fredag 22. august 2014

Veien til preikestolen

Den siste veka har vore prega av at vi har fått ny prestefamilie på plass her i San Francisco. Hurra!
Egentlig skulle dei sleppe å ha noko med gudstenesta å gjere forrige søndag, men på grunn av litt endringer av flyreiser for dei som egentlig skulle ha den, så måtte vi slå hovuda saman og få det til på anna vis. Resultatet var at presten hadde liturgien og spelte og eg talte og sørga for at det vart kirkekaffe. Eg syns det var ein heilt grei deal - eg kan jo spele piano om eg må, men kan eg spare verda for det så er det inga ulempe.


Så då måtte eg til å grave i gamle kunster, ja, talekunster altså. Og det vart noko som sette ganske mange tankar i sving hos meg. For eg kan sjå tilbake på kva eg har formidla og korleis eg har gjort det, og det er nemmen ikkje alt eg er like stolt av å ha gjort.

Som ungdom var eg idealistisk og meinte alle i verden burde meine det samme som meg. Eg var nok det mange vil karaterisere som rimelig konservativ og såg det meste i svart/kvitt. Dei som snakka om gråsoner forstod eg i grunnen lite av. Rett var rett og galt var galt, og eg var svært så tydelig på det som eg oppfatta slik.



Det er ikkje nødvendigvis at det eg sa var så fryktelig gale - eg håpar at eg ikkje har såra menneske med det eg har sagt og gjort opp gjennom åra. Men det er fryktelig lett å forkynne i svart/kvitt når ein ikkje har mennesker å knytte sak til. Det er lett å rope høgt om flisa i andre sine auge når ein ikkje ser bjelken som ein er på veg til å mose inn i sitt eige. Det er lett å snakke om å vere revolusjonær og radikal, men det er noko veldig anna å leve det.. Det er lett å bruke store ord, men altfor ofte er det tillærte fraser. Det er så utruleg lett å stå inne i si vesle, kristne boble og dømme resten verden nord og ned.


Talen min på søndag handla om fariseerane og dei skriftlærde i møte med Jesus då han kalla Levi i Lukas kap.5. Og disse mennene som strevde etter å leve etter lova har gjort meg så bevisst på mitt eige liv og mitt eige strev. Derfor vart fokuset på dei og eg veit at eg har holdt bedre taler opp gjennom åra, men eg veit óg at eg trengde denne talen.

For eg ser kor fort eg dømmer andre og kor lett det er å tenke at "eg er no glad eg ikkje er som den og den". Kor lett eg sjølv kan tenke at "i det minste er eg no ikkje slik". Og så glattar eg over og prøver å leve litt kardemommeby-aktig med "du skal ikke plage andre, du skal være grei og snill..." Og slik strever eg på gjennom livet, prøver å gjere mitt beste og håpar ingen ser det når eg ikkje greier det.


I møtet mellom Jesus og farisearane og dei skriftlærde så svarer ikkje Jesus dei med at dei er nokre "skinnhellige bukkar" slik som mange av oss lett tenker uten at vi ser at vi kan vere rimelig like dei i våre holdningar og handlingar.  Jesus gir dei eit valg. Han seier "Det er ikkje dei friske som treng lege. Eg har ikkje komt for å kalle rettferdige, men syndarar til omvending" Under dette ligg det: Du kan velge å innrømme at du ikkje fiksar alt, og eg er her for deg. Men om du ikkje vil innrømme at du treng meg, så pressar eg meg ikkje på deg.


Det var i allefall det eg fekk ut av teksten denne gongen. Og det slo meg kor mange gonger eg opp gjennom tidene har brukt ord og vendingar som har gjort Jesus til ein framand fjott for menneske som ikkje kan sjargongen. Eg vart klar over kor mange gonger eg har brukt følelseslada begrep for å få menneske til å forstå, sjølv om dette ikkje har vore ein uttrykksmåte som i bunn og grunn har vore naturleg for meg - men fordi eg gjekk i eit bestemt miljø var det ein forventa uttrykksmåte. Og kor mange gonger eg med mine fordømmande holdninger stått i veien for at menneske kan få eit slikt møte med Jesus som det Levi fekk ?

Eg håpar det ikkje er mange gonger. Men eg fryktar at det kan ha skjedd. Og det er ikkje noko eg kjenner meg særlig stolt av. Eg har ingen statistikk eller tall å vise til, eg kan berre beklage om eg har gjort det. Det var aldri meininga. Men eg må sjå framover, må gå vidare - litt klokare enn eg var før. Og eg har endra meg. Mange vil seie at eg har endra meg mykje. Andre har sett at eg har prøvd å passe inn i ei form eg egentlig ikkje passa heilt inn i, eller berre har vorte riven med av ungdommelig engasjement.


Eg er framleis idealistisk - hvis ikkje kunne eg ikkje ha flytta til andre sida av jorda for å jobbe i ei kyrkje. (Ein del av meg håpar på rikelig lønn i himmelen ;) )
Men eg ser nok verda i fleire gråtonar, ja, faktisk vil eg seie at eg ser meir i fargar no enn eg gjorde då eg var yngre. Mange vil sikkert putte meg i båsen liberal. Det er heilt ok for meg. Eg har fått ansikt til teologien, dei store spørsmåla har blitt utfordra, mine egne feil og mangler har blitt meir synlige og behovet for nåden har blitt større for min eigen del. Kanskje handlar det også om at eg har fått sjå at trua veks på stader der ein ikkje trudde den var å finne, hos menneske som ikkje akkurat trakkar ned bedehusa - men som av og til søker inn i den folkekyrkja eg ser mange av dei eg før har hatt som forbilde kallar innhaldslaus.


Eg håpar at dette gjer at når eg går fram på talarstolen no så har eg noko bedre å komme med enn då eg var yngre. Kanskje er det ikkje like velformulert, glasert og skråsikkert som før, men det er definitivt ærligare. Og eg vil heller vere ærlig og møte alle menneske med omtanke og respekt, enn å ha alle dei rette formuleringane og kristelig aksepterte meiningane. For å seie som Billy Graham: "It's the Holy Spirit's job to convict, God's job to judge and my job to love"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar