torsdag 23. mai 2013

Snille barn og meg.

Ved fleire høve den siste tida
har vennar av meg snakka om ungane sine
og eg har merka meg at ordet "snill" går igjen på ein bestemt måte.
Det har vore så påfallande mange som gjer det
at eg må berre skrive nokre ord om det.
Det som er greia er at når dei beskriv ungane sine som snille
så betyr det at dei er stille og rolige.
Temperamentfulle og smårampete ungar 
blir ikkje beskrive som snille..
Dei blir heller satt opp som motpol dei som blir beskrive som snille.


Eg vil ikkje!

Eg var ein temperamentsfull unge.
Eg var ein smårampete - om ikkje rampete unge.
Men betyr det at eg ikkje var snill?


Eg veit at det var gonger då mamma ikkje visste kva ho skulle gjere med meg.
Sånn som f.eks. den morgonen vi skulle ta familiebilde
i forbindelse med søstera mi sin konfirmasjon.
Eg hadde litt lite å gjere på, eg fann ei saks og tenkte at 
det hadde no vore kjekt med lugg...

med nyklippa lugg..

Eller den gongen eg tenkte eg skulle pynte katten.
Eg gjorde som eg hadde sett på tv,
fann ei av hårsløyfene mine og batt rundt halsen.
Han var så fin så!
Det er jo ikkje mi skuld at katten gjekk ut og rota seg bort i
rhododendronen, og vart hengande der..
(mamma oppdaga han heldigvis før han fekk fullført sjølvmordet)


Eg var alltid villig til å hjelpe til, 
både med å legge opp bukse og å lage blondegardiner.
Saks var generelt noko eg ikkje burde få tak i..
Og eg gjorde mitt beste for å dekorere veggane, 
sjølv om det ikkje var så populært når det var søsteren sin kajal..


Men sjølv om eg gjorde masse gale, 
så var det aldri med vond vilje eller for å vere slem.
Eg hadde berre ikkje forstått at eg ikkje måtte gjere det..

Eg trur alle barn er snille,
eller i det minste ønsker å vere det.
Men om ein ikkje får høyre at ein er det,
medan andre stadig blir omtala som det, 
så vil ein kanskje tru at ein ikkje er det..
Slik som eg trudde at julenissen ikkje kom til oss
fordi eg ikkje var snill, men alltid gjorde noko gale.


Eg var liksom slik som Emil eg..
Eg elska bøkene om han, 
og tenkte at han og eg ville vorte gode vener.
Det kunne like gjerne vore eg som sette hovudet fast i 
suppebollen, eller helte blodklubben ut vinduet,
eller heiste nokon opp i flaggstanga...


frå internett
Kanskje må vi vaksne tenke litt gjennom korleis vi 
omtalar borna - og bruke ordet snill på ein annan måte,
ein sannare måte?
For - kanskje vil barnet tru at det å vere temperamentsfull,
eller fantasifull, betyr at du ikkje er snill.. 
Men det stemmer vel ikkje?
For kven var det vel som inviterte heile fattighuset
på julekalas i Katthult?
Slikt er det eg kallar for å vere snill!

Hipp hurra for verdens kulaste 50-åring, forresten! ;)

mandag 20. mai 2013

Om løgn og sanning.

Av og til møter ein situasjonar som får ein til å gå og tenke lenge etter det har skjedd..
Dei siste vekene har eg tenkt mykje på dette med kva det betyr å vere ærleg - eller uærleg. 

Den kvite løgna har vel vi alle smakt på, den du fortel for å beskytte enten deg sjølv eller andre, som ikkje er så alvorleg.. tenker du.
Det er jo ikkje som den svarte, fæle, som ikkje har snev av sanning i seg og som berre er egoistisk og øydeleggande..

frå internett

Men er ikkje løgn det same uansett kor stor og kreativ den måtte vere?
Vil ikkje skadane av løgna når den blir oppdaga vere vonde for den som fekk dei uansett form, farge og størrelse? Kan det vere noko sant i at dersom vi gjentek ei løgn ofte nok, så blir det til slutt ei slags sanning? Og vil ikkje vegen frå den uskuldskvite til den svarte bli litt kortare for kvar gong vi brukar halvsanningar? Eg trur det er sant som det står i Bibelen - at den som er tru i smått, er tru i stort. Og den som er utru i det små, han er og utru når det virkeleg gjeld.  

For det handlar jo om tillit.
Tillit er ikkje noko vi kan kreve, det er noko vi blir gitt.
Når tilliten vert øydelagt, så er det mange som vert påført smerte.
Og det tek lang tid å bygge opp igjen det som ein på berre nokre setningar kan knuse.
Løgna fungerer som ein tornado - i det vi har slept den ut av munnen, så misser vi kontrollen. Så lenge ein ikkje vert oppdaga, så kjenner ein på at ein er heldig, den treff ikkje huset - men i det øyeblikket den treff huset, og nokon oppdagar den, så er det uvisst kva skade den gjer. Nokre gonger er det berre små reprasjonar som må til for å få huset på plass igjen, andre gonger vert det liggande i ruiner.. Slik er ikkje sanninga. 

og frå internett 

Som barn var eg, for å seie det på ein fin måte, svært fantasifull.
Eg kunne fortelje dei mest utrulege historier.
Men eg vart tatt på eit tidleg tidspunkt, før det var noko som hadde store konsekvensar eg laug om.
Eg vart tatt medan eg enno var så ung at dei vaksne lo av det, men stor nok til at eg syns det var fryktelig pinlig.

Det var ingen kjekk lærdom, men eg var heldig, for eg lærte - og sette meg som mål å vere ærleg i alt eg seier og gjer. Det er ikkje lett - og ofte hadde det vore så mykje meir konfortabelt å ty til ei lita kvit ei. Men eg prøvar så godt eg kan å unngå det.
Sjølvsagt har eg vore i situasjonar der eg ikkje har hatt lyst å seie sanninga, og sjølvsagt har eg i nokre situasjonar unngått å seie den. Eg er desverre ikkje meir heilaggjort enn det..
Men stort sett har eg erfart at dei gongane eg har grua meg mest til å fortelje sanninga, fordi eg har vore redd for reaksjonane og konsekvensane, så har ting ordna seg fint.

Fordelen med å fortelje sanninga er jo og at ein slepp å gå og hugse på kva ein har sagt - for å lyge med overbevisning må ein nemleg ha svært god hukommelse.. og det kan eg ikkje skuldast for å ha! ;)

frå internett

Eg har erfart at folk set pris på at eg er ærleg, sjølv om det ikkje alltid er like kjekt akkurat der og då. Akkurat som eg set pris på å få sanninga frå andre. Det vanskelige er å fortelje sanninga med kjærleik, slik at det ikkje blir fordømmande, men frigjerande. 
For det er faktisk frigjerande å få sanninga i fleisen, så lenge du veit at det kjem av at folk bryr seg om deg. Sjølv om det er små ting som at kjolen ikkje passar til deg eller det er store ting som å få vite at kjærasten ikkje er trufast.. 


Sanninga - sagt i kjærleik - set fri og det skaper tillit. Den gjer deg trygg og bygger gode relasjonar. 
Eg heiar på sanninga!





søndag 19. mai 2013

Ingelin + Kjetil = SANT!

Endelig var dagen der,
som Ingelin og Kjetil har venta på.
Dagen då den finaste kjolen skulle på
og JA skulle seiast for resten av livet.


Men før denne dagen kom, 
var det sjølvsagt eit lite utdrikkingslag.
Det er jo ikkje så enkelt å planlegge slikt
når brura bur i Oslo til vanleg.
Så det vart på torsdag ettermiddag, 
altså knappe to dagar før bryllupet..


Det gikk i glassblåsing, 
trening på å lage kyssemunn,
og andre koselige jenteting.



som for eksempel jordbær og is,
eller multitasking ;)



17.mai kom jo og midt oppi dette, 
og for min del vart det ein svært avslappa og deilig dag.
Eg baka kake, åt kake og planla tale sammen 
med Berit, Rune, Are og Thor Øyvind.


Gutta fikk fort moovsa inn
og det gjekk så lysene fragla då talen vart gjennomført på den store dagen ;)


Og endelig var altså dagen her..


Eg syns å sjå på brudgommen når han ser bruda komme
er noko av det mest fantastiske som finns.


 Og bildene talar vel stort sett for seg sjølv..



Med mange og tjue plussgrader
og strålande sol
kunne ein ikkje vore heldigare med veret.
Likevel var det to som strålte i kapp med sola, 
og eg vil faktisk påstå at dei vann!



(må jo ha med litt klinebilder frå ein slik dag! ;) )



vi må ha, vi må ha solbriller på..
Deilige detaljer ;)

svært flinke toastmastere :)


Stemninga var jamnt over på topp :)



Brudgommen talte

og det gjorde bruda og :)



Det var veldig mange kjekke folk i dette bryllupet,
men det er jo gjerne sånn at kjekke folk har kjekke venner ;)






Og det var nesten litt sydenstemning å sitte på terrasen utover kvelden
og nyte solnedgang og blomstring :)


Bruden med forlovarane sine


Først litt kake,
så oppspill til brudevalsen..



Og så sveva dei over golvet i ein engelsk vals, 
som om dei aldri hadde gjort noko anna...


Eit nydelig bryllup å vere i, 
og nydelige folk som gifta seg.
Kjære Ingelin og Kjetil,
det er ingen tvil om at de er perfekte sammen.
Måtte de få mange, mange gode år i lag.
Og når den tid kjem:
velkommen tilbake til Bergen!