onsdag 7. januar 2015

What can I do for you?

På slutten av kapittel 10 i Markus evangeliet står ei lita historie som eg har gått og tenkt på i det siste. Den handlar om ein blind mann, Bartimeus, som var tigger og som ropte på Jesus då han hørte at han kom forbi. Dei andre folka hysja på han, men Jesus stoppa og får dei til å føre mannen til seg. Og så kjem ei slik forunderlig vending i historia. For alle veit tydeligvis at mannen er blind, og det opplagte er at han vil ha Jesus til å helbrede seg. Eg tippar Jesus også var klar over det. Men likevel så spør han: "Kva vil du eg skal gjere for deg?" Og slik får Bartimeus sette ord på det han treng, i staden for å få det som andre tenkte han trengde, og Jesus gir han det.

Etter 12 timer med is...

Som dei fleste veit, på julafta brende eg meg på fingrane. Å lage mat med andregradsforbrenning på høgre hand er ei aldri så lita utfordring. Eg kjende meg så utrulig unyttig når andre måtte overta jobben eg skulle ha gjort. Fleire kom med spørsmålet "kva kan eg gjere for deg?" og eg innsåg jo rimelig kjapt i den situasjonen at eg ville vore ein særdeles lite smart person om eg ikkje takka ja til all hjelp som var å få. Og sjølv om det var utfordrande å faktisk sette andre inn i kva som var lagra i hovudet mitt om kva som måtte gjerast, så var det utruleg godt å få lov å seie kva som måtte gjerast og få lov å ha kontrollen likevel.

Og det var kanskje denne opplevinga som gjorde at denne teksten, og særlig spørsmålet "Kva vil du eg skal gjere for deg?" har surra i hovudet mitt dei siste vekene. For det er noko viktig med det spørsmålet. Det utfordrar oss på både eine og andre sida av det.

Ta deg ein makron,
det hjelper sikkert...

For er det ikkje litt sånn at vi altfor ofte trakkar inn i andre sitt liv med gode løysingar eller tek litt over med det vi syns er smart, eller berre tek for gitt at det vi har tenkt må skje? Eg har blitt gåande og tenke på kor fort gjort det er, både når det gjeld praktiske oppgåver eller når det gjeld meir abstrakte ting. Ofte sit vi med ei forståing av andre sin situasjon som gjer at vi trur at vi ser det heile bildet og derfor har gode løysingar. Men i realiteten er det vel heller sjelden at det er slik.

Virkeligheta kan lett vere ein smule større
og meir komplisert enn bildet...

Eg har altfor mange gonger i livet opplevd at eg i staden for å spørre om kva andre treng, heller fortel dei kva dei treng. Og eg har altfor mange gonger opplevd at folk fortel meg kva eg treng, i staden for å spørre om kva eg treng. Det er ikkje så veldig greit. Å få vite korleis ein skal komme i gang med trening når ein akkurat har vore hos legen og fått vite at ein ikkje får lov å gjere verken det eine eller andre - det er mindre morsomt. Å få vite kor enkelt det er å gå ned i vekt dersom ein berre.. og så vite at det er ikkje berre det som skal til, at det faktisk er noko heilt anna som må skje -  det er ikkje hysterisk morsomt det heller. Å få vite at ein må berre satse på den eller den, og ikkje berre sitte på sofaen og vente på at drømmemannen skal komme rekande forbi, når en faktisk har vore på date etter date og funne berre froskar (sorry guys) - nja, det blir i grunnen berre dumt. Eller å få vite at ein burde løyse ei oppgåve eller jobben sin på ein annan måte, så vil det fungere bedre, og så sit du og veit at du har veldig gode grunner for å gjere det på nettopp denne måten, men fordi den som rådgjev ikkje har oversikt over oppgåva/jobben din, så kan dei ikkje forstå - den er rimelig lei.


Men likevel, det er liksom som om ingenting stoppar meg for å tenke at eg kan sitte på andre sida og rådgi, uten å spørre...
Eg burde bli flinkare til å stille spørsmålet: "Kva vil du eg skal gjere for deg?" eller "Er det noko eg kan gjere?" Dei gongane eg har stilt det har svara ofte gjort at eg har blitt sittande igjen i undring. Det var ikkje det eg hadde tenkt den andre trengte. Som ein av mine tidligare leiarar sa ein gong: På seg sjølv kjenner ein ingen andre. Eg trur det er sant. Vi kan ikkje kjenne andre sine behov utan at dei sjølve får formulere det. Sjølv om det er våre aller beste venner. Og kanskje må vi stoppe opp og gje tid og rom for at dei får lov å formulere det også. Og eg trur på å gå i Mesteren sine fotspor, og kanskje ved å stoppe opp og stille spørsmålet så vil eg få møte menneske på ein langt meir legande måte enn eg gjer når eg berre antar?

Av og til treng vi å bli borne,
andre gonger treng vi berre ei hand å holde i...

Og det fører meg over på andre sida. Når du møter spørsmålet. Har du tenkt over kva du egentlig treng? Eller blir svaret lett "Berre ta det med ro, det går greit" heilt til vi innser at det ikkje går greit i det heile tatt. Må vi la det gå så langt at vi ikkje kan ta isposen frå handa før vi seier "OK. Eg treng at du rører i kålrabistappen og du rører i surkålen, mens du tar opp pinnekjøtt og får det i ovnen og du drar ut ribbene slik at eg får sjekka svoren"? No veit eg at ikkje alle har like stort kontrollbehov som meg, men tenk etter - om nokon kom bort til deg akkurat der du er no og spurde "Kva vil du eg skal gjere for deg?" Kva ville svaret ditt vore?


Eg har gått og fundert på det. Og eg trur ofte at eg ikkje kan svare fordi eg faktisk ikkje har tenkt på kva eg treng. At eg pakkar timeplanen så tett at eg har meir enn nok med å sjonglere ballane som er i lufta, i staden for å faktisk kjenne etter kva er det eg egentlig har behov for. At eg har blitt så vant til å klare meg sjølv og finne mine eigne løysingar, at eg ikkje tillater meg å kjenne etter om det er noko eg saknar. Og når spørsmålet då kjem, så blir ein så tatt på senga at ein ikkje veit kva ein skal svare.


Det utfordrar meg å tenke etter, eller rettare sagt, kjenne etter. For - for å kunne gje eit ærleg svar så må eg faktisk kjenne etter. Kanskje treng ein å sitte litt i grøftekanten for å kunne komme med det umiddelbare svaret? Kanskje har eg litt å lære av den godeste Bartimeus. For kanskje ved å kjenne litt på kva andre kan gjere for deg, så kan vi få oppleve å få sjå nye ting?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar