lørdag 3. januar 2015

Nyttårsforsett 2015

Det er nytt år og nye muligheter. Det er tid for å takke for det gamle året. Det var eit godt år. Og det er tid for dei evindelige forsetta. I år har eg faktisk eit forsett. Noko viktigare enn å lære seg å drikke te eller ete brokkoli. (eg har greidd begge deler!) Det handlar om språket mitt...


Det er nokre veker sidan eg plutselig havna midt i eit demonstrasjonstog. Her i USA har det vore mykje av den sorten i den seinare tida. Det heile handlar om rasisme. Kvardagsrasisme. Det handlar om like rettigheter for alle menneske. Ferguson-saka, der 18 år gamle Michael Brown, ein ubevepna svart gut, vart skoten og drept av ein kvit politimann i august i år og der ein storjury i Missouri valgte å ikkje ta ut tiltale mot politimannen, har sett sinnene i kok. Bedre vart det ikkje då det kom fram at Eric Garner, ein svart seksbarnsfar som solgte sigaretter på gata, døydde då han brutalt vart lagt i bakken og kvelt av politiet - og det heller ikkje her blir reist tiltale på grunn av bevisets stilling, til tross for at det heile er fanga på video.


Det heile har ført til opptøyer over heile USA. Og plutselig stod eg midt oppe i det heile. Trikken eg satt på kunne ikkje gå lenger. Om eg ville dit eg skulle måtte eg fint finne meg i å gå. Og her gjekk eg på sida av historia. Mellom meg og demonstrantane var det politi. «I can’t breathe!» var Eric Garner sine siste ord. Dette vart gjenteke på plakatar, på t-skjorter og det vart ropt i gatene i San Francisco. «Black lives matter!» var også noko som var skrive og ropt. Eg stod og såg på. Eg gjekk på sida av det. Eg ropa ikkje med, men eg kunne ha gjort det. For eg er enig. ALLE sine liv betyr noko! Uavhengig av hudfarge!


Og så kom ein artikkel i Dagbladet, no i dagane rett før jul. Om vårt kvite raseri. Ein god artikkel. Men eg sat sjokka igjen etter å ha lese noko av kommentarfelta, både på dagbladet.no og på dagbladet sine facebooksider. Det var kriminell lesning og eit uttrykk for ei forvridd virkelighetsforståing av dimensjonar. Fullt av nordmenn, av den utrakvite sorten, som ropte høgt om at å kalle nokon neger ikkje var eit problem for nokon. Det var berre eit lite poeng i heile artikkelen, men vart virkelig ei svær greie - og det kvite raseriet var til å ta og føle på. At nokon kunne finne på å seie noko om ordbruken vår!! MAKAN! Og eg visste at dette må eg berre seie noko om. Eg må rope høgt, på min måte.


Som etnisk, kvit nordmann har eg i utgangspunktet ingen forståelse for kva det vil seie å vere i minioritet. Eg har vokst opp i trygge rammer og alltid hatt fleirtalet på mi side. I allefall når det gjeld hud og hår. Men i Etiopia, på eit kjøpesenter, der eg hadde gått innom ein butikk medan dei andre hadde gått på ein kafe rett rundt hjørnet, og eg måtte gå ca 200 meter åleine, med nokre mørkhuda menn som ropte «kviting» etter meg med forrakt i blikket, fekk eg føle litt på det. Eg syns egentlig ikkje det var greit. Men dei gjorde meg ingenting. Men tenk om eg måtte oppleve det kvar dag? Det får meg til å rette lyset mot meg sjølv, og korleis eg sjølv opptrer i møte med dei som er annleis enn meg.



Eg har merka meg at ein del unge menneske i dag, og dessverre godt voksne folk også, brukar ord som «neger» og «jøde» med ein negativ undertone. Nokre har også fått føle på kva eg meiner om det på nært hald. Eg trur at det kanskje ikkje var ei hyggelig oppleving.Eg veit at dei ikkje gjer det fordi dei vil andre vondt. Eg veit det er fordi dei har eit dårlig språk. (ja, faktisk, eg vil seie dei har det når dei ikkje greier å bruke andre ord til å uttrykke seg). Kvifor tillater vi andre det? Kvifor seier vi ikkje i frå når vi høyrer det? Er det fordi det ikkje rammar oss sjølve? Er det greit å bruke ord som gir andre ein mindre verdi enn oss sjølve? Meiner vi virkelig det? Eller er det berre slaurete språk?


Eg har tenkt så mykje på dette i den siste tida. Korleis holdningar vert skapte. Om korleis det oftast er tankeløyse som gjer at vi formulerer oss på ein måte som skaper holdningar vi egentlig ikkje vil vedkjenne oss. Om korleis vi går i forsvarsposisjon med ein gong nokon påpeikar det. Om kor lett det er å la det gli, fordi ein ikkje vil bli utsatt for angrep. Om korleis ein kan vere med på å bygge opp under noko når ein ikkje seier noko. Om korleis ein kan la hat og frykt vokse fram ved å velge den enklaste løysinga; å holde kjeft. 

Eg har tenkt på korleis vi definerer kvarandre ut frå kva vi ser. Og eg har tenkt på kor stor forskjellen er på min opplevelse av ordvalga dersom eg seier noko om meg sjølv og om nokon andre seier det samme. For det er faktisk stor forskjell på å fleipe med noko som er framtredande ved kroppen vår sjølv, og det å høyre andre gjere det for oss...


For eksempel så ville eg kunne fleipe med at eg er tjukk uten at det plagar meg vesentlig, men det ville svi ganske kraftig om nokon slanke uten vektproblem omtalte meg som «ho tjukke». Dei sa jo ikkje noko anna enn sanninga, men dei aller fleste ville ordlagt seg på ein annan måte, fordi dei veit at ordet «tjukk» er eit negativt lada ord. Så kvifor tenker eg då at det er greit å omtale nokon som «neger» berre fordi dei sjølve omtaler seg sjølve som det? Eg veit jo at det er eit ord som har ei svært negativ historie... I kommentarfelta i Dagbladet aula det med kvite som forsvarte sin bruk av ordet «neger», men eg såg ingen med minioritetsbakgrunn som ropte «Hei! Det er heilt greit at du kaller meg neger! Eg diggar det!» Men for all del, det kan være at det er nokon som faktisk syns det er heilt greit. Så dette er inga tale om at det ikkje er lov å bruke ordet neger. Eg veit at dei fleste eg har høyrt bruke ordet IKKJE er rasistar, eller har ønske om å spre rasistiske haldningar! Men eg trur sjølv eg vil tenke meg om både to og tre gonger før eg brukar det ordet, for det er eit ord som er fryktelig lada og i størst grad med det negative.


Poenget mitt er: Vi gløymer så altfor ofte kva makt ord har. Og har vi ikkje tenkt igjennom kva ord vi brukar, så kan vi fort vere med på å bygge opp holdningar som fører til framandfrykt og rasisme. Og kvardagsrasisme finnes det mykje av - også i Norge. 

Eg er sikker på at kvar einaste dag opplever menneske med annen hudfarge enn oss etnisk kvite i Norge å bli forskjellsbehandla. Eg har sett det på nært hold. At nokon reiser seg og bytter plass når ein set seg ved sida av på bussen. At ein blir nekta same service som dei andre. At ein må tåle vitsane til dei andre, og må skjule smerten det påfører bak sine eigne vitsar om samme tema. Å oppleve å bli kjefta på sjølv om ein ikkje har gjort noko gale, men fordi ein kanskje ikkje forstod språket godt nok. Eller at ein opplever noko liknande som ein kollega av meg i posten, då den fine frua kom til meg og spurte om eg kunne selge henne et frimerke, for kølappen hennar sa at ho skulle til utlendingen i luka ved sida av. (Det er einaste gongen eg med vitende og vilje ikkje har ytt service til ein kunde) Eg har kjent menneske som har sendt inn jobbsøknadar med gode referansar med sitt eige, utenlandske navn og fått til svar at det ikkje er behov for dei. Og som har sendt jobbsøknad med fiktivt norsk navn, uten referanse eller attestar, og fått tilbod om jobb frå same arbeidsgiver. 

Mangfold og fargerikdom er noko bra!!

Det er så mange av dei små tinga som eg som bleikfjes ikkje ser. Det er så mange av disse tinga som bunnar i manglande forståelse, lite kontakt og ei god dose framandfrykt. Eg merkar at det at eg har vore litt ute i den store verda har gjort ganske mykje med meg. Eg har fått høyre historier, eg har fått sjå arr, eg har fått ansikt som fjernar frykta for det famande, eg har møtt menneske som har endra mine kvite holdningar og som har åpna augene mine for at det er mange fargar her ute - ikkje berre gråtonar.

Det er så lett å sette spor, som sit djupare og lengre
enn dei vi set i sanden.
Det har vore eit lite sjokk for meg å vere så tett innpå den amerikanske kulturen, og å sjå kor levande rasismen faktisk er. Eg trudde vi var komt lenger i 2014. Men så ser eg at holdningane heime i Norge ikkje er så veldig mykje bedre. At vi som kvite, etniske nordmenn påberoper oss retten til å bruke ord som gjer menneske med annen hudfarge eller etnisistet ukomfortabel. Ord som gjer at nokon ikkje vågar å innrømme kva dei trur på. Og når nokon uttrykker at det er ubehagelig eller at ein føler seg uttrygg når disse orda vert brukte, kvifor skal vi då forsvare vår rett til å bruke dei? Og kvifor er det slik at ord som "tjukk", eit ord som eg kjenner at eg krympar meg av same kor sant det er, i større grad blir unngått enn ord som er negativt lada om eit anna menneske sin hudfarge? Det er i allefall mykje vanskeligare å endre hudfarge enn å gå ned nokre kilo... (sa ho som ikkje greier det siste ;) ) 

Eg trur det heile startar med ord og holdingar. Ordvalg som vi kanskje ikkje tenker så mykje på, men som har mykje å bety for dei som høyrer på og som kanskje til og med er uttrykk for holdningar vi ikkje egentlig har. Holdningar som vi må ta tak i når vi høyrer at orda våre tek oss utfor bakkar vi ikkje bør køyre ned! Og det har blitt veldig tydelig for meg i det siste at det er som regel ANDRE sine holdningar vi er med på å forme med ordvalga våre. Dei som ser opp til oss. Og då kan veien frå dårleg ordlegging til rasisme og facisme vere urovekkande kort.



Så eg trur at mitt nyttårsforsett for 2015 må bli å vere meir opptatt av kva holdningar eg sprer med orda mine.  For alle sine liv har betydning. Og alle har rett til å bli behandla med verdighet og respekt.
Og eg håpar at mange vil være med meg på det!

God nytt år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar