tirsdag 28. februar 2012

Skapamerikaner


Den siste tida har eg møtt på Amerika i veldig mange sammenhengar.
Enten i form av musikk, menneske eller idrett.. 
Det er to år sidan eg var der i 3 veker, 
og eg kjenner dragninga mot vest.

Eg sat her og såg Super Bowl i helga. 
(eg hadde tatt det opp, for eg kunne ikkje sitte oppe på natta 
for eg skulle på jobb neste dag)
Det var spennande sjølv om eg visste at laget "mitt" tapte på forhånd.
Det var likevel noko heilt spesielt med å sitte å sjå det..

Og eg må innrømme at eg lika Amerika,
sjøl om det ikkje er alt ved Amerika som er like bra. 
Eg kjenner at det er fristande å reise dit,
og eg kunne godt tenkt meg å bu der ei periode.
Så her er litt av det eg likar med Amerika:

Kaffeelsker som eg er: Starbucks på kvart hjørne - ja takk! :)

Dei har forstått at converse bør vere billigsko! <3

Å dolle seg er heilt ok(og ganske rimelig)! :)

Og ting er større der borte!

"Melkekartongane" har fornuftige størrelser og fettprosent for en kvar smak

Need I say more???
Men når alt kjeme til alt, 
så er det ikkje tinga eg likar med Amerika.
Det er folka
og måten dei møter deg på.
Ja, eg veit at der er mykje forskjellig der også.
At rasisme og mobbing er eit like stort problem der 
som ellers i verda.

What a beautiful smile!:)

Men sånn generelt 
så har folka ein måte å sjå deg på som er så fin.
Ein måte som vi nordmenn kunne lært av.
Dei smiler og seier hei, 
dei seier takk og unnskyld,
og dei leitar etter det positive.
Som då eg kom på det lokale supermarkedet,
raud som ein tomat etter ein dag på stranda,
og kassamannen smilte, blunka og sa:
"That's gonna be a nice tan, miss!"


Eg veit i allefall at eg vil tilbake dit ein dag.
Eg innrømme det: eg er ein skapamerikaner!
Og kva passar vel betre enn å avslutte med 
enn den pompøse, men dog, vakre nasjonalsangen?

mandag 27. februar 2012

Mandagsmiddag i regnet

I dag har det forsåvidt vore greit vêr i Bergen.
I allefall til eg var nesten komen heim.
Og eg er så inderlig lei av regn og grå dagar no,
så eg fann ut at eg måtte lage meg noko meir eksotisk til middag.

Når regnet hamrar på ruta er det godt å tenne lys og krype under pleddet ;)

Då vi var på Færøyene fekk vi servert ei fantastisk fiskesuppe,
og eg fann ei oppskrift på nett som eg trur ligg i same gata.
Problemet er berre at magen min har ikkje vore så glad i fisk i det siste,
så eg fann ut at eg fekk prøve ein litt annen variant.


Det var kyllingsuppe med fersken - og det dugde(syns eg).
Her er oppskrifta, i allefall sånn ca (eg gjorde det meste litt på slump):

Ein kyllingfilet, som eg kutta opp og la i ei ildfast form og sette i ovnen på 200 grader.

Så kokte eg 
1 sjalottløk
2 gulrøtter
1 fedd kvitløk
2 ts karri
litt pepper
i kyllingbuljong (laga av 3 dl vatten med 2 terningar kyllingbuljong)
Eg lot det koke i ca 5 minutt,
så hadde eg oppi ein boks med moste tomatar
og lot det koke i 10 minutt til.

gulrot, kylling, løk og fersken:)

Så hadde eg oppi kyllingen som hadde stått og bruna eg i ovnen,
tre halve fersken som eg hadde sutta i små bitar.
Og litt fløte.
Og så lot eg det koke et par minutt til, og voilà:
Deilig, småeksotisk kyllingsuppe, 
som kan få en til å drømme om varme strender under skyfri himmel
- nok til to personer, 
eller til både middag i dag og lunsj i morgon! 


onsdag 22. februar 2012

Faste

Atlterpartiet i Landås kirke. 
 I dag startar fasten.
Askeonsdag.
Det er 40 dagar til påske.
40 dagar til fridagar.
40 dagar til familieliv, ski, sol og kvikklunsj for mange.
Søndag var det fastelavenssøndag, 
mandag var det blåmandag,
og i går var det feitetysdag.
Sjølv om blåmandag egentlig har fått namnet etter det liturgiske kledet på alteret, 
(som mange kyrkjer i middelalderen ikkje hadde råd til å farge i fasta sin farge, fiolett 
- og som difor var blått, og denne mandagen skifta kyrkja farge til fasta sin farge.) 
så handlar disse tre dagane om å førebu seg på å svelte i nokre veker..


Men kva er fasten egentlig?
For oss nordmenn er det mest kjent at i Islam har dei det i ein månad med faste, Ramadan.
Og kanskje har vi høyrt om at i Jødedommen har dei Jom Kippúr, som er ein fastedag - forsoningsdagen.
Du finn faste i dei aller, aller fleste religionar på eitt eller anna vis.
Det handlar om fokus. disiplin, tilbeding, offer og bot.
I nokre religionar handlar dette om å frigjere seg frå kroppen for å oppnå høgare åndelighet,
i nokre handlar det om bevisstgjering, medan for andre er det fokus på Gud som er tingen.

Den kristne fasten er nok mest det siste.
Det finnes dei som praktiserer det som ei skikkelig mat-faste.
Men i min barndom handla fasten om kirkens nødhjelp sin fasteaksjon,
å ha ei pappbøsse som ein putta pengar på og tok med i kyrkja for å hjelpe svoltne barn i afrika.
Dei siste 5-10 åra har det vorte meir og meir populært å faste frå ting.
F.eks. å kutte ut tv-en, eller facebook, eller andre liknande ting.

Eg fekk så vakre blomster frå mamma og pappa i går!
Det går mot vår, sjå: alt det vakre rundt oss spirar fram! 
Eg trur faste er ein god ting. 
Spesielt trur eg det er sunt for oss som har det så inderlig godt
å faste frå ting som tek fokuset vekk frå alt det vakre vi har i liva våre.
Ting som gjer oss til isolerte identitetar som trur vi har all makt.

I jula forsvann både internett, telefon, tv, straum og vatten heime på Stadt. 
Riktignok var straum og vatten ca på plass igjen etter litt over eit døgn,
men det var likevel noko veldig frigjerande med å ikkje ha tilgang på resten av verda.
Det var noko veldig godt med å sitte i stova med levande lys
og virkelig prate med dei ein har rundt seg.
Og det var noko virkelig skremmande med å sjå kor avhengig ein har blitt av alle duppedingsar.

Dette bildet har eg over dataen på jobb. (sitat: Jim Rohn)
Eg har fasta frå ulike ting tidligare.
Det er ikkje enkelt. Spesielt ikkje fyrste dagane.
I år har eg eit prosjekt. 
Ein deal mellom meg og Vår Herre i fastetida.
For meg handlar denne fastetida
om å gi takk til Han som har skapt alt
og gitt alt.
Kanskje det er noko å gjere for deg og?
Det er jo berre 40 dagar! ;)

tirsdag 21. februar 2012

Spiseforstyrra

Eg spurde mor mi, som har rimelig god peilig på  det norske språk, om kva spiseforstyrrelse er på nynorsk. Ho svarte: "På nynorsk et vi til vi er mette, så det finns ikkje!"
Egentlig er det eit saltande godt svar - bortsett frå at det ikkje er rett.


Den siste tida har eg sett fleire reporasjer om fedmeepedemien vi har framfor oss i Norge. Eg har høyrt ekspertane uttale seg, om korleis foreldre, skule og andre har svikta born som er overvektige. Og eg har høyrt om alle løysingane, som stort sett går ut på det same: reduser matinntaket - eller magesekken. Det er så såre enkelt, og så ytterst stigmatiserande. Er du tjukk er det fordi du et for masse.


Og eit blogginnlegg, som sit veldig langt inne for meg, vart plutselig viktig å skrive. Mest for min eigen del. Fordi eg treng å sette ord på det, både for meg sjølv og for andre.

Eg har tenkt på det sidan eg såg eit intervju med Whitney Houston der ho snakka om rusmisbruket sitt. Eller rettare sagt, bortforklarte det på ein måte som berre ein rusmisbrukar kan gjere. Og eg satt her så prektig og tenkte: "å bortforklare slik skadar berre deg sjølv!" Dagen etter stod eg på jobb og innsåg plutselig at eg gjer akkurat det samme - ikkje om pillar og rus, men om mitt forhold til mat.


Eg har ein spiseforstyrrelse. Det har tatt meg 15 år å bruke ordet. 15 år sidan orda "mistanke om Anorexia" vart skrive i papira mine frå helsetenesta på Blindern i brevet til sjukehuset på Nordfjordeid.. I meir enn 15 år har eg brukt mat for å halde kontroll på følelsane mine. Ikkje ved å ete til eg sprekk, eller kastar opp. Men ved å la være å ete. Ikkje akkurat det ein forventar seg av ei på min størrelse.


Til vanskelegare eg syns det er å takle følelsane eg har, jo enklare er det å droppe måltida. Då har eg kontroll, for noko anna tek fokus. Og etterkvart handlar det ikkje om å dempe følelsar, men du havnar i ein vond sirkel. Og i motsetning til andre som har denne type lidelse, så har ikkje kroppen min forstått at når den ikkje får næringa den treng - så skal kiloa renne av. Min kropp gjer det motsatte: den lagrar! Eg trur det må vere restane av sunnmørsgenene som slår ut her..

På dette bildet er eg ca.10 år. Ikkje tynn, men heller ikkje merkverdig tjukk
Kva som er grunnen til dette er det ingen som kan svare meg på. Men kanskje er det at eg sidan eg var 12 år har forsøkt alle vidunderkurar som har vore på markedet. Noko eg kanskje ikkje hadde gjort dersom legen min hadde latt være å henge seg opp i at 12 åringen som var på helsekontroll var 65 kg - noko som er ca 5 kg for mykje i forhold til mine 163 cm.
Han anbefalte kuren "mett og lett" - ingen visste då kva som var konsekvensen av slike pulverkurar.

Skulebildet i 9.klasse, då var eg 15 år.

5 kg forsvann saman med lysten på mat med jordbærsmak- men då eg skada meg litt seinare på året, og vart sittande i ein sofa etter ein operasjon i ein fot, så kom dei fort tilbake - med renter. Då var det plutselig ikkje lenger 5 kg, men 20. Og kampen var i gang. Liv-Helga vs vekta. Nutrilett, Camebrige, vanlige rensekurar, blodtypediett, noko sære analysegreier,  Grete Roede, slankepiller - you name it, I've probably tried it!
Og kvar gong har rentene vore litt større enn tapet.


Eg har aldri vore trygg på kroppen min. I motsetning til mine søsken var eg alltid litt lubben. Noko som folk var flinke å påpeike. Eg vart aldri mobba, men fekk høyre at eg hadde lagt på meg, eller at no måtte eg passe vekta. Av ein eller annan merkelig grunn trur mange at ein ikkje er klar over at ein har nokre kilo for masse på kroppen. Eg er ganske smart, så eg hadde no ei viss formeining om korleis landet låg. Likvel fekk eg råd frå både lærarar, lege, helsesøster og andre velmeinande folk om at eg måtte passe på kva eg åt, kva tid eg åt og kor mykje eg åt. Eg opplevde ofte at folk talte i meg tuggene - og nærmast førte rekneskap med kvar bit eg tok. Du kan seie at sjølv om eg aldri vart mobba, så fekk eg min del.

Det aller vondaste var at nokon, utan å ville meg noko vondt, kalte meg "fleskeberget" ved fleire anledningar. Då det skjedde var det meint som uskuldig moro, det ser eg i ettertid. Men det føltes ikkje slik. Eg er heilt sikker på at vedkommande ikkje ville skade meg på nokon måte, det var berre vitløyse, men det er definitivt den tiltalen eg aldri vil greie å gløyme, same kor mykje eg prøvar. Eg har ingen nag til dette mennesket - men eg hatar ordet. For dette ordet fekk definere meg frå barndommen av. Eg trur det fekk ei makt over meg som eg aldri har greidd å fri meg frå.


Og då eg ein vårdag i det Herrens år 1997 opplevde at ein god venn mista mor si i ei trafikkulykke, same dag som vi hadde spøka om bilkøyringa til familien ved middagsbordet, starta kampen mot maten for fullt. Eg var fullstendig klar over at eg hadde fått meg eit problem, men eg greidde berre ikkje å gå inn i matsalen for å ete. Og det er ein vond spiral det der, når du sluttar å ete blir du slapp og kvalm, og får gjerne vondt i hovudet. Og då orkar du i allefall ikkje å ete.



Til å begynne med drakk eg cola for å få i meg litt næring, men gjekk over på kaffe etter ei stund. Eg greidde jo å få i meg litt, kanskje eitt måltid om dag. Det var jo noko! Kanskje er det grunnen til at kroppen lagrar det den får? Nokre år seinare vart eg med ei venninne på Grete Roede-kurs. No skulle eg få orden på kroppen. Det var ei sjokkoppleving. Medan mine med-kursdeltakarar fortalde om kampen om å komme seg ned på 1400 kalorier for dag(som var det ideelle), var min oppdagelse at det var ein kamp å komme seg over 900.


Eg trur det var då eg forstod at legen på Blindern kanskje hadde vore inne på noko. Anorexia var kanskje drøyt, men at det var noko gale med matinntaket på ein annan måte enn eg hadde trudd blei klart for meg. Og eg tok opp kampen. Kampen for å ete. Og å ete sunt.  Det gjekk bra ei stund, og så skjedde det noko som var vanskeleg å takle. Og alle gode forsett forsvann ut av vindauget. Min reaksjon var å slutte å ete. Men denne gongen var eg ikkje like bevisst på det. Det berre skjedde.

Åra gjekk og vektnåla peika meir og meir opp, så eg prøvde meg på Fedon sine greier. Då gjekk eg jo til lege og fekk oppfølging (og fekk betale for det). Men nok ein gong møtte eg dette pulveret - som ikkje var nokon kunst for meg å ete. Eg slapp å forholde meg til mat - og plutselig ein dag innsåg eg at no var eg virkelig ute å køyre. Eg greidde plutselig ikkje tanken på å ete skikkelig mat. Eg fortalde det til legen og då vart det brått slutt på all pulvertilgang!

Eg har etterkvart greidd å fortrenge at eg ikkje bør bruke bikini.. ;)

Effekten lot ikkje vente på seg, som alle andre gongar kom kiloa snikande tilbake. For når eg ikkje hadde pulveret fekk kroppen ikkje sine 5 doser for dag lenger, men var heldig om den fikk ein yoghurt og ei banan til lunsj.

Så kom cøliakidiagnosa, og gjorde livet så mykje enklare. Kanskje kom noko av kvalmen på grunn av brødet som eg til stadig prøvde å ete? Eg jobba beinhardt med å halde styr på måltida, og kiloa forsvann - sakte, men dei forsvann. Eg hadde energi og var masse i bevegelse. Og så var det ein som kom litt for nær, som begynte å fleipe med at eg var så voldsom på dette med maten, og eg, mitt dumme naut, tenkte at eg skulle greie alt sjølv, eg skulle slutte å fokusere på å få i meg måltida - og plutselig var alt heilt på styr igjen. Gamle mønster var på plass og vekta steig.

For eit år sidan fann eg ut at det var nok. Eg spurde om hjelp. Eg veit at eg ligg i kategorien for helseskadelig fedme. Eg veit at kvar dag med denne vekta fører meg kjappare i grava. Eg veit at problemet ligg i psyken. Så eg begynte å gå til psykolog for å få bukt med det.
Eitt heilt år brukte han på å lirke ut av meg setninga "Eg har ein spiseforstyrrelse". Eg har brukt eit år for å få på plass to måltid: frokost og lunsj. Eg har begynt å få greie rutiner på middag og kveldsmat også, men eg veit at dersom eg ikkje er svært så bevisst så kan dette skli ut igjen.


Eg skriv ikkje dette blogginnlegget for at du skal syns synd på meg. Men fordi eg vil fortelle at fedme ikkje alltid har ein enkel grunn. Eg trur aldri det har ein enkel grunn. Eg trur heller ikkje det har ei enkel løysing, sjølv om mange vil tru det. Eg vil fortelle at alle velmeinande råd og tips om korleis du kan gå ned i vekt, ikkje alltid er like gode som dei er velmeinande. Eg tok til meg at eg skulle kontrollere maten - og begynte å gjere det på ein svært usunn måte.

Og eg må understreke at familien min ikkje kunne gjort noko annerleis, uansett kva ekspertane seier. Dei er ikkje skuld i mine problem. Eg har verdens herlegaste famile, eg elskar dei og dei elskar meg, sjølv om vi både kan ha oppheta diskusjonar og til tider kan ha innslag av crazy alle som ein. Er det nokon eg veit at berre vil meg godt, så er det nettopp disse folka som eg har vore så utruleg heldig å bli født inn i familia til! Dei kunne ikkje gjort meir for meg enn dei allereie har gjort, dei har gjort mykje meir enn dei er klar over - men dei har ikkje fått vore så involvert i den kampen eg har kjempa. Det har vore mitt valg. Eg har vore altfor opptatt av å greie meg sjølv..

Aaall byyy myyyy seeelf.. inga god løsning! 

Og det er litt av problemet mitt - at eg har tenkt at eg skal greie alt sjølv. Det har eg innsett at eg ikkje gjer. Eg skamma meg over at ting er som det er og prøvde å skjule det, bak ei maske av fleiping og sjølvironi. Overlevelsesmekanisme kan ein kalle det. Og det er og ein av grunnane til at eg spelar dette blogginnlegget ut i weben, no veit alle det - og kan forholde seg til det. Eg får den hjelpa eg treng, så det er inga grunn til bekymring. Det er difor eg faktisk kan skrive dette. Eg måtte berre vise litt av det som er bak maska, eg måtte våge å fortelle sanninga - slik at eg ikkje er som ho som bortforklarte dopmisbruket.
Og eg kjem framleis til å vitse med og om meg sjølv - det er faktisk ein del av min natur. :)

Det er kanskje nokon som les dette og innser at dei ikkje er åleine. Nokon som kan kjenne seg igjen i frykta for å ta ein sjokoladebit - for tenk kva alle andre tenker. Eller som kuttar maten for å døyve smerten. Enten du er tynn eller tjukk, dersom du har det slik: Be om hjelp! Det er for vanskeleg å greie det åleine. Det er mi erfaring - og eg veit at vegen eg har igjen å gå ikkje er enkel, men eg trur at endeleg er eg på rett veg. Eg har i allefall tatt dei fyrste skritta i rett retning.

tirsdag 14. februar 2012

I'm a freak

Eg såg på tv og dumpa innom Live at the Apollo. Der var ein komikar, Jon Richardson, som gav meg ei ny innsikt i meg sjølv. Så denne må eg berre dele:



Han er nok hakket meir ekstrem enn dei fleste av oss, men eg trur han er inne på noko.. i allefall kjende eg meg veldig igjen i forhold til to mennesketypar, "the putters and the leavers".

Eg har ikkje lyst å vedgå det, men det er sterke indisier for at eg er likare denne mannen enn eg likar å tenke på. Og det er tid for den store innrømmelsen: Eg har ein aldri så liten kontrollfreak i magen..
La oss ta nokre eksempel:


Eksempel nr.1: Cd-hylla mi:

Der er ingenting overlatt til tilfeldighetene, der er det organisert etter alfabetet så langt som råd, og så er det nokre cd-ar som er havna i ein klasse for seg sjølv av ulike grunnar. (f.eks. samleplater med diverse artistar) Dette kan nok mange musikkglade menneske kjenne seg igjen i.
Men, få ting gjer meg meir frustrert enn å sjå folk ta ein cd ut frå stereoanlegget og legge den laust, eller endå verre, berre legge den inn i nærmaste cover. Og dette kjenner eg kvart fiber i kroppen skrik over sjølv om det ikkje er min cd..
Cd-ar skal leggast tilbake i riktig cover, og settast inn på rett plass i hylla.


Eksempel nr.2: Handlekorga og bæreposane:

Det er viktig at druene ikkje blir knekt av mjøl- eller melkepakkane. Det kan vel andre seie seg enig i også. Mange vil nok sikkert vere enig i at det å ha eit visst system på korleis ein plasserer varene i korga også har ein funksjon. Eg sorterer varene når eg skal ha dei i bærepose heim, slik at det som skal på kjøkkenet og er mat går i ein pose, og alt anna går i ein annan. Å blande såpe med frukt bør ein jo ikkje gjere.. ikkje frysevarer med ferskvarer heller. Det er best å ha system på det! 


Eksempel nr.3: Organisering av arrangement:

Eg kjem aldri til å forstå dei som skal arrangere kurs og ikkje har lagt i mapper det som skal i mapper før kurset startar. Som ikkje har tabell på tabell med påmeldte og all naudsynt info. Og som ikkje har kontroll å kva dei skal ha med seg av papir. Og som har så roen på det at dei utset å kopiere det dei treng til kvelden før, eller same morgon som kurset skal haldast. Eg beundrar roa deira.

Eg derimot er stressa dersom eg ikkje har kopiert og klart det eg skal i god tid. Skrivaren eller kopimaskina kan jo ta kvelden eller finne på noko anna bøll.
Eg likar å ha oversiketlige tabellar - som fylgjer mitt system!

Jada, eg veit eg er krevande. Men helst vil eg gjere det sjølv, for då veit eg det blir gjort på min måte ;)


Eksempel nr.4: Non Stop, Operamints og M&M

Dette er kanskje den særaste biten. Og det er ikkje så tvangstankeaktig som det kan høyres ut som.
Men, når eg et non stop, operamints eller M&M så har eg ei uvane.. Det handlar litt om smak, men og om mønster. For eg et ein og ein farge. Eg blandar ikkje f.eks. ein neve med non stop. Helst hadde eg sett at eg kunne lagt det ut over bordet i lange striper med kvar farge og ete meg gjennom det, men det ser litt dårleg ut når eg er på besøk hos andre.
Men det er forskjell på å ete non stop og operamints. Rett og slett fordi at det er forskjell på smaken på non stopen, og då et eg jo sjølvsagt fyrst dei som er minst gode..(dei svarte, brune og grøne)
Operamints er det meir mønster, det er veldig kjedelig hvis det er igjen 5 kvite, 5 rosa og 8 lilla. Då må 3 lilla gå før eg kan ta ein av dei andre, og så er det like mange til ei kvar tid.
M&M har eg ikkje ete nok av til å ha fått klarhet i om det er forskjell i smak, så det et eg som eg et operamints.
Men når det skal seiast så er det ikkje ofte eg et noko av det, så dette er ikkje noko som pregar kvardagen min stort.



Eksempel nr.5: Borddekking, rydding og skap

Ting skal ikkje vere overlatt til tilfeldighetene når ein får folk på besøk. Eg følte meg kjempeflink då vi hadde tapaskveld og eg ikkje dekka bordet før Berit og Ingelin kom. Ein del av meg var veldig gira på å ha dette klart før eg la meg kvelden før.

Eg er og svært klar over kor ting skal vere i skuffer og skap. Så når nokon har vore snill og rydda for meg, så blir eg litt desperat. For det er ikkje alle ting som nødvendigvis er like logisk.
Eg trur dette er noko som har utvikla seg på grunn av at eg har hatt lite plass dei plassane eg har budd, og har vorte nøydd å ha system for å få plass til tinga mine.

Det som er værre er at eg har overført dette til oppvaskkummen også. Så når folk skal vere snille og sette ut oppvasken etter måltidet, så kjenner eg at eg virkelig må jobbe med meg sjølv for å ikkje kommandere dei til å gjere det slik som eg vil at det skal gjerast.. Og no har eg erfart at kroppspråket mitt avslører meg.. Sitat frå ein kamerat som prøvde å vere snill: "Eg kjende på heile meg at eg gjorde noko gale!"
Så her har eg noko å jobbe med kan du seie..


Eg kan vel berre innrømme at eg er litt over gjennomsnittlig opptatt av kontroll, system og mønster.
Det er noko noko eg må jobbe litt med - for eg har ikkje lyst å bli heilt nevrotisk på det. Og heldigvis er ikkje nokon av særhetene knytta til katastrofetankar eller tankar om at fæle ting vil skje dersom det ikkje blir gjort slik eg har lyst at det skal gjerast!

Eg har lyst å nyte livet og gi blaffen i kor nøklane er (dei skal henge på ein knagg i gangen forresten!).
Men enn så lenge får eg trøste meg med at eg i allefall kan le av feila mine, og blir ikkje sinna om eg gløymer meg på bussen.

Mi bønn så lenge får vere: "I'm a putter, please love me!" ;)

mandag 13. februar 2012

Livets musikk

Vi snakka om at Bergen har mangel på bassister på lørdag.
Eg syns det er så rart at ikkje fleire vil spele det, 
for når folk virkelig kan spele bass er det noko av det råaste som finns!

Og eg har gått og tenkt på musikk i det siste,
så eg tenkte det var på tide å dele litt tankar om det..


Eg er vel sånn kanskje litt over middels intressert i musikk.
Og i det siste har eg altså gått og tenkt litt på kva musikk er
og ikkje minst kor viktig det er.


Eg har tenkt på samspelet god musikk treng.
At ein sang kan få nye dimensjonar ut frå korleis du legg fraseringar,
rytmikk, akkordar, bassgang og så vidare.


Eg elskar feite gitarriff og tette akkordar. 


Og midt i det er det lett å gløyme at musikken
ofte bygger på trommer og bass.
Korleis hadde vel Beatles "Come Together" vore uten disse to elementa?
Korleis hadde vel Händel sitt Hallelujakor vore utan bassen og rytma som driv framover?
Eller musikken til U2, Muse, Coldplay, LidoLido, Adele, Lars Vaular,
Kanye West, Jarle Berhof, Jan Eggum, Nirvana, ja, de skjønar teikninga..


Ein stødig trommis og dyktig bassist dekker gjer underverk for heilskapen i musikken.
Enten den går i dur eller moll, har kompliserte rytmer eller går i 4/4-takt. 
Eg må innrømme: 
ingenting er som trommer som pumpar 
eller bassgangar som dansar.

Og eg har tenkt litt på dette i forhold til livet.


Livet har mange sangar som skal spelast og syngast.
Nokre går sakte, og er moll-prega, andre er fulle av dansbare rytmer.
Felles for dei alle er at dei treng rytme og ein bass som gir stabilitet
for å ha eit bakteppe å legge gitar, piano og andre instrument på.
Eg trur det er fort gjort å bli så fokusert på at gitaren må låte bra
at ein juksar med trommene, at rytma ikkje blir stødig,
eller gløymer bassen vekk i ei krå,
og så forstår ein ikkje kvifor sangen ikkje vart så fin som ein hadde tenkt..


Dersom ein vil ha gode låter
så er det vikig å spele saman.
For gitaren eller pianoe er ikkje mindre viktig!

La rytma få sette tempo,
la bassen får gi navigeringsverktøyet,
for fyrst då kan gitaren virkelig få stråle med soloen sin
og sangen får glitre så den bergtek dei som høyrer.
Fyrst då blir det musikk som blir lytta til
og som får rom på livets store scene!


søndag 12. februar 2012

Pizzakveld og bursdagsfeiring

Mamma, eg veit du les bloggen: denne rosa er til deg! Skulle gjerne
gitt deg ein stor bukett sjølv i dag. Glad i deg!
Det har vore ei fin helg. 
Den er ikkje over enno,
men eg er klar for ein roleg søndag.
Einaste plan for dagen er å ringe mamma
og gratulere med morsdagen. 
Og eg kjende at det var på tide å oppsummere helga litt.


Fredag kveld fekk eg storfint besøk frå østlandet.
Kari Anne kom på pizzakveld.
Vi såg film, åt pizza og skravla, 
akkurat som i gamle dagar.


Og tradisjonen tro hadde vi dessert. 
Denne gongen hadde eg laga Mørk Hemmelighet,
ein av mine absolutte favorittar.
(den forsvant gitt..)
 Og eg fekk disse utruleg vakre rosene.


Og det var ikkje slutten på festelighetene. 
For i går var det bursdagsfeiring for Thor Øyvind.


Det vart feira med sushi og kjekke folk.
Den fyren har så flotte venner altså! ;)




Are, fiskeelskeren som syns fisk er best i havet, måtte jobbe
medan vi andre meska oss på Nama. 
Men han kom og leika litt med oss på slutten.


Og vi fekk testa ut ein ny plass, 
Biblioteket bar. 
Der var det variert klientell og god atmosfære.


Og så kom eg heim og skulle berre sjekke nyhetene før eg la meg.
Der låg sjokkmeldinga om at mi store heltinne frå barndommen,
dama med ei av verdens største stemmer har gått bort.
Så ein liten videosnutt må til, 
ikkje ein av monsterhitane hennar,
men ein fantastisk framføring av den amerikanske nasjonalsangen.


Rest in peace, Whitney!