Skritta ut frå SFO(San Francisco International Airport)
var definitivt tyngre i dag enn dei var for 10 dagar sidan.
Då hadde eg nemlig med meg denne fine gjengen heim:
Cheescake Factory, Castro og Glide var dag nr.1 |
Palmesøndag |
Mobb OCD-arane i familien... |
Mandag: OUTLET! |
Tirsdag:
Opp før fuglane pissa for å gå på skogstur.
Slikt fører til at ein med seg soloppgangen over Bay Bridge.
Kvar er Helene? |
Kjæresteparet <3 |
Pittelitt høge tre.. |
Det dampa av barken i sola |
Nokon har vore flittig... Eg vil helst ikkje møte "nokon" ;) |
Litt obligatorisk sightseeing |
Alamo Square |
Byen min <3 |
Motsol og manglande selfiestang - men fin gjeng! <3 |
Burde kanskje vore i senga.... |
Onsdag måtte eg jobbe, så då sykla folket over brua.
Skjærtorsdag var også jobb for min del.
Då skulle Helene og Magnus møte søskenebarnet
til Magnus, så Marit blei med og hjalp meg på jobb.
Der hadde vi Skjærtorsdagsmesse.
Det var veldig fint!
Og etterpå gikk eg og Marit tur,
fotograferte byen og prata politikk
med eit par karar.
Vel, eg prata og Marit fulgte tolmodig med.
Langfredag starta vi forsiktig med frokost
og motbakketur til Coit Tower.
Før vi vandra vidare til Alcatraz landing,
for no bar det til det kjente fengselet.
Eg var begynt å bli bekymra for at
eg ikkje kom til å få ut fingeren og komme meg ut hit.
Jammen bra at ein får besøk som kan ta ein med!
Det var ikkje direkte koselig.. |
Utsikt mot Bay Bridge/Oakland |
Bye bye Alcatraz |
Fine byen min, by night, fra bukta... |
Laurdag sette vi oss i bilen og køyrde Highway 1 ned til Monterey.
Der har dei nemlig eit akvarium.
Ut frå alt eg har hørt om dette akvariet,
så må eg innrømme at eg var litt skuffa.
Men det var ein fin tur
og eit fint akvarium.
Vi fant Nemo |
Sintebesta var der og.. |
Søndag måtte alle til pers.
Slik går det når ein får bu gratis hos tante..
Eg visste å sette talenta i funksjon,
så Magnus og Marit dekka bord og
laga smørbrød,
mens Helene fekk utfolde seg som kakepynter.
(Ja, eg jobba litt eg og ;) )
Etter gudstjeneste og kirkekaffe
gjekk vi oss ein tur.
På grunn av rimeleg kald
pålandsvind, vart den kortare enn planlagt,
men vi fekk sjekka ut Palace of Fine Arts.
Før vi sette kursen heimatte
til lammesteik som hadde kosa seg i
CrockPot-en min heile dagen.
God stemning |
Gårsdagen vart brukt til ein svipptur innom Berkeley,
og shopping i Novato
før vi droppa Helene og Magnus av hos søskenbarnet hans.
Dei tilbrakte siste kveld i California med å besøke
Apple, Facebook, Google og Stanford.
Eg og Marit shoppa litt meir i byn,
før vi tok med oss Anahita på kino.
Heldigvis er eg ikkje åleine om å ha eit velutvikla sko-shoppegen ;) |
Og så kom i dag.
Dagen då det heile kom til ein ende.
Dagen med returbillett.
Heldigvis fekk vi nesten heile dagen i lag før vi måtte på flyplassen.
Vi starta med solbrilleselfie, då eg avslørte solbrillesamlinga.... |
Ein tur innom Grace Cathedral rakk vi og. |
Litt amerikansk finkultur stod og på programmet ;) |
Sjølvsagt var det og lagt inn ein obligatorisk
Cable Car tur.
Før manikyr og pedikyr.
Det var tomt å komme heim etter å ha køyrt dei på flyplassen.
Men eg er utruleg glad for å ha
disse fantastiske folka i livet mitt.
Tantehjertet sprenges når eg tenker på
kor fine desse tanteungane mine har blitt.
Marit, Helene og Magnus:
Takk for besøket!
Love you to the moon and back!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar