torsdag 8. desember 2016

Julitur

For å gjere ei lang historie kort: Eg treng sårt ein ny Mac. Den gamle er snart 10 år og det merkast... Bl.a. med eit særdeles ustabilt bildebehandlingsprogram - og får eg ikkje lasta inn bilder, så går tida.. Og hausten har vore travel, men no, endeleg, etter mykje svette, tårer og gnissing av tenner, har eg fått bilder frå speilreflekskameraet over på maskina... Så her kjem det som skulle ha kome i juli - sånn no rett før jul..

For i sommar fekk eg besøk, og dei tok meg med på tur.
Men fyrst måtte eg vise dei litt av min del av verda.
Fyrste stopp var sjølvsagt Californsk delikatesse: IN'N'OUT ;)


Så måtte jo vi til selfiplass med byutsikt,
TWIN PEAKS:





Skogstur vart det også.
Ingen har vel greidd å komme gjennom 
MUIR WOODS 
så raskt som denne gjengen..

Ta bilde nå, fort, før edderkoppen komme!
Det va'kje ej!




Frå skogen gikk turen til hangarskipet 
USS HORNET.
Det er frå andre verdenskrig, og er i dag eit museum.
Særdeles interessant!

The best view!
Og sjølv om gjestane ikkje trudde på den fastbuande
då ho sa at temperaturen ikkje var særleg høg,
og fikk erfare at den definitivt ikkje var det,
så var det alltid rom for litt is...


Pier39,
også kjent som turistfelle#1,
måtte vi også sjå.
Og bror min fann 
visdomsord til å henge på veggen.

Litt høgkultur fekk vi også skvisa inn:
Rett før teppet går opp for Carmen
Vel, dei av oss som var gira på høgkultur fekk skvisa det inn.
Andre chilla i leiligheten min.

Så kom 4. juli.
Då måtte gjestane hjelpe til..
 




Men fekk no med seg både konsert,
pizza og fyrverkeri på Sjømannskirka.
 


Og så begynte turen.
Etter eit møte med eit servicelaust bilutleigefirma,
så greidde vi å stable både koffertar og folk i bilen,
og kom oss av garde. 
Ei overnatting,
og ein tur gjennom Yosemite,
som forøvrig uttales JO-SE-MI-TY med trykk på SE,
kom vi til
BODIE: 



Det var ein gong ein aktiv gruvelandsby.
Men som om folk berre tok det dei hadde å gå i og reiste,
så står den der som ein spøkelsesby i dag.
VELDIG FASINERANDE!









Vidare køyrde vi til 
MONO LAKE 
der saltet i vatnet har sørga for 
merkelige formasjonar..



Etter å ha overnatta i småbyen Bishop,
såg vegen vidare sånn ut i time etter time:


Vi køyrde også gjennom Area 51
(om du ikkje veit kva det er, google det)
men hadde ikkje tid til å stoppe.
For vi hadde eit mål:
Å FINNE EIN TV MED ESPN.
Det var nemleg VM-finale i fotball!
Og vi greidde det!
I ein liten by, der det kun fans ein offentleg tv,
gøymt inne på den brunaste baren i Nevada
fekk vi sjå nesten heile kampen.


Det høyrer vel og med til historia at vi tømde lokalet
før første omgang var over.
Til og med bartenderen rømde..

Og så gjekk det straka vegen til
LAS VEGAS:
 

Det er mange dyr i arken...
Også her var det ein liten mission vi hadde for oss.
Og det var ikkje skiltet, det var berre ein bonus vi fekk med oss
der vi tusla gatelangs i snart 40 grader.


Nei, vi skulle til Silver and Gold Pawn Shop
på jakt etter Chumlee og gjengen.
Dei var sterkt ikkje tilstede,
men der var no ein pappfigur av ein av dei...

Jetmund og Mr. Papp-Harrison



Og bur ein på Stratosphere,
så må ein nesten unne seg ein kveld på restauranten.
Sjølv om ein kunne ete frukost rett over gata 
i ti dagar for samme prisen som hovedretten..
 

 

Og sjølvsagt var vi på The Strip!
 

Etter forholdsvis rolige og varme døgn i storbyen
bar det ut i naturen igjen.
Vi brukte Sedona som base
dei neste to dagane


For no skulle vi til 
GRAND CANYON
(The South Rimm)


Og det er viktig når ein er på tur i sola
å sørge for at shorts-skillet ikkje blir for påfallande...



Det var ikkje enklaste gjengen å ta bilde av...


Men Julijana er med- and I LOVE IT!






To fine par!


Minstemann,
og dagens bursdagsbarn (10.juli):


Kor mange må til for å forevige eit "Titanic-moment"?



Og korleis skriv småsøsken seg inn i historiebøkene?
Svar: Storebror tar panoramabilde.....

Min storebror i vinden, og på kanten av stupet...

Litt hjort var der også...



Og vi måtte jo feire Sverre, og vi gir ikkje tapt berre fordi vi manglar vinåpnar..


Vidare gjekk vegen via Phoenix til
LOS ANGELES:

Et par kaktuser i Arizona
blir nokre dollar når ein er 8 voksne..

Og sjølvsagt,
i LA stod Disneyland på menyen.


Fine folk, azz


Og California Adventures,
som eg syns var kjekkare..
Særlig Grissly River Run...
 

Vi måtte jo også sjekke ut Hollywood:
 

Vi hadde eit variert og godt kosthold,
med litt over gjennomsnittlig inntak av kaffeis...


Og som bursdagsgave frå storebrødrene
fekk Sverre ein dag 
inne i dette lokalet..
Dei skulle visst sjå på at andre spelte dataspel...
 

Vi andre sjekka ut Santa Monica og Venice Beach

Vi greidde også å skvise inn ein shoppingtur til San Diego
i løpet av veka i LA
 

Det var Tabata-økter for dei som kjende seg kalla til det..
 

Og deilige dagar på stranda!
 
Ein enkel demonstrasjon av kor ulik oppfatting av kulde vi har..

D.E.I.L.I.G.!




Så bar det raka I5 tilbake til San Francisco,
der vi kræsja ei natt hos meg og på kirka
før vi satte oss på flyet heim til Norge.
 


Det var no eit par utfordringar undervegs, 
som leigebil uten bagasjeplass og airconditionproblem i LA,
men alt i alt var det ein fantastisk fin tur.
Det kan jo vere fordi det var fantastisk fine folk å få vere på ferie med!
TUSEN TAKK FOR AT EG FIKK VERE MED! <3

fredag 5. august 2016

Løysinga eller problemet?

"Dersom du ikkje er ein del av løysinga, er du ein del av problemet"


Det var setninga eg vakna med i hovudet i dag.
Eg har jobba lenge med denne blogposten. I fleire månader har den surra og gått.
Men det har vore så mykje anna. Så mykje som har krevd min energi.
Så den har berre vore der bak..

Men i dag vakna eg altså med denne setninga i hovudet.
Eg pakka kofferten for ein liten Bergenstur
og sette meg foran mac-en hennar mor.
NO må den ut.

Den må ut fordi det gjer meg så frustrert og irritert og ja, faktisk må eg innrømme at det gjer meg sint å sjå korleis enkelte folk snakkar om flykningar og nye landsmenn. Korleis leiarane våre snakkar om det. Eg blir fysisk dårleg av å høyre på politikarar som ytrar rasistiske haldningar og avlar framandfrykt under dekket at dei har ansvar for at alle nordmenn er trygge.

Eg blir så frustrert at alle celler i kroppen dirrar når eg høyrer på nyhetene at "Norsk statsborger med somalisk bakgrunn..." eller "Gjerningsmannen er ein mann i førtiåra av utenlandsk opprinnelse". For eg veit at hadde det vore ein kvit nordmann så hadde det knapt nådd nyhetene, og det hadde vore beskrive som "Gjerningsmannen hadde blå skjorte på seg.." Eg veit eg karikerer det litt, men tenk på det - har eg ikkje rett?


Nokre setningar frå nasjonalsangen har hengt seg fast i meg den sidan 17.mai-feiringa i San Francisco. Då fekk eg nemleg synge den fleire gonger.
Det er 8.verset, og dei to siste linjene:

"Også vi , når det blir krevet
for dets fred slår leir."

Eg lurer sånn på om vi vil greie det.. Etter å ha fulgt den politiske utviklinga og mediebildet frå heimlandet litt på avstand - og sett korleis ting fungerer på den andre sida av dammen, så er eg jammen ikkje sikker på om vi har det i oss, vi som har vokse opp i fredstid og oljealder. Vi som aldri har bekymra oss for om vi har mat på bordet eller seng å sove i. Vi som har vokst opp med forventinga om at vi skal ha alle livets goder, og helst litt til - uten at vi egentlig har arbeida for det..

For kva er fred? Kva er det å slå leir FOR fred? Kva skaper fred? Kva skaper ikkje fred?

Det er ganske vanskelige spørsmål.

Foto: Pappa Fure 

Her er noko av det eg har tenkt.
Eg trur noko av det viktigste elementet for å skape ufred handlar om å skape frykt.

I USA har andre runde i presidentvalget starta. Det har vore ein interessant valgkamp. Noko som har slått meg er kor mykje bråk det har vore rundt kampanjerrallyane til den godaste Donald Trump. Det har vore aggressive folkemengder, folk som har blitt bortvist, utagering og herjing. Men når budskapet som kjem frå scenen er såpass fryktbasert av natur, og gjerne med ein truande undertone, så er det kanskje ikkje rart at det viser igjen i massene?


Her heime i Norge kjem stadig nye utspel om kor farleg det vil vere å ta imot flyktningar. Kor mykje problem det er med enkelte menneskegrupper, fint innepakka, men likevel tydelig linka til hudfarge eller religion. Ein skal ha rett til å komme med dei mest ramsalte rasistiske uttalelser og likevel startar ein setninga med "Eg er ikkje rasist altså, men..."

Stadig meir av retorikken som blir prestert frå politikarar og framtredande samfunnsaktører er fryktbasert. Ord som trussel, fare, hat, tyranni dukker stadig opp. Vi må holde på dei norske verdiane våre!Vi må kreve våre rettigheter! Vi må bygge murar omkring oss slik at ingen kan komme inn! Lat dei svelte på utsida, dei fortjener ikkje vår hjelp, dei har ikkje rett på våre goder, dei er annleis enn oss! Steng grensene! Steng portene! Skaff deg våpen! Skyt først, spør etterpå!


Frykt.
Eg hugsar det gjorde sterkt inntrykk på meg då eg såg Bowling For Columbine første gongen. Særleg då Michael Moore samanlikna byane Windsor og Detroit. Den eine er i Canada og den andre i USA. Begge byane hadde omtrent like mykje våpen i forhold til innbyggartalet, men likevel var mordstatistikken markant lavare på den Canadiske sida enn på den Amerikanske.. Michael Moore stilte då spørsmål ved om dette kunne handle om kva folk blir fora med gjennom media?
Kvifor låste ikkje folk dørene i Windsor, og kvifor lot dei vere å drepe kvarandre? Kunne det ha noko å gjere med at det ikkje var fryktpropaganda som kom ut gjennom TV-skjermane?

Problemet kan definitivt vere meir samansett enn det Michael Moore presenterer, men han har likevel eit viktig poeng. Det vi høyrer om og om igjen, det begynner vi å tru på. Om nokon seier du er tjukk mange nok gonger, så begynner du å tru på det. Om nokon gong på gong fortel deg at du er i fare, ja, då begynner du å tru på det og. Og om nokon gong på gong fortel deg at du er i fare fordi dei fæle innvandrarane skal islamifisere Norge, ja, då kan du fort ende opp med å tru på det også. Den einaste måten du kan unngå det på er om det er andre stemmer som fortel deg at det ikkje er sant. Vi er avhengige av stemmer som ropar høgt når urett blir begått - enten det er verbalt eller fysisk.


Om eg ikkje er del av løysinga, så er eg ein del av problemet.

Kvifor har IS så lett for å rekruttere? Kvifor blir enkelte så radikalisert? Har det egentlig med hudfarge og etnisitet å gjere? Eller har det med isolasjon, einsemd og behovet for å høyre til og å bety noko?
Det har gått 5 år sidan den svartaste dagen i Norge si historie etter krigen.
Ein einsam ulv, full av forvrengte idear og haldningar gikk laus på norsk ungdom.
Det har gått 5 år.
5 år der vi burde ha lært at radikalisering handlar om at ekstreme haldningar og forskrudde verdiar får grobunn. Det handlar om at vi ikkje er vakne nok, eller involverte nok, til å sjå at nokon startar å tru på det. Det handlar om at menneske med forkvakla menneskesyn får ein mikrofon, og eit podium, å ytre sine fryktbaserte og hatefulle meiningar på.

Vi har hatt ein sommar prega av terror og grusomme handlingar. Ein av dei som overlevde Utøya for 5 år sidan skreiv i ein kronikk i BT i forbindelse med minnemarkeringa at for 5 år sidan var vi livredde islamistisk motivert terror, men det var faktisk ein av våre eigne som stod for terroren denne julidagen i 2011. Men likevel er vi framleis reddast islamistisk motivert terror.


Eg trur dette er med på å skape meir terror av typen som har religiøse undertonar.
Eg trur at når vi pøser på med fryktpropaganda om disse nye landsmennene, og mistenker alle som ser litt annleis ut for å vere potensielle terroristar, så står vi i fare for å gjere dei til det.
Når vi lærer barna våre å vere ekstra varsomme når nokon har ein annan hudfarge eller kle som indikerer at dei tilhøyrer ein annen religion, så skaper det eit skille som kan vere med å bidra til at den som egentlig berre ville godt til slutt vert så knust inni seg at han er villig til å gjere det vonde.

Alle som har fått gleda av å bli kjent med innvandrarar, enten dei har komt av eigen vilje eller har flykta, har fått utvida horisonten sin. Det er mange som vil lære å leve som vi gjer her, som vil lære språket, som er nysgjerrig på maten vår og kulturen vår. Det er veldig mange som blir viktige bidragsytarar i samfunnet vårt, som stiller opp når naboen treng ei hand, som ropar høgt hurra på 17.mai og syng gebrokkent med på nasjonalsangen - og som kan meir om historia vår enn vi gjer sjølve. Dei jobbar hardt for å bli godtatt, integrert og vil gje tilbake fordi dei vart tatt i mot då dei trengde det.


Men stadig fleire opplever i dag at dei ikkje får muligheten til å bli integrert. Dei blir skula stygt på når dei er på butikken. Dei får høyre at dei burde ikkje ha kome hit. At vi ikkje har rom. At vi ikkje vil ha dei her. At dei utnyttar systemet. Dei blir stempla i media fordi ein av same nasjonalitet eller frå samme trusamfunn gjer noko gale. Og dette skaper frykt. Frykt for morgondagen. Frykt for livet. Mange har allereie vore gjennom helvete før dei kom hit. Og så blir dei møtt av dette. Våre dømmande blikk og stengde dører. Er det rart om dei tyr til det ekstreme? Men likevel vel dei fleste det gode over det vonde.. Vi har litt å lære der.

Kva eg seier og gjer i møte med dei som ikkje har alt eg har, gjer meg enten til del av løysinga eller problemet. Eg vil gjerne å slå leir for Norge sin fred - men eg trur ikkje det kjem gratis. Og eg trur definitivt ikkje det kjem i form at å stenge ute av riket dei som treng vår sympati, støtte og varme. Eg trur heller ikkje det kjem i form av skremselpropaganda om kor fæle eit, eller fleire, folkeslag er - det sjekka vi ut på 30- og begynnelsen av 40-talet, og vi kan vel alle vere enige om at det ikkje var noko som avla fred. Men det er viktig å hugse at vi hadde ikkje vore det Norge vi er i dag om ikkje andre hadde åpna dørene for våre menn og kvinner som var tvungen til å flykte i dagane mellom 1940 og 1945.


Og til alle mine kristne venner, som brukar si fromhet for å understreke at dei er ikkje i mot å hjelpe andre, men må beskytte sitt kristne land frå islam sine lange klør vil eg berre seie:

For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.


Eg er glad i Norge. Eg er ofte stolt av Norge. Men vi har ein jobb å gjere.

Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir.
også vi, når det blir krevet
for dets fred, dets fred slår leir

søndag 1. mai 2016

Kjære Presse

Nok ein gong har det fryktelige hendt.
Det som mange har vore livredde for at skulle skje.
Men det som ikkje skulle skje.
13 menneske etterlater seg eit hav av menneske som sørger over at dei er borte.
Og mange står traumatiserte igjen etter å ha sett det skje.
Eit helikopter som berre ramla ned frå himmelen.


Og kva gjer du då, kjære Presse?
Du er der. Rapporterer kva politi og andre offentlige instansar seier om saka.
Fakta. Slik og slik ligg det an.
Dette er informasjonen om det som har skjedd på det noverande tidspunkt.
Det er jobben din.

Men så kjem det.
Intervju med vitnene.
Tydelig rysta menneske som nettopp har vore gjennom eit traume.
Intervju med berørte partar.
Folk som har mista nokon av sine, og då snakkar eg ikkje om dei offisielle uttalelsane frå firma som er berørt. Eg snakkar om enkeltmenneske som nettopp har fått beskjed om at nokon dei kjenner brått og uten forvarsel er borte.


Eg forstår at sensasjonsnyheter sel. Eg forstår at emosjonar sel. Eg forstår at avisa di eller tvstasjonen din er avhengig av å selge. Men til kva pris?
Eg syns mange av dei sakene som har komt opp i kjølvatnet av alle større ulykker og terrorhandlingar dei siste åra har ballansert på ein knivsegg i forhold til Vær Varsom plakaten punkt 3.9: "Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særlig hensyn overfor personer som ikke kan ventes å være klar over virkningen av sine uttalelser. Misbruk ikke andres følelser, uvitenhet eller sviktende dømmekraft. Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre."


I september 2009 sat eg ein heilt vanleg dag i skranken på postkontoret eg jobba. Eg hadde ein litt krevande kunde då eg merkar at bevegelsane til ho som sat ved sida av meg endra karakter. Eg snur meg og ser at ransalarmen er slått på. Eg forstår kva som skjer, eg ser kven som gjer det men eg kan ikkje gjere noko med det. Eg sit der stivfrossen med frykt for at ho sit med våpen sikta mot seg. Dersom eg gjer noko feil kan det få store konsekvensar. Eg er drilla på dette.

Det var over på sekund. For meg kjendest det som ei evighet.
Hadde det vore nokon frå pressa på utsida då eg kom ut og begynte å organisere vitnene og og spurt meg om kva som hadde hendt, så hadde eg svart. Eg hadde sansynligvis hatt svar som var heilt borte i skoddeheimen. Eg var i sjokk. Eg var full i adrenalin. Eg hadde egentlig eit veldig behov for å snakke om det som nettopp hadde skjedd.
Men heldigvis var det ingen frå pressa der.


Min subjektive oppfatning av situasjonen var ikkje heilt som virkeligheta viste på video etterpå.
Det varte ikkje lenge. Det var rimelig udramatisk, sjølv om det var meir enn dramatisk nok for oss som opplevde det. Eg greier ikkje å hugse ein einaste farge frå denne opplevinga anna enn lyset på ransalarmen. I hovudet mitt var det rimelig mørkt på jobb den dagen. Men det var egentlig akkurat like lyst som alle andre dagar. Som augevitne var eg rimelig gagnlaus for å seie det slik som det er. Men det var såpass dramatisk for meg at eg trengde månader i terapi for å få løyst opp i det.

Å sjå eit helikopter styrte, eller ei bombe gå av er ekstremt mykje meir dramatisk enn eit ran på eit postkontor. Eg kan ikkje forestille meg kor traumatisk det faktisk er.
Og her står du og stikk mikrofonen opp i fjeset, publiserer med bilde og navn.
Sensasjonen er stor. Men eg er usikker på kor bevisste dei som står og svarer deg er på at du ikkje er deira venn eller sjelesørger. Du brukar dei til å få flest mulige klikk på saka di, auke sjåartala dine og selge avisa di. Eg seier ikkje at du behandlar dei dårlig, men den informasjonen som du kan dekke deg av at du vidareformidla er informasjon som du allerede har fått frå politi e.l. - men får du emosjonar i tillegg, ja, då blir det med eitt mykje meir salgbart.


Og ja, du kan skulde på oss her ute som klikkar oss inn for å lese eller sjå. Ja, vi har blitt eit samfunn der denne typen sosialpornografi er akseptert. Det er ikkje eingong sikkert at du vil vurdere det som sosialpornografi. Du vil sikkert gøyme deg bak at du skildrar kva som hendte, at du var veldig tydelig på kva dei ga seg ut på med dei du intervjua, at du har vore etisk og moralsk heilt på plass, og beskytta dei som du eventuelt har snakka med som har ei oppleving som kanskje avviker litt frå informasjonen du får gjennom dei offentlige kanalane... Og ja, det er jo dette folk vil ha, ikkje sant? Eller...?

Men eg lurer på korleis det påvirkar den som har stått og uttalt seg då alt var kaotisk og han eller ho framleis var i sjokk. Eg lurer på kva det gjer med dei når ting har roa seg, og ein ser litt klarare enn når ein står midt i stormen. Vi veit at augevitner ikkje alltid er så nøyaktige, eg har erfart at eg ikkje er det som augevitne. Mi oppleving er ikkje den samme som di oppleving sjølv om vi har vore vitne til akkurat den samme tingen. Korleis er det då å google seg sjølv og finne uttalelsar om korleis ein sjølv har oppfatta ein situasjon som i etterkant har vist seg at har vore annleis? Kva skjer med prosessen til å "komme gjennom" det ein har sett hvis pressa blir plassen ein først åpnar opp? Og kva skjer med eit menneske som plutselig innser at det har plapra ut med nok informasjon til å informere verda om kven som har omkome når namnet enno ikkje er frigitt?


Kjære Presse.
Eg ville berre fortelle deg at eg treng faktisk ikkje å høyre om alle si oppleving av det som hende rett etter det har hendt. Eg lyttar gjerne til enkeltmenneske som vil fortelle meg det, men eg treng ikkje at du fortel deira historie. Eg er like nysgjerrig som alle andre, men eg greier meg faktisk med dei rapportane du får frå offisielle kanalar.
Eg skulle ønske at du er litt meir varsom i forhold til enkeltmenneske når du rapporterer frå ulykker og traumatiske hendingar. Eg skulle ønske at du tenkte litt meir før du intervjuer og går på menneske i sorg og sjokk. Det dei menneska treng er gode venner som vil lytte og å få lov å svare på spørsmåla som etterforskarar og eventuelt helsepersonell og religiøse leiarar dei har tillit til stiller, dei treng ikkje talarstolen din. Det er lov å vise den typen omsorg sjølv om det ikkje er jobben din.


onsdag 27. april 2016

Girlpower?

Det har gått eit par veker sidan det var det kyrkjemøte i Norge. For dei fleste var den store nyheta at homofile og lesbiske par får no lov å gifte seg i kyrkja. Eg syns og det var ei stor nyhet.
Men eg må seie at ei anna nyhetssak fanga interessa mi.


Det var nemlig fleire medier som gjorde sak ut av at Preses (Sjefsbiskopen), leiar av Mellomkirkelig råd, leiar av Samisk kirkeråd og Kirkerådet alle var kvinner. Å presentere kven som vart valgt til å lede er jo ein naturlig ting, særlig i kristelige aviser. Men det vart så veldig understreka at dei var kvinner. Eg tok meg i å undre på om det hadde vorte samme understrekinga om dei hadde vore menn...


Og om eg skal vere heilt ærleg, så må eg innrømme at eg trur ikkje det. At fire kvinner kan ha toppleiinga i ein organisasjon som ikkje berre er for kvinner, det trur eg mange har litt tungt for å svelge. Og at det skal bli sensasjonsnyheter som t.d. Vårt Land si overskrift: "Fire kvinner til topps i kirken" viser i grunnen at vi kanskje ikkje har kome så langt i likestillinga som vi trur...

