mandag 17. juli 2017

Tilgi oss

Det var søndag morgon.
Eg hadde forvilla meg inn på ei gudsteneste.
Det var fint å vere der.
Heilt til talen.


Teksten var frå Matteus 16. Om å følge etter Jesus. Ein tekst som er litt kronglete og som eg har tala over mange gonger i misjonssamanheng. Det handla om å leve eit anneleis liv. Og så kom det frå talaren ein bodskap som eg kjende plaga meg. Han påstod at berre vi som er kristne har verdiar som er gode. Eg veit ikkje om det var det han egentlig meinte, men det var det han sa. Han snakka om kor ille det var i Norge i dag - og at vi kristne hadde eit særskilt ansvar sidan vi var bedre og forstod meir enn dei andre.. Det var som om vi kristne er ein form for overmenneske..


Eg har blitt gåande å tenke denne talen. Eg har vokst opp i ein kristen heim, gått på bibelskule og Menighetsfakultetet. Eg har trakka inn og ut av bedehus og kyrkjelydar. Eg har besøkt andre trussamfunn og eg har vore mykje på leir. Og eg har vore på fleire gudstjenester og i lag med andre kristne etter denne søndagen. Og eg har tenkt, og tenkt, og tenkt. Og eg kjenner på eit stadig større behov for å be om tilgivelse.



Tilgi oss når orda våre er store og fordømmande
Tilgi oss når orda våre og handlingane våre ikkje heng sammen
Tilgi oss når vi trur vi har fasiten på alt
Tilgi oss når vi ser ned på deg, eller ikkje ser deg slik vi burde
Tilgi oss når vi definerer grenser som set deg utanfor og oss innanfor
Tilgi oss når vi er for stolte til å bøye oss ned og hjelpe den som har falt
Tilgi oss når vi går oss vekk i teologiske debattar og gløymer å vere medmenneske
Tilgi oss når vi har gått og trakka i kristne miljø og blir så åndelige at vi mister bakkekontakten
Tilgi oss når vi brukar all fokus på flisa i ditt auge, uten å sjå at vi er blinda av bjelken i vårt eget
Tilgi oss når vi tek motet frå deg, og ikkje heiar på deg
Tilgi oss når vi ropar høgt om nåde og raushet, men ikkje har vilje til å vise det sjølv
Tilgi oss når blikka vi sender deg får deg til å føle at du ikkje høyrer til blant oss
Tilgi oss når vi møter deg på ein måte som gjer at du føler deg ekskludert
Tilgi oss når vi står i vegen for at du får komme inn og kjenne på varmen
Tilgi oss når vi har gløymt kva Jesus ville gjort og sagt
Tilgi oss - ikkje fordi vi fortjener det, men fordi vi treng det

Vi treng din nåde.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar