onsdag 23. april 2014

Påske og vandring over brua

 Påska kom som julafta på kjærringa for min del i år.
Men det har vore ei innhaldsrik og kjekk påske.
Vi har hatt skjærtorsdagsmesse,
der vi duka av alteret
og avslutta kvelden med vafler med rekeost (not my idea!;) ), 
kaffe, te og ein fantastisk solnedgang.


Det var ein del turistar innom kyrkja denne veka,
det er tydelig at det friveke heime i Norge.
Her i USA er det ikkje fridag verken skjærtorsdag eller langfredag,
ei heller andre påskedag. 
Men vi hadde meir folk innom kyrkja enn det har vore på lenge.
Og når det kjem meir folk, 
må ein lage meir mat. 
Både vafler, kaker og pizzahorn i lange baner vart laga.


Husmorkunst... ;)

Laurdag hadde vi som vanlig superlørdag,
og eg er så heldig å ha ein fantastisk pedagog med meg
på smårollingane, barnegruppa vår.
Ho fortalde heile påskeevangeliet 
ved å bruke 12 egg.
Eg trur eg var minst like spent og interessert som ungane!


Eg har alltid ønska meg blå auge... ;)

Laurdag kveld var det stille før påskedag.
Det er stor tradisjon for å gå i kyrkja på 1. påskedag her, 
så eg lada opp med ein tur på Marinaen
før eg kraup saman i sofaen heime.



Og det var ein flott gjeng som kom på gudstenesta søndag,
og kyrkjekaffen hadde heldigvis nok mat.


Etter oppvasken var tatt og døra var låst,
var eg så heldig at eg fekk vere med ei venninne heim
til lammelår med geitostsaus og ovnsbakte grønsaker.
Ho bur i Oakland, så eg fekk teste ut Bart for første gang
og sett litt av East Bay.

YAMMI! :)

I går hadde eg store planar 
om å tilbringe dagen på sofaen dersom veret ikkje var eksepsjonelt,
det var det ikkje, så eg hadde ein seriøs date med 
Game of Thrones.
Det var akkurat det eg trengte i går.
Men i dag kunne eg ikkje tilbringe dagen inne!
Det var sol ute, men ikkje direkte varmt.
Instagrambilder fortel meg at temperaturen 
var bedre i Bergen i dag.
Men likevel - eg er nordmann med vikingblod i årene, 
og ein sit ikkje inne når det er sol ute!
(hvis du ikkje er på jobb da ;) ) 


Så etter å ha bestilt meg ein liten tur til Thessaloniki i slutten av mai,
så tok eg beina fatt og sette kursen mot Golden Gate Bridge. 
Mål for dagen: GÅ OVER DEN!

en av fordelene med å bu i California <3
Og eg gikk og gikk, og gikk, og gikk..





Eg gikk faktisk heilt til Marin County..



Eg må seie at det er litt av eit praktverk,
denne brua her. 
Ein ser det liksom ikkje før ein går over den.. 
Og pittelitt lenger å gå over enn Måløybrua..
Eller Askøybroen.. eller Sotrabroen..
Faktisk kan du legge sammen alle dei tre
og kun gå 780 meter lenger...
Og den er definitivt breiare med sine 6 køyrefelt
+ fotgjengar- og sykkelsti.


Høgt ned var det også,
noko som gjer brua til eit ynda mål 
for dei som vil avslutte livet.
Berre ein plass i verda har fleire sjølvmord.
Eit fall på 75 meter gjev ei fart på ca.120 km/t i det ein treff vassflata.
Omlag 5% overlever samanstøtet med vatnet,
men døyr oftast på grunn av drukning eller kulden i vatnet.
Dette tek ein på alvor her,
og ein gjer det ein kan for at folk skal oppsøke hjelp.



Selfie! Been there, blown away! ;)

På vegen heim såg eg på både dyreliv og folkeliv ..


Skal eg vere heilt ærlig, 
så fekk eg litt panikk då karen under fann ut at han ville helse på meg.
Eg sprang som en tulling då han sette kursen mot meg.
Men han var jo litt kul også.. så lenge han var på avstand!


Og det var herlig vêr for kiting og vindsurfing.




Etter å ha gått på stranda måtte eg ha ein stopp
og tømme skoa for sand..

Vindskating :)

På veg heim måtte eg innom butikken rett nede i gata.
Ein av dei som eg møter der kvar gong var der i dag og.
Ein fantastisk fyr som renner over med kompliment
og sprer glede til alle rundt seg.
Eg trur han må vere eit av dei vakraste menneska eg har møtt.


Vel heime, tende eg lys
og sank ned i stolen i vinduet 
medan eg venta på at middagen skulle bli klar.


Det blir liksom ikkje feil med Derek Morgan og resten av 
Criminal Mindsteamet etter å ha vore ute og gått heile dagen.
Eg må jo lade batteria til ei ny veke med mange møter med  
spennande og interessante menneske.
For heilt seriøst:
Eg har virkelig verdens beste jobb! :)

Endelig bikka eg 30.000!


torsdag 17. april 2014

Sterk kvinne, tynn hud

Dei siste åra har eg høyrt gjentatte ganger at eg er ei sterk kvinne. Og det er ikkje det faktum at eg har fysisk styrke som blir kommentert. Det har fått meg til å fundere litt den siste tida..


Eg har kloke foreldre. Dei har lært meg at ein må sette seg mål og jobbe for det ein vil ha. Eg har lært heime at det er sunt å vere aktiv, bruke hovudet og lære nye ting. Og eg er veldig takknemlig for nettopp dette. Eg har vokst opp i ein heim der eg måtte delta, bidra og arbeide sammen med andre. Eg vart oppmuntra til å bruke dei sterke sidene mine og å jobbe med dei svake.

Eg trur at dette har ført meg inn i nokre roller eg kanskje ikkje ville fått dersom eg hadde fått denne lærdomen i oppveksten. Eg har vore i ulike leiarroller - noko som ofte kan vere krevande roller å ha. Det er krevande å måtte sette grenser, og å pushe dei. Det er krevande å vere den som seier det som ingen vil høyre. Det er krevande å sjå til at alle i teamet ditt får brukt sitt potensiale, å finne dei rette måtane å få folk til å strekke seg etter noko nytt eller å begrense seg. Det er krevande å finne ballansen på dette sjølv, og å vere eit godt førebilde i så måte. Det er krevande å sette seg inn i nye ting og bli dyktig i det ein driv med. Og etter å ha vore gjennom nokre leiarposisjonar av ulik art må eg desverre seie at som kvinne må eg oftast prestere 10, om ikkje 100 gongar bedre enn ein mann i samme posisjon.



Og kanskje har dette gjort at eg har fått ei "sterk" framtoning. Eg har måtte kjempe for respekt, eg har jobba for å nå måla mine, og eg er seig. Eg har måtte bite det i meg når eg har opplevd at når ein mann seier akkurat det samme som eg sa for ti minutt, ti dagar eller ti månader sidan, så får han ståande ovasjon, medan eg fekk "det skal du ikkje bry det vesle, tomme hovudet ditt med"-blikket.
Eg har bite tennene saman og nekta tårene å trille når bemerkningar om at ein er for hard eller hjartelaus har hagla fordi eg har vore nøydd til å ta upopulære val, fordi eg har sett på det store bildet - slik leiarar må - og dei rundt meg berre har sett detaljane. Men hadde ein mann gjort akkurat det samme, hadde det blitt godtatt utan vidare spørsmål..
Eg har lurt på om ein skal le eller grine når sjefen plutselig, med stor forundring, oppdagar at ein har noko mellom ørene og faktisk har noko å bidra med.
Og eg har kjent på kor urettferdig det er, når eg har gjort 90% av jobben - og ein mann kjem inn, seier to ord og får all takk og ære.




Misforstå meg rett. Eg har ikkje til hensikt å syte og klage. Eg har trivdes i dei rollene eg har hatt og eg trives i dei rollene eg har. Men det var dette med å vere sterk eg hadde lyst å belyse. Det kan vere at mange kvinner skulle ønske at dei vart omtala som sterke - men eg er stort sett ikkje ei av dei. Vi omtaler jo sjelden menn som sterke på samme måten som ein omtaler kvinner som det. Det kan vere berre eg som høyrer det feil, men ofte opplever eg det å bli omtalt som sterk som ein måte å påpeike at ein er steil, sta og målbevisst. At ein er umulig å seie i mot, er usårbar og egentlig eit aldri så lite hår i suppa til stadighet. I tillegg blir det ofte brukt om kvinner som er dyktige i jobben sin, kvinner som kan det dei driv med og som kanskje til og med gjer det bedre enn mange menn har gjort før dei. Det er også påfallande at kvinner som er små og søte, gjerne med ei velklingande, blaut sørlandsdialekt, sjelden blir karakterisert som sterke - sjølv om dei kan ha både skarpaste hovudet og skarpaste tunga i mils omkrets. Alt dette gjer at eg ikkje er heilt komfortabel når eg blir kategorisert som sterk kvinne, sjølv om eg veit at nokre som kallar meg det meiner det berre godt. (Sjølvsagt er det gonger det er eit åpenbart kompliment, og det er det jo ingen kvinner som takkar nei til!)


Kanskje er eg steil og sta. Men eg prøver å lytte og eg har ofte skifta meining etter å ha høyrt andre sine argument. Kanskje er eg eit hår i suppa for mange mannlege leiarar når eg til stadighet stiller spørsmål ved kvifor vi skal gjere ting på bestemte måtar, eller kjem med forslag til endringar - men det er ikkje for å vere plagsom, det handlar jo om at eg vil godt. Eg kan bli påståelig og engasjert - men det handlar jo også om at eg bryr meg.. Kanskje er det at eg faktisk har måtte greie ting sjølv, fordi eg ikkje har hatt ein mann som kan skifte lyspære, dekk, sikringar eller andre ting for meg gjort at eg har blitt litt for sjølvstendig? Eg har ikkje dialekta som gjer alt mjukt og fluffy, eg er heller ikkje ein person som har sansen for å kalle ei møkkagreip for ein spade berre for å pynte på det... Men eg er definitivt ikkje usårbar, sjølv om eg stort sett vel å halde tårene tilbake til eg er åleine.

Eg føler meg ikkje sterk. Og det er ikkje slik at eg tek det ille opp om nokon kallar meg sterk, men eg slit med å ta det som eit kompliment, rett og slett fordi det oftast har vore sett i samanheng med noko negativt, noko som gjer meg nesten maskinell - ikkje medmenneskelig. Men eg har fått høyre det ofte, at eg er ei sterk kvinne, og då er det vel noko i det...


Det er kanskje difor det gjer så sterkt inntrykk på meg når nokon ser noko anna ved meg som appellerer meir med den eg ønsker å vere. Som i sommar, då eg stod og laga marengstoppar til kyrkjekaffen. Forbi meg gikk nokon som lurte på kvifor eg gjorde det, for eg hadde jo allerede laga ei sjokoladekake og eg svarte som sant var at det var ei som skulle komme på søndagen som hadde sagt at ho ikkje likte sjokoladekake, og alle burde jo få et tilbud på kirkekaffen. "Så snill du er!" Utbraut vedkommande, og sjølv om det heile skjedde i forbifarten, så har desse orda har blitt hengande fast i hjartet mitt. For på dagar når eg føler meg som den ultimate trollkjærringa, når eg har blitt kategorisert som rigid, vanskelig og sterk, så kan eg søke litt tilflukt i dei - nokon såg at eg faktisk prøver å vere snill.

Skal eg vere heilt ærlig, så vil eg heller bli huska som snill, raus, inkluderande og omsorgsfull enn som sterk, modig og målretta. Kanskje er det fordi eg er ganske tynnhuda når alt kjem til stykket - og på langt nær så tøff som mange trur.








tirsdag 8. april 2014

Kyrkjemøtet og mangel på logikk?

I natt(her hos meg) kom meldinga om at kyrkjemøtet seier nei til både vigsel og forbøn av homofile og lesbiske par. Eg kjende eg fikk vondt i hjartet då eg las det - og det har ikkje vorte bedre etter å ha lese ein del kommentarar frå vennane mine i sosiale medier, enten dei tilhøyrer den eine eller andre sida.
Og eg kjenner at dette må eg berre seie noko om.


For heile greia gjev meg flashback til logikkdelen på ex-phil. Hvis p så q, p så q. Den er logisk gyldig. Men om ein seier q så p, er det ikkje lenger gyldig. Kyrkja seier at dei kan leve med to syn, men dei tek ikkje konsekvensen av å gjere det. Det det minimale fleirtallet av 55% av kyrkjemøtet seier er at dei ikkje aksepterer at kyrkja skal leve med to syn. Det er ingen logisk gyldighet i konsekvensanalysen.

Eg har vokst opp i ein rimelig konservativ del av kristennorge, og har høyrt ein del argumentasjon i teologiske diskusjonar som omhandlar homofil praksis. Eg åt det rått og råte, argumenterte ivrig i diskusjonar og var tydelig på at sølibatet var einaste løysing for slike menneske. Alt eg kan seie om det er: UNNSKYLD! Eg visste ikkje kva eg gjorde!


For så flytta eg til storbyen, og vart kjend med nokre fantastiske menneske som tilfeldigvis hadde ei anna legning enn superhetrofile Liv-Helga. Det førte til at eg begynte å stille spørsmål ved det eg før hadde vore så tydelig på. For kven var eg om eg hindra andre å få leve ut kjærleiken, berre fordi dei tilfeldigvis forelska seg i ein person av samme kjønn. Forresten trur eg ikkje tilfeldigvis er eit godt ord å bruke - eg trur ikkje legning er tilfeldig, eg trur det er slik vi er skapt. Kvifor eg trur det? Fordi eg kjenner litt for mange som har måtta kjempe i altfor mange år med å godta at dette er den dei er. Dei har prøvd så hardt å passe inn i den hetrofile boksen, men til slutt går det ikkje lenger. Ingen som kan velge hadde prøvd så hardt å vere noko ein ikkje er..


Etter kvart som åra har gått, og eg har lest om dette i den store boka, så greier eg ikkje å forstå mine eigne argument frå tidligare. Kanskje handlar dette om mitt bibelsyn også? Eg tenker i allefall at det som står i Bibelen må tolkast i lys av si samtid. Og i Paulus si samtid, i Romerriket, veit vi at det var ei viss prestisje for ein mann å ha ein mannleg elskar. Eg trur kanskje Paulus si referanseramme er noko anna enn at to menneske som er glade i kvarandre ønsker å dele resten av livet sammen.
Og ja, eg veit at det står om dette i det gamle testamentet også, men også det må tolkast i lys av si samtid - og det er ikkje akkurat det som er mest vektlagt når det gjeld bud og reglar. Ei lita setning som seier at menn ikkje skal ligge med menn er alt eg greier å finne i dei 39 bøkene det Gamle Testamenet er samansett av. Det er fleire plassar det står  historier som omhandlar homofil umoral - akkurat som der er historier som omhandlar hetrofil umoral. Og då slo lovverket dei forholdt seg til inn.. Og det var like stamt for hetrofile som homofile. Visste du for eksempel at det står i lovverket i 3. mosebok at både mann og kvinne skal døy dersom ein mann ligg med ei gift kvinne? Vi brukar ikkje så mykje energi på å slå folk i hovudet med det..



Men det står altså noko i Bibelen om homofilt samliv, ikkje om homofil legning. Og derfor kranglar vi i veg. Eg forstår argument som at "ekteskapet er for mann og kvinne, homofilt samliv bør ha ei anna ramme" men eg greier likevel ikkje heilt å svelge det lenger. Nettopp fordi det som står om ekteskapet i Bibelen også må tolkast i lys av si samtid. Og kva er ekteskapet? Er det ikkje berre institusjonen som seier til omverda at vi to høyrer saman og har forplikta oss på kvarandre? Kva eit par fyller denne institusjonen med - eller kanskje skal vi ta bildet heilt ut - korleis dei møblerer institusjonen, kva farge dei vel til veggane og kva gardiner dei vil ha - det har jo ikkje kyrkja noko med å gjere?

Eg lurer veldig på kva Jesus ville ha stemt på kyrkjemøtet. Eg lurer på kva han ville sagt på talarstolen i førekant. Eg lurer på kvifor dette er eit tema Jesus ikkje tok opp - for om du leitar i Bibelen om kva Jesus sa om homofilt samliv, så kan du berre gje opp. Der er ingenting å hente.
Det gjer at det fasinerar meg at ein kan vere så trygg i si sak når det gjeld dette spørsmålet.


Eg ser at eg har gått frå å vere ultrakonservativ til å bli meget liberal i dette spørsmålet. Eg veit at eg heilt sikkert har tråkka på mange føter med dette innlegget. Eg har respekt for dei som er uening med meg, men eg er uening. Det er eit aldri så lite kvepsebol eg har stukke handa inn i - og eg er klar over det. Men den vandringa eg har hatt saman med nokre av mine venner, den kampen eg har sett dei kjempe har prega meg, tvinga meg til å gå nokre ekstra runder og det har endra meg. Det har blitt viktigare for meg å stå på deira side, enn det er å finne finslipte, akademiske argument med nyansert finesse. Eg vel menneske framfor teologien. Eg forstår rett og slett ikkje at ei kyrkje som seier at den kan leve med ulike, sidestilte syn samtidig seier at dei ikkje er villige til å ta konsekvensane av det å leve med det. Men fleirtalet er lite, så forhåpentligvis neste gang...


Stempla

Forrige veke dukka det plutselig opp kjentfolk frå Bergen på Sjømannskyrkja her i San Francisco.
Det er alltid kjekt når det kjem nokon ein kjenner inn døra. Og det heile enda opp med at eg vart med på ein konsert på kvelden. Det var ein veldig fin konsert i godt selskap, og kva kan vel passe bedre enn å gå på ein plass som har det velklingande namnet "The Chapel" når kyrkjelege tilsette skal ut på byn?


The Chapel er altså ein vanleg bar/uteplass i Mission-distriktet her i San Francisco som har ein del konsertar. Og det var heilt sikkert ikkje tilsikta at dei skulle gje meg ei aldri så lita andakt, noko å tenke på, denne kvelden, men det gjorde dei.

Då eg kom og dei hadde sjekka legitimasjon så fekk eg eit stempel på innsida av handa. Dette stempelet gav meg inngang og alle rettigheter inne i herligheta..  Og dette var stempelet:


Det går mot påske og dette var ei veldig god påminning om kva påska egentlig handlar om. At det handlar om at ein dag så skal kven eg er, og kva stempel eg har valgt å ta i mot, gje meg inngang og alle rettigheter. Av og til er det lett å gløyme kva det handlar om når ein viklar seg inn i kompliserte teologiske diskusjonar. Av og til er det lett å ta det for gitt, og gløyme at det er ein som faktisk har betalt inngangspengane for meg. For det er ikkje mi forteneste at eg får komme inn til den Heilage.

På søndag fekk eg lov å synge ein av dei finaste påskesalmane eg veit om; Salme av Jakob Sande. Eg syns den samanfattar det sentrale i påska sin bodskap på ein sterk og tydelig måte,  for nåden som Bibelen talar om er på ingen måte billig! Så eg må berre dele den:

Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvørd og åleine
skjelvande på såre kne
Du som skåli trufast tømde,
medan alle dine rømde - 
stridsmann frå Getsemane.


Du som spotta vart og banna,
krynd med klungerkans om panna
medan augo brann i sorg.
Du som stod i namnlaus pine
skild frå dei du kalla dine -
einsam i Pilati borg.


Du som hekk til krossen nagla
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
Fader, kvifor gjekk du frå meg!
Å, lat nådens blodstaum nå meg,
offerlam frå Golgata!


Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender
så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du!