mandag 9. mars 2015

Sunn tru og vanvittige dietter

Eg har tenkt mykje etter besøket mitt i Redding. Eg har tenkt mykje, samtala mykje og tenkt endå meir.
Eg har blitt oppdratt til å ikkje vere ukritisk. Eg har blitt utfordra på valga eg tek. Eg har fått gjere meg opp mine eigne meiningar, sjølv om dette har vore meiningar som mine nærmaste har vore, og kanskje framleis er, uenig i. Eg har vore med på å la meg rive med, uten tanke på morgondagen - og eg har lært av det. Eg har gått frå å leve under stempelet konservativ, til å bli det mange vil karakterisere som liberal. Eg har latt følelsane råde, men opplevde etterkvart at jaget etter opplevelse og riktig stemning vart for mykje. Og derfor har eg siste veka tenkt mykje på kva det vil seie å ha ei sunn tru. Og dette er det eg har komt fram til til no. Det kan hende eg tek feil, eller at lista blir endra eller lenger med tida. Eg er absolutt åpen for innspel. But here goes:


1. Det handlar om kvar ein legg fundamentet. Det er som med kosthald og trening. Korleis legg ein det opp? Kva er det ein lyttar til? Dersom du kjøper pulverkur på pulverkur, så gjer det mirakel på kort sikt for dei fleste av oss. Men i det lange løp så er ein så utsulta på alt ein ikkje får ete at dei aller, aller fleste legg på seg mykje meir enn dei har tatt av når kuren er over. Det blir korthus som kollapsar med det minste vindpust. Eller satsar ein på noko som er meir langsiktig, kanskje treigare i resultatoppnålese men som endrar livsstil? Legg ein fundamentet til kva ein trur på i følelsane sine, i kva ein predikant eller leiar seier, i stemninga i salen, i kor mange ein ser helbreda eller kor ofte ein får oppleve noko overnaturlig, då blir det ei tru som er lett å rokke. Jesus snakkar om å bygge huset på steingrunn.(Matt.7) Solid Rock. Noko som har fått heilt ny betydning for meg etter eg flytta hit til San Francisco. Det er stor forskjell på skadane bygga får i dei ulike delane av byen her om det store jordskjelvet kjem. Det såg ein då det kom i 1989. Det som var bygd på berget, det stod. Mykje av det som var bygd på kunstig jordmasse rasa.. Og kva fundament er det Jesus snakkar om? Eg trur han snakkar om Bibelen. At vi veit kva som står. At vi veit kva Jesus har sagt og blir kjend med han gjennom Guds Ord. Og beklager å seie det, men det gjer vi ikkje ved å kun lytte til kva andre har å seie om det som står i Bibelen.


2. Det fører meg vidare til dette med teologi. For eg trur vi altfor ofte slår kvarandre i hovudet med det vi meiner er rett lære på bakgrunn av kva vårt kyrkjesamfunn seier er rett. Mitt første virkelige møte med teologi var då eg skulle skrive gruppeoppgåve om dåp og vart plassert i ei gruppe med ein pinsevenn, ein baptist, ei frå frikyrkja og så var det meg som aldri hadde tenkt på kvifor vi i den norske kyrkja hadde barnedåp. Det var for det første lærerikt fordi eg måtte virkelig tenke gjennom kvifor eg framleis kan vere medlem i eit kyrkjesamfunn som døyper borna våre. For det andre var det lærerikt i forhold til å respektere at andre tolkar det som står i Skrifta på ein litt annen måte. Mange blir så opptatt av å ha rett, noko eg sjølv har prøvd meg på nokre gonger, at dei ikkje ser at mykje av det som står i Bibelen kan tolkast i ulike retningar ut frå korleis ein les i forhold til konteksten det er skrive til. Det fører meg vidare til:

Trekker vi raske slutninger?

3. Eg vil også påstå at mange kristne har lese for lite i Bibelen. Eller kanskje er det rettare å seie at mange har lese berre utdrag frå Bibelen ofte nok til å la seg blende, og ikkje ser at samanhengen det står i kan kanste nytt lys på tingenes tilstand. Og at det kanskje står ting andre plassar som gjer at det dei har høyrt er klinkande klart, ikkje lenger er det. Dette heng sammen med teologi-punktet. For mykje av det som har vorte brukt til å danne grunnlag for ein del teologi er bibelord som blir lausrive frå samanhengen det står i. Eit enkelt eksempel på dette kan vi f.eks. finne i 1. Kor.7,4. Det er ganske stor forskjell om ein berre les første delen av dette verset: "Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen." enn om ein tek med andre del: "Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona."
Paulus snakkar ikkje her om at mannen skal herske over kvinna. Han snakkar om noko så elementært som begjær i eit kapittel der han på grunn av trua på at Jesus snart kjem igjen, og forfølgelsen er intens, oppfordrar folk til å velge sølibatet - slik som han. Men samtidig oppfordrar han ektefolk og dei som har funne nokon om å leve saman i ekteskapet.


Det er mange ting i Bibelen som kan bli forvridd om ein ikkje les det i samanhengen det står. Om ein kun les kapittelet om nådegåvene (1.Kor 12), eller kun les om ordninga i gudstjenesta (1.Kor.14), eller berre les desse to utan å sjå kapittel 13 som står i mellom dei to, og som fortel minst like mykje om både kapittel 12 og kapittel 13 som dei to andre, så kan ein gå glipp av viktige ting. Eg trur ikkje det er tilfeldig at Paulus skriv om kjærleiken mellom desse to kapittela!

Når det gjeld teologi så er det viktig å hugse at det meste av det som står i Bibelen blir diskutert av dei som studerer den. Det er svært store deler av Bibelen teologar frå ulike retningar ikkje er enige om tolkinga av. Det handlar om korleis ein les boka, om korleis ein tolkar og forstår samanhengar. Det er fort gjort å henge seg så opp i enkelte problemstillingar at ein misser synet av kva som er det vesentlige: Kva seier teologien til ei menighet om Jesus? Det er der du finn ut om nokon faktisk praktiserer kristen tru eller ikkje. Ikkje om dei har eit anna syn på dåp og nattverd, eller om ein har ei anna vektlegging på synde-registeret...


4. Uttrykksmåte er uvesentlig. Om vi har hendene løfta over hovudet i lovsang eller kneler og korser oss er uvesentlig. Dette handlar berre om korleis vi uttrykker oss. Om vi bruker liturgi der orda er formulerte av kloke menneske før oss, eller om vi berre følger ein fastlagt formel på korleis møtet skal byggast opp er ikkje viktig. Det viktige er at det er rom for å vere der i alle livet sine stadier og situasjonar. Vi er ulike som menneske, vi har ulike måtar å uttrykke oss på og ulike måtar å forstå ting på. Nokre er gode på logikk og matematikk, andre forstår bedre det abstrakte og filosofiske. Nokre treng det som har system og orden, andre foretrekker det mjuke og uforutsigbare. Gud veit det. Eg trur det er derfor vi har ulike menigheter med ulike uttrykk.


5. Andens frukt. Ja, kva var no det? Gal.5,22-23: "Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!" Eg kunne sjølvsagt lista opp alle dei tinga som står som motstykke i versa før, men poenget mitt her er: Eg trur dette er ting som skal følge oss som er kristne. Eg trur ikkje at det er noko som vi skal presse kvarande til å skulle oppnå. Eg trur det er noko som vil komme naturlig etter kvart som vi lever livet sammen med Jesus. Altfor ofte blir det sett opp som eit krav for å vere kristen. Men det må få lov å vokse fram. Og du treng jo slett ikkje vere kristen for å inneha mange av desse egenskapane! Eg trur forøvrig også at dette er ting som er viktigare at følger oss som trur enn all verdens overnaturlige greier. Ja, eg trur Gud helbreder og brukar nådegåvene våre til å vise kven Han er og at Han bryr seg. Men eg trur og at dersom dette blir eit krav for meg som kristen, at det er noko eg MÅ, så er eg på god vei inn i ein åndelig pulverkur som berre tømmer meg for krefter. Eg trur også at korleis vi som fellesskap tek vare på dei svakaste i samfunnet fortel svært mykje om kor sunne vi er som trusfellesskap.

Nokre varsellamper er alvorligere
enn andre. Men alle har betydning.

6. Gud tåler at vi stiller spørsmål. Han tåler at vi stiller spørsmål ved Han, ved teologien, ved dei som er leiarane våre. Gud tåler kritikk. Han dør ikkje eller går til grunne om vi er uenig eller kallar Han urettferdig. Han er ikkje redd for at vi testar Han! Når leiarar i ei menighet sluttar å tåle at andre er uenige eller ikkje tåler at nokon stille spørsmål ved måtane dei gjer ting på eller kva dei forkynner, så bør varsellampane våre lyse. Det er ikkje eit tegn på sunnhet. Heller det stikk motsatte. Det er fryktelig lett å la seg blende av karismatiske leiarar med orda i si makt. Og det er som leiar, veldig lett å bli blenda av makta ein har. Derfor bør ein med jevne mellomrom prøve å ta eit steg tilbake og sjekke ut om det som blir sagt og gjort er i samsvar med det Bibelen seier.



7. Barn først, så tenar. Igjen, kva er fundamentet? Er det kva som står i Bibelen som får forme trua vår? Eller er det noko anna? Dersom ein blir heilt uvirksom, dersom alt har rasa og ingenting av alt stæsjet er igjen - kva står ein då igjen med? Når musikken har stilna, er det likevel noko som kan lovsynge i oss?  Eg syns det er så fint å lese i Matt.3 om Jesu dåp. Før Jesus går inn i noko teneste, så blir han bekrefta som barn. Som elska. I Rom.8 kan vi lese at vi også er Guds born. Det er det første og det viktigste. Vit kven du er barn til - og vit at du er elska, akkurat som du er. Å vere barn gir også arverett, utan at ein har gjort noko for det. Guds rike høyrer altså deg til, sjølv om du skulle føle at du ikkje er god nok eller fortjener det. Det kjem ikkje an på kor store under du har sett og gjort, eller kor profetisk eller poetisk du har tala.  Det handlar kun om ein ting: At du vedkjenner deg Jesus, tek imot det Han har gjort og ynskjer å leve med Han i livet ditt.


Og akkurat dette med å vere barn er så ufattelig viktig. Særlig i møte med sektiske menigheter, som stadig jagar etter stemningar, følelser og som skaper krav om at ein må oppfylle så mykje, enten det er å tale profetisk, helbrede eller andre ting. Tryggleiken om at du er elska og at det Jesus gjorde for deg er nok, kan fort drukne i alle desse høge stemmene som ropar om korleis du skal og bør vere. Eg seier ikkje at ein skal slutte å be for folk, fordi ein ikkje skal søke helbredelsen - det blir heilt feil. Vi skal be for dei som er sjuke. Vi skal be om helbredelse. Men eg har møtt menneske som har valgt å gå i døden fordi dei avslutta behandlinga som kunne redda liva deira. Grunnen var at leiaren i menigheta sa at dei var helbreda. Det var ikkje lov å stille spørsmål ved det. Då har det bikka. Då har jaget vorte for stort. Kvifor Gud ikkje helbreder alle vi ber om helbredelse for, det kan vi ikkje svare på. Men vi kan vere trygge på at Gud vil vere med uansett. Han har heile verda i si hand. Han går gjennom det vanskelige sammen med oss, om vi lar Han gjere det.


Eg syns Sølvi Hopland seier noko viktig og sant om å vere Guds barn i ein av sangane sine. Ho seier det bedre enn eg kan:

No skal du få vere barn, og ikkje tenar
No kan du få vere liten, ikkje stor
Ingen spør deg kva du syns og kva du menar
det e'kje du som skal forsvare mitt ord

No skal du få sleppe hendene langs sida
du må'kje tru at du skal bere meg.
Som om eg må holdast oppe heile tida
ikkje gløym at det er eg som bere deg.

No skal du få vere svak, legg bort din styrke
Eg lever fortsatt, sjølv når du er død
Det er faren når mitt ord har blitt ditt yrke:
Du tenker mest på alle andre du skal fø

No skal du få lov å lytte, ikkje tale
no kan du ta imot, og ikkje gje
Du kan gråte ut for alt som har gått gale
eg vil holde deg og gje deg av min fred.

Eg ropar igjen, har prøvd så mange gonger:
Eg elskar deg, mitt barn, eg ELSKAR deg!
Du er ikkje uunværlig som min tenar,
men som barnet mitt er du umistelig.



1 kommentar:

  1. Spennende blogg! Mange gode nyanser og reflekterte tanker!

    SvarSlett