tirsdag 3. november 2015

Halloween, Hallo Venn og livets mørke sider

I helga var det Halloween.
Vi hadde Halloween-feiring på kirka.
Eg syns det var veldig fint.


Og eg har sett diskusjonen og statusane på facebook om kor fryktelig det er med denne amerikanske tradisjonen som inntek landet og om markedskreftene som styrer heile skuta. Nei, fysj og fy, slikt burde ein halde seg langt unna. Og i alle fall om ein er i kyrkja.


Eg har sett at mange menigheter arrangerer "Hallo Venn" som eit alternativ til Halloween. Og la meg vere veldig klar, eg har ingenting imot Hallo Venn. Eg trur det er eit veldig fint og bra opplegg. Men, ja, for det er eit stort men er for meg, eg trur ein misser ein gylden mulighet med å ikkje ta tak i Halloween og heller arrangere eit ufarleg venne-arrangement som ein faktisk kan ha alle andre dagar i året..


Og her er grunnen til at eg skulle ønske at fleire kyrkjer hadde tatt tak i Halloween:
Dette er ein gyllen sjanse til å snakke med barn og unge om døden, og om det vanskelige i livet.
Det er ikkje så mange andre gongar i året at det fell naturlig. Det er ikkje så mange andre gongar i året vi får praktiske måtar å gje erfaringar på rett i fanget... For Halloween er knytta til Allehelgensdag/ Alle sjelers dag. Dagen då vi minner dei vi har mista. Dagen då vi kjenner på tomrommet dei etterlot seg. Dagen då vi ser at vi gjekk gjennom det vonde og mørke, og kom ut igjen i lyset, med nokre erfaringar som endra oss.


Vi hadde ein slags "Trick or treat" på kirka i helga. Alle ungane som ville gikk på jakt etter snopet i grupper. Dei vaksne var med. Dei måtte ned i kjellaren og inn i mørket, og heilt innerst satt den snille heksa med snopet. Det var skummelt, med edderkoppspinn og berre nokre lykter som lyste opp. Det vart veldig talande for meg då eit av barna stoppa ved meg som stod nederst i trappa, før den mørke passasjen dei måtte gjennom.  Ungen såg mora gå inn der, og ropte etter henne "Ikkje gå inn der! Det er farlig!!" men mora beroliga, og ungen fulgte etter og kom glad og fornøgd ut igjen med snop og så gikk dei sammen ut i lyset igjen. "Det var ikkje så farlig som eg trudde" var kommentaren eg høyrde då dei gjekk ut igjen..


I haust har eg møtt mykje død. Fleire rundt meg har mista mennesker nær seg. I august mista vi ei i menigheten som eg, og mange med meg, var utruleg glad i. I møte med døden er det vanskelig å finne orda. Når nokon ein er glad i døyr går ein inn i noko som er utrygt og ukjent, sjølv om ein har opplevd det før. Eg var 8 år då eg møtte døden for første gang. Eg forstod mykje meir enn dei vaksne innsåg at eg gjorde, og eg klandrar ingen for at dei ikkje visste korleis dei skulle snakke med meg om det. I løpet av dei neste 3 år mista eg 5 av mine nærmaste; 4 besteforeldre og ei grandtante. Det var ganske tøft for familien. Julemiddagen vart plutselig mykje mindre. Det var mykje sjukdom og alvor.


Som vaksen har eg prøvd å ta lærdom av det som skjedde desse åra. Det har gjort at eg har vorte opptatt av å ta barn på alvor. Eg har vorte opptatt av å kunne snakke med dei om dei vanskelige tinga, sjølv om eg ikkje kan forklare dei. Eg personlig er nok flinkare å snakke med ungdommar enn med barn, men eg er likevel opptatt av at vi som kyrkje skal våge å snakke med ungane også om det som er vanskelig og som vi ikkje har alle svara til. Vi må bli flinkare til å snakke om det, barn er ikkje dumme, dei forstår meir enn vi trur og mange får tidlig møte dei mørke sidene i livet. Tenk om vi som kyrkje då hadde vore på banen allereie og snakka om det og kunne by på erfaringar som gav trygghet når det vanskelige og vonde skjedde..


Dette gjer at eg syns vi burde bruke Halloween. Snu det til noko som fortel noko bra og ikkje berre la markedskreftene få spele på trick or treat, kostymer og skumle effekter.  La oss vise ungane at sjølv om vegen kan vere mørk og skummel, så går det som regel bra. La dei få erfare at ved å gå sammen gjennom det som er vanskelig så blir det ofte ikkje så skummelt som det kunne sjå ut i starten. Det å ha ei hand å holde i betyr mykje når mørket i livet rammar oss. Og så gje opplevinga av at vi kjem ut på andre sida - med erfaringa av å gå gjennom det skumle. Det er og ei fantastisk mulighet til å få snakke om det kristne håpet. Håpet om at det ventar noko godt på andre sida av døden. At det ikkje skal vere smerte eller noko anna vondt der, for vi trur på Han som har sigra over døden og som ER lyset!



2 kommentarer:

  1. Dette er jo bare trist...Tanken på å "ta tilbake" halloween som høytid for kirken liker jeg og det er flott at dere har lykkes med deres arrangement for deres kirke. Det triste her er jo at man ikke klarer å ha to tanker i hodet samtidig... Det ene trenger jo ikke slå ihjel det andre. Dessuten er det trist at man må skrive en lang avhandling for å forsvare at man feirer halloween i kirka. Det er jo som nevnt helt supert at dere har funnet en form som passer for dere.
    Kan man ikke finne det som passer best for sin kirke eller lokalsamfunn. Det er jo tydelig at du på lik linje med de som arrangerer hallo-venn ønsker en annen vinkling på halloween enn det handelsstanden og media har gjort det til. Kan man ikke heller heie på hverandre av og til, i stedet for å "skyte" på hverandre. Skjerpings!

    SvarSlett
  2. Kjære Anonym.

    For det første: Eg har aldri sagt at HALLO VENN er eit dårleg arrangement. Eg syns tvert imot at det er eit bra arrangement og eit arrangement som ein bør ha. Det eg prøvar å påpeike er at vi fort kan gå glipp av ei gyllen mulighet til å snakke med barn om det som er vanskelig med å ikkje gripe fatt i Halloween. Om du er uenig med meg i det, så er det heilt greit for meg.
    Men, for det andre: Eg går ut frå at du er eit vaksent menneske, og du vel å gå ganske krasst ut. Neste gong du vel å vere så krass og avsluttar kommentaren din med liknande utsagn som "Skjerpings!" så syns eg faktisk at du kan vere mann eller kvinne nok til å stå fram med identitet også.
    Mvh, Liv-Helga

    SvarSlett