mandag 1. desember 2014

Heimlengsel

Ein er optimist om ein trur at ein kan flytte rundt halve jordkloden uten å kjenne på heimlengsel frå tid til anna. Dei siste veken har vore litt sånn for meg.
Eg har i grunnen gått og venta på at nedturen skulle komme - og misforstå meg no rett, for eg har det veldig bra her. Men det er noko med at når du er langt vekke heimanfrå, så er det naturleg å sakne noko  eller nokon. Og særleg når ein går inn i den tida som ligg framfor oss no.


Forrige helg hadde vi julemesse, eller Christmas Bazaar som det heiter her. Det var veldig kjekt. Og det vekte mange minner for min del. Det er gruhorveleg mange år sidan eg var heime på julemessa, men eg vaks opp med ein laurdag i slutten av november/starten av desember som starta med intens rømmegrautslukt som fylte huset. Då var det klart for julemesse. Ein dag av yrande liv på bedehuset, der "heile" bygda var innom for ein grauttallerk, litt kake og kaffe. Med seg på kjøpet fekk dei salg av mange fine varer, amerikansk auksjon, bibeltime, åresalg og skikkelig basar av den gode, gamle sorten.
Eg sat på julemessa her, hadde det heilt strålande men samtidig kjende eg at eg sakna dei heime.


I løpet av veka har eg hatt fokus på å bli ferdig med julehandelen - i alle fall med gavene som skal til Norge. Og slikt triggar følelsessenteret ganske bra. Det var så mange ting som hadde vore så kjekt å sende heim, men vanvittige portotakstar gjer at ein må finne lette gåver å sende. Derfor var det ikkje berre å plukke med seg det ein hadde lyst å gje, men ein måtte leite. Og eg kjende at eg sakna virkelig dei heime.


Så var det Thanksgiving. Eg kjende meg veldig takksam for å få lov å leve ut draumen om å vere i USA, for at verden ikkje er så stor som den var då eg var liten og brev var einaste alternativ for kommunikasjon mellom USA og Norge dersom ein ikkje var steinrik. (Faktisk var telefon såpass dyrt då eg vaks opp at eg fekk ikkje lov å ringe nokon før etter kl.17, og kun ein time dersom det var ein plass med retningsnummer langt vekke.) Eg er takknemlig for at eg har gode venner og familie der heime som er flinke til å halde kontakta med meg, for eg er ikkje flink til slikt, sjølv om det har komt seg etter facebook og andre kjekke sosiale medier...
Eg hadde ei fantastisk Thanksgiving-feiring sammen med Gisle og Anniken, ungane deira og to andre familier. Men i slike settingar  blir ein ekstra bevisst på at ein faktisk er åleine. Og ein del av meg ser at jula i år blir hakket tøffare enn den var i fjor.

Beste Thanksgivingsvertskapet i verden! <3

I fjor var eg så sliten etter tre veker bli-kjent-med-sjømannskirken-i-San-Franciso-maraton med masse nye inntrykk, så det å synke ned i sofaen og sjå Love Actually og ete "Mac and Cheese" var det einaste eg ville. I år skal vi ha julemiddag på kyrkja, så eg reknar med at eg får dekka mitt sosiale behov. Men det er veldig anneleis enn å ete middag med mamma og pappa, køyre ut til søstera mi og åpne pakkar og ete kake med familien enn å sjølv lage middagen og ete den sammen med mange nye venner. For ikkje å snakke om at eg også i år går glipp av mamma sin legendariske kalkunmiddag der heile familien er samla - utenom meg. Så når eg har gått her og plukka fram litt julepynt, og lar meg lulle inn i herlig julemusikk, så kjenner eg også på at det er fryktelig langt heim.

I miss You! <3

Og no burde eg skrive at heldigvis har eg gode venner her også, for det HAR eg. Men av og til må ein ha lov å seie at ein lengtar heim. At det å vere åleine, for eg er faktisk det til tross for verdens beste og mest innkluderande kollegaer og venner, til tider suger...BIG TIME! Når eg går heim på julafta så er det ingen andre her. Det er berre meg. Og akkurat når det er jul så vil ein helst ha dei ein er aller mest glad i rundt seg - og det er ikkje til å komme fra at det er familien min. Det er ingen over eller nokon ved sida av. (sorry!)


Eg veit at eg vil få ei fin jul. Eg veit at mykje bra vil hende framover. Eg veit at eg er heldig som får lov å vere her, og som har mennesker rundt meg som bryr seg og som eg bryr meg om. Eg ser det. Men eg kan lett bli ein som bloggar om kor fint eg har det, uten å ta med dei skyggane som faktisk er ein del av pakken. For eg brukar stort sett å fokusere på det positive. Og eg kunne lett ha hoppa over å skrive dette blogginnlegget. Men akkurat i dag hadde eg behov for å få sagt det: Eg gledar meg til alt det kjekke eg skal få oppleve i tida fram mot jul og i jula. Men ein forholdsvis stor del av meg skulle likevel veldig ønske at pakkane eg handla forrige veke ikkje var på vei til Norge i posten, men låg klar i kofferten min for å bli med i bagasjen heim til jul.


Eg trur dei fleste som er ute i verda slik som eg er no, forstår kva eg seier. Kanskje treng du ikkje vere utanfor Norge sine grenser ein gong, kanskje seier berre vaktplanen at du ikkje får vere heime i jula. Og kanskje det eg har aller mest behov for å få sagt er: Eg er veldig glad i dåkke der heime, og eg saknar dåkke! Og sjølv om eg har det veldig bra her i San Francisco, og har store planar om å fortsette med det, så skulle eg ønske at eg kunne vore nærmare alle eg er glad i der heime. Dessverre får eg ikkje pose og sekk i dette tilfellet.


Trøsta er at heimlengsel berre er eit tegn på at det er nokon som betyr mykje for meg der heime og som eg gledar meg til å sjå igjen! Og eg kan få lov å kjenne på dei litt vanskelige følelsane, og vite at dei er eit teikn på kjærleik. Det er ein god tanke å gå inn i adventstida med.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar