tirsdag 24. januar 2017

Om presidentar og frykta for det ukjende

Eg har lurt lenge på korleis eg skal formulere dette innlegget.
Heilt sidan 8.november faktisk.
For då starta det. Det som skjedde på fredag forrige veke.
Ein mann som er utan empati, utan tanke for andre enn seg sjølv, ein mann utan nevneverdig humor, utan evne til å styre tempramentet sitt og utan impulskontroll sette seg i sjefstolen i verdens mest berømte ovale kontor.
Eg har lurt på korleis noko slikt kan skje.
Korleis har han greidd å narre så mange velgarar til å tru at han vil dei vel?
For eg trur det ikkje. Eg ser ikkje snev av å ville andre vel.
Eg ser ein som vil seg sjølv vel - og som har enormt store tankar om seg sjølv.

Litt annen klang på "In God We Trust" over det hvite hus i dag.

For det er ikkje at denne mannen har fått president-embetet som skremmer meg mest.
Det er hatet og frykten han har skapt.
Eller rettare sagt: Det er hatet han har legalisert.

Han har gjort det lov å håne folk med handicap, han har legalisert rasisme og framandhat. Ikkje framandfrykt, men framandhat. Han har stått i front og fremma ei nasjonalisme som ikkje er sunn - og framelska ei høgreekstrem rørsle i folket. Og det gjeld folk utan for USA også.
Det gjeld folk i Norge og andre plassar i Europa.

Kva er sanninga? Har vi alternative sanningar?

Det skremmer meg at eg veit om kristne som ser på denne mannen som ein gudfryktig mann. Som anser han som eit bønnesvar. Endelig er det ein mann på sjefsplass som har dei kristne verdiane på plass. Til dei har eg eit spørsmål: Kva kristne verdiar er det de snakkar om?
I min Bibel står det om å elske sin neste, om å rive ned murar, om å ta seg av dei fattige, svoltne, dei som er i fengsel og dei som har det vondt. Det står om forsoning og om tilgjeving. Og kva var no anden sine frukter? "Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin" står det i min Bibel.. eg veit ikkje, kanskje de har ein annan versjon enn min? Eg finn andre ord i Galaterbrevet 6 som eg syns passar betre. Ord som ikkje beskriv noko som er frå Gud: Hor, umoral, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning.. Ein treng berre å vite litt om historia hans, og lese twitter-feeden for å sjå konturane. Eller å sjå fyrste pressekonferansen, som egentlig ikkje var ein pressekonferanse, men ein demonstrasjon av kva sjølvhevding og reinhekla misunning er. Eller sjå kva han har gjort i løpet av sine fyrste dagar som president...

Eg trur og håpar eg har vokse det av meg..

Og igjen - det er ikkje at han er slik som skremmer meg. Det er at så mange ser opp til han. Det er at så mange tenker at når han kan, så kan eg. Det er at så mange trur at han snakkar sant. At det er greit å ikkje like, å gjere narr av, å undertrykke menneske med annen hudfarge, legning, kjønn, religion og funksjonsnivå. Slik vert nokre menneske utstøtt, redde og makteslause - og slik vert desperate situasjonar og desperate menneske skapt. Og så har vi den vonde spiralen gåande.  

Kva er kristne verdiar?

Og han er ikkje åleine om å rope om at han har kristne verdiar, utan å vise det i handling og ord.
Eg ser i media at i Norge skjer det mykje, særlig i det flyktning-politiske landskapet. Det er enkelte som hevdar å ha kristne verdier, og som stolt stiller opp på kristne stevner med korset dinglande rundt halsen, men som uten å blunke vil sende barn eller folk som har vokse opp i Norge tilbake til land der framtida deira i beste fall er usikker. Og kristenfolk som hyller disse som om dei var Guds gave til norsk politikk. Eg trur at om Gud faktisk fikk velge politikarane våre, så ville mange ting sett annleis ut...

Men kva er det som får folket til å velge slike folk til å vere leiarar? Kva er det som gjer det mulig for dei å komme seg i slike maktposisjonar? Er det vi som sviktar?
 
Frå helga sin kvinnemarsj


Eg høyrde på radioen her om dagen. Der var det ein psykolog som vart spurd om korleis ein skal få ein som er heilt overbevist om at han har rett til å endre meining. Svaret var: Du må lytte, prøve å forstå korleis vedkommande tenker. Sansynligvis får du ikkje vedkommande til å endre meining, men du kan komme nærmare..

Eg har tenkt mykje på kva som gjekk gale her i fjor. Det var tydelig at Hillary kanskje ikkje var rette valget for demokratane. Sjølv om ho var klart best i sakligheta i debattane, så møtte ho likevel opp med ei haldning av å ikkje ta motstandaren sin heilt seriøst. Ho greidde heller ikkje å nå ein del velgarar, sjølv om ho kjempa for saker som ville vere til alle sin fordel. Kanskje var ho for dårleg på å lytte til dei som hadde behov for å bli lytta til?
Eg trur at hadde Bernie Sanders vore i hennar plass, så kunne ting vore annleis. 
Men slik var det ikkje.
 
Frå helga sin kvinnemarsj


Eg trur at mange følte seg sett når det var snakk om arbeidsplassar som forsvann. Sjølv om det ikkje vart snakka om at det er maskiner som har tatt jobbane frå folk. Eg trur mange følte seg forstått når muslimar og mexicanere vart uthengt som dei store, stygge ulvane - fordi dei er redde for desse nye landsmennene. Det er mange som trur at dei blir bønnhørt når ein milliardær står og snakkar om at no skal alt bli så mykje betre, no skal dei få jobbar og beholde sin kvite og kristenekstremistiske kvardag...

Eg trur at dei føler det slik fordi ingen har lytta til dei. Ingen har tatt på alvor den frustrasjonen og frykten dei har. Og dette har han snappa opp, han som no sit i presidentstolen. Og alt han trengte å gjere for å få makta han higa etter, var å adressere denne frykta. Gi dei eit håp. 
At det han står for knuser andre sitt håp, og skaper frykt hos heilt andre grupper, betyr ikkje så mykje.
 
Frå helga sin kvinnemarsj


Leo Ajkic har ein serie på NRK for tida: FLUKT. Å lytte til Leo er ein lur ting. Han har erfart på kroppen kva krig er. Han har erfart kva å vere flykting er. Og han er ein klok mann! I episoda forrige veke snakka han om korleis skepsis, og frykt, kan bli til hat. Korleis det å undertrykke andre sine meiningar fører til ekstremisme og i verste fall krig. Korleis kan nokon lytte når alle står og ropar?

Eg var tilstades på kvinnemarsjen her i San Francisco. Det var ein av søstermarsjane til den store i Washington. Vesle San Francisco samla godt 100.000 menneske. Snart 1/8 av alle som bur her. Rett over brua, samla endå mindre Oakland 60.000, 1/6 av alle som bur der. Det var omlag 2,5 millionar ute og demonstrerte for det vi og dei trur på. Det er den største ein-dags-demonstrasjonen på amerikansk jord, nokon gong. Det var stort å vere med på og del av. Mest av alt fordi hovudbudskapet var at kjærleiken er større enn hatet. Men også her var det mange som føler at deira stemme ikkje vert høyrd. Og det som greip meg mest var ein liten plakat, som berre sa: "Eg er redd" 
 
sjå forbi den store...

Eg trur det er der det startar. "Eg er redd"
Eg kjenner på frykta også. Eg veit ikkje kva desse strøymningane som går gjennom verda no vil føre med seg. Men eg trur aldri at framandfrykt og hat fører noko godt med seg. 
Vi har sett det før. Vi trur kanskje vi må tilbake til andre verdenskrig, men etnisk rensning og frykt for dei vi opplever som ukjent eller fiende har vore der heile tida. Eg vaks opp med at England var like farlig som Israel. Og mange av landa eg lærte om på barneskulen er der ikkje lenger. Og det har vore diktatorar i verda heile mi levetid. Men faktumet er at dei vi trur er fienden er berre menneske dei og. Og ofte er dei like redde som oss.
 
Kjærleiken skal råde


Eg trur psykologen og Leo har rett. Vi må begynne å lytte til dei vi ikkje forstår. Vi må sjå dei som medmenneske - ikkje som fiende, sjølv om vi ikkje kan fatte at dei meiner det dei gjer. Kanskje kan vi ved å lytte finne ut korleis dei har komt til konklusjonane sine. Og kanskje kan verden bli ein bedre plass for oss alle. 

Frå demonstrasjon på Golden Gate fredag
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar