mandag 28. november 2011

Advent


Eg har bestemt meg. Eg skal prøve å gå opp til eksamen på torsdag. Det er MYKJE som må fordøyast før den tid. Så har vore og kjem til å fortsette å vere litt bloggetørke. Men eg kjem sterkare tilbake.
Men eg må seie nokre ord om helga, før eg går og legg meg.


I går var det lysfest. Det regna noko fenomenalt, så eg heldt meg heime. Men eg fekk sjå en god del av fyrverkeriet herfrå og..
Lysfesten i Bergen er alltid laurdag før 1.søndag i advent. Eg gjekk ikkje ut til den, men eg bevega meg ut for å høyre Divisi fylle domkirken med julesangar med nokre utruleg vakre arrangement.


Det var ein rein nytelse å sitte der i kyrkjebenken, same kor hard han var. Tonane smaug seg rundt kropp og sjel, og eg gjekk fredfull heimatt til bøkene mine.. Men eg fann ut at eg måtte innom boda på vegen og hente litt jule-advent-pynt. På veg inn i kjellaren møtte eg denne:

Det MÅ ha vore ein mann som parkerte denne!

I dag tidleg skulle eg møte Sigrid og co på Hotel Admiral kl.9. Kvart på 10 ringte ho - då sov eg framleis. Men eg jogga rundt Vågen og fekk nokre minutt saman med dei før dei måtte reise.
Eg var innom Salem på veg heim, der møtte eg Lisa, Marianne og Ingelin - og så vart det jammen ein kaffe og. Litt godt å puste litt sjølv om eg strengt tatt burde vente med det til fredag!

Det var såpass høg vannstand i Vågen at eg berre måtte ta eit bilde. Syns sånt er veldig fasinerande..


Vel heime tende eg på adventsstaken eg har laga meg i år, og fann fram markørtusj og bok. Så får det stå til. Eg har les akkurat nok til at eg kjem til å rive av meg håret dersom eg ikkje går - og oppdagar at eg kunne ha svart på oppgåvene. Og går eg, og finn ut at eg ikkje kan svare - ja, då får eg ha bedre lykke neste gong!
Som mamma sa: "Kva er det verste som kan skje? Du stryke - og det har du gjort før!"
Godt med litt moralsk støtte! ;) Og ho har heilt rett - og eg har erfart at eg lever fortsatt, har jobb fortsatt, har både tak over hovudet og menneske som er glad i meg uansett kor gale det skulle gå.

Så hugs det: Din verdi vert ikkje avgjort av kva du presterer. Den blir avgjort av Han som har skapt deg. Og den er sett så høg at Han valgte å bli menneske - Han tok av seg guddommen og vart som deg og meg. I ein stall for godt 2000 år sidan. Difor tende eg det fyrste lyset i dag - eg ventar på det vesle barn i krybba lagt på strå. God adventstid til deg som les dette! Måtte det bli ei god ventetid for deg! <3

tirsdag 22. november 2011

Verdens snillaste!

Eg har verdens snillaste venner, sånn generelt! 
I dag fikk eg hjelp av ei av dei - Ingelin.


Ho har brukt fleire timar av ettermiddagen sin
for å hjelpe meg få oversikt over pensum.
Ho er så klok og snill
og morsom og (ikkje minst) pedagogisk!
Eg diggar henne!
Eksamen på fredag virkar plutselig 
ikkje så uoverkommelig


Det er jo trass alt to dagar igjen
To dagar eg har "fri" frå jobb
To dagar å lese
Berre tenk på kva Gud greidde å utrette på to dagar
Eg er jo skapt i Hans bilde!

mandag 21. november 2011

Liv(et) for tida


Om ei veke er det advent. Eg gledar meg! Eg likar ikkje hausten eller vintermørket. Med advent er fint. Då har vi masse lys i gatene og i husa våre.
I dag varma vi opp til advent i Brattholmen Bedehus. Det er siste søndag i kyrkjeåret, og vi fann liksågodt ut at vi kunne tjuvstarte litt på det nye. Så vi hadde øvingssøndag og kombinerte det med å synge på sang og musikkmøte med Sotrabu-arar.

Ei frå Fjell kommune! ;)

Ja, og vi - det er Seraf sjølvsagt. Fine folka! :)

Nokre har større simultankapasitet enn meg. (og talent for handarbeid)

Fine Maja!

"Vi e klar!" ;)

Berit-snuppa smiler som alltid! :) 

Det gjer Venke og! :)

Flinke pianomann-Endre :D

Are med barten

Torgeir og kaffe :)

Livet mitt er ikkje så veldig sosialt for tida. Eg er rett og slett begynt å stresse litt med at eg faktisk har meldt meg opp til eksamen. Så no brukar eg så masse tid som mulig i lag med bøker, kaffe og markeringstusj. Forhåpentligvis har noko trengt inn til fredag..

Kaffemisjonen er ein fin plass å studere på! ;)
Og skulle det gå på ræva på eksamen, så har eg alltid Seraf sin julekonsert å sjå fram til laurdag om to veker. Eg trur det blir den beste konserten vi har hatt til no - det haurdes i allefall veldig lovande ut på møtet i dag! :) (og treng du billett, gje meg ein lyd - dei er heile 60 kr billigare hos meg enn i døra!)

Vil du sjå meg slik? Kom på konsert med Seraf - 3. des. kl.16 eller kl.20! 

tirsdag 15. november 2011

Koselig!

I går var eg på Logen bar og Voksne Herrers Orkester. Playground skulle spele. 
Så Berit og Ingelin kom til meg etter dei hadde vore på yoga for å stæsje seg litt før vi gjekk bort.


Det vart ein kjekk kveld. Playground var strålande - og det var ikkje så ille dei andre heller ;)


Det var rett og slett veldig koselig å vere der på ein heilt vanleg mandagskveld.
I dag har det og skjedd noko koselig - eller i allefall noko som gjer stova mi koseligare!


Min snille storebror skulle til Bergen, og hadde plass i bilen, så han tok med seg stolane mine. Dei har eg arva etter mormor og morfar, og eg har fått dei trekt om heime. SJÅ KOR FINE DEI VART!!

Einaste problem no er: kva skal eg gjere med denne? 

Ganske stygg og sliten sky-stol, gis bort mot henting! ;)

No skal jenta prøve å vere seriøs igjen - viktig å skape høg trivselsfaktor rundt bøkene!

levande lys er aldri feil! :)

Når andlet sprekk

Det er få ting er syns er så vakkert som når eit andlet sprekk i et smil. 
Når alle glatte flater blir erstatta med strålelignande striper rundt auger og munn.
Det får folk til å stråle!


Drit i botox! Eg ynskjer meg masse smilerynker!!
Kva ynskjer du deg til jul?

søndag 13. november 2011

Eksamensnerver og julemesse

Det nærmar seg eksamen. Desverre går tida fortare enn eg skulle ynskje 
- og eg har altfor masse på tapetet.

Det står i boka, så då må det vere sant! ;)

Det er godt det er spennande og lærerikt med psykologi, og med ei bok som stadig gjev meg gode eksempel som eg greier å hugse, så kan det fort gå godt - dersom eg kjem gjennom pensum!


Og legg ein til litt kaffe, så kan livet vere ganske ok sjølv om boka er stor og sidene mange.

Og i går var eg på julemesse, det var veldig kjekt. For fyrste gong i livet vann eg på bok - eit årsabonnement av Agenda 3:16. Kjekt! (og eit par englar, eit par dukar og ein handduk vart det og, men det var på årene) Eg likar basar.



I tillegg fekk eg vere i lag med Bente, Venke og Kari og små jentene. (og Tord) Det var utruleg kjekt! Godt med slike avbrekk! :)

søndag 6. november 2011

Pause!

Eg jobbar, ca. 100 % og studerer litt meir enn 100%. I allefall på papiret. Døgnet har i grunnen ikkje timar nok til det. Og det er berre min eigen feil at eg gapar over for masse. Men den som inkje prøvar, inkje vinn. Så vi får sjå korleis det går. Kan vere at eg må utsette ein eksamen til etter jul. Det hadde kanskje vore lurt.
Sengelektyre for tida :)
Men eg ser at det sosiale livet mitt den neste månaden blir sterkt redusert. Eg må vere veldig selektiv med kva eg brukar tid på, i og med at eg ikkje har komt så veldig langt i lesinga. Og jobben min må eg gjere, uansett kor mykje eg har å lese på.

Så no i helga har eg vore flink jente, brukt tida på å lese om arv og miljø, om læring og genetiske anlegg for IQ. Og då er det viktig å belønne seg sjølv litt. Så i går kveld vart det heimelaga pizza. Og å lage heimelaga glutenfri pizza er mykje kjappare og enklare enn vanlig pizza.


Fyst blandar du ca.1 dl olje, 1 pk fin semper, 1 ss fiberhusk, 1 pk gjær og 4,5-5 dl lunka vatten.
Så smører du herligheta ut på bakepapir med slikkepott :)


 Og eg er tilhenger av enket fyll, så i går vart det hakka lauk, tomatpurè og kjøttdeig.



 Og MASSE ost! Det kan aldri bli for masse ost på pizza! ;)



Det smakte godt til psykologien! :)

I dag var eg flink og stod opp forholdsvis tidlig, gikk på møte i Salem før eg gjekk på kafè og las i eit par timar. Så gjekk eg heim og sette meg og lese medan middagen stod i ovnen. Det var jo cupfinale, så eg fulgte sånn halvveis med på tv-en også. TV-en min har funne ut at han syns lyd er overvurdert, og det passar jo fint når ein skal lese.

Eit einsleg brannskjerf i Salem...
Eg fekk no med meg at det ikkje gjekk så bra for Bergen si store stoltheit, og at dei som har tippeligaens styggaste drakter vann.

Så det er ein viss ironi i at i kveld var det Mozart sitt requiem som tona i Domkirken i Bergen. Det måtte eg jo få med meg. Eg har ikkje sett det sidan eg såg det som ballett i 1995(trur eg, hvis det ikkje var i 96..). Og knapt høyrt det sidan eg var med på å lage grafisk samanlikning mellom det og Verdi sitt i 3.klasse på vidaregåande. (noko vi syns var ein strålande idè kl.02.30 på natta, og som læraren ikkje syns var like festlig..) Det er framleis like vakkert og mektig!


Det var så stemningsfullt og roleg i kyrkja, og det er jo allehelgensdag så det kunne ikkje passa bedre. (dei hadde nok tekt gjennom det dei som sette opp programmet) Men eg er kanskje begynt å bli gammal, men eg syns ikkje det passar seg å klappe etter ei så sterk døds-messe. Det hadde vore så godt å la musikken synke inn og få ta til seg teksten, bønna om kvile og evig liv. I staden vart fokuset på prestasjonane - som var suverene. Og eg må seie at applaus er greit, men når folk begynner å trampe og hoie, så vitnar det om at dei ikkje veit kva dei har vore med på.



Det var no likevel ein nytelse,
og tankane gjekk til alle dei som eg veit har mista nokon i året som gjekk.
Det er viktig å ta seg pause - i eksamenslesing, arbeid og kvardag. 
Ein treng pause for å hente krefter men og for å møte dei harde realitetane i livet. 
Pause er godt for oss. 
Så sjølv om dagane blir travle framover,
så skal eg i allefall prøve å ta meg små pustepauser innimellom.
Kanskje med litt vakker musikk også :)


lørdag 5. november 2011

Herligste Berit!

I går vart Berit 29 år! Det måtte jo feirast! :)


Finaste Berit i London i vår:)
Det var ein veldig trivelig kveld, så trivelig at eg glømte å ta bilder - nesten. 
Vi fekk ein liten fotoseanse, med nokre gjestar som sat rett rundt bordet ;)



Det er ingen tvil om at jenta kan pose ;)

Måtte jo ha med dette koselige bilde av henne og kjæresten,
sjøl om det ikkje vart tatt i går. 



Er det noko jentene i Nattlandsveien 64 kan, så er det kake.
Sjølv om muffins som har stått i ovnen i 40 minutt kanskje er litt vel spennande, 
så var der fleire deilige kake! :)

Deilig, frisk, glutenfri ostekake!



Ser du det amerikanske flagget?
Berit er ei av dei vakraste jentene eg veit om
både inni og utenpå. 
Ho er ein genial turkamerat, suveren kakebaker, ekstremt flink med sminke og kle, 
synge som en engel, er full av oppmuntring, (men ho kan seie frå om det trengs,)
er så god og snill at halvparten hadde vore nok!

Så hipp hurra for jenta som enno har 364 dagar igjen til 30!