fredag 5. august 2016

Løysinga eller problemet?

"Dersom du ikkje er ein del av løysinga, er du ein del av problemet"


Det var setninga eg vakna med i hovudet i dag.
Eg har jobba lenge med denne blogposten. I fleire månader har den surra og gått.
Men det har vore så mykje anna. Så mykje som har krevd min energi.
Så den har berre vore der bak..

Men i dag vakna eg altså med denne setninga i hovudet.
Eg pakka kofferten for ein liten Bergenstur
og sette meg foran mac-en hennar mor.
NO må den ut.

Den må ut fordi det gjer meg så frustrert og irritert og ja, faktisk må eg innrømme at det gjer meg sint å sjå korleis enkelte folk snakkar om flykningar og nye landsmenn. Korleis leiarane våre snakkar om det. Eg blir fysisk dårleg av å høyre på politikarar som ytrar rasistiske haldningar og avlar framandfrykt under dekket at dei har ansvar for at alle nordmenn er trygge.

Eg blir så frustrert at alle celler i kroppen dirrar når eg høyrer på nyhetene at "Norsk statsborger med somalisk bakgrunn..." eller "Gjerningsmannen er ein mann i førtiåra av utenlandsk opprinnelse". For eg veit at hadde det vore ein kvit nordmann så hadde det knapt nådd nyhetene, og det hadde vore beskrive som "Gjerningsmannen hadde blå skjorte på seg.." Eg veit eg karikerer det litt, men tenk på det - har eg ikkje rett?


Nokre setningar frå nasjonalsangen har hengt seg fast i meg den sidan 17.mai-feiringa i San Francisco. Då fekk eg nemleg synge den fleire gonger.
Det er 8.verset, og dei to siste linjene:

"Også vi , når det blir krevet
for dets fred slår leir."

Eg lurer sånn på om vi vil greie det.. Etter å ha fulgt den politiske utviklinga og mediebildet frå heimlandet litt på avstand - og sett korleis ting fungerer på den andre sida av dammen, så er eg jammen ikkje sikker på om vi har det i oss, vi som har vokse opp i fredstid og oljealder. Vi som aldri har bekymra oss for om vi har mat på bordet eller seng å sove i. Vi som har vokst opp med forventinga om at vi skal ha alle livets goder, og helst litt til - uten at vi egentlig har arbeida for det..

For kva er fred? Kva er det å slå leir FOR fred? Kva skaper fred? Kva skaper ikkje fred?

Det er ganske vanskelige spørsmål.

Foto: Pappa Fure 

Her er noko av det eg har tenkt.
Eg trur noko av det viktigste elementet for å skape ufred handlar om å skape frykt.

I USA har andre runde i presidentvalget starta. Det har vore ein interessant valgkamp. Noko som har slått meg er kor mykje bråk det har vore rundt kampanjerrallyane til den godaste Donald Trump. Det har vore aggressive folkemengder, folk som har blitt bortvist, utagering og herjing. Men når budskapet som kjem frå scenen er såpass fryktbasert av natur, og gjerne med ein truande undertone, så er det kanskje ikkje rart at det viser igjen i massene?


Her heime i Norge kjem stadig nye utspel om kor farleg det vil vere å ta imot flyktningar. Kor mykje problem det er med enkelte menneskegrupper, fint innepakka, men likevel tydelig linka til hudfarge eller religion. Ein skal ha rett til å komme med dei mest ramsalte rasistiske uttalelser og likevel startar ein setninga med "Eg er ikkje rasist altså, men..."

Stadig meir av retorikken som blir prestert frå politikarar og framtredande samfunnsaktører er fryktbasert. Ord som trussel, fare, hat, tyranni dukker stadig opp. Vi må holde på dei norske verdiane våre!Vi må kreve våre rettigheter! Vi må bygge murar omkring oss slik at ingen kan komme inn! Lat dei svelte på utsida, dei fortjener ikkje vår hjelp, dei har ikkje rett på våre goder, dei er annleis enn oss! Steng grensene! Steng portene! Skaff deg våpen! Skyt først, spør etterpå!


Frykt.
Eg hugsar det gjorde sterkt inntrykk på meg då eg såg Bowling For Columbine første gongen. Særleg då Michael Moore samanlikna byane Windsor og Detroit. Den eine er i Canada og den andre i USA. Begge byane hadde omtrent like mykje våpen i forhold til innbyggartalet, men likevel var mordstatistikken markant lavare på den Canadiske sida enn på den Amerikanske.. Michael Moore stilte då spørsmål ved om dette kunne handle om kva folk blir fora med gjennom media?
Kvifor låste ikkje folk dørene i Windsor, og kvifor lot dei vere å drepe kvarandre? Kunne det ha noko å gjere med at det ikkje var fryktpropaganda som kom ut gjennom TV-skjermane?

Problemet kan definitivt vere meir samansett enn det Michael Moore presenterer, men han har likevel eit viktig poeng. Det vi høyrer om og om igjen, det begynner vi å tru på. Om nokon seier du er tjukk mange nok gonger, så begynner du å tru på det. Om nokon gong på gong fortel deg at du er i fare, ja, då begynner du å tru på det og. Og om nokon gong på gong fortel deg at du er i fare fordi dei fæle innvandrarane skal islamifisere Norge, ja, då kan du fort ende opp med å tru på det også. Den einaste måten du kan unngå det på er om det er andre stemmer som fortel deg at det ikkje er sant. Vi er avhengige av stemmer som ropar høgt når urett blir begått - enten det er verbalt eller fysisk.


Om eg ikkje er del av løysinga, så er eg ein del av problemet.

Kvifor har IS så lett for å rekruttere? Kvifor blir enkelte så radikalisert? Har det egentlig med hudfarge og etnisitet å gjere? Eller har det med isolasjon, einsemd og behovet for å høyre til og å bety noko?
Det har gått 5 år sidan den svartaste dagen i Norge si historie etter krigen.
Ein einsam ulv, full av forvrengte idear og haldningar gikk laus på norsk ungdom.
Det har gått 5 år.
5 år der vi burde ha lært at radikalisering handlar om at ekstreme haldningar og forskrudde verdiar får grobunn. Det handlar om at vi ikkje er vakne nok, eller involverte nok, til å sjå at nokon startar å tru på det. Det handlar om at menneske med forkvakla menneskesyn får ein mikrofon, og eit podium, å ytre sine fryktbaserte og hatefulle meiningar på.

Vi har hatt ein sommar prega av terror og grusomme handlingar. Ein av dei som overlevde Utøya for 5 år sidan skreiv i ein kronikk i BT i forbindelse med minnemarkeringa at for 5 år sidan var vi livredde islamistisk motivert terror, men det var faktisk ein av våre eigne som stod for terroren denne julidagen i 2011. Men likevel er vi framleis reddast islamistisk motivert terror.


Eg trur dette er med på å skape meir terror av typen som har religiøse undertonar.
Eg trur at når vi pøser på med fryktpropaganda om disse nye landsmennene, og mistenker alle som ser litt annleis ut for å vere potensielle terroristar, så står vi i fare for å gjere dei til det.
Når vi lærer barna våre å vere ekstra varsomme når nokon har ein annan hudfarge eller kle som indikerer at dei tilhøyrer ein annen religion, så skaper det eit skille som kan vere med å bidra til at den som egentlig berre ville godt til slutt vert så knust inni seg at han er villig til å gjere det vonde.

Alle som har fått gleda av å bli kjent med innvandrarar, enten dei har komt av eigen vilje eller har flykta, har fått utvida horisonten sin. Det er mange som vil lære å leve som vi gjer her, som vil lære språket, som er nysgjerrig på maten vår og kulturen vår. Det er veldig mange som blir viktige bidragsytarar i samfunnet vårt, som stiller opp når naboen treng ei hand, som ropar høgt hurra på 17.mai og syng gebrokkent med på nasjonalsangen - og som kan meir om historia vår enn vi gjer sjølve. Dei jobbar hardt for å bli godtatt, integrert og vil gje tilbake fordi dei vart tatt i mot då dei trengde det.


Men stadig fleire opplever i dag at dei ikkje får muligheten til å bli integrert. Dei blir skula stygt på når dei er på butikken. Dei får høyre at dei burde ikkje ha kome hit. At vi ikkje har rom. At vi ikkje vil ha dei her. At dei utnyttar systemet. Dei blir stempla i media fordi ein av same nasjonalitet eller frå samme trusamfunn gjer noko gale. Og dette skaper frykt. Frykt for morgondagen. Frykt for livet. Mange har allereie vore gjennom helvete før dei kom hit. Og så blir dei møtt av dette. Våre dømmande blikk og stengde dører. Er det rart om dei tyr til det ekstreme? Men likevel vel dei fleste det gode over det vonde.. Vi har litt å lære der.

Kva eg seier og gjer i møte med dei som ikkje har alt eg har, gjer meg enten til del av løysinga eller problemet. Eg vil gjerne å slå leir for Norge sin fred - men eg trur ikkje det kjem gratis. Og eg trur definitivt ikkje det kjem i form at å stenge ute av riket dei som treng vår sympati, støtte og varme. Eg trur heller ikkje det kjem i form av skremselpropaganda om kor fæle eit, eller fleire, folkeslag er - det sjekka vi ut på 30- og begynnelsen av 40-talet, og vi kan vel alle vere enige om at det ikkje var noko som avla fred. Men det er viktig å hugse at vi hadde ikkje vore det Norge vi er i dag om ikkje andre hadde åpna dørene for våre menn og kvinner som var tvungen til å flykte i dagane mellom 1940 og 1945.


Og til alle mine kristne venner, som brukar si fromhet for å understreke at dei er ikkje i mot å hjelpe andre, men må beskytte sitt kristne land frå islam sine lange klør vil eg berre seie:

For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.


Eg er glad i Norge. Eg er ofte stolt av Norge. Men vi har ein jobb å gjere.

Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir.
også vi, når det blir krevet
for dets fred, dets fred slår leir

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar