsel berre er eit tegn på at det er nokon som betyr mykje for meg der heime og som eg gledar meg til å sjå igjen! Og eg kan få lov å kjenne på dei litt vanskelige følelsane, og vite at dei er eit teikn på kjærleik. Det er ein god tanke å gå inn i adventstida med.





mandag 24. november 2014

Svolten, skitten og trøtt

I dag var det domssøndagen. Ein av disse søndagane med sånn kjekk preiketekst. Om at ein dag, når vi minst ventar det, skal Vår Herre komme tilbake og holde dom. Då skal geitene skillast frå sauene, då skal alle målast opp og ned og i mente.. Ubehagelig. Krevande. Nådelaust.
Kanskje er det mest ubehagelige at det handlar om å sjå dei minste. Eller, det blir ikkje rett, det handlar om å gjere noko for dei som treng det. 
Det handlar om å gje mat til den svoltne, drikke til den tørste og kle til den som frys. Det handlar om å ta i mot dei som er framande, sjå til dei sjuke og sørge for at dei får den pleia dei treng og besøke dei som er i fengsel. Det handlar ikkje om å berre sjå urettferdigheta, men det handlar om å gjere noko med den.
Og i følge dagens tekst så får det konsekvensar for oss kva vi gjer med det.. Mange har misbrukt denne teksten og brukt den til å skremme og få makt over andre. Presten vår valgte derimot å snakke om forholdet mellom nåde og gjerningar, at det eine ikkje utelukker det andre. Plutselig finnes det nåde her også.


Så gjekk eg ut frå kyrkja, med ei blanding av teksten, preika og eigne tankar om den. Ut til ein fridag etter ei passe hektisk helg med julebasar og mykje kjekke folk. Eg går saman med ein kollega til Ferry Building. Vi går inn og eg får kjøpt nokre julegåver. Våre vegar går kvart til vårt og eg ruslar gjennom søndagsrolige gater og tenker på kor godt eg likar byen, og kor fornøgd eg er med å ha fått denne muligheta. Og så skjer det.

Opp på sida kjem ein kar. Litt lurvete i kantane, men han virkar ganske oppegåande. "Are you afraid of me?" spør han. "Er du redd meg?" Eg blir så paff at eg spør tilbake: "Bør eg vere det?"
Han fortel han er uteliggar, slik som altfor mange er i denne byen. Han er svolten, treng ein dusj og ei seng å sove i. Han spør fint om eg kan hjelpe han. Han veit akkurat kvar han vil og kva det kostar. Eg har allerede handla gåver for 7 gonger så mykje i dag. Han vil gjerne at eg følger han slik at eg betaler og ikkje berre gjev han pengane.. Men det er i Tenderloin. Eg har ikkje lyst å gå inn dit. Særlig ikkje no, når det har begynt å mørkne.


Aldri før har eg fått ein bibeltekst så brutalt i fleisen. Lære og liv var plutselig ein særdeles krevande kombinasjon.

Kva ville du ha gjort? Kva eg gjorde er ikkje noko eg treng å skrive om. Det er ei sak mellom meg, Vår Herre og ein uteliggar i San Francisco. 
Men eg gjekk heim og tenkte på dette:

Når eg seier at eg vil følge Jesus - lar eg han få forme meg, slik at eg blir likare den radikale, rause, rettferdige og nådefulle karen som han var? Eller er eg ei geit som ikkje vil la meg forme, og som alltid vel mine egne vegar?
Lar eg tv-bildene av krigsramma barn berøre meg, eller blir det berre korte flash over skjermen?
Åpnar eg heimen min og kjøleskapet mitt om nokon treng ein sofakrok, ei seng eller litt mat?
Besøker eg dei som eg veit er einsame, sjuke eller skrøplege? - og då meiner eg av eigen fri vilje, eller vel eg det meir behagelige alternative og latar som eg ikkje veit eller har det altfor travelt?
Stoppar eg når nokon er i nød?
Kva gjer vi som seier at vi er kristne når vi møter urettferdighet, trakkasering, ignoranse, mobbing, nød, rasisme, facisme, fattigdom, egoisme og så vidare? Gjer vi noko med det? Reagerer vi? Lar vi reaksjonar bli handling? Eller blir det for tøft?

Mester, la meg gå i DINE fotspor!!

Og minnet frå  København, der eg gjekk forbi den "døde" mannen kom opp. Då eg gjekk forbi, uten å hjelpe. Og det skrik i meg etter nåde. For eg kjenner at eg sviktar så altfor mange gonger. Eg treng å bli minna på at eg må sjå opp frå ein av dei tallause skjermane mine, legge til sides alle dei "viktige tinga mine" og gje ei hand til dei som treng det. Eg treng å bli røska i, å kjenne det i hjarterota og eg treng å få ut fingern og faktisk gjere, ikkje berre snakke fint om det!
Eg treng ikkje å leite lenge etter dei gongane eg IKKJE har gjort det som Jesus påpeikar i denne likninga. Sjølv om eg av og til gjer dei rette tinga og. 

Takk og lov for at Gud er ein NÅDIG Gud. Eg får lov å be om tilgivelse for det eg ikkje fekk til. Eg får lov å starte på nytt, gong etter gong. Eg får lov å bli minna på at eg treng å la Jesus forme meg - slik at eg kan vere til velsignelse for menneske i min kvardag, enten det er ein uteliggar eller ein rik mann. Og eg kan få lov å kvile i at dersom eg er ærlig med alt det eg ikkje får til, så er Gud trufast og rettferdig og tilgir ALT det eg gjer galt, både ord og handling, eller mangel på handling.


Og så kan eg gå vidare. Og la meg utfordre og forme til å bli meir lik det perfekte mennesket: Jesus. Eg syns min kollega i København seier noko om kva det betyr å vere Jesus etterfølger/disippel/læresvein på ein aldeles glitrande måte. Det traff meg i magen då eg leste det for ei veke sidan, og det treff meg endå sterkare i dag, så derfor : Klikk på linken og kanskje lar du deg også utfordre?


mandag 10. november 2014

Your Story Matters!

Vi har alle ei historie. Vi har alle ufattelige mengder med erfaringar.
Her i San Francisco møter eg stadig menneske som har levd eventyrlige liv.
Menneske som valgte å reise hit i dei dagar då det tok meir enn 9 timar med Norwegian.
I ei tid der ein kun kunne ringe heim til jul og bursdag og den vanligste kommunikasjonskanalen var gjennom brev - og framleis er det slik at eit brev til Amerika, eller frå Amerika, lett tek eit par veker - minst!


Å få høyre disse fantastiske historiene, om korleis enkelte valg har ført ein opp i historiske hendingar - enten det handlar om monsterjordskjelv eller møte med presidentar, fyller meg med beundring over kor modige folk har vore og eg har blitt veldig bevisst på kor mykje spennande ein plutselig kan dumpe borti. Det har også fått meg til å tenke lite om mitt eige liv og mi eiga betydning.

Jepp, dette er også en del av
mi historie..

Og så sat eg ein kveld og snakka med nokon. Det vart naturlig å fortelle noko av det eg har erfart - slik det av og til kan bli. Og plutselig ser eg at det eg har å seie har noko å bety for mennesket som sit framfor meg. Men - det var jo berre livet mitt eg fortalde om, ikkje noko revolusjonerande eller særlig spennande. Korleis kunne det ha klangbunn hos nokre andre?

Eg har tenkt litt på det - og eg har tenkt på kor mykje små delar av andre si historie kan bety for meg. Enten det gjelder gode eller vonde deler av historia, så er det med på å skape noko i meg. Nokre gonger blir det retningsgivande, noko som gjev meg ein klarare ide om kva valg eg sjølv skal gjere.
Veldig ofte skapar det tru og håp - trua på at det vil bli bra, trua på at eg ikkje er så rar som eg trudde - eller i allefall at eg ikkje er åleine om å vere det. Trua på at det meste ordnar seg sjølv om det kan sjå mørkt ut, håpet om at det kjem gode dagar, håpet om kjærlighet, latter og glede, håpet om ein himmel...


Men altfor ofte tenker vi lite om vår eiga historie. Det er jo berre meg. Berre mitt kjedelige, vesle liv. Ikkje noko spennande. Og altfor ofte så høyrer vi på stemmene som vi ber med oss i hovudet som fortel oss at vi ikkje er nok. Ikkje tynn nok. Ikkje fin nok. Ikkje spennande nok. Ikkje mystisk nok. Ikkje smart nok. Alltid noko ein ikkje er nok. Ikkje nok til å bety noko.

Og altfor ofte samanliknar vi oss med dei som er slik vi trur vi skulle ønske vi var. Dei som er så sprudlande. Dei som er så morsomme. Dei som er så inkluderande og varme. Dei som er så vakre. Dei som er alt vi føler at vi ikkje er. Dei som, i våre auge, er idealet.


Mi erfaring er at også desse har sine feil og manglar. Mi erfaring er at dei også har hatt sine usikre øyeblikk, ja, kanskje kjempar dei med usikkerhet daglig. Mi erfaring er at dei også tenker at deira historie ikkje er så spennande - sjølv om nokre hendingar dei har vore med er ganske sensasjonelle.

I dag var eg på ei gudsteneste der eg vart utfordra på min eigen verdi. Eg syns alltid det er lettare å sjå det vakre i menneskene rundt meg. Eg sliter med å sjå det i meg sjølv. Eg syns alltid det er lettare å sjå det spennande, interesante og verdifulle i dei andre. Å sjå det i meg sjølv, nei, det er krevande. Eg opplever meg sjølv som ganske så kjedelig og kommunegrå. Men kva kjem det egentlig frå? Ho som preika viste eit bilde av ein gallakjole som ein designer hadde laga av søppelsekkar. Ho viste til at det som nokre av oss ville avskrive som søppel kan fort bli skattar i andre sine auge. Så eg må kanskje gå nokre runder med meg sjøl.


Og kanskje er eg ikkje åleine om å tenke slik. Kanskje er vi fleire som må gå nokre runder med oss sjølve? Kanskje må vi bli flinkare til å seie til kvarandre at det betyr noko når du delar historia di med meg. Kanskje må vi gje trallen i menneskefrykta og fortelle andre kva dei er gode på, kva dei betyr for oss, kva det gjer med oss når vi får sjå eit lite glimt av kven dei egentlig er. Og kanskje må vi våge å dele vår historie med menneska rundt oss. For kanskje kan den kjedelige, vesle fliken av historia di vere med på å løfte opp eit anna menneske.