mandag 7. august 2017

Viktige valg!

I dag har eg brukt stemmeretten min.
Eg møtte opp på kommunehuset med valgkort og legitimasjon og ga mi stemme til dei eg syns burde lede landet vårt. Det er første gang sidan eg var 18 at eg har førehandsrøysta. Eg har alltid syns det var slik stas å gå og stemme på sjølve valdagen.


Det har vore mange innlegg på Facebook-veggen min den siste tida, som gjer at eg har lyst å seie nokre ord i denne samanhengen, til deg som enno ikkje har stemt.

Det første er: Ikkje bruk den amerikanske valkampen som førebilde. I Norge har vi parlamentarisme. Det betyr at du stemmer på eit parti - ikkje på ein person. Når eg ser folk som postar saker som svartmalar Jonas Gahr Støre eller angrip Erna Solberg, for å sanke velgarar til sitt parti, så blir eg litt oppgitt. Ingen personar er feilfri, vi er ulike og har ulike verdiar. Eg trur du vil møte mange ulike haldningar og meiningar innanfor rammene av alle parti. Det kan vere lurt å sjekke kven i ditt fylke som står på listene, det kan vere noko du vil ta med i reknestykket. Det er likevel viktig å hugse at når du går til valgurnene så stemmer du ikkje på ein person. Du stemmer på partiet. Du er med å avgjere kor mange frå dette partiet som får eit sete på stortinget frå ditt fylke. Kor mange seter eit parti har avgjer kor mykje partiet har å seie.


Det bringer meg over på punkt nummer to: LES partiprogrammet! Ikkje berre høyr på kva overivrige politikarar seier på tv, eller surmaga bloggarar/journalistar skriv. Finn ut kva partiet står for. Ikkje stem på eit parti fordi dei har flagga ei sak utan at du har sjekka at du kan leve med dei andre sakene dei står for. F.eks. kan du leve med å stemme på eit parti som har programfesta at dei jobbar for aktiv dødshjelp, berre fordi dei ropar høgt om at dei vil gje deg mindre bompengar? Greier du å sjå forbi korset rundt halsen på stortingspolitikaren og høyre etter kva verdiar som egentlig er på val? Eg trur alle parti har sine kristne representantar, og dei fleste har representantar frå andre religionar, så politikk handlar ikkje om kva religion du seier du tilhøyrer. Det handlar derimot om kva verdiar partiet har vedtatt. Om sakene som er viktige for partiet. Det er viktig å sette seg inn i kva ein stemmer på, ikkje berre kven!

Og då er vi kome til punkt tre: Sett deg inn i kor partiet har lojaliteten sin. Kven vil dei samarbeide med? Kva saker vil dei måtte legge på is og kva kamelar vil dei måtte svelge om dei inngår samarbeid med dei som dei skisserer som samarbeidspartnarar? Er dette saker som er viktig for deg, eller er det detaljer? Det er ikkje lett å lese kva som skal skje i framtida, men om eit parti som profilerer seg med familien som viktigste målgruppe allierer seg med eit parti som vil auke privatisering og ha frie markedskrefter, så kan det høyres ut som om den sterkaste av desse to vil overkøyre den andre.

Høgre høyrer ikkje til øverst til venstre!

Som fjerde punkt vil eg seie dette: Ingen parti er feilfri. Eg har etter å ha lest partiprogram og gått i valgboder valgkamp etter valgkamp og stilt spørsmål til dei lokale politikarane, landa på mitt parti. Det betyr ikkje at eg er enig i alt som dei seier eller gjer, men det er dei eg er nærmast. Dei som har flest saker som samsvarer med mine verdier, og som ikkje har saker som strider mot viktige verdier for meg. Det betyr og at eg ser realistisk på kva som blir lova og kva som er mulig å gjennomføre, og eventuelt kva som blir konsekvensen av å gjennomføre det. I valgkampen er det mange løfter som blir gitt som aldri kjem til å bli halde - frå alle parti.

Eg har vennar og bekjente frå alle mulige samfunnslag og med mange ulike religiøse tilknytningar. Sjølv reknar eg meg som kristen. Eg kjenner at det vrenger seg i meg kvar gong eg ser folk som påroper seg å ha kristne verdiar vel å poste innlegg på sosiale medier som er direkte angrep på personar. Særleg når det er utan vesentleg kildekritikk. Vær kritisk til kva du deler. Vær kritisk til det du les. Still spørsmål ved om dette er relevant for valet du står over for eller ikkje. Sei ifrå når nokon trakkar over grenser, krenkar andre eller tek feil. Men tenk igjennom kva du angrip - og om det er det rette du gjer.


Særleg i eit valgår kan det vere lurt å leve etter regelen at om du ikkje har noko godt å seie om nokon, så er det best å halde kjeft.  Men uansett kva du seier eller ikkje seier, bruk for all del stemma di! Det krever litt, om du vil gjere det skikkelig, men det er faktisk vi som går til urnene som bestemmer kven som blir sittande ved roret i Norge dei neste fire åra.


God valgkamp!







mandag 17. juli 2017

Tilgi oss

Det var søndag morgon.
Eg hadde forvilla meg inn på ei gudsteneste.
Det var fint å vere der.
Heilt til talen.


Teksten var frå Matteus 16. Om å følge etter Jesus. Ein tekst som er litt kronglete og som eg har tala over mange gonger i misjonssamanheng. Det handla om å leve eit anneleis liv. Og så kom det frå talaren ein bodskap som eg kjende plaga meg. Han påstod at berre vi som er kristne har verdiar som er gode. Eg veit ikkje om det var det han egentlig meinte, men det var det han sa. Han snakka om kor ille det var i Norge i dag - og at vi kristne hadde eit særskilt ansvar sidan vi var bedre og forstod meir enn dei andre.. Det var som om vi kristne er ein form for overmenneske..


Eg har blitt gåande å tenke denne talen. Eg har vokst opp i ein kristen heim, gått på bibelskule og Menighetsfakultetet. Eg har trakka inn og ut av bedehus og kyrkjelydar. Eg har besøkt andre trussamfunn og eg har vore mykje på leir. Og eg har vore på fleire gudstjenester og i lag med andre kristne etter denne søndagen. Og eg har tenkt, og tenkt, og tenkt. Og eg kjenner på eit stadig større behov for å be om tilgivelse.



Tilgi oss når orda våre er store og fordømmande
Tilgi oss når orda våre og handlingane våre ikkje heng sammen
Tilgi oss når vi trur vi har fasiten på alt
Tilgi oss når vi ser ned på deg, eller ikkje ser deg slik vi burde
Tilgi oss når vi definerer grenser som set deg utanfor og oss innanfor
Tilgi oss når vi er for stolte til å bøye oss ned og hjelpe den som har falt
Tilgi oss når vi går oss vekk i teologiske debattar og gløymer å vere medmenneske
Tilgi oss når vi har gått og trakka i kristne miljø og blir så åndelige at vi mister bakkekontakten
Tilgi oss når vi brukar all fokus på flisa i ditt auge, uten å sjå at vi er blinda av bjelken i vårt eget
Tilgi oss når vi tek motet frå deg, og ikkje heiar på deg
Tilgi oss når vi ropar høgt om nåde og raushet, men ikkje har vilje til å vise det sjølv
Tilgi oss når blikka vi sender deg får deg til å føle at du ikkje høyrer til blant oss
Tilgi oss når vi møter deg på ein måte som gjer at du føler deg ekskludert
Tilgi oss når vi står i vegen for at du får komme inn og kjenne på varmen
Tilgi oss når vi har gløymt kva Jesus ville gjort og sagt
Tilgi oss - ikkje fordi vi fortjener det, men fordi vi treng det

Vi treng din nåde.





onsdag 24. mai 2017

Eit liv i bevegelse

begegelse




Eg var hos kiropraktor i går. Eg har gått til han i nokre månader no. Og i går var det tida for å svare på ein spørreundersøkelse - for å sjå korleis det går. Framgangen var godt synleg - men det som vart eit tankekors for meg var korleis spørsmåla var utforma. Er du immobil på grunn av ryggen? Greier du ikkje stå? Greier du ikkje gå? Og alle vi som har hatt ryggproblem kjenner denne problematikken. Når du nesten ikkje greier å komme deg ut av senga, eller det å flytte eine foten foran den andre nesten sender deg i kne av smerte. Og det er stor forskjell på muskulær smerte, prolaps og "berre" ei forskyving. Men alt er vondt, og mange blir liggande stille.

Mi erfaring er at det gjer ofte ting verre. Mi mor skreiv melding til gymlæraren om at "Liv-Helga treng ein ekstra tur i ribbeveggen i dag" då eg hadde ramla i dusjen etter symjing og slått meg. Då syns eg det var fryktelig urettferdig - og du verda kor eg hata den ribbeveggen. Men no veit eg at det var akkurat det eg trengde.

IMG_9815

Eg har prøvd meg på å ligge stille med vond rygg. Då eg brakk den sist var det det einaste eg kunne gjere. Men etter kvart som brudda hadde grodd, var det einaste som hjalp mot stive musklar å bevege seg.
Og det å bevege seg er virkelig effektivt mot mange ting. Eg er, til tross for at det ikkje ser slik ut, glad i å trene. Eg har alltid vore beskyldt for å ha mangel på ro i ræva, og var eit rimelig aktivt barn. Eg brukar å trene fleire gonger i veka, og eg går og står mykje på jobb. Om eg skal til ein plass med dårleg parkering, så vel eg å gå. Om det er langt, vel eg kollektivtrafikk og å gå. Ja, eg likar å gå tur for turen si skuld også.


bevege.se
I det siste har det vore mange ting på tapetet - og mykje logistikk, og resultatet har vore mindre trenging og meir sofasliting enn vanleg. Og eg merkar det på meg. Eg har kortare lunte, eg har mindre overskudd og er generelt mindre fornøgd. (til tross for at livet er veldig bra om dagen) Dette er noko av det å vere i bevegelse hjelper meg med å unngå. Når eg spring på ellipsemaskina tømmer eg hovudet. Når eg må konsentrere meg maksimalt om å telle repetisjoner på vektene, eller mi eiga kroppsvekt(og den er ikkje for pyser), så er det ikkje plass til alt anna eg skal organisere. Når eg strekker musklane og kjenner sakte at dei mjuknar, så er det så deilig at eg ikkje har plass til bekymringane. Eg får koble av - og etterpå er kroppen så full av endorfiner at eg har eit heilt nytt blikk for kva som bør prioriterast og ikkje. Eg får bedre søvnkvalitet også.

bevegelse2.JPG

Men likevel så blir det ofte at når eg har det som travlast, så blir ikkje denne oasen som treninga kan vere, prioritert. Av ein eller annen grunn har ein fått innprenta at ei god treningsøkt skal vere lang. Men det treng den ikkje vere. Det heile handlar jo berre om å få litt bevegelse i kroppen. Eg snakka med ein doktor som praktiserte til han var rundt 90, og han sa det slik: "Om eg skulle gitt folk ett råd, så var det ikkje å trene som galningar, men å gå meir."  Gå. Vere i bevegelse.

bevegelse3.JPG

Eg trur vi menneske er skapt til liv i bevegelse. Både fysisk og mentalt. Det å vere i bevegelse i forhold til meiningar og tru er også viktig. Det å stagnere i ein posisjon vil føre til at ein både vert stiv og sår, og så snart nokon pirkar borti det, så kjem smerten ut - gjerne i form av frustrasjon og sinne. Og ein misser gangsyn, ein kan fort blir veldig fokusert på uvesentlige ting - og gjerne på kva andre meiner, og kor feil det er. I staden for å prøve å forstå og utvikle seg sjølv. Det kan også føre til at ein misser trua, fordi ein ikkje har gått mange nok runder med den til å bli trygg på kva ein trur på. Ein kan bli redd å møte andre, fordi dei meinar og trur noko anna. Eller ein kan la seg lede inn i det ekstreme, fordi ein ikkje har trena - sett spørsmål, jobba med det og la det bli forma til noko som er dynamisk og sterkt.

LTKA1490.jpg

Det er så lett å ta for gitt at det ein eingong mestra skal ein alltid mestre. Ein venn av meg skulle vise meg ein øvelse, men oppdaga at han ikkje greidde å gjere den sjølv. Han hadde ikkje gjort det på mange år. Det er ikkje heilt rett at om du eingong har lært å sykle så kan du det. Det erfarte eg i København. Då eg plutselig sat på ein sykkel som ikkje var bolta fast i golvet på eit treningsstudio - men der eg måtte ha kontroll på styret sjølv. Det tok nokre runder før eg kjende at dette meistrar eg.

bevegelse1

Det eg meinte då eg var 20, det har vore med på å forme meg. Men det er ikkje alt eg kan seie eg står inne for i dag. Det har utvikla seg, fordi eg har bevega meg - møtt nye menneske, nye tankar og idear. Det eg trudde på då eg var 20, det har definitivt forma meg. Eg trur på mykje av det samme endå, kjernen er den samme, men ein god del av rammeverket rundt det har fått endre seg - fordi eg har fått bevege meg i landskap som har forma meg.

IMG_1324.JPG

Og sidan eg snakkar om bevegelse. Det er på tide å komme seg ut i ein fin dag. Eg ser at skodda kjem sigande. Eg skal ha meg ein tur på trening. No er det slutt på unnasluntringa!

mandag 13. februar 2017

It takes a village

I dag hadde eg frisøndag.
Og som på frisøndagar flest drog eg meg opp av senga og rakk akkurat å få planta rumpa på ein av dei harde kirkebenkane på galleriet i Glide Memorial Church før bandet starta festen.
For å gå på gudstjeneste i Glide er ein fest.
I dag var det absolutt ikkje noko unntak.
Dei aksjonerte vekk ei Red Velvet-kake til over $10.000 - riktig nok fordelt på tre omgangar, der førstemann betalte $7000 og donerte kaka tilbake, nummer to betalte $3000 og gjorde det samme - og eg fulgte ikkje godt nok med, så eg fikk ikkje med meg kva sistemann betalte..


Du kjenner det så fort du kjem inn om dørene at denne menigheta betyr masse for mange.
Og eg har tenkt mykje på det etter kyrkjemøtet. Eg leste ein som sa at ein må berre sjå på alle dei liberale kyrkjelydane kor dei ein etter ein døydde. Glide har for meg blitt eksempelet på det motsatte.
I 1963 kom Rev. Cecil Williams til Glide Memorial Church. Ein svart pastor til ei kvit, og døyande, konservativ kyrkje. Allereie året etter starta han the Council on Religion and the Homosexual.
Han har vore ein som har kjempa for at alle skal ha ein plass i kyrkja. Han er ein som har stått på barrikadene og kjempa for at vi som kjem til kyrkja skal involvere oss i det som skjer ute i verda.
Han har kjempa for at kjærleiken skal vinne. Og til tross for at han snart er 88 år gammal, og formelt sett har vore pensjonist i 18 år, så er han framleis aktiv.


Glide Memorial Church er ei kyrkje der du møter menneske av alle legningar, hudfargar og samfunnsklasser. Menneske med ulike syn på tru og ulike måtar å leve på. Det gjekk frå å vere ei menighet på nokre dusin menneske til å vere ei menighet med ca. 10.000 medlemmer, som er ein av dei største bidragsytarane til dei sosiale ytingane i byen. Her deler ein ut over 3000 måltid om dagen, ein har grupper for heimlause, rusmisbrukarar, menn som slår, dei som har vært utsatt for vold i heimen, psykisk helse, og LGBTQ(Q). Her kan ein få HIV/AIDS-screening og anna rådgjeving. Her demonstrerer ein for likeverd, og for at alle skal få samme rettigheter. Og her er det utdanningsprogram for både barn, ungdom og voksne. Dei driv både med avrusning og har plass til heimlause. ALLE er velkommen. Til og med då Westboro Baptist Church stilte seg opp på utsida med sine hatefulle plakatar, vart dei møtt med åpne armar og invitert inn. Ingen spør deg om kva du føler, kva du trur på eller kva motiv du hadde for å komme til gudstjeneste. Her blir du møtt med: "Velkommen! DU er velkommen akkurat slik som du er akkurat no!"

Vel, det var litt om menigheta som eg altså sat på ein kyrkjebenk langt oppe på galleriet hos i dag.
Den åpenheten og det mangfoldet som møter meg der rører meg kvar gong. Og eg tenker at det er ikkje så farlig med teologien og ritualene når du blir møtt, sett og får merke at du er velkommen, elska og at du høyrer til. Men av og til kan ein bli ramma av litt teologi her og. Og i dag vart eg det.


Dei som kjenner meg veit at eg er godt over middels glad i dåp. Det er noko av det vakraste eg veit om. Og i dag var det ein som vart døypt i Glide. Det rørte meg langt inn i hjarterota.
Eg sat og tenkte på vår vesle dåpsliturgi, som eg er veldig glad i.
Biskopen hadde dåpen, og først henvendte han seg til den vaksne mannen som ville bli døypt.
Alt var som heime. Men så snudde han seg til forsamlinga, og sa det vi på mange måtar seier i vår liturgi men som eg aldri har høyrt bli sagt på ein så tydelig og forståelig måte:

"Vil de, kjære menighet, gå med nn(eg hugsar ikkje namnet), sørge for at han finn sin plass i blant oss og vise han at han er elska, verdifull og eineståande i både ord og handling? Vil de vere der for han i medgang og i motgang og sørge for at han har den støtta i ryggen som han treng?"
Orda slo i mot meg. DETTE er faktisk det ansvaret vi som menighet skal ta kvar gong vi døyper nokon. Vi skal være der, bygge opp og heie fram.
Eg syns dette var ein så fin måte å seie det på at eg berre måtte dele det.
Som ei oppmuntring til oss alle, om å vise dei vi har rundt oss at dei er elska, verdifulle og eineståande - og at vi vil gå med dei både på dagar med solskinn og i regnet.
For vi treng kvarandre, meir enn vi aner. For om det tek ein heil landsby å oppdra eit barn, så trengs det ei heil menighet for at vi skal få slå djupe røter og bli trygge i trua vår.





torsdag 2. februar 2017

TA IKKJE KRISTUS FRÅ MEG!

Denne veka har det vore kyrkjemøte i Norge.
Ei av sakene som vart behandla der var vigsel av lesbiske og homofile.
Og frå og med denne veka har altså lesbiske og homofile rett til å få gifte seg i Den Norske Kyrkja, og ny liturgi for ekteskapsinngåing er på plass.
For mange av mine venner har dette vore ein lang kamp og ein stor seier, og eg gledar meg med dei.
Og mange har uttrykt gleda si på bl.a. Facebook - og eg har lest litt av reaksjonane som enkelte har fått, og eg er rysta. Det er på linje med dei mest ekstreme kristen-ekstremistane her i landet.. og det er ikkje positivt.


Eg har og lest ein del av mine meir konservative venner og bekjente sine statusar og kommentarar. Eg har lagt band på meg sjølv, og unngått å kommentere. Men ein kjem til eit punkt der ein berre må reagere.

Eg vil fyrst seie noko som er veldig viktig, og som eg har sagt før:
Eg har full respekt for at folk er uenig i meg i teologiske spørsmål. Eg har også stor respekt for dei av mine venner og bekjente som har sagt at dei ikkje lenger kan vere ein del av Den Norske Kyrkja fordi dei opplever at dette bryt med deira tolking av Guds ord. Det står stor respekt av å stå for det ein trur er sant. Og det må vere lov å vere skuffa og kjenne på sorg når ein opplever at andre ikkje deler denne tolkinga.


MEN, og ja, dette er eit stort men: Eg kjenner eg blir både såra og frustrert når folk uttaler seg om dette med lausrevne bibelord som indirekte fortel meg at eg - og alle som tolkar bibelversa om samliv som meg - ikkje er kristne nok, eller tek det eit hakk lenger og kallar meg avgudsdyrkar.
Det har vorte alvorlig for meg. For det er ikkje eit spørsmål om kven som er Herre i livet, eller kven eg trur på vi er uenige om. Det er korleis ein tolkar tekstar som har vore tolka sidan dei var skrivne, og i ulikt lys og ulike oversettingar...


Særlig vanskelig blir dette når det blir gjort med Bibelen i handa.
Det er særlig to bibelhenvisningar som går igjen, gjerne med eit eller anna vers om at Gud går med/gjev løn til den som er trufast. Eg kunne teie og la det berre prelle av som vatn på gåsa. Men det er ikkje så lett. Eg har gått ein lang veg for å havne på det standpunktet eg har gjort. Eg har gått frå erkekonservativ til rimelig liberal. Fordi eg har jobba med det. Ikkje fordi eg har trudd blindt på det andre har fortalt meg. Og det var faktisk ein konservativ prest som er i mot at kyrkja skal vie homofile og lesbiske, som til slutt hjalp meg å få siste brikkene på plass. Og når folk bruker Bibelen mot meg, på ein måte som trykker meg ned, så greier eg ikkje å sleppe det så lett..
Men når det er sagt: Eg er heldig. Eg er så streit som det gå an å bli. Eg må ikkje kjempe for å få love å elske og ære nokon foran Guds alter. Men fordi mange eg er uendelig glad i har måtta gjere det, og fordi eg trur dei burde ha rett til det, så må eg seie ifrå!





Det verset som går mest igjen er Salme 119:160: "Summen av ditt ord er sanning, dine rettferdige lover varer evig."

Salme 119 er ein flott salme, som vi kan bruke for å be om å få mot, kraft og visdom til å leve rett.
I den sammenhengen som mange har brukt dette bibelverset dei siste dagane blir det brukt til å fortelle meg og andre som deler mitt syn at "Du er ikkje kristen nok" eller "Eg er meir kristen enn deg". Eg blir sittande igjen og lure på om dei som har brukt det faktisk meiner at dei lever etter ALLE lovene og reglane i Bibelen...
Men det slår meg og at Jesus ved eit par høve nærmast oppsummerer lova. Hint: Matt.7:12 og 22:34-40.


Kanskje er grunnen til at eg forstår bruken av dette salmeverset slik som eg gjer, at det ofte i denne samanhengen er knytta til eit lite utdrag av eit anna bibelvers: Josva 24:15: "Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren"

Ja, tydeligare kan ein vel ikkje seie at dei som ikkje meiner det samme som deg ikkje tener Herren.
Bedre blir det ikkje om ein ser på sammenhengen dette står i. Her er det ei lang tale om å vende seg frå avgudsdyrking. Eg kjenner at det går inn på meg at venner av meg dømmer meg frå retten til å kalle meg Guds born og å få del i Guds rike. Ja, for det er faktisk det som blir sagt når ein ytrar seg slik.


Kanskje er det med fullt overlegg at ein legg saman desse versa, eller kanskje er det berre at andre har gjort det før deg og ein syns det oppsummerer så fint det ein trur på.
Men eg lurer faktisk på om dei som legg ut slike meldingar i det offentlige rom tenker på kva dette gjer mot andre. Eg greier ikkje å tru at intensjonen til dei som har gjort det var å stille seg i veien for at andre menneske får eit møte med Kristus. Men det oppleves likevel som eit forsøk på det.

Å være uenig er greit. Å ytre at ein er skuffa over kyrkja sine vedtak er greit. Å velge å melde seg ut på bakgrunn av at ein ikkje kan leve med denne teologien er absolutt greit. Men å så mykje som insinuere at andre menneske sine tolkingar av eit teologiske spørsmål, som ingen har fasitsvar på, fråtek dei rett til å sitte ved Mesteren sine føter er IKKJE GREIT!
For det handlar om tolkingar. Homofili-spørsmåla har rom for å tolke både eine og andre vegen, reint teologisk. Eg kan ikkje seie at slik eg les det er rett, men etter å ha studert og undra meg har eg enda på at eg trur det er rett.
Men om du er uenig, så trur eg likevel at du er ein like god kristen - og like fullt og heilt Guds barn. For det kjem ikkje an på om du er pinsevenn, folkekirkelig eller katolsk - det det kjem an på er kven du trur på og kva og kven bekjenner at du trur på.


Dei siste dagane har eg gått og sunge på ein sang av Sigvart Dagsland.
Eg syns den beskriv så godt kva kyrkja, og livet, er - med alle sine feil og manglar.
Kyrkja er menneskene som bekjenner at Kristus døde, Kristus stod opp, Kristus skal komme igjen. Han være ære for kjærleiken som er sterkare enn døden.
Og fordi vi er mennesker vil det alltid vere brister, feil og mangler - men ved Guds nåde får vi framleis sette oss ved Jesu føter og vere til, uansett kva teologisk standpunkt vi har.


Djupe spor

Eg komme te deg, Gud
med min svage tro
for sjøl om tvilen kan ver' stor
så har din godhet satt så djube spor

Eg har mange lengsler, Gud
Livet sprenge på
der e så møje eg sko gjort
ka ska eg velga? - årå går så fort.

De'kje lett å skimta svarå her 
kor adle famle i blinda
men det hjelpe hvis eg leide der
eg vett at du e å finna.

Du har gitt oss kjerkå, Gud
Hu gjør vel ka hu kan
Hu virk sleden, hu e litt rar
men om hu svikte, så e hu alt me har

Det blir sagt og skreve møje sant
om liv og lere som sprike
men i avmakt, som ein diamant
gjømme kjerkå ditt rige

For bakom fromme ord og tågeprat
der kan eg møda deg som har gått så tunge steg
for å møda meg

Eg komme te deg, Gud
med min svage tro
For sjøl om tvilen kan ver' stor
så har din godhet satt så djube spor
djupe spor



tirsdag 24. januar 2017

Om presidentar og frykta for det ukjende

Eg har lurt lenge på korleis eg skal formulere dette innlegget.
Heilt sidan 8.november faktisk.
For då starta det. Det som skjedde på fredag forrige veke.
Ein mann som er utan empati, utan tanke for andre enn seg sjølv, ein mann utan nevneverdig humor, utan evne til å styre tempramentet sitt og utan impulskontroll sette seg i sjefstolen i verdens mest berømte ovale kontor.
Eg har lurt på korleis noko slikt kan skje.
Korleis har han greidd å narre så mange velgarar til å tru at han vil dei vel?
For eg trur det ikkje. Eg ser ikkje snev av å ville andre vel.
Eg ser ein som vil seg sjølv vel - og som har enormt store tankar om seg sjølv.

Litt annen klang på "In God We Trust" over det hvite hus i dag.

For det er ikkje at denne mannen har fått president-embetet som skremmer meg mest.
Det er hatet og frykten han har skapt.
Eller rettare sagt: Det er hatet han har legalisert.

Han har gjort det lov å håne folk med handicap, han har legalisert rasisme og framandhat. Ikkje framandfrykt, men framandhat. Han har stått i front og fremma ei nasjonalisme som ikkje er sunn - og framelska ei høgreekstrem rørsle i folket. Og det gjeld folk utan for USA også.
Det gjeld folk i Norge og andre plassar i Europa.

Kva er sanninga? Har vi alternative sanningar?

Det skremmer meg at eg veit om kristne som ser på denne mannen som ein gudfryktig mann. Som anser han som eit bønnesvar. Endelig er det ein mann på sjefsplass som har dei kristne verdiane på plass. Til dei har eg eit spørsmål: Kva kristne verdiar er det de snakkar om?
I min Bibel står det om å elske sin neste, om å rive ned murar, om å ta seg av dei fattige, svoltne, dei som er i fengsel og dei som har det vondt. Det står om forsoning og om tilgjeving. Og kva var no anden sine frukter? "Kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin" står det i min Bibel.. eg veit ikkje, kanskje de har ein annan versjon enn min? Eg finn andre ord i Galaterbrevet 6 som eg syns passar betre. Ord som ikkje beskriv noko som er frå Gud: Hor, umoral, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar, misunning.. Ein treng berre å vite litt om historia hans, og lese twitter-feeden for å sjå konturane. Eller å sjå fyrste pressekonferansen, som egentlig ikkje var ein pressekonferanse, men ein demonstrasjon av kva sjølvhevding og reinhekla misunning er. Eller sjå kva han har gjort i løpet av sine fyrste dagar som president...

Eg trur og håpar eg har vokse det av meg..

Og igjen - det er ikkje at han er slik som skremmer meg. Det er at så mange ser opp til han. Det er at så mange tenker at når han kan, så kan eg. Det er at så mange trur at han snakkar sant. At det er greit å ikkje like, å gjere narr av, å undertrykke menneske med annen hudfarge, legning, kjønn, religion og funksjonsnivå. Slik vert nokre menneske utstøtt, redde og makteslause - og slik vert desperate situasjonar og desperate menneske skapt. Og så har vi den vonde spiralen gåande.  

Kva er kristne verdiar?

Og han er ikkje åleine om å rope om at han har kristne verdiar, utan å vise det i handling og ord.
Eg ser i media at i Norge skjer det mykje, særlig i det flyktning-politiske landskapet. Det er enkelte som hevdar å ha kristne verdier, og som stolt stiller opp på kristne stevner med korset dinglande rundt halsen, men som uten å blunke vil sende barn eller folk som har vokse opp i Norge tilbake til land der framtida deira i beste fall er usikker. Og kristenfolk som hyller disse som om dei var Guds gave til norsk politikk. Eg trur at om Gud faktisk fikk velge politikarane våre, så ville mange ting sett annleis ut...

Men kva er det som får folket til å velge slike folk til å vere leiarar? Kva er det som gjer det mulig for dei å komme seg i slike maktposisjonar? Er det vi som sviktar?
 
Frå helga sin kvinnemarsj


Eg høyrde på radioen her om dagen. Der var det ein psykolog som vart spurd om korleis ein skal få ein som er heilt overbevist om at han har rett til å endre meining. Svaret var: Du må lytte, prøve å forstå korleis vedkommande tenker. Sansynligvis får du ikkje vedkommande til å endre meining, men du kan komme nærmare..

Eg har tenkt mykje på kva som gjekk gale her i fjor. Det var tydelig at Hillary kanskje ikkje var rette valget for demokratane. Sjølv om ho var klart best i sakligheta i debattane, så møtte ho likevel opp med ei haldning av å ikkje ta motstandaren sin heilt seriøst. Ho greidde heller ikkje å nå ein del velgarar, sjølv om ho kjempa for saker som ville vere til alle sin fordel. Kanskje var ho for dårleg på å lytte til dei som hadde behov for å bli lytta til?
Eg trur at hadde Bernie Sanders vore i hennar plass, så kunne ting vore annleis. 
Men slik var det ikkje.
 
Frå helga sin kvinnemarsj


Eg trur at mange følte seg sett når det var snakk om arbeidsplassar som forsvann. Sjølv om det ikkje vart snakka om at det er maskiner som har tatt jobbane frå folk. Eg trur mange følte seg forstått når muslimar og mexicanere vart uthengt som dei store, stygge ulvane - fordi dei er redde for desse nye landsmennene. Det er mange som trur at dei blir bønnhørt når ein milliardær står og snakkar om at no skal alt bli så mykje betre, no skal dei få jobbar og beholde sin kvite og kristenekstremistiske kvardag...

Eg trur at dei føler det slik fordi ingen har lytta til dei. Ingen har tatt på alvor den frustrasjonen og frykten dei har. Og dette har han snappa opp, han som no sit i presidentstolen. Og alt han trengte å gjere for å få makta han higa etter, var å adressere denne frykta. Gi dei eit håp. 
At det han står for knuser andre sitt håp, og skaper frykt hos heilt andre grupper, betyr ikkje så mykje.
 
Frå helga sin kvinnemarsj


Leo Ajkic har ein serie på NRK for tida: FLUKT. Å lytte til Leo er ein lur ting. Han har erfart på kroppen kva krig er. Han har erfart kva å vere flykting er. Og han er ein klok mann! I episoda forrige veke snakka han om korleis skepsis, og frykt, kan bli til hat. Korleis det å undertrykke andre sine meiningar fører til ekstremisme og i verste fall krig. Korleis kan nokon lytte når alle står og ropar?

Eg var tilstades på kvinnemarsjen her i San Francisco. Det var ein av søstermarsjane til den store i Washington. Vesle San Francisco samla godt 100.000 menneske. Snart 1/8 av alle som bur her. Rett over brua, samla endå mindre Oakland 60.000, 1/6 av alle som bur der. Det var omlag 2,5 millionar ute og demonstrerte for det vi og dei trur på. Det er den største ein-dags-demonstrasjonen på amerikansk jord, nokon gong. Det var stort å vere med på og del av. Mest av alt fordi hovudbudskapet var at kjærleiken er større enn hatet. Men også her var det mange som føler at deira stemme ikkje vert høyrd. Og det som greip meg mest var ein liten plakat, som berre sa: "Eg er redd" 
 
sjå forbi den store...

Eg trur det er der det startar. "Eg er redd"
Eg kjenner på frykta også. Eg veit ikkje kva desse strøymningane som går gjennom verda no vil føre med seg. Men eg trur aldri at framandfrykt og hat fører noko godt med seg. 
Vi har sett det før. Vi trur kanskje vi må tilbake til andre verdenskrig, men etnisk rensning og frykt for dei vi opplever som ukjent eller fiende har vore der heile tida. Eg vaks opp med at England var like farlig som Israel. Og mange av landa eg lærte om på barneskulen er der ikkje lenger. Og det har vore diktatorar i verda heile mi levetid. Men faktumet er at dei vi trur er fienden er berre menneske dei og. Og ofte er dei like redde som oss.
 
Kjærleiken skal råde


Eg trur psykologen og Leo har rett. Vi må begynne å lytte til dei vi ikkje forstår. Vi må sjå dei som medmenneske - ikkje som fiende, sjølv om vi ikkje kan fatte at dei meiner det dei gjer. Kanskje kan vi ved å lytte finne ut korleis dei har komt til konklusjonane sine. Og kanskje kan verden bli ein bedre plass for oss alle. 

Frå demonstrasjon på Golden Gate fredag