Før helga var eg på kino og såg filmen "The First Monday in May" - ei lita dokumentarperle for oss som likar estetikk, kunst og mote. Ein av hovedfigurane i filmen var Anna Wintour. Ho er sjefsdirektør i eit pittelite moteblad som heiter Vouge. Og ryktene seier at ho er inspirasjonskjelda for ein liten film som heiter "The Devil Wears Prada". Eg sat og beundra styrken denne dama utrstålte, kunnskapen ho viste og korleis ho fekk ting til å skje rundt seg. Og så kom ein kommentar om at ho var skremmande - og då er det ein av dei kloke mennene ho samarbeida med repliserte noko i gata av "Hadde ho vore mann hadde ingen tenkt på det!"


Eg har i grunnen gått og tenkt på dette med likestilling og feminisme sidan 8.mars i år. Det begynte nokre dagar før det i grunnen. Vi sat på jobb og prata om kvinnelige forbilder og rosabloggarar. Eg har nemlig tenkt på dette ei stund; Så mange unge jenter eg møter gir med første møte ofte eit litt "airhead"-aktig inntrykk. Det er liksom kult å ikkje vere for smart. Sjølvsagt må det kombinerast med riktige kle og sminke og slikt, men som jente så skal ein liksom ikkje vise at ein har noko mellom øyrene. Og så, når eg blir kjent med dei, når dei blir trygge og eg får dei litt på tomannshånd, så kjem det plutselig fram - dei er egentlig ikkje så dumme som dei gir inntrykk av. Mange av dei er direkte supersmarte. Og eg undrar meg over kvifor dei held på fasaden som "litt enkel" når dei er så gløgge?


Det var jo ikkje dei tilsynelatande smartaste som var dei kulaste då eg vaks opp heller, men det var ikkje om å gjere å virke dum om ein skulle vere kul heller. Kulhetsfaktoren vart avgjort av utsjånad, attitude, kle, sko, kor flink ein var til idrett, kva venner du hadde og slike ting. Alt etter kva som var in det året.
Om dei kule var smarte eller ikkje var liksom ikkje ein faktor. Du kunne vere kjempekul og supersmart, men du kunne vere den mest populære og ikkje direkte skarpaste kniven i skuffa også. Men vi ønska alle å vere i nærheten av den mest populære, alle vi som ikkje var det. Og det har jo ikkje endra seg.


Men det virkar som om det er in å vere litt dum - om du er jente i dag.
Og eg undrar meg over om det har med dei forbildene som finnes der ute.
Første gongen eg la merke til dette var eg innom skulen der foreldra mine jobba på starteb av 2000-talet. Eg stod i gangen og venta på at mor mi skulle snakke seg ut gjennom dørene og observerte elevane som då akkurat var ferdig på skulen for dagen. Det var ingen tvil om at det var mange som prøvde å vere Phoebe og Rachel frå Friends. Både hår, sminke og kle var på plass. Og fleire hadde tydelig kopiert faktene også. Og ikkje at det er noko gale med Rachel og Phoebe, men dei gir ikkje inntrykk av å vere så veldig smarte....


Medieutviklinga har vore ekstrem dei siste tiåra. Realitytv har blitt ein kjent genre, og den har fått mange former og fasongar. Du har Big Brother, Farmen, Paradise Hotel og uendelige variantar show der menneske blir plassert i samme hus og som skal gjere ulike ting til vår underholdning. Dei er nøye utplukka, alt til sitt formål. Farmen må jo ha nokon som er milevis ifrå kvarandre i haldningar, medan Paradise Hotel og Big Brother må ha menneske som er unge og attraktive... Og eg vil påstå at her har idealbildet av attraktiv ung kvinne blitt skapt: Aller helst skal ein ha store pupper, smal midje og glipe mellom låra. Om ein ikkje lever opp til det - skaff pengar og kjøp det!


Dei som heller ikkje er uskuldige i at eit slikt ideal-kvinne bilde er blitt til er den andre typen reality: Følg mitt perfekte liv... eller mitt dramatiske liv.
Du har sjølvsagt Hollywoodfruene, og The Kardashians. Eller Bloggerne. Ja, det finnes mange fleire, eg veit det.. Poenget mitt er: Vi sitter og sluker dette rått. Vi elsker intrigene og greiene som disse jentene går gjennom, enten det er på Paradise Hotel eller i The Kardashians. Og samtidig sitter vi og godtar at jenter blir framstilt som villige sexobjekt eller bimboer...

Og blant dei som gjerne dyrkar denne kulturen finn vi rosabloggarane. Eg skal ikkje nevne nokon med navn, men eg har lest ein god del rosablogger. Rett og slett fordi eg vil vite kva ungdommane i dag er opptatt av. Det er lærerikt å lese. Eg leste ein anmeldelse av ei bok som har komt frå ein rosablogg no, der anmeldaren skriv at den får henne til å føle seg som ein smådeprimert norsklærer. Eg kjenner igjen denne beskrivinga. Å lese rosablogg gjer deg fryktelig klar over kva utdanning du faktisk har, og det kan til tider vere skremmande å sjå kor lite innhald det kan vere der. Men eg lurer litt på om dei også er ein del av "late som eg er litt dum, for då er eg sexy"-bølga...


For vi lever tett på kjendisane i dag. Vi har nesten direkte kontakt gjennom sosiale medier. Det er ikkje berre figurane som dei spelar i tv-serier vi brukar som rollemodellar. Det er kjendisane sjølve. Vi ser bildene dei postar på Twitter, Instagram og Snapchat umiddelbart. Dei ytrar seg til stadighet...
Og når vi då har store stjerner som framstiller kvinnesak som retten til å få vise seg sjølv fram frå alle vinkar, og gjerne heilt naken. Ja, for det er jo sjølvsagt kvinnesak å få medieoppslag etter medieoppslag og tjene fett med pengar på å poste ein naken-selfie av kroppen som ein har perfeksjonert (gjerne med litt hjelp frå dyktige kirurgar) for å fortelle kvinner at dei må vere fornøgde med kroppen sin som den er.


Eg sit her og lurer: Kvifor skal ein sladda nakenselfie bli hylla som kvinnefrigjerande? Eg bur i samme land som dama det her er snakk om, og kvinnefrigjering ville vere at kvinner amma offentlig for å vise dette kontinentet at eit barn som syg på eit bryst ikkje er porno!
Og eg sit her og lurer: Korleis kan vi voksne kvinner godta at det er eit så utprega kroppsideal, merkepress, og ikkje minst ideal om å vere litt "airhead" som no møter dei unge jentene "våre"? Burde vi ikkje mobilisere til kamp på 8.mars under paroler som "Tynn som ei fyrstikk, rund som ein ball - eller midt i mellom - DU duger!", "Det er innholdet, ikkje merket som tel!" og liknande. 

Eg kjenner på behov for å seie unnskyld til alle jenter der ute som trur at dei må vere tomme mellom øyrene for å vere attraktive og sexy. Unnskyld for at eg har vore så naiv at eg har trudd at kvinnefrigjeringa har kome lenger enn den har. Unnskyld at vi ikkje har skaffa bedre forbilder. Unnskyld at så mange av oss ikkje har fortsatt kampen så mange før oss har kjempa..

Eit av mine forbilde då eg vaks opp: Smart dame!
Faktum er desverre: Kvinner må framleis kjempe mykje hardare for å nå igjennom enn menn. Vi blir stempla som harde og kyniske dersom vi viser musklar, medan menn blir hylla om dei gjer det sammen. Vi skal liksom berre vere så mjuke og omtenksomme, vi har ikkje "lov" å vere rasjonelle og praktiske.

Når vi skaper overskrifter dersom vi tek over det som brukte å vere verva til menn, så bør vi stille spørsmål ved kvifor dét vart poenget i overskrifta. Vi burde vise at vi er smarte og vere stolte av det. Mange har gått foran oss og kjempa for at vi skal ha det lettare, la oss hylle dei med å vere oss sjølve - intelligente og sterke kvinner.  For ein mann som ikkje vil ha oss fordi vi er for smarte, han er virkelig ikkje verd å bruke tida på.