mandag 20. juli 2015

Love Wins - min vei til eit liberalt syn..

Eg har tenkt på dette lenge no. Om eg skulle skrive denne bloggposten.
Eg hadde aldri tenkt å verte talskvinne for denne saka.
Eg har kjempa mot den og med den i mange år.
Eg veit at eg fort kan trakke hardt ut i salaten og såre nokon som eg er veldig glad i.
For eg veit at mange eg er glad i ikkje delar mi oppfatning.


Men, så vart dette så viktig for meg å sette ord på.
Det vart så viktig å få sagt noko om at dette ikkje er noko eg tar lett på.
Det vart så viktig å adressere nokre av dei meldingane eg har fått etter at eg åpna munnen og sa noko om eit kyrkjemøtevedtak som var heilt bak mål, sjølv om eg då ikkje flagga regnbueflagget høgt - men heller stilte spørsmål ved om det virkelig var mulig å seie at ein lever med to syn når ein ikkje vil legge til rette for det eine synet.

Derfor vil eg skrive noko om kvifor eg har landa der eg har gjort... Men før eg skriv meir vil eg også presisere at eg har all respekt for dei som har landa på noko anna enn meg. Eg veit ikkje om eg har rett, men eg greier ikkje å sjå dette på ein annan måte lenger.. Og dette er slik eg ser det teologi. Det er ikkje avgjerande for mi frelse. Den er berre avhengig av kven eg trur på og kva eg trur HAN gjorde for meg, og om eg lar Han få lov å vere der for meg.


Så...: Kva står egentlig i Bibelen om homofili?
Eg greier berre å finne nokre plassar der sex mellom menn er adressert.

Lat oss starte i Gamle Testamentet:
"Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er avskyeleg" (3.Mos. 18:22)

Midt i lovsamlinga står det.  Ein kan også argumentere skaparteologisk om dette og ta inn skaparforteljingane, der det står at Gud skapte menneske i sitt bilde, til mann og kvinne skapte han dei. Og gav dei oppdraget å formeire seg. (1.Mos.1:26-28) Det står også at Gud såg at det ikkje var godt for menneske å vere åleine, så då laga han ei kvinne til mannen. (1.Mos.2:18-25)


Ja, og så har vi forteljinga om Sodoma og Gomorra i 1.Mos.19. Ei historie som ofte blir brukt i argumentasjonen mot homofilt samliv. Kvifor lurer eg egentlig på. Her er det ikkje snakk om gjensidig kjærleik. Men umoral og det som i mine auge ser ut som ønske om overgrep... I Esekiel 16:49 står det at Sodoma si synd var hovmod...


Men det står altså i lovverket at menn ikkje skal ligge med kvarandre. Alle er enige om det. Både konservative teologer og liberale. Men det står mykje anna i dette lovverket også.
Det gamle testamentet er fult av reglar, normer og skikkar som har endra seg.. I følge kloke teologer finnes det ikkje noko ord på hebraisk for ekteskap eller for å gifte seg. Ein snakka om at mannen tok kona til seg. Han avtalte brudepris og ho vart rekna som hans eigedom. Lover om voldtekt, ekteskapsbrot og skilsmisse var i kvinna sin disfavør. Barna vart hos far. Ho måtte flytte heim til foreldrene. Og kvinner hadde ingen arverett.. Dette er ikkje lover vi ville tenke på å ta inn i dag...


Det er og interessant å sjå kva som blir sagt om lova i Det Nye Testamentet. Det virkar for at forfattarane er enige om at lova blir oppsummert i Matt. 22:37-40: Han svara: "‘ Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’  Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ På desse to boda kviler heile lova og profetane. "
Johannes evangeliet presiserer stadig at ein skal elske kvarandre. Paulus framhever det mellom anna i Rom.13:10 og Gal. 5:14. Og ja, eg veit det står meir i Galatarane 5. Men der står ingenting om homofilt samliv.


Og då er vi plutselig over i Det Nye Testamentet. Her er det Paulus som har noko å seie om saka. Ingen andre adresserer det i det heile tatt...

La oss begynne i Rom. 1:18-32 er litt av eit avsnitt.. Og i vers 27 står det: "På same måten heldt mennene opp med det natirlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa."
Det ser jo ut til å vere ganske klar tale. Ting stiller seg kanskje litt annleis når nokre teologar påpeikar at i grunnteksten ser dette ut til å vere meir voksne menn som tek seg unge elskarar. Litt sånn herskap og tjener-aktig. Og sjølv i den norske omsetjinga brukar ein uttrykket UTUKT. Det er altså ikkje snakk om varig, stabilt forhold mellom to likverdige partar...



Vidare kan vi gå til 1. Kor 6:9-10: "Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vill! Verken dei som lever i hor, dei som dyrkar avgudar eller dei ssom bryt ekteskapet, verken menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, verken tjuvar, grådige , drankarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike."

Ordet som er brukt i forbindelse med disse mennene som ligg med menn her er PORNEIA. Eit ord som blir brukt om prostitusjon.... Og sjå på resten av lista. I lys av Jesu ord om kva som er ekteskapsbrot (Matt.5:28), kven går egentlig fri? Og har vi ikkje litt av kvart som små avgudar i dag? Kan det vere at Paulus adresserer umoral og ikkje eit forplikta samliv?

Vi finn same greia igjen i 1.Tim.1:8-10, der han listar opp all verdens fæle ting som ikkje lever i trå med lova, og i vers 10 møter vi igjen Porneia: "..dei som driv hor, menn som ligg med menn, dei som driv menneskehandel, løgnarar og dei som sver falsk eid, og kva som ellers måtte strida mot den sunne læra."


Og eg må sei noko om kontekst. For kontekst har blitt viktig for meg. I Det Gamle Testamentet får eit folk med behov for å vokse levereglar som både er nødvendige for reproduksjon, og for at dei skal vokse opp og halde seg friske. Det er litt "vask deg på hendene for å unngå smitte"- lovverk. Og seksualundervising kom i form av "dette skal du gjere for å få barn" og "dette skal du ikkje gjere for å få barn". Dette er litt satt på spissen, men med tanke på kor mykje av dette lovverket som har falle bort i åra som har gått etter det kom, så trur eg at eg har ryggen rimelig klar..

Den nytestamentlige konteksten er like spesiell. Jesus seier ikkje eit einaste ord om homofili. Ingen verdens ting. Og Jesus snakkar ganske mykje om det å vere menneske. Paulus har tre (3!) plassar han er inne på tematikken, og han snakkar til eit samfunn der det var status for ein voksen mann å ha ein mannlig elskar, gjerne ein ung ein. Han adresserer umoral. Det blir ganske tydelig når ein les samanhengane. Eg syns i allefall det blir det. Men eg kan ta feil - kanskje hadde Paulus same forsåing av homofili som den vi har i dag?

Litt greit å rydde heime først?

Og det er noko med flisa og bjelken... Eg har kjent på at det er på tide å sjå meir på mitt eget liv og eigen moral, før eg ropar høgt om andre. Men eg må også seie at eg meinar at vi gjer både oss sjølv og andre urett når vi ikkje adresserer livsførsel som ikkje er bra.
Paulus har eit poeng når han snakkar om at kroppen er eit tempel (1.Kor. 3). Vi skal ta vare på den og behandle den godt, også seksuelt sett. Det er ikkje bra for oss å vere ukritisk til kven vi går til sengs med. Vi veit alle at det skaper band - og det kan bli veldig sårt. I tillegg utsetter ein seg sjølv for risiko. Vi bør kunne seie ifrå til menneska vi er glad i når vi ser at dei har ein livsførsel som avspeglar at dei ikkje elskar verken seg sjølv eller nesten sin.. Uavhengig om ein er homofil eller hetrofil, lesbisk, transeperson eller kva no enn slags legning ein måtte ha.

Eg avskriv ikkje det som står i Bibelen om tematikken. Men eg trur, og då er trur eit vesentleg ord, at ting ikkje var så definert som det på mange måtar er i dag. Eg trur ikkje at Paulus meinte at mine homofile eller lesbiske venner som har forplikta seg til kvarandre, eller ynskjer å forplikte seg til kvarandre, ikkje skal få leve ut kjærleiken sin. Eg trur han snakka om at ein ikkje skal misbruke andre. Og eg trur talen er minst like tydelig til oss hetrofile på det området!


Eg har hatt ei lang vandring med denne tematikken. Eg var konservativ og tenkte veldig svart kvitt. Eg høyrde på vise menneske og fulgte dei blindt. Eg studerte det ikkje, men godtok alt som vart sagt. Men så kom den første vennen ut av skapet.. og plutselig hadde eg eit ansikt å forholde meg til. Det har blitt mange ansikt. Og eg er så inderlig glad i dei alle. Og difor måtte eg begynne å grave.
Dette var det eg fann. Dette er det som gjorde at eg havna på det ein kallar liberal side. Eg veit ikkje om eg har rett. Derfor har eg stor respekt for dei som har jobba med tematikken og havna på andre sida. Eg har ingen problem med å leve med det. Og om du ikkje har gjort det. Leit i Bibelen, les, lytt, be om innsikt, gjer deg opp di eiga meining - ikkje berre følg blindt etter nokon du ser opp til. Om du endar opp med å vere uenig med meg, så er det heilt greit. Vi kan framleis vere venner. Og eg vil stå ved sida di og støtte deg på at du har lov til å meine og å ytre kva du meiner. (Så lenge du gjer det på ein saklig måte.)

Men for meg er det også viktig å holde fast på at dette er teologi. Dette er ikkje noko Jesus adresserte. Dette handlar om korleis vi tolkar tekst, kontekst og vår forståing av det. Og eg trur Gud er stor nok til at Han har rom for oss alle. Uansett korleis vi måtte tolke skriften.