tirsdag 12. juli 2011

Søt musikk og gamle kunstar

Folk seier ofte at "det er som å sykle, har du fyrst lært det så kan du det." Eg har ikkje hatt sykkel sidan vidaregåande, og sist eg prøvde meg så heldt eg forsåvidt ballansen,  og kom meg framover, men spesielt stødig var det ikkje. Faktisk var det nummeret før eg tok med meg ei dame med hatt på vegen - uten at ho hadde spurt om å få vere med.


Men eg trudde det var som å sykle, at når eg fyrst hadde lært det så satt det i fingrane. Eg har jo tross alt spelt klassisk piano i fem år! Men så feil kan ein ta.



Men eg har no funne fram notar frå den gong då eg kunne, og har begynt å øve igjen.
Lukka er stor når eg kjem meg gjennom 5 takter utan feil, sjølv om dei går i halvt tempo. Og det blir bedre for kvar dag som går. No skal eg ikkje skryte på meg å ha vore nokon stor pianist, men eg greidde meg fint og kosa meg med det så lenge eg slapp å opptre bak pianoet.

Og i går skjedde det som er svært uvanleg for min del: elpianoet fekk namn. Eg brukar sjelden å gje tinga mine namn. Takka vere at eg er så treg at kassa det kom i ikkje har enda i boda, var det ein på besøk som såg noko eg ikkje hadde sett. Og vips:



Sjølv om gamle kunstar ikkje er det det ein gong var, og sansynlegvis aldri blir det heller, så kosar eg meg med både Bach, Beethoven og Bernstein. Og eg har funne fram igjen Real Booka mi, og det er lettare å finne tonen på jazzsangane eg har sunge på i alle disse åra utan pianoøving.

Men berre sånn at det er sagt: eg trur ikkje lenger at ein kan noko berre fordi ein har lært det ein gong, ein har berre bedre forståing for korleis ein bør gjere det!


mandag 4. juli 2011

Hva lykke er?

Eg har rikelig med myggstikk etter helga. Så i heile dag har eg prøvd å styre lystene frå å klø, og så har eg gått og tenkt på eit av dei finaste sommardikta eg veit om. Og då tenkte eg at eg kunne dele det her - sjølv om det er på bokmål. ;)


"Lykke" av Inger Hagerup


Hva lykke er?


- Gå på en gressgrodd setervei,
i tynne, tynne sommerklær
klø sine ferske myggstikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.



Å få et florlett spindelvev
som kjærtegn over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Kan hende vente på et brev.
Be prestekragene om råd
og kanskje ja - og kanskje nei -
han elsker - elsker ikke meg.
Men ennå ikke kjenne deg.



søndag 3. juli 2011

Herleg Helga Liv

 Det er utruleg deilig å komme vekk frå byen ein gong i blant, og ingenting er bedre enn å gjere det sammen med folk du er glad i og trives sammen med. Og det skadar ikkje at sola plutselig finn ut at ho skal sprenge skylaget!


Laurdag morgon sette eg nasa mot Kvamskogen saman med gode vener. Det føltes litt for tidlig då eg stod opp, men då vi kom fram til hytta fann eg ut at det var egentlig akkurat passe tidlig.

Thor Øyvind tok frokosten i bilen

Rune e klar :)

Eg kjøpte meg statoilkopp, fin og rosa:)

Klar for handling på Bjørkheim

Framme!!

Oh- what a feeling - dancing on the.. hut

Kossen henge opp hengekøy :)

chickfight :)


Dei var ganske jamnsterke og stødige, fine jentene :)

takka vere sol tok vi musikken med oss ut :)



Det viktigaste å ha med på tur :)

Ikkje alle har slik vannflaske ;)
Vi venta så lenge vi kunne på Are, som hadde vore i Skånevik fredag og kom seint heim. Men til slutt sa magane våre så klart i frå at vi måtte sette i gang med litt middagsmat. Og som seg hør og bør på ein strålande dag på hytta var det grillmat som stod på menyen.

Marianne var salatchef :)

Grilldans 1

Grilldans 2

Mannfolkarbeid!

Ingelin med øks..


Vi slo på bålet - eller tente det som andre ville sagt ;)

mmmmm!

Velkomstkomiteen til Are blei våt på beina..

Endeleg var Are blant oss :)

MMMMMMMMMMM!

god stemning rundt grillen

1: Snakkar du til meg?

2. Snakkar du til meg?

3: Snakkar du til meg?
Men så kom det litt regn, og vi bevega oss under taket og for å holde myggen vekke fyrte Are og Thor Øyvind opp sigarane.

Korleis tenne opp ein sigar.


Gutta i røyken :)

Jai Ho på stereoen - Rune viser dansen :)
Vi angreip Trivial Pursuit-spørsmålsbunken - og svara vart noko kreative etterkvart, og meir morsomme enn riktige :)

Idiot- tidleg ein søndagsmorgen. 
 Nokre av oss var meir sporty, og valgte å sove ute sjølv om det regna.


Men alle gode ting har ein ende - og så var det tid for å rydde og vaske ut.



Og aller mest respekt til dei tøffe damene som tok kaggedoen! Eg bøyer meg i støvet!!



Medan andre rista teppene, til stor underholdning for oss andre :)



Litt støv på magen...
Eg er så takknemlig for at eg har slike menneske i livet mitt, 
som eg kan reise på tur med og ha det gøy sammen med!