mandag 21. juli 2014

Smerte

For to år og nokre dagar sidan gjekk eg og ei venninne bortover gata i Pattaya. Plutselig foretar eg eit slowmotion-fall ned ein liten bakke. Ingen av oss forstod heilt korleis det gjekk til, men begge er rimelig enige om korleis det må ha sett ut. Det skjedde berre nokre minutt etter at eg hadde vore og fått fiksa neglene mine, og sidan eg skulle rett heim i bryllup dagen derpå, så var eg meir opptatt av å beholde dei fine neglene enn å ta meg for. Ein kan av og til lure på korleis ei kvinne si hjerne fungerer.... Men eg følte meg heldig, eg hadde berre fått nokre skrubbsår og ein litt sår fot.

legg merke til neglene..

Eit par dagar seinare kledde eg meg opp og gjekk i bryllaup til ein god venn. Sjølvsagt stilte eg i hæler..
Det heile resulterte i at den såre foten hovna noko helselaust opp. Eg fann ut at eg måtte på legevakta. Og der tok dei røntgen og fann ut at det sikkert berre var eit vanleg overtrakk. Det samme konkluderte fastlegen min med då eg spurte om det var vanleg å ha lenge vondt litt under eit halvår seinare.

Pipa fekk derimot ein annan lyd då eg kom inn til helsesjekk før utreisa i sjømannskyrkja, og nemnde at foten framleis var vond - særleg dersom eg prøvde meg på litt trening. Då var det plutselig MR, og når fastlegen ringer kl.19.15 på ein fredagskveld då veit du at det neppe er gode nyheter i sikte. Skaden var meir omfattande og ville føre til at eg ville miste ballanseevne i venstre fot om nokre år dersom eg ikkje fekk meg ein aldri så liten operasjon.

Alltid optimist!

Så 6.juni låg eg på operasjonsbordet og fekk eit lite arr ved venstre ankel. Sidan har eg humpa rundt med gips, støvel og krykker. Eg har vore tvinga til å ta livet med ro og stole på at eg får hjelp frå andre.
Og eg har fått tenke ein del - og noko av det eg har tenkt ein del på er smerte.

For ein del år sidan var det veldig populært å lese om enneagrammet i miljøet eg vanka.  Enneagrammet handlar om 9 personlighetstypar, og du kan lese meir om det ein annan plass. Eg lærte litt om meg sjølv med å lese om det. Etter nokre runder med meg sjølv (og nokre andre) blei det ganske klart at eg er ein rimelig opplagt sjuar. Sjuaren har mange positive trekk, men noko som er framtredande er at ein sjuar ikkje likar smerte og prøvar å unngå det, gjerne ved teknikker som å fortrenge eller å fokusere på noko anna som gjer livet lyst og lett.

Aldri så galt....

Men i sommar har eg vorte nøydd til å kjenne på smerte og å forholde meg til det. Og eg har lært mykje. Og mykje av den fysiske smerten kan ha parallellar i følelseslivet - den smerten som ingen ser...

For det første er det viktig å innrømme at noko gjer vondt. Hadde eg vore ærleg med meg sjølv hadde eg innsett at den vonde ankelen ikkje var noko vanleg overtrakk, for det har eg gjort to gonger før og veit korleis det oppleves. Då hadde eg sagt til legen at det ikkje var vondt på samme måte eller på samme plass som sist, og kanskje hadde det ikkje gått så lenge før ting vart skikkelig undersøkt.
Ein kan ikkje finne ut kva som gjer vondt dersom ein ikkje vil innrømme at ein har vondt. Det gjeld også dersom vi ikkje vil forholde oss til smerten ved at nokon har såra oss eller at nokon har gått bort. Det er lettare å springe og gøyme følelsane i andre ting, som for eksempel trening, ting eller mat. Særleg dersom ein føler at ein ikkje har rett til at noko skal gjere vondt lenger... Men kven har sagt at du ikkje har rett til det?



For det andre er det viktig å ta smerten på alvor. Eg er ikkje god på det. Eg likar ikkje å ha vondt. Eg vil være frisk. Og eg er rimelig god på å fornekte smerte. Eg er sta og har ei viljekraft som overgår smerteterskelen. Eg klistrar på eit smil og er glad på utsida, sjølv om eg føler at no revnar det fullstendig på innsida. Ein kan aldri få den behandlinga ein treng dersom ein ikkje tek eigne følelsar og opplevingar på alvor. Ofte kan dette ha ein samanheng med korleis folk rundt ein ser på det. Eller korleis ein føler at folk rundt ein ser på det. Når ein har mista nokon som var umistelige - når må ein slutte å snakke om det? Når nokon har såra ein djupt - kva tid må ein gje slepp? Når ein har kjærleikssorg - når er det normalt å komme seg vidare? Eller når ein har gjort noko ufattelig dumt og det sit som ein kjempestor og vond klump i magen - når skal den følelsen gå over? Ofte tenker vi at vi blir ei belastning for dei rundt oss dersom vi ikkje kjem oss vidare når vi føler det er forventa. Men er det ikkje litt motsatt? At vi blir ei belastning dersom vi ikkje bearbeider og tek oss sjølv på alvor før vi går vidare?


Det tredje er at ting tar tid. Eg er av typen som helst skulle vore frisk i går. At eg no, over 6 veker etter operasjon framleis har ein hoven fot som ikkje kan belastast fullt er svært frustrerande. Og når eg veit at framtidsutsiktene sansynligvis er 6 veker til før eg kan kaste krykkene, 6 månader før eg kan belaste meir enn normal gange og eit år før eg er nokonlunde smertefri så kjenner eg at det ikkje heilt står til personligheta mi. Og eg vil gjerne berre fortrenge og begynne å gå igjen.. Men eg veit at dersom eg ikkje gjev det tida det treng til å gro skikkelig sammen og få tilbake fleksibilitet, så vil eg mest sansynlig måtte gjere samme greia ein gong til.. Og det er viktig å gje seg sjølv den kvila kroppen treng. Eg likar ikkje å innrømme det, men dei siste seks vekene har eg hatt eit mykje større behov for kvile og ro enn normalt - eg har jo ikkje eingong orka å blogge sjølv om eg berre har vore i ro her heime på Stadt...

Eg trur det er slik med ting i følelseslivet og. Når sorg, sakn, smerte over å ha blitt såra eller å ha gjort noko dumt sit i kroppen, så må vi ta det på alvor og gje det tid. Og den tida eg treng er ikkje nødvendigvis den same tida som du treng - kanskje er den lenger, kanskje er den kortare.

Ein dørstokk kan føles uoverkommelig første dag
på krykker, men med trening så går det
leikande lett.. 

Det fjerde eg har lært handlar om å sette ord på det.
Eg trur det farlegaste vi gjer er å slutte å snakke om det som gjer vondt. Eg er himla dårleg på å sette ord på følelsar. Det vil seie: Eg er himla dårleg på å sette ord på dei vonde følelsane. Eg set heller i gang med ulike prosjekt og held meg sjølv i aktivitet, ja, og så gløymer eg gjerne å ete. Særdeles lite lurt. Eg trur vi alle har ulike ting vi rømmer inn i når ting gjer vondt. Og dette blir forsterka dersom vi føler at vi ikkje har nokon plass å gå med det vonde. Det er faktisk viktig å få snakke om det - og av og til sit det vonde så djupt at vi faktisk treng litt meir hjelp enn gode venner ved kjøkkenbordet. Det kan vere vanskelig å sjå sjølv, og då må vi som står rundt vere ein god venn som seier frå med omsorg og prøver å finne måtar å få hjelp på.

Sakte, men sikkert...

Det femte kan vere like utfordrande, for det handlar om å tru på at det blir bedre. Akkurat no er mi største frykt at eg ikkje blir bedre. At eg plutselig ikkje greier å bli bra i foten. Av og til opplever vi ting i livet som gjer så vondt at vi ikkje trur vi skal greie å komme gjennom det eller over det. Men av ein eller annan gang så kjem vi oss i gjennom det meste. Nokre arr blir det, og ofte vil det vere områder som gjer vondt når ein berører det - men dei fleste opplever at livet går vidare og ein kjem klokare og sterkare ut av det som var så vanvittig vondt, sjølv om ein kan føle seg svak og liten når ein er midt i det.



Og kanskje er det på grunn av det sjette - at vi alle treng nokon som hjelper oss. Å vere avhengig av folk som køyrer meg og ber ting for meg er ei ny erfaring for meg. Det er ikkje ei erfaring eg set altfor stor pris på å måtte gå gjennom, for eg likar å klare meg sjølv. Men det er noko eg er uendeleg takknemlig for at eg har fått erfare. Det har nemlig vorte mange kjekke bilturar, gode samtaler og mykje omsorg som eg føler eg ikkje har gjort meg fortjent til men som har varma langt, langt inn i hjerterota. Eg har fått erfare at eg har familie og venner rundt meg som stiller opp, som bryr seg og som vil meg godt. Og det er kanskje den erfaringa mange av oss opplever: Dersom vi vågar å vere ærlege med smerten, både til oss sjølve og andre, så får vi sjå at det er mange der ute som bryr seg - og som gjerne gjev oss ei hand dersom vi spør om hjelp.

Vi treng alle litt hjelp med
børa av og til... ;)

Og det siste eg har tenkt på når det gjeld smerte er at smerte egentlig er noko bra. Kanskje ein merkeleg ting å konkludere med, men det at vi har vondt når vi har skada oss er noko som fortel oss at vi treng å stoppe opp og ta situasjonen på alvor. Når eg no er i helbredelsesprosessen så er smerten det som fortel meg kor mykje eg kan tøye ankelen, dersom eg ikkje kjende smerten så ville eg kanskje ta opp igjen skaden..

Slik er det også med følelsane - Smerte over at nokon har gjort oss urett eller over at vi har gjort nokon urett lærer vi noko om korleis vi vil bli behandla og korleis vi skal behandle andre. Og smerten vi kjenner når vi mister nokon, er kanskje den vakraste smerten, for i den smerten ligg kjærleiken og ulmar og viser oss at vi faktisk har fått del i det største og vakraste eit menneske kan få oppleve.


Så kanskje er ikkje smerte så farleg likevel, berre utfordrande og ein smule krevande? Kanskje har den noko den vil fortelle oss - om å ta vare på oss sjølve, menneska rundt oss og kjærleiken?





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar