mandag 7. august 2017

Viktige valg!

I dag har eg brukt stemmeretten min.
Eg møtte opp på kommunehuset med valgkort og legitimasjon og ga mi stemme til dei eg syns burde lede landet vårt. Det er første gang sidan eg var 18 at eg har førehandsrøysta. Eg har alltid syns det var slik stas å gå og stemme på sjølve valdagen.


Det har vore mange innlegg på Facebook-veggen min den siste tida, som gjer at eg har lyst å seie nokre ord i denne samanhengen, til deg som enno ikkje har stemt.

Det første er: Ikkje bruk den amerikanske valkampen som førebilde. I Norge har vi parlamentarisme. Det betyr at du stemmer på eit parti - ikkje på ein person. Når eg ser folk som postar saker som svartmalar Jonas Gahr Støre eller angrip Erna Solberg, for å sanke velgarar til sitt parti, så blir eg litt oppgitt. Ingen personar er feilfri, vi er ulike og har ulike verdiar. Eg trur du vil møte mange ulike haldningar og meiningar innanfor rammene av alle parti. Det kan vere lurt å sjekke kven i ditt fylke som står på listene, det kan vere noko du vil ta med i reknestykket. Det er likevel viktig å hugse at når du går til valgurnene så stemmer du ikkje på ein person. Du stemmer på partiet. Du er med å avgjere kor mange frå dette partiet som får eit sete på stortinget frå ditt fylke. Kor mange seter eit parti har avgjer kor mykje partiet har å seie.


Det bringer meg over på punkt nummer to: LES partiprogrammet! Ikkje berre høyr på kva overivrige politikarar seier på tv, eller surmaga bloggarar/journalistar skriv. Finn ut kva partiet står for. Ikkje stem på eit parti fordi dei har flagga ei sak utan at du har sjekka at du kan leve med dei andre sakene dei står for. F.eks. kan du leve med å stemme på eit parti som har programfesta at dei jobbar for aktiv dødshjelp, berre fordi dei ropar høgt om at dei vil gje deg mindre bompengar? Greier du å sjå forbi korset rundt halsen på stortingspolitikaren og høyre etter kva verdiar som egentlig er på val? Eg trur alle parti har sine kristne representantar, og dei fleste har representantar frå andre religionar, så politikk handlar ikkje om kva religion du seier du tilhøyrer. Det handlar derimot om kva verdiar partiet har vedtatt. Om sakene som er viktige for partiet. Det er viktig å sette seg inn i kva ein stemmer på, ikkje berre kven!

Og då er vi kome til punkt tre: Sett deg inn i kor partiet har lojaliteten sin. Kven vil dei samarbeide med? Kva saker vil dei måtte legge på is og kva kamelar vil dei måtte svelge om dei inngår samarbeid med dei som dei skisserer som samarbeidspartnarar? Er dette saker som er viktig for deg, eller er det detaljer? Det er ikkje lett å lese kva som skal skje i framtida, men om eit parti som profilerer seg med familien som viktigste målgruppe allierer seg med eit parti som vil auke privatisering og ha frie markedskrefter, så kan det høyres ut som om den sterkaste av desse to vil overkøyre den andre.

Høgre høyrer ikkje til øverst til venstre!

Som fjerde punkt vil eg seie dette: Ingen parti er feilfri. Eg har etter å ha lest partiprogram og gått i valgboder valgkamp etter valgkamp og stilt spørsmål til dei lokale politikarane, landa på mitt parti. Det betyr ikkje at eg er enig i alt som dei seier eller gjer, men det er dei eg er nærmast. Dei som har flest saker som samsvarer med mine verdier, og som ikkje har saker som strider mot viktige verdier for meg. Det betyr og at eg ser realistisk på kva som blir lova og kva som er mulig å gjennomføre, og eventuelt kva som blir konsekvensen av å gjennomføre det. I valgkampen er det mange løfter som blir gitt som aldri kjem til å bli halde - frå alle parti.

Eg har vennar og bekjente frå alle mulige samfunnslag og med mange ulike religiøse tilknytningar. Sjølv reknar eg meg som kristen. Eg kjenner at det vrenger seg i meg kvar gong eg ser folk som påroper seg å ha kristne verdiar vel å poste innlegg på sosiale medier som er direkte angrep på personar. Særleg når det er utan vesentleg kildekritikk. Vær kritisk til kva du deler. Vær kritisk til det du les. Still spørsmål ved om dette er relevant for valet du står over for eller ikkje. Sei ifrå når nokon trakkar over grenser, krenkar andre eller tek feil. Men tenk igjennom kva du angrip - og om det er det rette du gjer.


Særleg i eit valgår kan det vere lurt å leve etter regelen at om du ikkje har noko godt å seie om nokon, så er det best å halde kjeft.  Men uansett kva du seier eller ikkje seier, bruk for all del stemma di! Det krever litt, om du vil gjere det skikkelig, men det er faktisk vi som går til urnene som bestemmer kven som blir sittande ved roret i Norge dei neste fire åra.


God valgkamp!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar