fredag 28. februar 2014

Det overnaturlige møtet

Forrige søndag var det Kristi forklarelsesdag. Då var teksten henta frå Matt.17 og er ein merkelig greie om at Jesus og nokre av disiplane går opp på eit fjell og møter Moses og Elia. For dei som har lest litt i Bibelen så veit ein at Moses og Elia er store skikkelsar i det Gamle Testamentet, men dei levde definitivt ikkje samtidig med Jesus og disiplane - så her er det snakk om noko skikkelig overnaturlig.


Eg likar jo helst det eg kan forklare. Og eg likar å forstå kvifor ting er som dei er. At eg er kristen er ein av dei tinga eg ikkje kan forklare. Eg anar virkelig ikkje kvifor eg trur, men eg gjer det. Og det er ting ved kristenlivet som eg syns er vanskelig. For eksempel når eg møter dei som er litt meir "opp i skyene" med hovudet enn eg er. Når andre kristne forventar at eg skal føle eller reagere på bestemte måtar for å vere "god nok" kristen, då får eg alle piggane ut. Og det er dessverre ein del samanhengar der ein kan kjenne på eit slikt press. Og då føler eg meg lett som Gud sitt litt tilbakeståande og hemma barn.. Heldigvis er eg sikker på at Han er glad i meg akkurat slik eg er. ;)


Men samtidig trur eg Gud kan gje oss både følelsar og reaksjonar som er samstemte med resten av dei som er i rommet. At vi kan ha både individuelle og kollektive overnaturlige opplevingar. Ja, eg har opplevd å vere tilstades på samlingar der ingen har hatt lyst til å gå, og det har vore som om usynlege band vart knytte mellom oss - på ein god måte, og der vi opplevde å være i nærkontakt med noko(n) hellig. Men eg har og opplevd at samme lovsongen har vorte sungen for 11.gang (som var ca.10 gonger for mange) fordi ein jakta på ei stemning - og då begynner vi å gå over i suggesjonen si verd. Det er det ikkje mykje hellig over, sjølv om tanken og viljen bak i utgangspunktet berre var god!


Men tilbake til denne merkelige teksten i Matteus. For eg har gått og fundert på den i løpet av veka. Og det som har slått meg er kor genial Gud er! For Han brukar ikkje det nyaste nye for å vise disiplane som er med på fjellet der kven Jesus er, Han brukar det dei kjenner. Han gjev dei ei oppleving av noko dei kan relatere til, på ein måte som gjev dei ei oppleving av å forstå noko dei ikkje har forstått før. Og så er det noko som skjer i særlege tilfeller - ikkje kvar dag.



Og kanskje er det slik når Gud gjev oss overnaturlige opplevingar i dag og? At det er noko som gjev oss innsikt og forståelse som vi ikkje før har hatt? At det ikkje handlar om å ha bestemte følelsar eller å oppnå noko for å vere best i kristenklassa, men at det handlar om å få ei innsikt som gjer oss trygge på vår eigen identitet som kristne og som alltid viser oss kven Jesus er? At når Gud gjev oss slike ekstraordinære overnaturlige opplevingar, så gjer Han det gjennom ting vi kan forstå og relatere til? Og kan det vere at dei særlege overnaturlige opplevingane ikkje er noko kvardagsleg, men noko som vi av og til treng for å sjå kor stor Han vi går med i kvardagen egentlig er?

onsdag 26. februar 2014

Turistfridager

Dei to siste dagane har eg hatt fri og fått lov å henge med Eilen som eg kjenner frå Bergen, og som er på besøk hos nokre felles kjende på Berkley. Eg har ikkje vore her lenge nok til at eg har komt over alle plassane eg burde sjå, men eg har liksom vore her lenge nok til at det er meir kvardagar og praktiske ting som fyller fridagane. Så det var deilig å få leike litt turist igjen, og når eg tar med meg kameraet så blir det fort mange bilder, så her er nokre av dei. Enjoy! :)

Gårsdagen:

Vår vandring starta med iskaffe i Financial District

Så gikk vi Embarcadero med nokre avstikkarar..



Lunsjpause på North Beach


Så Chinatown


Dagens resultat var ganske ok..

I dag starta vi litt tidligare, og benytta oss av offentlig transport for å komme oss litt rundt:

Første stopp: Castro




Det seiest at San Francisco er byen der ca. 25% er homofile, og Castro er eit område som er sterkt prega av den delen avbefolkninga. Etter kvart som åra har gått har eg fått ein del venner som har denne legninga, og det gjer noko med meg å sjå kva kampar dei har gått gjennom både med seg sjølv, sine nærmaste, lokalsamfunn og storsamfunnet. Det er retten til å få elske og å få bli elska dei har kjempa for, retten til å få vere seg sjølv utan å bli fordømd.  Det gjer noko med meg når nokon av dei vert utsett for sjikanering, mobbing, vold og fordømmelse - berre fordi dei har ei anna legning enn meg.
Og det gjer noko med meg å gå rundt i Castro og sjå vitnemåla om den historia menneska her har.





Vidare gjekk vi ned til Mission Dolores




Så tok vi trikken til Pier 39

Og tok en sushilunsj :)

Og dessert med amerikans størrelse!


Vidare gjekk turen ut på bølgene blå..
Med eit lite og ekstremt vindfylt og kaldt cruise i bukta.


Midt i bakken på bildet til høgre ligg sjømannskyrkja.



Under Golden Gate
(Og dette er fargebilde!)

Andre vegen.. det er ikkje småtteri dette her!


Nokre er meir hardhausar enn andre..

Det har vore bedre vêr her...

My City by the Bay

Problemet med slike turistcruise:
alltid en eller annen
ivrig amatørfotograf som pressar seg fram!

Vi runda fengeselsøya vår.. Alcatraz.


Eg var nesten heilt rolig... GRØSS!

Velkomstkomiteen på Pier 39

Sjøløvene våre :)

Til tross for betraktelig gråare og kjøligare vêr i dag enn i går, vart det ein veldig trivelig dag på oppdagelsesferd gjennom den vakre byen min. Eg trur eg må gjere dette oftare! :)

Takk for herlege dagar Eilen!

fredag 21. februar 2014

The Land of the Line

Ventekultur er ein ting vi nordmenn er dårlege på.. Den som har prøvd å gå på eit fly i Norge veit at alle prøver å komme seg fortast mulig gjennom døra. Dei som har sete fremst pressar seg fram som om det ikkje var reserverte seter, blokkerer så inngangen for dei som har sete lenger bak og så blir dei som kjem bak sure fordi dei ikkje kjem fram til sine seter og dei som blokkerte inngangen blir sure fordi boardinga går så seint - og det samme gjentek seg gjerne når ein skal gå ut av flyet. Som om det brenn ein eller annen plass pressar ein seg ut i midtgangen og står som sild i tønne og greier ikkje å danne ei kø som gjev flyt i køa før halvparten har kome seg ut..
Men det er ikkje berre på fly du ser nordmenn sin dårlege køkultur, om ein står som nummer tre i køa på Rema 1000 så er det ikkje måte på kor mykje himling med auger og sukking og akking og til tider kjefting ein kan høyre. Det er veldig fasinerande kor utålmodige vi kan vere som gruppe.

Nordmenn vil jo være først og raskast?

Eg seier ikkje at det ikkje finnes meir kaotiske køkulturar i verden enn nordmenn sin, eg har vore åleine på jobb og opplevd å vere fanga innanfor disken medan 36 italienere prøvde å bestille pizza samtidig. Og eg har vore i både Afrika og Asia, der eg ikkje forstod korleis folk kom levande heim etter ein dag i trafikken. Men det er noko veldig påfallande med nordmenn si utålmodighet når dei hamnar i noko som kan likne på kø..

Det er så lett å hente bagsjen sin
når alle venter på sin tur
BAK  den gule linja....

Og i dag kjende eg litt på denne veldig norske delen av meg. For eg er ikkje annleis, sjølv om eg har innsett at eg har eit reservert sete som ikkje flyttar på seg når eg skal inn på eit fly - og at bagasjen min kjem til å bruke lenger tid til rullebandet enn eg når eg skal av. Eg er utolmodig. Eg vil helst at ting skjedde fort. Eg elskar lettvinte system. Og i dag har eg vore i møte med eit system som ikkje er utprega lettvint. Eg har vore på DMV. Biltilsynet.


Eg hadde ei avtale kl.10.10. Mål for dagen var å få tatt teoridelen på førerprøva. Eg kom dit 09.55. Gjekk til køa for dei som hadde gjort avtale. Kl.10.10 stod eg som nummer 3 i køen. Han foran meg hadde avtalt tid kl.10.00. Eg gjorde som alle andre. Eg tok det med ro og drakk min medbrakte kaffe. Då eg kom fram til skranken fekk eg eit skjema. Det måtte fylles ut. Etter eg hadde gjort det kunne eg berre komme fram til skanken igjen. Eg gjorde som alle andre - det eg fekk beskjed om.


Då eg kom fram til skranken for andre gang, såg han over skjemaet, leverte det tilbake til meg og ga meg ein kølapp. "NEXT" sa han og eg vart skufla ut til neste kø. Denne gongen var det berre å vente til mitt nummer vart ropt opp. Etter ei stund var det min tur - eg kom fram til ei dame som skreiv inn alt eg hadde skrive på skjemaet på ei datamaskin. I tillegg sjekka ho pass, mitt norske førerkort, ulike dokument som viser at eg har visum, jobb og lov å vere her, og at det stemte med det som stod på papiret. (Det hadde då vore enklare at eg hadde fylt ut skjemaet på internett då eg bestilte time, slik at ho berre kunne sjekke at dataene stemte med all dokumentasjon?) I tillegg skulle ho ha avtrykk av tommelen min og 33 dollar. Eg fekk nye papir utlevert og beskjed om å stille meg i neste kø.

No skulle eg ta bilde. Det var ca. 15 foran meg i køa - ikkje ein kjeft klaga. Vi berre stod der, og småprata med kvarandre som om det var derfor vi var der. Etter at det obligatoriske russisk-fribrytar-bildet som er viktig å ha på eit førarkort var på plass, var det å stille seg i neste kø. Endeleg skulle eg inn i det aller helligste. Testområdet!



Her fekk eg utlevert ein test med streng beskjed om å gå til eit avlukke ala dei vi brukar på valdagen i Norge og svare på testen. Det var ikkje lov med mobiltelefon, bøker eller å prate. Ei enkelt dame var åleine om å organisere det heile. Ho virka for å vere den mest effektive på heile DMV. For då eg var ferdig med testen måtte eg stille meg i køa med dei som hadde svart på testen, og ho retta dei og ga oss resultatet. Heldigvis stod eg på første forsøk. Men dei andre som var inne akkurat då eg var der måtte gå ut igjen, sjå grundigare på svara sine og så komme tilbake for runde nummer to eller tre. Ein har nemleg 3 forsøk før ein må betale for ein ny test. Eg må innrømme at eg syns litt synd på han som stod bak meg, som kom frå eit arabisktalande land og som hadde store problem med å forstå californske regler og som tok testen for 7.gang - og som på grunn av nervane ikkje greidde å slutte å prate, og difor strauk på testen uten at ho sjekka den ein gong.

Då gjenstår berre den praktiske testen

Eg tenkte på det då vi køyrde tilbake til jobb frå DMV at det å vente i kø, og ta livet med ro og berre vere tilstades ikkje alltid er så ille. Eg måtte ta ned tempoet, det var ingenting eg kunne gjere med det. Eg høyrde ingen som klaga over at det tok for lang tid. Folk var innstilt på at dette tar den tida det tar. Det å la nokon andre gå foran og ikkje skulle alboge seg fram er ein fin måte å vise andre menneske respekt på. Det å vente på sin tur gjer at ein har meir ro over at det faktisk er min tur no.
Så her har vi utålmodige nordmenn noko å lære av amerkanarane - dei har for eksempel berre vikeplikt i nokre få tilfeller, ellers er trafikksystemet bygd på at ein har respekt for kven sin tur det er. Det er i grunnen ganske kult at ein kan våge å la noko så viktig som kven som har rett til å køyre først gjennom eit kryss handle om kven som kom dit først. Og det fungerer faktisk! Eg syns det seier noko om folka her - noko veldig bra! :)