onsdag 30. mars 2016

Påskebesøk

 Skritta ut frå SFO(San Francisco International Airport)
var definitivt tyngre i dag enn dei var for 10 dagar sidan.
Då hadde eg nemlig med meg denne fine gjengen heim:

Cheescake Factory, Castro og Glide var dag nr.1

Palmesøndag
Mobb OCD-arane i familien...

 
Mandag: OUTLET!

 Tirsdag:
Opp før fuglane pissa for å gå på skogstur.
Slikt fører til at ein med seg soloppgangen over Bay Bridge.


Kvar er Helene?

Kjæresteparet <3

Pittelitt høge tre..



Det dampa av barken i sola
Nokon har vore flittig... Eg vil helst ikkje møte "nokon" ;)


Litt obligatorisk sightseeing

Alamo Square
Byen min <3

Motsol og manglande selfiestang - men fin gjeng! <3
Burde kanskje vore i senga....

Onsdag måtte eg jobbe, så då sykla folket over brua. 
Skjærtorsdag var også jobb for min del.
Då skulle Helene og Magnus møte søskenebarnet
til Magnus, så Marit blei med og hjalp meg på jobb.
Der hadde vi Skjærtorsdagsmesse.
Det var veldig fint!



Og etterpå gikk eg og Marit tur,
fotograferte byen og prata politikk
med eit par karar. 
Vel, eg prata og Marit fulgte tolmodig med.

Langfredag starta vi forsiktig med frokost
og motbakketur til Coit Tower.






Før vi vandra vidare til Alcatraz landing,
for no bar det til det kjente fengselet.
Eg var begynt å bli bekymra for at
eg ikkje kom til å få ut fingeren og komme meg ut hit.
Jammen bra at ein får besøk som kan ta ein med!












Det var ikkje direkte koselig..


Utsikt mot Bay Bridge/Oakland

Bye bye Alcatraz
Fine byen min, by night, fra bukta...

Laurdag sette vi oss i bilen og køyrde Highway 1 ned til Monterey.
Der har dei nemlig eit akvarium.
Ut frå alt eg har hørt om dette akvariet,
så må eg innrømme at eg var litt skuffa.
Men det var ein fin tur
og eit fint akvarium.


Vi fant Nemo


Sintebesta var der og..

 

Søndag måtte alle til pers.
Slik går det når ein får bu gratis hos tante..
Eg visste å sette talenta i funksjon,
så Magnus og Marit dekka bord og 
laga smørbrød,
mens Helene fekk utfolde seg som kakepynter.
(Ja, eg jobba litt eg og ;) )

 

Etter gudstjeneste og kirkekaffe
gjekk vi oss ein tur.
På grunn av rimeleg kald
pålandsvind, vart den kortare enn planlagt,
men vi fekk sjekka ut Palace of Fine Arts.

 

Før vi sette kursen heimatte
til lammesteik som hadde kosa seg i 
CrockPot-en min heile dagen.

God stemning
Gårsdagen vart brukt til ein svipptur innom Berkeley,
og shopping i Novato
før vi droppa Helene og Magnus av hos søskenbarnet hans.
Dei tilbrakte siste kveld i California med å besøke
Apple, Facebook, Google og Stanford.
Eg og Marit shoppa litt meir i byn,
før vi tok med oss Anahita på kino.

Heldigvis er eg ikkje åleine om å ha eit velutvikla sko-shoppegen ;)

 Og så kom i dag.
Dagen då det heile kom til ein ende.
Dagen med returbillett.
Heldigvis fekk vi nesten heile dagen i lag før vi måtte på flyplassen.

Vi starta med solbrilleselfie, då eg avslørte solbrillesamlinga....
Ein tur innom Grace Cathedral rakk vi og.

Litt amerikansk finkultur stod og på programmet ;)
Sjølvsagt var det og lagt inn ein obligatorisk 
Cable Car tur. 
Før manikyr og pedikyr.
Det var tomt å komme heim etter å ha køyrt dei på flyplassen.
Men eg er utruleg glad for å ha 
disse fantastiske folka i livet mitt.
Tantehjertet sprenges når eg tenker på 
kor fine desse tanteungane mine har blitt.
Marit, Helene og Magnus:
Takk for besøket!

Love you to the moon and back!

mandag 29. februar 2016

Om å endre prespektiv - og verden.

Sidan i haust har eg vore "forfulgt" av dette med bønn.

Det starta i New Orleans.


Der hadde eg lova å synge på gudstjenesta i Sjømannskyrkja før eg tenkte meg om. For ein av tinga eg ville ha med meg i byen var ei skikkelig baptist-gudstjeneste.
Eg hadde håpa at nokon hadde ettermiddagsgudstjeneste, men slikt driv ein ikkje med her. (Amerikanarane har ikkje oppdaga kor deilig det er å sove lenge om morgonen...) Men eg kunne derimot få med meg ei gudstjeneste kl.07.30. Og dei som kjenner meg veit at det er ikkje eit heilt lite offer eg gjev opp for å gå på noko slikt. Men eg karra meg opp og kom meg avgarde.

BEVISET!
Det vart ein oppvaknar. Ikkje nok med at eg var einaste kvite personen i rommet, eg hadde til alt overmål valgt eit antrekk som var kvitt og skarpt rosa. Du kan seie det slik; det lyser opp!
Følelsen av å være den som var annleis var til å ta og føle på. Særleg når det var "welcoming of guest" og eg måtte reise meg. Ikkje berre sammen med dei andre gjestane, men også heilt åleine fordi eg hadde skrive på lappen at eg kom frå ei anna kyrkje. Men følelsen av å være inkludert var endå sterkare. Eg sat mellom to fantastiske damer, som sørga for at eg kom meg gjennom gudstjenesta utan å føle at eg ikkje høyrde heime der.


Og så kom dagens tema. "Surprised by answered prayers" Eller som vi seier på norsk: "Overraska av bønnesvar". Det var tankevekkande. Utgangspunktet var Apostelgjerningane 12 der kyrkjelyden ber for Peter som sit i fengsel. Og Peter slepp ut og kjem til dei som sit og ber - og tenestejenta som kjem ut for å åpne kjenner igjen stemma hans, og gløymer å åpne. Ho spring inn til dei andre, og dei trur ikkje på henne. Men dei går ut og der møter dei Peter, og vert "ute av seg av undring". Dei hadde bedt og bedt, og når Gud grip inn og svarer, så kan dei liksom ikkje tru det er sant.

Blir lett at ein ikkje ser kva som ligg og ventar på å bli openberra

Det er ganske befriande at dei som kanskje har sett Jesus og levde så tett opptil tida då han vandra omkring også kunne vere så "lite truande". Det er noko befriande i å møte desse bibelske karakterane som ikkje er superheltar og som fiksar alt, men som må ha sine bevis.
Kor mange ganger er det vel ikkje at eg har fått mine bønnesvar utan egentlig å forstå at det var nettopp det det var? Kor mange gonger har eg vel ikkje vekkforklart ting med "tilfeldigheter"?

Eg sat og reflekterte over dette då tala tok ei ny vending. Historia om Jesus som rydda tempelplassen i sinne og viser til Jesaja sin tekst om at Tempelet skulle vere bønnens hus, og refsa dei for at dei hadde gjort det om til ein plass for pengevekslarar og handel.

Ein god og heilt riktig kirkelig aktivitet ;)

"Mitt hus skal vere bønnens hus". Det var stille eit lite sekund før spørsmålet kom: "Kor ofte gjer vi vel ikkje alt anna enn å be i Guds hus?" Det var eit ubehagelig spørsmål. Vi vil liksom ikkje at nokon set fingeren akkurat der. For vi er jo så flinke til alle aktivitetane våre. Og det er GODE aktivitetar. Det er viktig å gje born og unge eit tilbod. Ja, det er både viktig og riktig. Det er viktig å gje rom for kvinnegrupper, mannsgrupper, store og små, basarar og festar. Det er heilt riktig å gje rom for det i kyrkja. Og det vil eg halde fast på. Men - kor mykje tid brukar vi egentlig på å be i lag?


Eg har vokse opp i kyrkja. Og eg skal vere den første til å innrømme at eg lengta etter "amen" etter siste "Herre høyr vår bønn" kvar søndag vi var i kyrkja. Det var fryktelig langt  og veldig krunglete formuleringar for ein unge. Ja, egentlig var språket litt over middels tungt for ein vaksen også. Det er vanskelig å relatere til det på ein måte. Det ville kanskje vore annleis om vi forstod at det handla om våre liv..? Kvifor er det egentlig så vanskelig å bruke tid i bønn? For det er vanskelig. Det er utruleg lett å korte ned på den biten...


Ein annen ting som vart sagt noko om på gudstenesta i New Orleans var ein film som gjekk på kino der. Kinoplakaten kan lett sjå litt annleis ut her enn heime i Norge der religiøse filmar ikkje får plass i ein kinosal. Og her var det altså ein kristen film som heiter War Room. Den vart sjølvsagt anbefalt på det varmaste, og då eg fann den på Target kjøpte eg den like godt.
Eg såg den forrige veke. Og greier ikkje å vere heilt ukritisk til den, for den blir litt for "enkel", men må og seie at den har nokre gode poeng.


Filmen handlar om eit par med problem. Så lærer frua i huset seg å be av ei eldre dame - og plutselig ordnar alt seg. Det er litt for glatt. Fordi kona lærer å be er ikkje mannen utru slik han hadde planlagt. Og alt blir berre idyll. Det ligg veldig opp mot det ein før i tida omtala som herlighetsteologi. Litt sånn "Du må be på rette måten, då får du alt du peikar på!"

MEN med den vesle kritiske innvendinga så vil eg heller fokusere på det som vi godt kan tenke litt ekstra på. For kva vil skje dersom vi brukar tid i bønn i staden for mange av dei andre tinga vi brukar tid på? Vil det skje noko med dei rundt oss? Vil det skje noko med oss?

Denne dama som lærer å be, blir også utfordra på å gå nokre runder med seg sjølv. Midt i frustrasjonen og sinnet ho har mot mannen sin blir ho stilt til veggs med spørsmålet: "Fortjener han nåde?"


Det er nok mange av oss som i vårt sinne og vår frustrasjon over andre menneske kunne hatt godt av å møte dette spørsmålet. Fortjener dei nåde? Fortjener vi nåde? Er vi i stand til å gje nåde? Eller må vi ha hjelp for å greie det?
Eg trur dei fleste av oss frå tid til tid har eit sterkt ønske om at andre skal endre seg og tilpassse seg oss. Og eg trur vi lett kan gå i den grøfta at vi prøvar å overbevise dei eller manipulere dei til å bli slik vi vil. Det er jo alltid lettare å sjå kva som bør utbetrast hos andre enn å sjå det hos oss sjølve.... Og det er dessverre framleis litt "Ver som oss før du kjem til oss" i ein del kristne samanhengar. Det er altfor sjelden ein møter "Kom til oss og ver akkurat som du er!"

Og her trur eg faktisk det er noko å ta tak i. Her trur eg denne filmen hadde ein bodskap som er både viktig og riktig. Det er ikkje alle kampar som vi skal kjempe. Nokre kampar skal vi gje til Vår Herre.
Og kanskje vil vi etterkvart sjå at det ikkje berre var dei andre som måtte endre seg. Kanskje er det noko i oss sjølve også som må endrast?

Akkurat kva Gud vil at hjertet vårt skal vere fylt av

Eg trur bønn gjer noko med oss. Eg trur ikkje Gud er avhengig av vår bønn. Ingen andre enn eg kan endre mine haldningar og handlingar. Ingen andre enn du kan endre dine. Men eg trur at dersom eg ber for meg, og for deg, så vil Gud pirke borti oss.
Eg trur at når vi ber åpnar vi opp for at Gud kan får gjere noko med oss. At Han kan få gje oss alt det gode Han har planlagt å gje oss. At vi blir forma meir som det mennesket vi egentlig var meint å vere. Det blir ein litt "bli ny med Gud"-greie, der forandringa ikkje består av hårklipp eller sminketriks, men opprydding i det indre livet som igjen kan få konsekvensar for det ytre. Men om vi vel å åpne opp for det, er heilt og fullt vårt eige valg.

Gud har aldri lova glatte flater...

Og i møte med dette er det viktig å ikkje bli for enkel. For eg trur ikkje Gud nødvendigvis gir quick fix løsningar. Eg trur ikkje Gud vil at vi skal avvise lege og medisin og berre tru nok på bønn. Eg trur ikkje Gud vil at vi skal forvente rosasky-tilværelse utan utfordringar, sorg og lengsler. Eg kjenner at eg syns det er vanskelig å møte dei som meiner at det er berre å be så blir alt så enkelt og greit. Kanskje fordi eg har sett bønnekampen som har vore kjempa for menneske som har mista livsgnisten uten å få den igjen, som har måtte gi tapt for sjukdom, eller andre meiningslause ting. Eg trur ikkje alt har ei meining. Eg trur ikkje Gud har noko å lære oss gjennom at vi mister nokon. Eg forstår ikkje kvifor bønnesvaret av og til, eller noko som føles som altfor ofte, vert nei.

Når mange ber sammen...

Men eg trur likevel at det gjer noko med oss. Eg trur det gir oss fotfeste på trygg grunn. Så sjølv om vi ser verda vår rase, så kan vi likevel stå der og kjenne at det skal gå på eit vis. At vi finn ei trygghet i at uansett kva som skjer med oss, så vil Gud vere der. Det betyr ikkje at livet blir enkelt og problemfritt. Det betyr ikkje at andre ikkje vel å svikte oss, eller at vi kan miste menneske vi er glad i. Og sorga vil vere like stor uansett.

Kan vi ende opp med endra perspektiv og fargespekter?

Men kanskje vil måten vi handterar ting på bli annleis? Kanskje blir måten vi møter andre menneske på annleis? Kanskje vil våre bønner om velsignelse og veiledning føre til at andre menneske får ein bedre dag og eit betre liv? Og kanskje stiller dette krav til korleis vi ber?  Kanskje må vi begynne å be på ein måte som ikkje handlar om kva vi vil ha endra, men heller handlar om kva som er Guds gode vilje? Kanskje må vi begynne å be om velsignelse, ekte velsignelse, i staden for det vi lett betegnar som velsignelse i form av pengar, suksess og helse? Kanskje må vi oftare be bønna eg lærte av ein veldig klok prest i haust: "Herre, mett meg med din nåde, så eg ikkje møter menneske sulten"?
Kanskje om vi vendte oss bort frå alle skjermane våre, og brukar nokre minutt med Vår Herre, kanskje vil det endre vårt perspektiv på verden - og kanskje vil det også endre meir enn berre perspektivet?



mandag 25. januar 2016

Kvifor trur du?

Mykje har skjedd og mykje har vore tenkt på sidan forrige bloggpost.
Både julebasar, adventstid og jul er over, eg har vore i Norge og eit nytt år er starta.
Diskusjonar rundt innvandring går i store overskrifter både i Norge og Amerika, og like sikkert som amen i kyrkja fører jula med seg den evindelige debatten rundt skulegudstenester.
Og kombinasjonen av nettopp disse tinga har surra rimelig masse i hovudet mitt.


Kvar desember er det nokon frå Human Etisk forbund som går til angrep på skulegudstenestene. La meg seie det først som sist: Eg har absolutt ingen motforestillingar om at skulane skal ha påmelding til skulegudsteneste i staden for at ein må be om fritak. Men eg må seie eg er litt fasinert av Human Etikarane. I fjor (altså desember 2015) kræsja den evige klagesangen om kor farleg det er for ein unge å bevege seg inn i eit religiøst rom med terroren i Paris. Frankrike har vore langt framme lenge med å få eit mest mulig livssynsnøytralt samfunn. Det vart litt annleis å lese om kor fryktelig det var at ein unge hadde vore på gudsteneste med dette i tankane.


Eg syns litt synd på ateistane. Samtidig er eg veldig fasinert. Dei har den strengaste religionen av alle. Den gir ikkje rom for undring eller tvil. Det er på mange vis berre ein regel, nemleg at du ikkje har lov til å tru på noko. Å lære om andre religionar er kanskje ok, men å delta i nokon form på praktiseringa av andre sine religionar er farleg. Ein kan jo kanskje begynne å lure på om dei andre har noko for seg.. Tenk om ein vart påvirka! Og kanskje difor har det blitt så veldig viktig for dei med livssynsnøytrale rom - eller det dei egentlig ber om er eit livssynsnøytralt samfunn. Ikkje alle ateistar eller human etikere ropar om dette, men dei som ropar ropar virkelig høgt.


Livssynsnøytralitet. Eller religionsnøytralitet. Kva er det? Fjerning av all religon og alle livssyn? Eller forbud for å uttrykke noko som handlar om tru? Kvifor vil ein ha det slik? Kvifor er ein så redd at nokon andre trur på noko anna enn ein sjølv? Kvifor skal vi ikkje snakke saman om kva vi trur på? Eller rettare sagt; kvifor skal ein berre få snakke om det ein trur på på gitte plassar? Fyrste gongen eg høyrde om det (og var bevisst på det) var etter 22.juli. Då Åse Kleveland uttrykte at det ikkje var holdbart at ein samla seg i kyrkjene i sorga. Slikt skulle ein ha livssynsnøytrale rom til. Eg trur dei som var i Oslo Domkirke opplevde det godt, enten dei trur på min Gud eller ikkje.


Og i dag kjenner eg uroa sit i kroppen etter å ha lest n-te ytring om dei fæle flyktningane. Om dei farlige muslimane. Om korleis desse snyltarane kjem og overtek landet vårt. Om påsatte brannar ved asylmottak eller stader som vert gjort klare for flyktningar. Eg les om flyktningar som vert sende ut frå det eg, og sansynligvis dei, trudde var trygge Norge til ei særdeles utrygg framtid. Eg les om politikarar som vil gå inn i religiøse rom og hente dei som har søkt tilflukt der med makt. Eg les ytringane til menneske eg anser som normale og oppegåande, og kan ikkje fatte at dei kan ha så ekstreme og framandfiendtlige haldningar.
Kva gjer at dei kan uttrykke seg slik? Kva gale har nokon gjort mot dei som får dei til å hate menneske dei aldri har møtt så intenst? Korleis kan vi som har vokst opp i fredstid, med alle dei godene som det følgjer å vere norsk, vere så redde for menneske som berre ønsker å få leve?


Kan det handle om frykta for det ein ikkje kjenner å gjere? Kan det ha noko å gjere med dette livssynsnøytrale som ein har ropt så etter?


Eg trur religionsnøytralitet er farlig. Eg trur faktisk det er veldig farlig. Det fører til godt jordsmonn for ekstremisme. Det fører til frykt og manglande kunnskap. Det åpnar for at rekruttering til organisasjonar som ISIS så vel som ekstreme kristne organisasjonar. Det gjev spelerom for at folk som spelar på frykt og hat får tilhengarar. Det gjev ei ypperlig mulighet til at enkelte får påvirke, eller vert påvirka, til å få haldningar og verdiar med grunn i ekstremisme. Og ekstremisme eller facisme er farleg, uansett kva religion det kjem innepakka i.


Mi oppfatning av Norge, no når eg har det litt på avstand, er at vi er så livande redde for å snakke om kva vi trur på. Vi er opplært til at det er ei privatsak. At vi ikkje skal bry andre med det.  Eg trur det ikkje er bra for oss! Det er Human Etisk forbund si kampsak at alt skal vere trusnøytalt. Og eg lurer så veldig på korleis ein så liten del av befolkninga har fått så stor makt, for dei er faktisk ikkje så mange. (det siste eg såg var at dei bikka 85.000 medlemmer.. Det er i følge mitt enkle hovud ca.1,65 % av Norge si befolkning.). Og kvifor er dei så redde for å lære om andre si tru? 


Dei som kjenner meg veit at eg er ein stor tilhengar av RLE, i staden for den gamle kristendomsundervisninga. Skulen har ikkje noko misjonsoppdrag. Den skal drive med undervisning. Og eg tenker at det er bra å lære om andre sine religionar, livssyn og kulturar. Eg tenker og det er bra å få lære det av nokon som lever i det, ikkje berre tørr teori men også i møtet ansikt til ansikt. Eg trur det er bra å få erfare religiøse praksisar som ikkje nødvendigvis er sine eigne - berre for å få sjå kva det er.


Vi treng livsynsåpne rom. Vi treng religionsåpne rom. Vi treng å lytte til kvarandre fortelle om kva vi trur på. Vi treng ikkje å vere enige. Vi treng ikkje eingong å forstå korleis dei andre kan tru på det. Men vi treng å lære om det. Vi treng å lære av kvarandre. Og då tenker eg ikkje at vi berre treng å lære av alle dei som tenker og trur det samme som oss. Vi treng å møte og lære av dei som tenker og trur på ein annan måte. Vi treng å få sjå ting frå ein ny vinkel. Eg trur at dette er einaste måten vi kan redde dei som er på veg inn i noko farleg og ekstremt som er innepakka i religiøst sølvpapir. Ja, for om vi ikkje har nokon kunnskap om kva religionen egentlig er, korleis skal vi då sjå varsellampane? 


Og kanskje vil det å snakke og leve åpent med kva vi trur på gjere oss mindre redde for det som er annleis og meir opne for mangfaldet? Men, er jo eit faremoment og. Vi risikerer jo å bli skikkelig glad i nokon som er heilt annleis, og vi kan måtte innrømme at vi tok grundig feil. Kanskje blir dei vi trudde var snyltarar gode vener. Kanskje vil vi få fylt livet vårt med det som er vakkert, med gode verdiar og, ja, kanskje vil vi rett og slett bli rikare?


tirsdag 3. november 2015

Halloween, Hallo Venn og livets mørke sider

I helga var det Halloween.
Vi hadde Halloween-feiring på kirka.
Eg syns det var veldig fint.


Og eg har sett diskusjonen og statusane på facebook om kor fryktelig det er med denne amerikanske tradisjonen som inntek landet og om markedskreftene som styrer heile skuta. Nei, fysj og fy, slikt burde ein halde seg langt unna. Og i alle fall om ein er i kyrkja.


Eg har sett at mange menigheter arrangerer "Hallo Venn" som eit alternativ til Halloween. Og la meg vere veldig klar, eg har ingenting imot Hallo Venn. Eg trur det er eit veldig fint og bra opplegg. Men, ja, for det er eit stort men er for meg, eg trur ein misser ein gylden mulighet med å ikkje ta tak i Halloween og heller arrangere eit ufarleg venne-arrangement som ein faktisk kan ha alle andre dagar i året..


Og her er grunnen til at eg skulle ønske at fleire kyrkjer hadde tatt tak i Halloween:
Dette er ein gyllen sjanse til å snakke med barn og unge om døden, og om det vanskelige i livet.
Det er ikkje så mange andre gongar i året at det fell naturlig. Det er ikkje så mange andre gongar i året vi får praktiske måtar å gje erfaringar på rett i fanget... For Halloween er knytta til Allehelgensdag/ Alle sjelers dag. Dagen då vi minner dei vi har mista. Dagen då vi kjenner på tomrommet dei etterlot seg. Dagen då vi ser at vi gjekk gjennom det vonde og mørke, og kom ut igjen i lyset, med nokre erfaringar som endra oss.


Vi hadde ein slags "Trick or treat" på kirka i helga. Alle ungane som ville gikk på jakt etter snopet i grupper. Dei vaksne var med. Dei måtte ned i kjellaren og inn i mørket, og heilt innerst satt den snille heksa med snopet. Det var skummelt, med edderkoppspinn og berre nokre lykter som lyste opp. Det vart veldig talande for meg då eit av barna stoppa ved meg som stod nederst i trappa, før den mørke passasjen dei måtte gjennom.  Ungen såg mora gå inn der, og ropte etter henne "Ikkje gå inn der! Det er farlig!!" men mora beroliga, og ungen fulgte etter og kom glad og fornøgd ut igjen med snop og så gikk dei sammen ut i lyset igjen. "Det var ikkje så farlig som eg trudde" var kommentaren eg høyrde då dei gjekk ut igjen..


I haust har eg møtt mykje død. Fleire rundt meg har mista mennesker nær seg. I august mista vi ei i menigheten som eg, og mange med meg, var utruleg glad i. I møte med døden er det vanskelig å finne orda. Når nokon ein er glad i døyr går ein inn i noko som er utrygt og ukjent, sjølv om ein har opplevd det før. Eg var 8 år då eg møtte døden for første gang. Eg forstod mykje meir enn dei vaksne innsåg at eg gjorde, og eg klandrar ingen for at dei ikkje visste korleis dei skulle snakke med meg om det. I løpet av dei neste 3 år mista eg 5 av mine nærmaste; 4 besteforeldre og ei grandtante. Det var ganske tøft for familien. Julemiddagen vart plutselig mykje mindre. Det var mykje sjukdom og alvor.


Som vaksen har eg prøvd å ta lærdom av det som skjedde desse åra. Det har gjort at eg har vorte opptatt av å ta barn på alvor. Eg har vorte opptatt av å kunne snakke med dei om dei vanskelige tinga, sjølv om eg ikkje kan forklare dei. Eg personlig er nok flinkare å snakke med ungdommar enn med barn, men eg er likevel opptatt av at vi som kyrkje skal våge å snakke med ungane også om det som er vanskelig og som vi ikkje har alle svara til. Vi må bli flinkare til å snakke om det, barn er ikkje dumme, dei forstår meir enn vi trur og mange får tidlig møte dei mørke sidene i livet. Tenk om vi som kyrkje då hadde vore på banen allereie og snakka om det og kunne by på erfaringar som gav trygghet når det vanskelige og vonde skjedde..


Dette gjer at eg syns vi burde bruke Halloween. Snu det til noko som fortel noko bra og ikkje berre la markedskreftene få spele på trick or treat, kostymer og skumle effekter.  La oss vise ungane at sjølv om vegen kan vere mørk og skummel, så går det som regel bra. La dei få erfare at ved å gå sammen gjennom det som er vanskelig så blir det ofte ikkje så skummelt som det kunne sjå ut i starten. Det å ha ei hand å holde i betyr mykje når mørket i livet rammar oss. Og så gje opplevinga av at vi kjem ut på andre sida - med erfaringa av å gå gjennom det skumle. Det er og ei fantastisk mulighet til å få snakke om det kristne håpet. Håpet om at det ventar noko godt på andre sida av døden. At det ikkje skal vere smerte eller noko anna vondt der, for vi trur på Han som har sigra over døden og som ER lyset!