torsdag 28. februar 2013

SamsungLiv


I haust måtte eg ha ny mobil.
Min kjære iPhone 4 hadde vore så mange gonger i golvet
at den verken gjekk å ringe med eller sende meldingar med.
Det var mange faktorar som måtte vegast
før eg kjøpte ein ny telefon.
Mobiltelefonen er jo ikkje lenger som då eg kjøpte min fyrste,
ein Motorola-klapptelefon 
utan annan funksjon enn å tynge i veska og å ringe.
Mobilen min no må jo ha oversikt over heile livet mitt...

nokre av mine tidligare mobilar..

Fristelsen til å gå for ein ny iPhone var stor,
men eg er jo fordomsfri og open for nye ting,
og tenkte at no skal eg ikkje bli ein av dei som meiner
at ingenting er bra nok
om det ikkje er eit nesten heilt eple på baksida..
Så - eg vurderte pris og funksjon og alt som ein bør vurdere.
Eg høyrde til og med med ulike folk
om kor fornøgd dei var med telefonane sine..

Den ser jo stilig ut...

Det enda opp med at eg lot prishensynet vege tyngst
og gjekk for ein Samsung Galaxy SIII.
Det er ein veldig bra telefon, hvis du ikkje er vant til noko bedre.
Men det var eg...

<3

Det er sjølvsagt nokre positive ting med Samsungen også.. 
f.eks. likar eg at eg kan låse den opp berre ved å tegne et mønster.
Eg likar og at den har google-maps. 

Den har riktig nok nokre positive sider..

Men ellers oppfører den seg omtrent som
ei premenstruell kvinne.
Du treng berre ta på den, 
så kjem du bort i noko som set i gong reaksjonar 
som du ikkje forstår korleis du har sett i gang, 
eller kvifor skjer, 
og ikkje anar korleis du kan stoppe .
Den er utruleg sensitiv for all berøring,
og utan at du heilt forstår kva du har gjort
forsvinn eller dukkar det opp ting 
og du står igjen og lurer på korleis dette skjedde..
Du har absolutt ingen kontroll på volumet, 
for det kan du plutselig ha skrudd på eller av 
omtrent utan å ha sett på telefonen..
For det er knappar over alt på den!

er der ei overflate, er der en knapp...

Den vil heller ikkje synkronisere med macen min,
sjølv om eg har lasta ned program som skal gjere det mulig.
I tillegg er dei aller fleste app-ane utvikla til iPhone først, 
så då er det berre nesten like bra kopiar for andre telefonar, 
og enkelte ting har svært stor forskjell..
Og det er ikkje eit direkte pluss at batteriet kanskje varer heile dagen,
eller kanskje ikkje... Batterilader i veska er uansett eit must!

An apple a day....


Eg saknar iPhonen min.
Og eg kan love at neste gang skal eg halde meg til eplet!






onsdag 27. februar 2013

Farvel, klumpen min.

I januar 2000 begynte eg å jobbe i Posten Norge BA (som det heitte då)
og då eg fekk fyrste lønninga bar det rett ut og kjøpe TV.
Eg fann ein som var på salg.
Halv pris av 10000, og då måtte det no vere ein god tv.
(lite visste eg om at den var på salg fordi dei nye modellane, 
som stod i butikken berre dagar seinare, 
hadde det revlosjunerande widescreen-formatet)
Eg fekk i tillegg 1000 kr rabatt fordi det var utstillingsmodell,
og dei hadde mista kassa til den.



Eg hadde hatt ein 22 tommer-sak før, og denne var jo berre 29 tommer,
så då mannen i kassa lurte på korleis eg skulle få den med meg heim, 
svarte eg: "Eg tar den berre med meg på trikken"
Mannen i kassa vart svært storøygd før 
han forsiktig spurde om eg var veldig sterk.
Desse 7" utgjorde nemlig ikkje så reint lite i vektforskjell.
54 solide kilo vog klumpen..

Det vart taxi den dagen 
og ein særdeles snill og, ikkje minst, sterk taxisjåfør bar den inn for meg.
Og klumpen har vore med meg på eit par flyttelass.
Fyrst til Trondheimsvegen, der ein snill, svær mann 
heldigvis kom som ein reddande engel
då vi skulle bere den opp trappene til 6.etasje
fordi heisen stod.
Og så til Bergen, 
der det heldigvis var fleire sterke menn som kunne hjelpe
og eg seinare har trilla den på tv-benkane.
Den har til og med vorte støvsugd av ein hyggelig ung mann, 
som eg bestakk med kjøtkakemiddag..
Det er altså mange gode minner knytta til klumpen..


Men det siste året har helsa skranta.
Det har vore litt alternative fargeval og til tider ustyrleg lyd, 
eller rettare sagt, mangel på lyd..
Så det var vel berre å innsjå at 13 år var det som kom ut av forholdet vårt.
Og når Thor Øyvind kom med eit tilbod eg ikkje kunne takke nei til, 
så vart det ein litt småbrå slutt på det heile..

det kom klart fram kor støvkosten ikkje
hadde vore på ei stund...

Så i dag kom Thor Øyvind med sin gamle, 
og min nye, tv.
Og så tok han med seg klumpen min..
Vi fekk oss ei lita treningsøkt då vi skulle få den ut i bilen, 
men alt går når ein berre har vilje nok!
Og eg må no berre seie at eg syns Thor Øyvind er langt
over middels snill når han tok den med seg for å levere den 
inn på ei elektroforetning. 
Det er eg SVÆRT takknemlig for!



Eg er og takknemlig for at han kobla opp den nye tv-en.
Så no kan eg faktisk sjå kva som er på skjermen igjen!
Eg trur dette fort kan bli veldig bra.


Jeeei! NY TV! :D

mandag 25. februar 2013

So Long, Farewell, Auf Wiedersehen, Adieu

I det siste har eg gått og tenkt på dette med forandring.
Eg er i utgangspunktet ein person som er veldig open for slikt.
Eg likar nye plassar, nye folk og nye utfordringar.
bilde fra internett -  ukjent opphav.

Samtidig betyr det ofte at noko må forlatast.
Og det er ikkje alltid like kjekt.

Gårsdagen sitt festmidtpunkt..

I går var det avskjedsfest for Thor Øyvind.
Han skal flytte til Trondheim.
Og vi var mange samla, som syns det er litt småkjipt at han reiser, 
men som forstår at han har behov for å flytte på seg.
Og det er noko med at om ein vil vekse, 
så må ein og våge å legge noko bak seg... desverre.



Men det ein legg bak seg er somregel ei leilighet, ein jobb, ein plass.. 
Menneska ein har møtt og blitt vennar med,
opplevingane som har forma ein 
- dei tek ein med seg sjølv om ein flyttar på seg.
Og intensjonane om å halde kontakten med desse mennska 
som ein har vorte venn med er alltid der,
men intensjon og realitet er ofte to forskjellige ting...
Eg er fullstendig klar over at eg ikkje er særlig god på slikt,
sjølv om eg egentlig skulle ønske at eg var det.

Regn høyrer til i kvardagen i Bergen..

Det er liksom noko med at livet innhentar ein, 
Kvardagen fyk av garde, og plutselig er
kontaktpunktet ein hadde havna langt nede på lista.
Ikkje fordi ein vil det slik, det berre går gradvis den vegen..
Eg sat og tenkte på det her ein dag at 
eg egentlig saknar kontakta
eg hadde med folka eg hang med i Oslo. 
Men liva våre gikk i alle mulige retningar. 
Nokre har fått familie, nokre har flytta til andre deler av verden, 
liva våre heng ikkje saman slik dei gjorde - og det er naturlig. 
Samtidig så veit eg at dei nærmaste av dei
hadde vore der for meg om eg trengde det.

Forandring kan jo ofte vere bra..

Heldigvis er det slik at gode vennskap held sjølv om 
ein ikkje snakkast dagleg
eller ser kvarandre med jamne, tette mellomrom. 
Ja, kanskje blir dei til og med bedre av å ha litt distanse? 
Og det er mi erfaring:
Sjølv om eg ikkje ser folk eller snakkar med dei hyppig, 
og dei bur i andre byar eller andre land,
så er kontakten der når vi møtes.
Eg har lært at "farvel" betyr som regel "på gjensyn".
Det syns eg er ein god tanke.
Gode vennskap tåler nemleg at ein lever ut draumane sine.


søndag 17. februar 2013

Barcelona, del 2: turbonordfjordjenter


Barcelonaturen starta som eg skreiv i forrige blogginnlegg på hotell i Bergen.
Det vart ein veldig trivelig kveld.
5 jenter ute på middag på valentindagen,
med volumet PÅ, 
vart definitivt lagt merke til.
Og humøret var ikkje særlig mykje dårligare
kl.04.30 då vi møttes i matsalen neste dag.
Det var vi og cabinpersonalet til KLM som var der, 
det var definitivt vi som hadde det morsomast.


Men vi skulle ikkje flyge med KLM lenger.
Min gode venn Lufthansa, som eg hadde sånn super erfaring med i fjor,
skulle overta jobben med å frakte oss til Barcelona.
Så då fekk eg sjå Frankfurt igjen..
Det var ikkje spesielt god tid på å komme seg frå det eine til det andre flyet, 
men litt trim gjer no godt..

Frankfurt - ingen favoritt.
Og før vi visste ordet av det,
satt vi i ein taxi med ein mann som hadde kledd seg utruleg godt. 
og var på veg inn til sjølvaste Barcelona.


Eg må seie at eg vart svært gledeleg overraska då eg såg ut hotellviduet.



Og så bar det inn til sentrum, 
der fyrste post på programmet var å få tak i Euro.
Eg hadde jo sjølvsagt gløymt regionssperra på kortet, 
så eg måtte ha meg ein prat med banken.
Men alt ordnar seg for snille piker..

ikkje lett å sjå i all denne sola.
og ikkje like lett å forstå kva ein svarer på heller..
Vi hadde jo mista ein dag, nesten i allefall, 
så no sette vi inn nordfjord-turboen.
No var det viktig å prioritere og legge ein god plan
på korleis vi kunne få mest mulig ut av tida.
Vi begynte derfor med lunsj!

Gi jenta Caca og ho smiler både eine og hin vegen.

 Alle misunte Bente den fantastiske fiskesuppa, 
og gjorde det så tydelig
at kelneren kom med ein porsjon til oss på deling.
Slikt blir det tips av ;)


Så fann vi Starbucks :)

Ja..
korleis stave Bente?

Og vidare vart det litt shopping og kikke litt på La Ramla..


Etter kvart fann vi vegen inn på eit stort marked dei har der.


Det mangla ikkje på godsakene..




Og fisketorget i Bergen kan gå og legge seg! 





Det tar på å stå opp kl.4,
og å reise langt.
Så vi måtte ha ein tur tilbake til hotellet og slappe litt av..



På kvelden ville vi ha Tapas, 
og vart anbefalt ein plass nede i havna. 
Vi stæsja oss og tok tram-en(sporvogn),
til stoppet vi hadde fått beskjed om.



Vi måtte gå eit stykke, og holdt på å ikkje finne fram, 
men som sagt: Alt ordner seg for snille piker.
Vi fann restauranten, og maten var aldeles strålande.
Vi kan egentlig ikkje klage på servicen heller, 
men det gikk litt i rykk og napp, kan ein vel seie..


Og det vart natt og morgen andre dag.
Då var det tid for å sjå litt på kva Barcelona hadde å by på.
Vi kjøpte oss billett på sånn hoppe på og av buss.
Det var heilt genialt. :)



Fyrste stoppet for oss var den opplagte turistattraksjonen:
Sagrada Familia.
Ingen bilder kan yte dette mesterverket til Antoni Gaudí rettferd,
No var det ikkje sesong, men likevel var det ca. 30 min til 1 time ventetid for å komme inn.
Det hadde ikkje vi tid til.
Men vi fekk sett godt på den utanpå.


Eg syns denne her var så stilig.
(den haudelause mannen lever altså!)

 Neste stopp var Gaudí parken. 
Visste du at han døde i 1926 fordi han vart påkøyrd av trikken?
Det lærte i allefall eg på turen.




Det var heilt fantastisk å vere der og sjå dette på nært hald.



Vi kosa oss :)





Gruppebilde! :)


Men så måtte vi få tid til litt shopping også.
Og skal ein ha energi til det, 
så må ein ha mat..
Og det er ikkje enkelt når ein er fem svoltne,
og ingen heilt veit kva dei vil..


Redninga vart til slutt ein mann som praia oss inn frå gata.
Han såg noko sjokkert ut då vi, etter ei kort klargjering
av at dei kunne tilby meir enn pizza, konkluderte noko bryskt med:
"OK. Vi går her!"
Ingen diskusjon, berre vis oss veien.


Til og med eg fekk mat her.
Eg fikk salat laga spesielt til meg,
veldig god salat faktisk :)
Og servicen, her som alle andre plassar, 
var på eit heilt anna nivå enn i Norge.
Men, det kan vel seiast at spanske menn 
er lette å distrahere.. 
noko som gjer at det tek litt lenger tid å bestille.. ;)


Ja, og så bar det ut i handlegata.
Det er jo viktig å bidra til at dei som er fattigare enn seg sjølv får pengar.
Så eg gjorde mitt, så godt eg kunne..


Det var utruleg deilig å komme tilbake på hotellet og ta seg ein dusj,
ete litt sjokolade og slappe av litt..
Og så skulle vi ut og få oss litt middag.
Han som stod i resepsjonen på hotellet anbefalte ei perle av ein restaurant.
Den såg ikkje noko særleg ut på utsida.
Og først kom vi inn i ein bar.
Så måtte vi gå gjennom kjøkkenet.
Og så kom vi inn i restauranten.
Ein restaurant som har vore driven i over 100 år.
Norske brannforskrifter hadde dei aldri hørt om.
Men atmosfæren var heilt magisk..

Laila anar at noko skjer..

Og plutselig kom musikken på..


Og det er superenkelt å bestille middag
med maxvolum på gitarkameratane ;)




Det var utsøkt mat. 
Fantastisk stemning.
Ein slik plass du berre nyyyyyyyyyyyter!


Og det vart natt og morgen andre dagen..
 Desverre har alt godt ein ende.
I dag var det tidlig opp igjen, 
og ut på flyplassen..
Vi kosa oss det vi kunne mens vi enno var saman.


I dag var det KLM som frakta oss frå B(arcelona) til B(ergen)

Denne flyplassen hadde snøkaos på torsdag..
Og det er alltid litt nedtur å komme heim etter ei slik fin helg.
Vi har fått med oss så utruleg masse kjekke ting på så veldig kort tid.
Eg diggar å reise på slike turar, sjølv om eg likar det endå bedre når
eg kjem meg dit eg skal når eg hadde tenkt å komme meg dit.
Men er reisefølget godt, så blir turen bra uansett!

Det regnar i Bergen...

PS! Barcelona: eg er definitivt ikkje ferdig med deg! <3