onsdag 24. mai 2017

Eit liv i bevegelse

begegelse




Eg var hos kiropraktor i går. Eg har gått til han i nokre månader no. Og i går var det tida for å svare på ein spørreundersøkelse - for å sjå korleis det går. Framgangen var godt synleg - men det som vart eit tankekors for meg var korleis spørsmåla var utforma. Er du immobil på grunn av ryggen? Greier du ikkje stå? Greier du ikkje gå? Og alle vi som har hatt ryggproblem kjenner denne problematikken. Når du nesten ikkje greier å komme deg ut av senga, eller det å flytte eine foten foran den andre nesten sender deg i kne av smerte. Og det er stor forskjell på muskulær smerte, prolaps og "berre" ei forskyving. Men alt er vondt, og mange blir liggande stille.

Mi erfaring er at det gjer ofte ting verre. Mi mor skreiv melding til gymlæraren om at "Liv-Helga treng ein ekstra tur i ribbeveggen i dag" då eg hadde ramla i dusjen etter symjing og slått meg. Då syns eg det var fryktelig urettferdig - og du verda kor eg hata den ribbeveggen. Men no veit eg at det var akkurat det eg trengde.

IMG_9815

Eg har prøvd meg på å ligge stille med vond rygg. Då eg brakk den sist var det det einaste eg kunne gjere. Men etter kvart som brudda hadde grodd, var det einaste som hjalp mot stive musklar å bevege seg.
Og det å bevege seg er virkelig effektivt mot mange ting. Eg er, til tross for at det ikkje ser slik ut, glad i å trene. Eg har alltid vore beskyldt for å ha mangel på ro i ræva, og var eit rimelig aktivt barn. Eg brukar å trene fleire gonger i veka, og eg går og står mykje på jobb. Om eg skal til ein plass med dårleg parkering, så vel eg å gå. Om det er langt, vel eg kollektivtrafikk og å gå. Ja, eg likar å gå tur for turen si skuld også.


bevege.se
I det siste har det vore mange ting på tapetet - og mykje logistikk, og resultatet har vore mindre trenging og meir sofasliting enn vanleg. Og eg merkar det på meg. Eg har kortare lunte, eg har mindre overskudd og er generelt mindre fornøgd. (til tross for at livet er veldig bra om dagen) Dette er noko av det å vere i bevegelse hjelper meg med å unngå. Når eg spring på ellipsemaskina tømmer eg hovudet. Når eg må konsentrere meg maksimalt om å telle repetisjoner på vektene, eller mi eiga kroppsvekt(og den er ikkje for pyser), så er det ikkje plass til alt anna eg skal organisere. Når eg strekker musklane og kjenner sakte at dei mjuknar, så er det så deilig at eg ikkje har plass til bekymringane. Eg får koble av - og etterpå er kroppen så full av endorfiner at eg har eit heilt nytt blikk for kva som bør prioriterast og ikkje. Eg får bedre søvnkvalitet også.

bevegelse2.JPG

Men likevel så blir det ofte at når eg har det som travlast, så blir ikkje denne oasen som treninga kan vere, prioritert. Av ein eller annen grunn har ein fått innprenta at ei god treningsøkt skal vere lang. Men det treng den ikkje vere. Det heile handlar jo berre om å få litt bevegelse i kroppen. Eg snakka med ein doktor som praktiserte til han var rundt 90, og han sa det slik: "Om eg skulle gitt folk ett råd, så var det ikkje å trene som galningar, men å gå meir."  Gå. Vere i bevegelse.

bevegelse3.JPG

Eg trur vi menneske er skapt til liv i bevegelse. Både fysisk og mentalt. Det å vere i bevegelse i forhold til meiningar og tru er også viktig. Det å stagnere i ein posisjon vil føre til at ein både vert stiv og sår, og så snart nokon pirkar borti det, så kjem smerten ut - gjerne i form av frustrasjon og sinne. Og ein misser gangsyn, ein kan fort blir veldig fokusert på uvesentlige ting - og gjerne på kva andre meiner, og kor feil det er. I staden for å prøve å forstå og utvikle seg sjølv. Det kan også føre til at ein misser trua, fordi ein ikkje har gått mange nok runder med den til å bli trygg på kva ein trur på. Ein kan bli redd å møte andre, fordi dei meinar og trur noko anna. Eller ein kan la seg lede inn i det ekstreme, fordi ein ikkje har trena - sett spørsmål, jobba med det og la det bli forma til noko som er dynamisk og sterkt.

LTKA1490.jpg

Det er så lett å ta for gitt at det ein eingong mestra skal ein alltid mestre. Ein venn av meg skulle vise meg ein øvelse, men oppdaga at han ikkje greidde å gjere den sjølv. Han hadde ikkje gjort det på mange år. Det er ikkje heilt rett at om du eingong har lært å sykle så kan du det. Det erfarte eg i København. Då eg plutselig sat på ein sykkel som ikkje var bolta fast i golvet på eit treningsstudio - men der eg måtte ha kontroll på styret sjølv. Det tok nokre runder før eg kjende at dette meistrar eg.

bevegelse1

Det eg meinte då eg var 20, det har vore med på å forme meg. Men det er ikkje alt eg kan seie eg står inne for i dag. Det har utvikla seg, fordi eg har bevega meg - møtt nye menneske, nye tankar og idear. Det eg trudde på då eg var 20, det har definitivt forma meg. Eg trur på mykje av det samme endå, kjernen er den samme, men ein god del av rammeverket rundt det har fått endre seg - fordi eg har fått bevege meg i landskap som har forma meg.

IMG_1324.JPG

Og sidan eg snakkar om bevegelse. Det er på tide å komme seg ut i ein fin dag. Eg ser at skodda kjem sigande. Eg skal ha meg ein tur på trening. No er det slutt på unnasluntringa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar