torsdag 15. januar 2015

Å vere, eller ikkje vere, Charlie...

Det var eit sjokk å lese nyhetene om det som skjedde i Paris.
Det eksploderte på nettet med "Je Suis Charlie". Ei heil verd, eller i alle fall ei heil vestlig verd samla seg og viste si støtte. Eg var ein av dei.
Så kom refleksjonane.
Dei gjennomtenkte, sylskarpe og smarte refleksjonane og meiningsytringane.
Om at vi ikkje er modige nok til å kunne seie at vi er Charlie..


Eg forstår poenget. Og eg kjende meg faktisk ganske dum der eg sat, og hadde ytra mi støtte gjennom desse få franske orda. Og eg var enig i det dei ytra. Eg er ikkje modig nok. Eg er omtrent alltid på trygg avstand. Men så, etter å ha lest den eine meir velformulerte kommentaren etter den andre om kva mot det egentlig tek å vere ein Charlie, tenkte eg at det er noko av det som vert skrive eg ikkje er enig i.

Eg er heilt enig i at dersom denne ytringa, som kom frå så mange i dagane etter terrorangrepet, var eit uttrykk for at ein trudde ein var som ein av dei som jobbar i Charlie Hebdo eller like modig som dei, så hadde det vore heilt bort i natta. Svært få av oss er det. Svært få av oss har talent til å ballansere på kniveggen som satiren krev, og dei færraste av oss har mot eller stemme høg nok til å nå nokon plass med det uansett. Men eg reagerer på at måten enkelte skriv på i sine smarte kommentarer er slik at det får sånne som meg, som reagerte ganske spontant og ønska å vise at vi reagerte, til å sitte igjen og føle oss dumme. Det gjer at vi neste gang kanskje ikkje reagerer og viser vår avsky eller medkjensle i frykt for å ikkje gjere det på ein gjennomtenkt og smart nok måte.. Og då trur eg at vi gjer oss sjølve ei bjørnetjeneste.


For "Je Suis Charlie" handla for min del ikkje om at eg tenker store tankar om meg sjølv. Det handla ikkje om at eg trur at mi stemme betyr så masse åleine. Det betyr ikkje at eg tenker at eg er ein av dei modige frontkjemparane. Men det handla om at når alle hever stemma sammen, og syng samme refreng, så blir det et ganske så kraftig kor. Då kan mi vesle stemme vere med på å bidra.


For meg handla det også om å vise at eg vil vere med i koret, som viser at ein vil kjempe for ytringsfridomen, sjølv om ein ikkje nødvendigvis er enig i det denne fridomen vert nytta til. Å tåle at andre menneske har ei anna meining enn meg, og har retten til å ytre det, er viktig. Dersom det ikkje er rom for det, har vi ikkje lenger demokrati. Då har nokon fått ei makt dei ikkje har rett til å ha. Då er ikkje lenger alle menneske frie.


Og det handla om å vise at vi bryr oss. Og ja, det er så mange andre ting som vi burde bry oss om. Det er så masse vondskap og elendighet i verda. Det er så indelig mykje vi ikkje burde tåle så inderlig vel, så mange ting som heller burde vore forsidemateriale i norske (nett)aviser framfor om Fotballfrue har brukt Photoshop eller juksa med kommentarane på bloggen sin. Men, den uretten vi ikkje veit om greier vi heller ikkje å reagere på. Kanskje burde vi bli flinkare på å lage kor som ropar høgt når urett rammar? Og la vere å måle urettane mot kvarandre? For eit menneskeliv er eit menneskeliv enten det er i Oslo, Spania, Kairo eller Jerusalem. Terror er like forkastelig om den rammar 14 i Paris eller 2000 i Nigeria.


Åleine er ikkje mi stemme så mykje. Men når forsida på avisa fortel at Facebook går i svart, fordi det ikkje berre var meg som reagerte - då begynner vi å snakke om at vi får formidla ein bodskap. Eg er ikkje Charlie, eg veit det, men eg ønsker å vise min medfølelse for dei som mista ein av sine, eg ønska å vere med å rope høgt for alle sin rett til ytringsfridom, eg ønska å vise mi avsky mot terror og vold, derfor stilte eg meg og står framleis under parolen: Je Suis Charlie.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar