onsdag 30. juli 2014

Splitta Liv

Om ei god veke (ok, om 9 dagar) sit eg på flyet til San Francisco igjen.
Denne gongen er det litt annleis enn forrige gong.
Då var eg full av spenning over kva som venta meg. Spørsmål av alle slag surra i hovudet.
Denne gongen skal eg heim til ein kvardag. Eg veit kvar eg bur og kva eg skal styre med.


Forrige gong var eg så spent på det som venta meg at eg ikkje tenkte så mykje på det eg reiste frå. Eg skulle ut på eventyr. Og så var det ikkje så lenge til eg skulle heim til Norge igjen.
Denne gongen blir det nok nærmare eit år før eg setter nasa mot austover igjen, i allefall så langt austover. Det er nesten slik at eg får vondt i magen når eg tenker på kor lenge og langt det er. Men eg veit jo av erfaring at tida ofte går fortare enn eg likar når det kjem til stykket..

Solnedgangen i havgapet heime på Stadt

Eg har vore lenge heime i sommar også. Det er over to månader sidan eg reiste frå San Francisco. Riktig nok var eg på ein ferietur til Hellas i starten, men det har vore nokre rolege månader som stort sett har vore heime på Stadt eller omegn. Eg har vore mykje med familien og ein del med venner. Eg har kjent på at eg faktisk har røtene mine her, og at eg er så glad i desse menneska at eg ikkje har ord på det. Kanskje er det den berømte nedturen som kjem no - for eg syns det er litt vanskelig å skulle reise frå dei.


Men samtidig gledar eg meg veldig til å komme tilbake til kvardagane i San Francisco. Eg gledar meg til å sjå igjen alle desse menneska som har fått stor plass i hjertet mitt det siste halvåret. Eg har jo tenkt på dei jamnt og trutt heile sommaren og lurt på korleis dei har det. Eg har sakna dei, sjølv om eg har hatt det supert her eg har vore. Eg ser fram til å få møte nye og gamle kollegaer igjen, og finne vegen vidare sammen med dei. Eg elskar jobben min. Eg er så heldig som får denne muligheta. Det surrar stadig nye idear om korleis eg kan gjere ting på jobb, så eg er rimelig sikker på at eg er på rett plass. Ja, sjølv om det er kvardag er det ikkje mindre eventyr. Og det er ikkje fritt for at det blir spennande å komme tilbake heller, eg lurer veldig på korleis det blir å gå nedover bakkane der med krykker...


Det er veldig merkelig å vere i ein slik tilstand som eg er i no. Eg er splitta. Eg er glad for dit eg skal, men lei meg for at det betyr at nokon må bli igjen her heime. Heldigvis har vi skype, snapchat, epost og telefon og andre tekniske duppedingsar som gjer at det er mulig å halde kontakten. Det er liksom ikkje slik som før i tida då eit brev tok tre veker. Og eg skal jo heim neste år også! Men eg må også innrømme at eg så veldig gjerne skulle sett at familien min og vennane mine her var nærmare. 9 tidssoner er liksom litt...


Det er baksida av medaljen. Ein kan faktisk ikkje få både pose og sekk når det gjeld dette. Eg veit jo at eg kjem til å ha det fint når eg kjem tilbake til San Francisco - for eg har allereie begynt å føle meg heime der også.  Heldigvis går det ikkje ein månad før første besøket seier at dei dukkar opp. Likevel håpar eg at San Francisco tek i mot meg med like åpne armar denne gongen som forrige - for eg har en følese av at eg kjem til å trenge ein klem eller to..



fredag 25. juli 2014

Fritt skuleval?

Våren då eg var 16 år sat eg med søknadsskjema til samordna opptak framfor meg. Eg hadde hatt eit "friår" på folkehøgskule og no var tida komen for å velge kva eg ville vidare i livet, eller i alle fall kvar eg ville gå på vidaregåande. Valget var vanskelig, og eg måtte gå nokre runder med meg sjølv.

15 år og kjempeforelska
i ingen ringare enn Jordan Knight
i NKOTB - så då tegna eg han..
Kunne eg vorte flinkare om eg hadde
fått velge ei anna linje?
Ein del av meg hadde veldig lyst å gå tegning, form og farge. Men dette var ikkje eit alternativ, for i Sogn og Fjordane hadde vi ikkje eit slikt alternativ. Eg kunne søke på Fagerlia i Ålesund, men eg ville stille bakerst i køa og sjansen for å komme inn var minimal. Så eg enda opp med å søke på musikklinja på Firda. Eg hadde tre fine år der, så eg angrar ikkje - men eg har ofte lurt på kva valget hadde vorte om eg kunne velge fritt...

Musikklinja var jo ikkje feil den heller..
Det er jo over 20 år (!!!) sidan eg gjorde dette valget, men ting har ikkje endra seg vesentleg mykje, og ikkje direkte til det bedre. Dei siste åra har eg fått sjå på nært hald korleis systemet ein har for dette ikkje nødvendigvis er så bra.. Og det undrar meg at fylkeskommunene er så forherliga grenser på dette. Det er ikkje nødvendigvis det beste for ungdommane. Eg meiner det burde vore ei politisk sak, men sidan ein sikkert ikkje møter dei samme utfordringane på austlandet som ein gjer her på vestlandet, så blir det ikkje prioritert. Og når då ungdommar som jobbar som heltar for å komme inn på linjedraumen sin opplever byråkratiet frå si verste side, då kjenner eg at det kokar litt i meg..

Mange har sikkert fått med seg at nevøen min og eit par volleyballtalent til frå Volda måtte gå til media for å få "gjesteelevsgaranti", fordi byråkratiet i Møre og Romsdal fylkeskommune hadde tidsfristar som var rimelig urealistiske. Sjølv om ungdommane som hadde søkt hadde gjort det dei kunne innanfor fristen, var inntaksprosessen slik at dokumentasjon på skuleplassen kom fleire månader for seint. (kven kan vel vise til plass på vidaregåande skule i april?) Vedtaket som fylkeskommunen hadde fatta gjekk heller ikkje an å klage på. Dette var andre saka ein kunne lese om i media samme veka om byråkrati og elevar som ikkje fekk gjesteelevsgaranti... Og for meg blir det heilt feil at elevar må gå til media for å få skuleplassen ein har jobba for og kome inn på. Det ordna seg for nevøen min og vennane hans - men det hadde det ikkje gjort om han ikkje hadde gode folk rundt seg og media hadde tatt saka. Eg blir også litt lei av at slike saker dukkar opp år etter år utan at nokon tar tak i det på ein meir generell basis - slik at det blir opp til kvar enkelt elev å kjempe for plassen sin. Kva då med dei elevane som ikkje har eit ressurssterkt nettverk rundt seg?

Når du jobbar mot draumen... 

Men la meg gje nokre andre eksempel:
Dersom ein elev frå Stadlandet ønsker å gå automasjon-linje på yrkesfag (det er sånn elektriker-greier som vi vanlege ikkje forstår oss på), så må vedkommande til Årdal. Å komme seg dit er ei aldri så lita kinareise å komme seg dit, sjølv om det er i samme fylke. Med bil og full klaff på ferger vil det ta omlag 5 timar. Men ein sekstenåring har ikkje førarkort.. Med buss snakkar vi om nokre timar til. Sjølvsagt kan ein ta fly frå Sogndal til Sandane, men det var dette med pris då. Og at ein må komme seg frå Årdal til Sogndal og frå Sandane til Stadlandet, noko som ikkje nødvendigvis er det enklaste med rutegåande trafikk.. Same utdanning kan ein få i Ørsta. Det er 2,5 timar unna inkludert ferge. Vi snakkar ikkje om mange timane ekstra med buss.


Dersom ein elev frå samme plass tenker å utdanne seg til blomsterdekoratør kan vedkommande få gå første år på Eid vidaregåande som er ein av dei nærmaste vidaregåande skulane, men der har dei ikkje påbyggingsåra - ja, faktisk finnes ikkje dei i fylket i det heile tatt. Då må eleven bytte klasse til Ørsta. Det ville jo kanskje vore mindre stress for eleven å få gå i samme klasse i tre år, i staden for å måtte bytte etter eitt år.. Men fordi det er ei fylkesgrense der, så stiller eleven langt bak i køa på utdanninga..


Ein elev frå Åheim stiller bakerst i køa til TAF-linja i Måløy, sjølv om det ikkje er tilsvarande tilbod i Møre og Romsdal. Og Måløy ligg berre ein god halvtime unna. Det er liksom noko som ikkje stemmer. Systemet er utdatert og lite oppegåande om du spør meg.

Det finnes sikkert rikelig med slike eksempel. Og dersom ein elev vil gå på skule på feil side av fylkesgrensa, så må han eller ho gjennom ein del byråkrati og ha ein solid porsjon flaks. Det handlar ikkje om kva vedkommande har jobba for...

Å ha møtt denne problematikken ikkje berre ein gong, men ganske mange gonger i løpet av dei siste 20 åra, gjer at eg har tenkt at dette er ikkje ein måte å sørge for skulelyst og god utdanning for ungdommane våre. Å ha noko å jobbe mot, som ikkje blir stoppa av ei fylkesgrense eller vrange byråkrater med eit stramt budsjett, er viktig for motivasjonen. Å oppleve at det er eit reint sjansespel å komme inn der ein ynskjer å gå, er ikkje så veldig motiverande - det kan dei aller fleste av oss forstå..

Skal det vere opp til hellet
eller skal det avgjerast av kva ein har
jobba mot og har talent for?

Så spørsmålet eg sit med er: Er det ikkje snart på tide å innføre fritt skuleval? Der du kjem inn ut frå kva du har prestert - ikkje ut frå kva side av fylkesgrensa du kjem frå? Kanskje vil ei slik ordning gjere noko med motivasjonen både for elev og lærar, når konkurransen kan påvirke kvar ein endar. Det er jo ikkje verre enn å seie at fylkeskommunen har ansvar for å betale ein bestemt sum pr. elev, enten den går på skule i fylket eller i eit anna fylke og så må resten dekkast av stipend og lån. Det vil jo vere økonomisk og påkjenningsmessig bedre for eleven at ein kan søke på og jobbe mot å få gå på nærmaste alternativ... Kanskje kan ein seie at dette berre gjeld spesialiserte linjer i første omgong, slik at vanleg allmennfag har samme reglar som før og gjev elevar mulighet til å komme inn på skulen nærmast heime nærmast uavhengig av karakterar? Eg forstår ikkje at dette skal vere så vanskelig å få til. Men så er no eg ei enkelt sjel...

mandag 21. juli 2014

Smerte

For to år og nokre dagar sidan gjekk eg og ei venninne bortover gata i Pattaya. Plutselig foretar eg eit slowmotion-fall ned ein liten bakke. Ingen av oss forstod heilt korleis det gjekk til, men begge er rimelig enige om korleis det må ha sett ut. Det skjedde berre nokre minutt etter at eg hadde vore og fått fiksa neglene mine, og sidan eg skulle rett heim i bryllup dagen derpå, så var eg meir opptatt av å beholde dei fine neglene enn å ta meg for. Ein kan av og til lure på korleis ei kvinne si hjerne fungerer.... Men eg følte meg heldig, eg hadde berre fått nokre skrubbsår og ein litt sår fot.

legg merke til neglene..

Eit par dagar seinare kledde eg meg opp og gjekk i bryllaup til ein god venn. Sjølvsagt stilte eg i hæler..
Det heile resulterte i at den såre foten hovna noko helselaust opp. Eg fann ut at eg måtte på legevakta. Og der tok dei røntgen og fann ut at det sikkert berre var eit vanleg overtrakk. Det samme konkluderte fastlegen min med då eg spurte om det var vanleg å ha lenge vondt litt under eit halvår seinare.

Pipa fekk derimot ein annan lyd då eg kom inn til helsesjekk før utreisa i sjømannskyrkja, og nemnde at foten framleis var vond - særleg dersom eg prøvde meg på litt trening. Då var det plutselig MR, og når fastlegen ringer kl.19.15 på ein fredagskveld då veit du at det neppe er gode nyheter i sikte. Skaden var meir omfattande og ville føre til at eg ville miste ballanseevne i venstre fot om nokre år dersom eg ikkje fekk meg ein aldri så liten operasjon.

Alltid optimist!

Så 6.juni låg eg på operasjonsbordet og fekk eit lite arr ved venstre ankel. Sidan har eg humpa rundt med gips, støvel og krykker. Eg har vore tvinga til å ta livet med ro og stole på at eg får hjelp frå andre.
Og eg har fått tenke ein del - og noko av det eg har tenkt ein del på er smerte.

For ein del år sidan var det veldig populært å lese om enneagrammet i miljøet eg vanka.  Enneagrammet handlar om 9 personlighetstypar, og du kan lese meir om det ein annan plass. Eg lærte litt om meg sjølv med å lese om det. Etter nokre runder med meg sjølv (og nokre andre) blei det ganske klart at eg er ein rimelig opplagt sjuar. Sjuaren har mange positive trekk, men noko som er framtredande er at ein sjuar ikkje likar smerte og prøvar å unngå det, gjerne ved teknikker som å fortrenge eller å fokusere på noko anna som gjer livet lyst og lett.

Aldri så galt....

Men i sommar har eg vorte nøydd til å kjenne på smerte og å forholde meg til det. Og eg har lært mykje. Og mykje av den fysiske smerten kan ha parallellar i følelseslivet - den smerten som ingen ser...

For det første er det viktig å innrømme at noko gjer vondt. Hadde eg vore ærleg med meg sjølv hadde eg innsett at den vonde ankelen ikkje var noko vanleg overtrakk, for det har eg gjort to gonger før og veit korleis det oppleves. Då hadde eg sagt til legen at det ikkje var vondt på samme måte eller på samme plass som sist, og kanskje hadde det ikkje gått så lenge før ting vart skikkelig undersøkt.
Ein kan ikkje finne ut kva som gjer vondt dersom ein ikkje vil innrømme at ein har vondt. Det gjeld også dersom vi ikkje vil forholde oss til smerten ved at nokon har såra oss eller at nokon har gått bort. Det er lettare å springe og gøyme følelsane i andre ting, som for eksempel trening, ting eller mat. Særleg dersom ein føler at ein ikkje har rett til at noko skal gjere vondt lenger... Men kven har sagt at du ikkje har rett til det?



For det andre er det viktig å ta smerten på alvor. Eg er ikkje god på det. Eg likar ikkje å ha vondt. Eg vil være frisk. Og eg er rimelig god på å fornekte smerte. Eg er sta og har ei viljekraft som overgår smerteterskelen. Eg klistrar på eit smil og er glad på utsida, sjølv om eg føler at no revnar det fullstendig på innsida. Ein kan aldri få den behandlinga ein treng dersom ein ikkje tek eigne følelsar og opplevingar på alvor. Ofte kan dette ha ein samanheng med korleis folk rundt ein ser på det. Eller korleis ein føler at folk rundt ein ser på det. Når ein har mista nokon som var umistelige - når må ein slutte å snakke om det? Når nokon har såra ein djupt - kva tid må ein gje slepp? Når ein har kjærleikssorg - når er det normalt å komme seg vidare? Eller når ein har gjort noko ufattelig dumt og det sit som ein kjempestor og vond klump i magen - når skal den følelsen gå over? Ofte tenker vi at vi blir ei belastning for dei rundt oss dersom vi ikkje kjem oss vidare når vi føler det er forventa. Men er det ikkje litt motsatt? At vi blir ei belastning dersom vi ikkje bearbeider og tek oss sjølv på alvor før vi går vidare?


Det tredje er at ting tar tid. Eg er av typen som helst skulle vore frisk i går. At eg no, over 6 veker etter operasjon framleis har ein hoven fot som ikkje kan belastast fullt er svært frustrerande. Og når eg veit at framtidsutsiktene sansynligvis er 6 veker til før eg kan kaste krykkene, 6 månader før eg kan belaste meir enn normal gange og eit år før eg er nokonlunde smertefri så kjenner eg at det ikkje heilt står til personligheta mi. Og eg vil gjerne berre fortrenge og begynne å gå igjen.. Men eg veit at dersom eg ikkje gjev det tida det treng til å gro skikkelig sammen og få tilbake fleksibilitet, så vil eg mest sansynlig måtte gjere samme greia ein gong til.. Og det er viktig å gje seg sjølv den kvila kroppen treng. Eg likar ikkje å innrømme det, men dei siste seks vekene har eg hatt eit mykje større behov for kvile og ro enn normalt - eg har jo ikkje eingong orka å blogge sjølv om eg berre har vore i ro her heime på Stadt...

Eg trur det er slik med ting i følelseslivet og. Når sorg, sakn, smerte over å ha blitt såra eller å ha gjort noko dumt sit i kroppen, så må vi ta det på alvor og gje det tid. Og den tida eg treng er ikkje nødvendigvis den same tida som du treng - kanskje er den lenger, kanskje er den kortare.

Ein dørstokk kan føles uoverkommelig første dag
på krykker, men med trening så går det
leikande lett.. 

Det fjerde eg har lært handlar om å sette ord på det.
Eg trur det farlegaste vi gjer er å slutte å snakke om det som gjer vondt. Eg er himla dårleg på å sette ord på følelsar. Det vil seie: Eg er himla dårleg på å sette ord på dei vonde følelsane. Eg set heller i gang med ulike prosjekt og held meg sjølv i aktivitet, ja, og så gløymer eg gjerne å ete. Særdeles lite lurt. Eg trur vi alle har ulike ting vi rømmer inn i når ting gjer vondt. Og dette blir forsterka dersom vi føler at vi ikkje har nokon plass å gå med det vonde. Det er faktisk viktig å få snakke om det - og av og til sit det vonde så djupt at vi faktisk treng litt meir hjelp enn gode venner ved kjøkkenbordet. Det kan vere vanskelig å sjå sjølv, og då må vi som står rundt vere ein god venn som seier frå med omsorg og prøver å finne måtar å få hjelp på.

Sakte, men sikkert...

Det femte kan vere like utfordrande, for det handlar om å tru på at det blir bedre. Akkurat no er mi største frykt at eg ikkje blir bedre. At eg plutselig ikkje greier å bli bra i foten. Av og til opplever vi ting i livet som gjer så vondt at vi ikkje trur vi skal greie å komme gjennom det eller over det. Men av ein eller annan gang så kjem vi oss i gjennom det meste. Nokre arr blir det, og ofte vil det vere områder som gjer vondt når ein berører det - men dei fleste opplever at livet går vidare og ein kjem klokare og sterkare ut av det som var så vanvittig vondt, sjølv om ein kan føle seg svak og liten når ein er midt i det.



Og kanskje er det på grunn av det sjette - at vi alle treng nokon som hjelper oss. Å vere avhengig av folk som køyrer meg og ber ting for meg er ei ny erfaring for meg. Det er ikkje ei erfaring eg set altfor stor pris på å måtte gå gjennom, for eg likar å klare meg sjølv. Men det er noko eg er uendeleg takknemlig for at eg har fått erfare. Det har nemlig vorte mange kjekke bilturar, gode samtaler og mykje omsorg som eg føler eg ikkje har gjort meg fortjent til men som har varma langt, langt inn i hjerterota. Eg har fått erfare at eg har familie og venner rundt meg som stiller opp, som bryr seg og som vil meg godt. Og det er kanskje den erfaringa mange av oss opplever: Dersom vi vågar å vere ærlege med smerten, både til oss sjølve og andre, så får vi sjå at det er mange der ute som bryr seg - og som gjerne gjev oss ei hand dersom vi spør om hjelp.

Vi treng alle litt hjelp med
børa av og til... ;)

Og det siste eg har tenkt på når det gjeld smerte er at smerte egentlig er noko bra. Kanskje ein merkeleg ting å konkludere med, men det at vi har vondt når vi har skada oss er noko som fortel oss at vi treng å stoppe opp og ta situasjonen på alvor. Når eg no er i helbredelsesprosessen så er smerten det som fortel meg kor mykje eg kan tøye ankelen, dersom eg ikkje kjende smerten så ville eg kanskje ta opp igjen skaden..

Slik er det også med følelsane - Smerte over at nokon har gjort oss urett eller over at vi har gjort nokon urett lærer vi noko om korleis vi vil bli behandla og korleis vi skal behandle andre. Og smerten vi kjenner når vi mister nokon, er kanskje den vakraste smerten, for i den smerten ligg kjærleiken og ulmar og viser oss at vi faktisk har fått del i det største og vakraste eit menneske kan få oppleve.


Så kanskje er ikkje smerte så farleg likevel, berre utfordrande og ein smule krevande? Kanskje har den noko den vil fortelle oss - om å ta vare på oss sjølve, menneska rundt oss og kjærleiken?





torsdag 19. juni 2014

Regn, kloster, brudekjole, operasjon og krykketrening.

Det har gått lenge sidan forrige blogginnlegg - nok ein gong.
Og mykje har skjedd sidan då.
Eg var jo så vidt innom Bergen før eg forlot fødelandet igjen.
Så tidleg var eg på Flesland denne maimorgonen
at det ikkje var ein kjeft å sjå før det var gått eit kvarter!


Frå Flesland gjekk turen via København og Athen til Thessaloniki.
Eg trur eg faktisk har funne ein plass der dei er mindre
serviceminded og løysingsorientert enn ein er i Norge.
På flyplassen i Athen var dei gjennomført utrivelige,
uhøflige og steile. Den vesle plastflaska med linseveske,
som var på heile 18 ml over grensa, og som hadde tatt seg gjennom 
sikkerhetssjekk i USA, Danmark og Norge,
ja, til og med på Flesland slapp dei den gjennom,
var visst ein stor trussel for rikets sikkerhet.
Men dei om det, 
eg fekk meg tak i ny linseveske, eg.
I Thessaloniki var folk nemlig hyggelige og greie!


Eg var litt bekymra då eg boarda eit Lufthansafly i Athen, 
som på veg til ein eller annen tysk storby mellomlanda
i Thessaloniki, og eg innsåg at desse folka her snakka greit
tysk og gresk, men dei beherska overhode ikkje engelsk.
Det var i allefall ikkje ein form for engelsk
som eg har høyrt før,
sjølv om eg kunne ane konturane av enkelte ord...
Men eg hadde med meg tilpassa lesestoff,
så eg hadde det bra og heldt meg våken til eg var framme.


Og det var ekstra kjekt å komme ut frå bagasjehentinga
og bli møtt av denne trivelige og blide jenta!


Når ein må reise vekk i eit gitt tidsrom, 
og må vere tilbake til ein bestemt dato,
så er det ikkje berre å hoppe på ein tur.
Då er det ekstra kjekt å ha ei venninne
som studerer i eit land som er kjent 
for sol og varme...


Bakgården og utsikt frå verandaen :)

Hellas er jo kjent for fint vêr,
så første dag gjekk vi til det hvite tårn.


Det er eit landemerke i Thessaloniki,
og fungerer no som eit historisk museum.
Her fekk eg ei kjapp innføring i byen si historie.



Det var kanskje den dagen det var finast vêr på heile turen.
For neste dag kom både kulde(alt er relativt) og regn..

Men då er det fint å vere på tur i ein storby.
Det er alltid noko anna ein kan gjere.
Eg laga blant anna middag... 
men korleis ser fløte ut på gresk?
Ikkje slik i allefall:


Eg fekk besøkt fleire, vakre, gresk ortodokse kyrkjer.


Eg fekk sjå litt av byens meir originale kuriositeter..

Bar on the move...

The Umbrellas

Laurdagen tok vi ei utflukt
saman med to herlige franske jenter.
Vi reiste til Meteora, 
ein klippeformasjon med uvanlig stor
tetthet av kloster.
Dei fleste av dei fungerer som kloster i dag og!
Det var ei vakker oppleving,
både inne i klostera og utanfor!









Eg lærte mykje om den gresk ortodokse kyrkja,
blant anna lærte eg at dei tenner to lys, 
eitt for dei som er døde og eitt for dei som lever.


Det er og viktig at vi som er kvinner
dekker til skuldrar og knea..
Eg forstår ikkje kva som er så viktig
med å dekke akkurat dei delane
av kroppen, men eg syns det er fint å vise respekt
for Gudshuset på ein så konkret måte.
Det er ikkje kvar som helst vi går inn
når vi går inn i ei kyrkje,
det er inn i eit heilagt rom.



Sjølv om vi hadde lett bygevêr i Meteora,
kom ikkje det skikkelige regnet før vi nærma oss Thessaloniki.


Så vi var spente når vi vakna søndagen.
Då skulle vi nemlig på stranda hadde vi planlagt.
Og heldigvis: Det var SOL!


Det gjorde godt for både sjel og sinn 
å kjenne sand mellom tærne,
sjølv om det var hakket kaldt å bade 
og det var ein anelse meir vind enn nødvendig.


Tilbake i Thessaloniki
gikk dei siste dagane i å slappe av til lunsj, 
nyte ein Freddo Cappuchino på bokkafeen
som var ein heilt genial liten kafe som låg i
underetasjen der vi budde.


For meg som har vokst opp i ein heim fylt med bøker 
så følte eg meg umiddelbart heime.
Berre så synd at cøliacien hindra meg i å ete dei
heimelaga kakene...


 Ja, og så er det jo slik at Hanne Marie
skal gifte seg neste sommer.
Så litt brudekjoleprøving fekk vi også skvisa inn..


Men eg fekk ikkje lov å ta bilder når ho prøvde kjolar!

Eg fekk også litt uventa utfordringar.
Eg vakna nemlig mandagsmorgonen av at 
eg fekk mail frå meg sjølv om 
at eg stod einsom og forlatt
i Leeds i England, utan pengar 
og på desperat jakt etter 
den nøyaktige sum av 1600 pund.
Du kan seie eg vart overraska.
Morsommare vart det då eg ikkje greidde 
å logge meg på mailen dette kom fra.

Etter mange timars iherdig jobbing,
fekk eg omsider tilbake kontrollen
trudde eg,
og tok meg ein velfortjent kaffe på terrassen.


Etter eit døgn var gmailen
omsett til eit arabisk-liknande språk,
og utfordringa med å forstå noko vart litt større.
Og etter mykje fram og tilbake
har eg no måtta sett meg slått,
og har lagt heile mailen død..
Det morsomme då er jo sjølvsagt å måtte rydde opp 
i alle følgefeil  som kjem av dette,
både i form av at kontakter frå departement,
biskopar, organisasjonsleiarar
og sameige til gode venner
som heldigvis har vett i skolten, 
som har fått tiggemail frå dei nigerianske piratane 
og i form av alle nettinstanser der 
denne mailadressa er oppgitt
som kontaktadresse eller pålogging..
Ja, ein har ikkje meir moro enn 
ein har rota til sjølv.
Eg var då altså ein av dei som skifta passord
med ein gong heartbleed oppstod,
men likevel... nokre månader seinare..

Jaja, Hellas hadde no fleire kuriositetar å by på,
sjølv om nettlivet mitt var plutselig meir komplisert:


Og det vart kanskje ikkje den solslikkande turen eg hadde tenkt,
men det vart ein veldig fin tur
med mange gode minner, 
til tross for regnet..


Og det er interessant når ein har kort tid på å finne gaten,
å møte informasjonstavler som ser slik ut:


Eg fekk og utfordra meg sjølv på Gardermoen.
Ja, for det gikk jo sjølvsagt via Gardermoen heimatt,
så eg fekk gleda av å sjekke inn bagasjen på nytt.
Sjølvsagt var min koffert ein av dei siste som kom ut på 
rullebandet, og eg hadde knappe 20 minutt å få sjekke inn på
i utgangspunktet.
Eg sjekka inn kofferten 5 minutt etter boardinga starta
på gate 19A.
Då måtte eg gjennom sikkerhetssjekk, og ein grubråte med turistar
som hadde eit hav av tid.
Eg var den siste som sjekka inn på flyet,
og dumpa ned ved sidan av ein av sportsankera i TV2.
Det er noko veldig rart med å sette seg ned på eit fly 
der alle dei andre har hatt greitt med tid og
har stått i kø for å komme inn.
Du har liksom berre lyst å rope høgt om kva bragd 
du har gjennomført, med å springe og jobbe deg gjennom
massene på langs av heile Gardermoen. 
Men så kom flykapteinen og forkynte at 
aircrewet var i dag under ledelse av Christer Sjögren..
Vi venta i spenning,
men det vart heldigvis lite svensk danseband..

Vel tilbake i Bergen var det berre å komme seg i seng fortast råd,
for neste dag var det tid for operasjon, 
og som oppladning til den starta eg med ein særdeles tidlig busstur:


Vel framme på kysthospitalet
venta meg storvegs service, 
eg fekk til og med nye kle...


Så var det berre å vente på kirurgar og anestesilegar,
dei tegna på meg og det kom vel med.
For eg skulle ha blokkbedøvelse,
frå kneet og ned.
Dei sette først bedøvelsen bak,
på riktig fot.
Så måtte eg snu meg for å få bedøvelse framme,
då begynte den eine legen å gjere klar høgre fot.
Den andre såg på tegninga og spurte:
"Er det ikkje venstre fot som skal opereres?"
Og han som stod og ville bedøve feil fot 
var ikkje sein om å sjå på meg, 
med glimt i auge og sa:
"Du har sett den reklamen, ikkje sant??"


Det sette i grunnen litt stemninga. 
Eg var så full i latter at fleire forsøk på å få inn kanyler, 
og alt anna som kunne vere både skummelt og skremmande,
berre glei forbi.
Eg følte meg godt tatt vare på,
og var sikker på at eg var i gode hender.


Etterpå fekk eg lov å vente litt lenger enn eg hadde tenkt, 
både fordi eg kom på operasjonsbordet mykje seinare enn planlagt
og fordi det var fullstendig kork i pinsetrafikken i Bergen.
Men eg kom meg heim,
og fekk kjenne litt på kva det vil seie å vere lam.
Eg hadde nemlig ingen følelse i foten før neste dag.
Den berre hang der.
Samme kor mykje eg prøvde å bevege tærne så gjekk det ikkje.
Det er ein følelse mange av oss har godt av å oppleve.
For nokre er det slik ein vaknar opp,
og plutselig er heile livet forandra.
Eg kjenner på veldig takksemd for at eg stort sett har fått
igjen følelsen i foten, 
og for at alle prognoser seier at eg bør bli heilt bra.


Og med min semi-lamme fot gjekk turen heim til Stadt.


Der venta masse omsorg!


Bollebaking til tante :)


Og eg må jo innrømme at eg kunne hatt dårligare timing ...

4 veker med dette er ikkje å forrakte! :)

Og eg har familie som veit å få meg ut av godstolen/sofaen
når dei syns eg har vore i ro for lenge.


Å Vestland, Vestland..

Fure
Armtrenar #krykketrim
 Og det er jo ikkje så verst å vere heime:



Men mandag bar det tilbake til Bergen på kontroll.
Då fekk eg eg erfare at armmusklane har utvikla seg, 
og det som var ei utfordring 11 dagar tidligare 
no gjekk leikande lett.

Det var jo plutselig bare å hoppe over..

Tysdag var det kontroll, 
operasjonssåret hadde lukka seg fint og 
legane var optimistiske. 
Gipsen vart erstatta med ein støvel av den snertne sorten.
Den er den ultimate sommarskoen, 
nesten ikkje varm i det heiletatt!!


Kari var snill og køyrde meg,
og vi fekk ein tur på Kaffemisjonen
før eg sette nasa mot Nordfjorden igjen.


Og eg sa det før gipsen fôr:
Når den kjem av er det slutt på finevêret..


Til tross for gråvêret tok båten turen rundt Seljeøya,
slik at vi fekk sjå Selje kloster før vi tøffa inn vågen.


Så no må eg berre trene på å gå litt igjen, 
forsiktig i starten og så litt meir og meir.
Det blir ei seig tid å komme gjennom, 
men med litt trening går det meste utruleg bra.