lørdag 11. desember 2010

Takk for i kveld!

Å skulle arrangere julebord for Seraf er ikkje berre berre.
Og eg er sikker på at eg har ein feilkobling i hjernen som gjer at når eg skal rydde så rotar eg berre endå meir.. Det er ikkje måte på kor grundig eg kan finne på å gå til verks...

Når Seraf kjem på besøk er det viktig å ha rydda i regningane sine....?

Og til alt overmål hadde eg greidd å dobbeltbooke meg, slik at eg skulle på eit viktig møte på Stord i dag... Og det å dampe pinnekjøt hos meg - samtidig som eg var i Sunnhordland, det ga enkelte utfordringar. Så her gjaldt det berre å legge mest mulig til rette for at gode venner kunne ta oppgåva..

Potetene skrella eg i går - og sette pinnekjøtet i vatten

Så dekka eg bordet


Mine flinke hjelparar fekk kjøtet på ovnen i god tid

Are - dagens mann på kjøkkenet
Venke - den andre kjøkkenhjelpa!

Reidun leda oss gjennom kvelden,
med en pedagogisk gjennomgang av utviklinga
vi har hatt gjennom 7 år...

Veldig gravide, vakre Eva!

Nydelige Maja!

Herlige gutane våre!

Praten gikk ivrig rundt bordet

Stram kar i dress

Rune - før ulykka...

Det er alltid nok potet

Kålrabistappen var det derimot litt knapt med..

Så var det quiz!

Litt innvikla?

Are - quizmaster!

Ingelin og Reidun har svaret!

Ikkje ofte en ser Rune slik... og det er MIN FEIL!!

Eg rett og slett skadet Rune!! Med å smelle til han med ei bordplate!! :(

Men, han overlevde - eg kunne truffe mykje værre... 
Bordplatehistorien:
Eg hadde då lånt bord med mamma og vi skulle sette det på plass undervegs. Enklaste måte å gjere det på var å ta av bordplatene, og bere det stykkevis.. Alt gjekk fint heilt til vi skulle sette på plass bordplatene, då glapp plutselig taket for meg og Rune stakkar var så uheldig å stå i vegen!
Unnskyld, unnskyld, unnskyld!!!

Når nattetimane begynner, kommer Feliz Navidad med David Hasselhoff
på iPoden - og Are blir lykkeleg!

Et par liter... ribbefett....
Litt oppvask... får vente til i mårra!

Yes! Eg vart kvitt alt pinnekjøtet!

Rester..
Eg trur eg må oppsummere:
Det har vore ein strålande kveld, med fantastiske menneske, masse humor, god mat og drikke. 
Eg har ikkje ord for kor glad eg er i disse folka!

tirsdag 7. desember 2010

IKEAlykke!

I likhet med fleirtalet av mitt kjønn likar eg IKEA!
Og i går var eg der!
Eg kom heim med ganske masse fint - mest ting eg trengde til julebordet eg skal ha på fredag, men eg kom og heim med ein stor, fin, flat pakke!

byggesettet

jenta har orden i sakene

må jo bare bli glad av slikt!

1.del er ferdig

Rosa skrutrekker klar til tjeneste!



ei skuffe nesten ferdig (manglar knottane)

Resultatet!

Så no har eg fått rydda rommet mitt og, for eg måtte jo ha herligheta på plass!
Det gir en fantastisk følelse av mestring å skru sammen IKEA-pakkar! Det anbefales på det varmaste!

søndag 5. desember 2010

Händel altså!

Eg vart invitert med på Händles Messias i dag.
HEILT FANTASTISK!

Kor og orkester i aksjon

Korskirken var full av folk, og i ca to og ein halv time fekk vi nyte fantastisk vakker musikk framført av Collegiûm Mûsicûm med solistar. Solistane var veldig flinke, men koret var ganske enkelt fantastiske.

dirigenten veksla på å stå og dirigere..

Men den som fanga mi oppmerksomhet mest var dirigenten, ein kan som heiter Nicholas Kraemer. Han kunne sakene sine, og har i følge programmet starta karrieren på cembalo og harpe. Noko han viste at han framleis kan, samstundes som han dirigerte sjølvsagt!

og å sitte og spele OG dirigere...

Å sjå eit orkester bli dirigert med hovudet eller at det ikkje var noko fusking på cembaloen medan eine handa slo inn ulike grupper i orkesteret var ikkje mindre enn fantastisk!

Og så er Händels Messias eit fantastisk stykke musikk! Det seiast at Händel skreiv det på 22 dagar i 1741, i ein ekstatisk henrykkelse.. Eg var ikkje der då, så eg skal ikkje uttale meg om det, men det er vakkert, stemningsfullt, uttrykksfullt og talar til sjela. Og når så flinke folk som dette utførte det, vart det ein smak av himmel på jorda!

Ein laurdag, to konsertar og eit færøyisk radiointervju

Lindbjørg og co hadde pynta heilt nydelig!
Julekonsert med Seraf er noko av det kjekkaste, men og mest slitsomme som finns.
Det er mange som skal organiserast, og det kan fort bli ein del venting. Men i år gjekk det utrulig glatt i forhold til vanlig - eg trur det var fordi nokre hadde gjort ein kanonflott jobb i forkant!

Eg trur folk som kom fekk ein god opplevelse. Av og til lurer eg litt på korleis det er å sitte i salen på ein Serafkonsert, for eg har aldri prøvd det.. Så her kjem eit lite innblikk i korleis ein Serafkonsert er gjennom mi linse.

Det er alltid litt kaotisk...

En fiolinist kan brukast til så mangt - f.eks. å fikse englevinger..

Styreleder prøvar å sjå avslappa og cool ut rett før generalprøven

våre supre billettselgere gjer seg klar

Bakerste rekke har det fint! Sjekk hårpynten! Her er det julestemning!

Vår fantastiske bassist! 
(eg greidde visst ikkje ta bildet av bandet i seg sjøl, men eg trur dei har greidd å komme med på bildene sånn innimellom alle andre.. uansett: bandet var heilt fantastisk i år! (som tidligare år) DIGGAR DEI! og yngstemann går i 10.klasse! Det er kult at han vil spele med oss "gamlingar"!!)

Det er alltid nokon som gjern noko som kanskje
ikkje ville gått gjennom hos arbeidstilsynet!

Sopranos..

Backstage: siste gjennomkjøring. 

Backstage: Siste finish
og nokre berre finne roen..

To av det fantastiske bandet i lyset.

tre småslitne serafer i en sofa
Og etter konserten enda eg i fyllingsdalen for å sjå ein film.. det vart ein litt for tung film, men eg fekk med meg at Are vart intervjua på Færøysk radio - han har nemlig oversatt ein færøyisk sang til norsk - og denne avslutta vi konserten med. (den er fantastisk fin!) Så no kjenner eg ein kjendis på Færøyane! 

En stjerne skinner så klart bak radiointervjuobjektet.
Det hadde kanskje vore gøy å sitte i salen og høyre og sjå ein Seraf-julekonsert, men eg trur ikkje eg er klar for det endå. Sjøl om det kjennes på kroppen at eg stod, i sko med hæl på i mange timar i går. Dette er altfor kjekt å vere med på - og altfor kjekke folk å vere med på det i lag med!


torsdag 2. desember 2010

Julekonserthelg!

Alt bygger seg no opp mot lørdag, for då går Seraf sine julekonsertar av stabelen igjen!
Vi skal ha ein kl.16 og ein kl.20, og det blir garantert god stemning!



I år vert konsertane i Tabernaklet, som ligg i enden av Marken, retning mot togstasjonen. Det blir god blanding av gode, gamle, norske julesangar og fine, nye. Samt nokre amerikanske show-julesangar..

Vi har funne fram nissehuene i år og! ;)

Eg anbefaler alle å komme! Det kostar berre kr.100 om du kontaktar ein av oss i Seraf før lørdag, i døra kostar det kr.150 for vaksne. (for barn kostar det kr.50, barn under 3 år går gratis)

Det var altså dagens reklame! (eg har cd til salgs og om du er intressert, kostar berre kr.100,- og det er eit røvarkjøp!)

Frå julekonsert for et tre år sia, då vi hadde det i St. Jakob kirke